søndag, mars 27, 2011

Frå kjærleikssong til bysong

Då eg var 14 og akkurat hadde fått gitar til jul, sat eg på rommet mitt og laga songar. Eg hadde ikkje heilt forstått dette her med at ein kan synge ein song på fleire tonar enn den som følger av besifringa, så songane mine blei ganske tonelause og lite spenstige. Tekstane var også så som så (det hender framleis at det er litt pinleg å snuble over dei)..

Men omkvedet til ein av desse "songane" eg skreiv då eg var sånn cirka 14 har i dag spelt på hjernen min. Eg hugser (heldigvis) ikkje kva songen eigentleg handla om, og eg kan ikkje lenger heile omkvedet, men det byrja i alle fall slik: "take me back to the river! Take me back to your love... I'm sorry it happened like this, but take me back to the river!". Eg antek at originalversjonen var eit melankolsk forsøk på (på ganske dårleg engelsk) å fortelle ei rørande historie, moglegvis inspirert av Katherine Patersons Alene på den andre siden, som eg hugser var ei bok eg likte godt, full av ulukkeleg ungdomskjærleik som eg var.

Uansett kva songen opphavleg handla om, er eg heilt viss på at han IKKJE var tenkt å skulle få den meininga han har fått i dag. For i dag har orda spelt i bakhovudet mitt som ein slags "eg-er-lei-meg-og-burde-kome-på-vitjing-snart-song" til Vilnius.

Foto: Wikipedia Commons

Eg er langt over gjennomsnittet glad i Vilnius. Eg var der eit bel meir enn eg var i Noreg, fordi eg var involvert i ymse norsk-baltiske prosjekt paralellt. (Eg kom med andre ord tilbake frå Vilnius for å vaske klede og pakke kofferten for å reise til Vilnius..). Særleg gamlebyen fascinerer meg aldeles, og det i så stor grad at eg altså kjenner i kvart eit fiber i kroppen min at eg må tilbake. Asap.

Det som utløyste min Vilnius-trong var at eg fann att eit postkort. Eit postkort eg hadde planer om å dele med ei dame eg har blitt enig om å dele postkort med på Postcrossing. Men bileta av Gediminastårnet og katedralen gjorde sitt til at det klør i fingra mine til å bestille billett. Har ikkje gjort det enda, men om eg skulle reise tilbake for å bare vere turist, vil det vere første gongen eg er i Litauen utan å skulle ha anna formål enn å vere der. Du verden som det frister.. :)

Fram til eg kjem så langt, får eg varme meg på gode minner. Om då Ragnhild og eg råkøyrte gjennom byen på vei til flyplassen i lag med "min" avbrytande journalist/professor. Om då Ole Aleksander og eg fekk høve til å nesten fryse oss i hel ei tidleg morgonstund midtvinters - eller då Sander nokre månader seinare byrja importen av pizza frå Cili Pica til Noreg. Eller om då min gode litauiske venn I fann ut at han skulle vise meg "snarvegen" gjennom dei eldste bygningene i byen mens mitt norske reisefølge var på shopping sidan det var så billig. Enn så lenge får eg leve i minna. Men snart, snart, kjem eg tilbake til Neris' bredd!

3 kommentarer:

nragnhild sa...

Artig! Eg kan ikkje påstå den omtala turen er lagra hjå meg som særs minneverdig... (Det kan skuldast at eg sov omtrent heile turen...)

Eg for min del har eit slik kjærleiksforhold til Finland, utan at eg heilt veit kvifor! Har ikkje vore der mykje, men har ein evig plan om å reise attende. (Neste konkrete plan er i mai 2012, på eit VM)

Er forresten UTRULEG imponert over at du fann blogginnlegget med klokka - det er da "hauggamalt"!!

Signhild Stave Samuelsen sa...

Eg trur det var godt du sov på den turen... Skjønt, eg finn det imponerande, vegstandarden og den senka bilen tatt i betraktning.

Bloggposten visste eg eg hadde lese, og at den var før jul. Eg hugser eg tenkte "oj, enten er den tenkt til meg, eller så kjenner ho mange med det problemet". Så då eg brått sat med klokka i fanget, måtte eg jo bla meg tilbake til "litt før jul". Samanlikninga av biletet og den fysiske klokka tyder på at den var tenkt til meg.. :P

Ole sa...

Herlighet! Ja, Vilnius står høyt. Det er en fantastisk by. Jeg elsker også den byen. Men jeg vet ikke hvorfor. Det bare er sånn... Si ifra når du reiser, så sender jeg med deg en hilsen, evnt. slenger meg med ;)