tag:blogger.com,1999:blog-34992067.post8274563655187756138..comments2019-11-13T10:13:42.128+01:00Comments on Signhilds tumleplass: Ting eg har lært av å henge rundt på FN-konferanseSignhild Stave Samuelsenhttp://www.blogger.com/profile/00956305174064894858noreply@blogger.comBlogger3125tag:blogger.com,1999:blog-34992067.post-58089443721830480912012-07-27T01:42:27.551+02:002012-07-27T01:42:27.551+02:00Eg var i Rio for å ta del på eit av Norden sine si...Eg var i Rio for å ta del på eit av Norden sine sidearrangement, for å snakke om ungdomsperspektivet på likestilling. Alle land og ein del regionar held sidearrangement der dei vel tema dei er opptekne av, eller om tema dei sjølv meiner dei er særskild gode på. Ettersom berekraftig utvikling var tema for FN-konferansen, var det naturleg nok tema for alle sidearrangementa også. Norden valde å halde seminar om ny nordisk mat (kva ein kan gjere for å satse på å utvikle og ivareta lokalprodusert og kortreist mat), likestilling (og kvifor likestillingsarbeidet er vikig i høve til berekraftig utvikling) og om grønn økonomi og bruk av naturressurser.

Dei som betalte for (mesteparten av) reisa og oppholdet mitt, var Nordisk Barne-og Ungdomskomité, som sende meg ned for ein ynskja å sikre at aldersperspektivet blei ivaretatt på sidearrangementet som likestilling, fordi ein rekna dette som ein viktig arena for å få fram at likestillingsspørsmål også er utviklingsspørsmål, og at likestilling handler om meir enn kjønn.

Så når eg skreiv "henge rundt" i overskrifta, var det fordi min rolle under opphaldet utelukkande var å vere innleiiar på det eine seminaret (og å følge dei andre nordiske seminara). Eg hadde ingen rolle under forhandlinger. Eg var akkreditert som ein del av den nordiske delegasjonen fordi det lenge var usikkert om eg kunne sleppe inn på hotellet sidearrangementa til Norden skulle vere på utan eit slikt bevis.

Eg tok turen til områda der forhandlingene føregjekk og der utstillerområdet var fordi eg er nerd nok til at eg på ein regnvåt ettermiddag (etter at eg var ferdig med å snakke) og ein regnvåt morgon (før flyet mitt gjekk) fann ut eg heller ville vere turist i messeområdet enn i Rio by, rett og slett fordi eg var nysgjerrig på kva som gjekk føre seg der. Så nei, å bli våt på Copacabana er ikkje det ein forventer å få ut av eit klimamøte - heldigvis! Bloggposten er flåsete, og har sjølvsagt ikkje vore meininga å skulle vere noko oppsummering av FN-forhandlingane. Åpenbart ikkje - for der deltok ikkje eg.

Kall meg gjerne naiv, men eg trur at det er mogleg med bindande klimaavtaler, og eg har tru på at FN-systemet er staden å spikre desse. Ja, det var klart før møtet at ein ikkje fekk på plass ein bindande avtale, men eg har eit klart inntrykk av at ein likevel har klart å bevege forhandlingane i rett retning. Eg snakka med fleire tilfeldige delegatar frå både Afrika, Asia og Europa i løpet av dei 18 timane eg hadde til "fritid" i Rio, og sit att med eit tydelig inntrykk av at ein rekna forhandlingane i Rio som betre enn venta på veldig mange felt. Eg blei ganske overraska over kor samstemte dei eg tilfeldigvis snakka med var om at mykje av grunnen til at ein ikkje kom heilt i hamn, var ei særs uproff styring frå Brasil, som skulle leike den tøffe gutten i klassen i si leiing.

Spørsmålet om ein ikkje bare skulle avlyst toppmøtet til ein var sikker eller tilnærma sikker på at ein avtale skulle komme på plass, er sjølvsagt berettiga. Dersom du har rett i at målet med slike reiser er å "kose" og å bu på fancy hotell, er avlysing det einaste rette. Men mitt inntrykk er at slike forhandlinger inneheld svært lite kos. Forhandlingene er i høgste grad reelle, og ein skal tåle mange dagar med lite søvn, mykje venting og irriterande mange diskusjonar om flytting av komma og vekting av ord med nyanseskiller. Og fordi forhandlingar er aller mest effektive når ein har eit tidsmål for dei og ei fysisk samling, meiner eg det er rett å fortsette dei, men eg legg til grunn at alle parter vurderer fortløpande kor mykje økonomiske ressurser det er forsvarleg å sette inn. Ettersom eg ikkje har vore ein del av forhandlingane aner eg ikkje kva behov som er reelle, men eg merka meg at fleire av dei eg snakka med fortalte at regjeringane deira hadde kutta i den opphavlege delegasjonen, fordi dei ikkje ynskja å sende fulle delegasjonar ned når det såg ut til at det ikkje ville bli så stor semje som ein håpa. Og det er nok ikkje så dumt.Signhild Stave Samuelsenhttps://www.blogger.com/profile/00956305174064894858noreply@blogger.comtag:blogger.com,1999:blog-34992067.post-53877233723083777492012-07-25T17:56:55.703+02:002012-07-25T17:56:55.703+02:00Det du skriver forteller hva jeg og mange mener.
...Det du skriver forteller hva jeg og mange mener.
Disse klimakonferansene er koseklubber hvor enormt mye penger blir brukt på førsteklasses reiser, topp hoteller for deligatene, middager og kos.
Og det eneste de blir enige om er å møtes igjen å fortsette hyggen - uten å komme frem til noe som helst.

Jeg ser på tallene fra København, som havarerte totalt :
I pund :
Fly 6.375.000
Hotel 19.965.00
Mat 3.300.000
Møtelokaler : 8.080.792
Lønninger til delegatene 54.534.750
Totalt 130 millioner pund - ca 1 mrd.

Tallene fra Cancun året etter er lavere, men også penger brukt på ingen ting.
For Rio har ikke tallene kommet enda, men at flyprisene er langt høyere er det ingen tvil om. Og - igjen - totalt bortkasta penger.

Hvem betalte for turen din? Betalte du alt selv?
Og - var det vært det? Å bli våt på Cocapabana, er det hva man forventer å få ut av et klimamøte?

Det var klart før møtet at det ikke kom frem til noen enighet. Da er det bare å avlyse å spare pengene.
Klima... pengesluk!Håkonhttps://www.blogger.com/profile/01774427931164778316noreply@blogger.comtag:blogger.com,1999:blog-34992067.post-27949062081171959032012-06-28T13:14:30.857+02:002012-06-28T13:14:30.857+02:00Ser jammen ut som om du har lært en del nyttig og ...Ser jammen ut som om du har lært en del nyttig og unyttig ;)Olehttps://www.blogger.com/profile/05188891821223816485noreply@blogger.com