Eg sit akkurat nå askefast i
Torshavn. Riktignok er det ein time til flyet mitt skulle gå, men allereie i går fekk vi melding om at luftrommet ville bli stengt til i alle fall 12 lokal tid i dag. Vi var ute på spasertur ein annan stad på Streymoy, og fekk ikkje meldinga før etter at
Atlantic Airways sine kontor var stengt for kvelden..
Så kva gjer ein då? Jo, ringer SAS for å undersøke prosedyrene. Og dei seier at ein ikkje under nokon omstende må tenke tanken på å ikkje møte opp på det tidspunktet flyet skal gå - det er å regne for ein "
no show". Så eg tek det for god fisk, og krangler meg til at resepsjonen skal bestille shuttlebuss til meg, sjølv om resepsjonisten er ganske skeptisk til om det er nødvendig.
Etter nokre timer er vi tilbake på hotellet etter ein utsøkt middag, og resepsjonisten kan opplyse om at shuttlebussen ikkje vil gå, fordi det ikkje er så veldig mykje vits så lenge flyplassen er stengt. Det er på tide å endre strategi. Eg bestemmer meg i staden for å satse på at dei er ein smule fleksible, og at eg kan ta sjansen på å kommme med ein buss som eigentleg er for sein - om eg i det heile tatt må komme med. Telefonen på flyplassen åpner klokka 8, men kontoret i Køben åpner kl 7 - altså 6 her. Så eg finn ut at eg like godt kan sørge for å vere oppe til 6, og dobbeltsjekke behovet for å kaste meg rundt og komme avgårde.
Han som tek telefonen i Køben, er kanskje den triveligste dansken eg har snakka med. I alle fall så langt i dag. Eg spør så pent eg kan om det virkelig er så at eg må vere på flyplassen til normal tid, og prøver å mane fram den stemmen som somregel tek seg best ut med dådyrblikk, sånn at eg kan forhandle meg til å komme for seint til opprinnelig innsjekk. Og dansken seier "men KÆRE DEM! Bli endelig hvor De er! Hva skal De lave der ude i mange timer?". Han legg til at han håper eg har hotell og evnen til å følge med, for melding om kva ein skal foreta seg kjem vonleg klokka 12, men det er sannsynleg at det ikkje vil vere mogleg å fly i det heile tatt i dag. Alt i ei tone som er så kjærlig at eg nesten blir forelska. Om ikkje i han, så i alle fall i Atlantic.
Eg tenker i mitt stille sinn at om vi ikkje kjem i gang i dag, synes eg dei kan drøye til søndag med å åpne luftrommet. Sånn at eg kan gå på
Teiturkonsert på
Nordens Hus. Men med min flaks går sikkert flyet i lufta kl 19:30 laurdag.
Men konsert eller ikkje: nå skal eg, om så bare for nokre timer, NYTE Færøyane.
----
Dagens låt: Havnin er ein lítil bygd. Teitur: Kata Hornid. 2007.