onsdag, oktober 18, 2017

Trø meg ikkje for nære...

Dette innlegget har blitt skrive i mange omgonger, og gjennom fleire år, men eg har aldri heilt fått meg til å publisere det. Skamma har vore så stor, kjensla av at eg ved å dele bare framstår som ei som ikkje tåler noko. Men så kom #metoo-emneknaggen, og så klarte eg bare ikkje la vere. 

For nokre dagar sidan sat eg på ein jernbanestasjon og venta på toget vestover. Eg hadde heilt bevisst utfordra meg sjølv, og plassert meg midt i rommet, slik at eg sat med ryggen mot halve rommet. Det gjekk fint i byrjinga. Men då det byrja kome fleire folk inn i rommet, klarte eg det ikkje meir. Eg klarte ikkje høyra stemmene på podcasten i øyret, for konsentrasjonen blei brukt på å følga lydene frå dei lenger bak i lokalet. Kroppen var i alarmberedskap. Eg hadde nemleg ikkje kontroll bak meg, og måtte flytte meg til ein annan stad i rommet, der bare veggen var bak meg. 

Årsaken til at kroppen reagerer sånn, er ei handling eg blei oppmoda til å ta imot som "det største komplimentet ein mann kan gje ei framand dame". Kroppen min har tydelegvis ikkje vore så innstilt på å ta komplimentet, for å seie det sånn.

For mange år sidan opplevde eg at ein heilt framand mann gnikka seg inntil meg på ein overfyld buss. Opplevinga var ubehageleg, men umiddelbart etterpå veksla eg mellom å tykkje synd på mannen (han stoppa og såg skamfull ut då eg, etter å vore heilt i "frys", omsider klarte bruke stemmen til å be han halde seg unna meg), og å bli sint på at han hadde tenkt at han kunne gjere noko slikt mot framande menneske. Fordi eg hadde reagert med å gå heilt i frys, tenkte eg at eg nok hadde vore litt med på det. Betydde det at eg likte det, sjølv om eg ville spy bare ved tanken? Eg var eit virrvarr av kjensler, og prøvde hardt å fortelje meg sjølv at det ikkje var ein grunn til å grine, at eg ikkje hadde nokon grunn til å la dette gå innpå meg.

Dagen etter at dette skjedde, var eg i ferd med å gå ombord i ein buss som skulle ta meg og ein bråte med andre ungdommar til Sveits. Eg ville eigentleg bare ligge under dyna og grine, ville bli kvitt skamma, fornedrelsen. Eg var desperat etter å gløyme. Samstundes låg det og ulma i meg. Eg måtte få det ut. Grabba tak i nokre litt tilfeldige karer som skulle på same turen som meg, og fortalde kva som hadde skjedd. Hugser eg prøvde å le det vekk, i eit forsøk på å skjule gråten i halsen. Og då var det orda kom. Velmeinte ord frå ein kar som var pluss minus russ. "Ein ståpikk er jo det største komplimentet ein mann kan gje ei framand dame". 

Sjølv om resten av meg sa noko anna, forsøkte eg å ta orda til meg. Forsøkte rettferdiggjere handlinga. Fordi han trass alt ikkje gjorde forsøk på å valdta meg, og dessuten gjekk av bussen lenge før meg, slik at eg heller ikkje hadde frykta at han skulle vite kor eg budde, sa eg til meg sjølv at det einaste fornuftige eg kunne gjere, var å "get over it".

Som sagt, så gjort. Gradvis havna heile episoden langt bak i hukommelsen, og eg tenkte ikkje meir på det som skjedde. Men sanninga er at om hjernen har bagatellisert og skrota episoden, hugsar kroppen at nokon braut seg inn i komfortsona.

Hadde nokon spurt meg året etterpå om episoden hadde påvirka meg, hadde eg blånekta. Men umerkelig og stille utvikla eg nokre "forhåndsregler". Eg gjorde det eg kunne for å slippe overfylte busser, baner og trikker. Eg kunne sitte ekstra lenge på jobb og på lesesalen, eller ta bussen motsatt vei et stykke, sånn at eg kunne vere sikker på å få eit sete. Måtte eg mot formodning ta rushtidskollektivtrafikk, og måtte eg stå, var det viktig at eg kunne stå med ryggen mot en vegg eller ei dør, sånn at eg hadde kontroll både foran meg og bak meg. Hadde nokon spurt meg, hadde eg tappert svart at det var fordi eg likte å ha det sånn. Joda, greitt nok, men kvifor er kroppen då i heilspenn om eg ikkje har kontroll også bakover? 

Eg måtte erkjenne at hjernen og kroppen er i utakt om det som skjedde på bussen etter at eg nesten blekka til min dåverande kjæraste då vi gjekk tur og han plutseleg fant ut han skulle daske meg på rompa. Vi gjekk og tullediskuterte på kva grunnlag vi ville gje nokon eit spark bak, men eg var ikkje budd på at eg stod på lista hans, for å seie det sånn.  Eg reagerte heilt instinktivt med å gjere klar til å slå, men fekk stoppa meg sjølv før redselsinstinktet tok over hånda. Han såg heldigvis kor redd eg blei, og tvang fram ei forklaring på korleis det kunne ha seg at eg reagerte slik. Sjølv om eg hadde snakka om sjølve episoden før (ofte etterfulgt av vitsing om kor teit han på bussen var), var det første gong eg var villig til å innrømme for meg sjølv at den hadde sette kroppslige spor.

Plutseleg og uventa kroppskontakt kan også i dag sette meg ut, særleg på stader med mykje folk. Eg reagerer heldigvis ikkje lenger instinktivt med vald, og etter eit sekund med tumling klarer eg å hente meg inn, sjølv på overfylte dansegolv. Sidan har eg i større og større grad gjenvunne kontroll over kroppen sine reaksjonsmønster, noko som også gjer at det ikkje lenger er så ubehageleg å snakke om. 

Men åtferdsendringa, behovet for å ha kontroll bak meg, blir eg altså ikkje kvitt. For sjølv om det er meir enn ti år sidan den framande mannen meinte at låret mitt var ein passande oppbevaringsplass for sin erigerte penis, er det ein kommandosentral i kroppen som plutseleg viser seg å vere på vakt. Dessverre er det ikkje alltid den kommandosentralen godtek å utføre den rasjonelle delen av hjernen sine forsøk på å be han roa ned. 

Så eit kompliment, nei, DET var det ikkje. 

Eg låner Ingvill Størksens kloke ord på facebook:
Til alle skolelærere som mente at vi jenter måtte forstå at guttene var mye mer umodne enn oss - og derfor måtte vi tåle både kniping og kommentarer. Det var jo bare klønete tegn på at de likte oss...

Til alle gutter (og det er mange av dere!) som mente at det å danse en rolig dans, var det samme som å gi dere blanko-fullmakt til å plante hendene over alt. Gjerne under klærne. 

Til alle gutter og menn som synes det er gøy å kjøre sakte etter en gående jente - lenge - og brøle slibrigheter.

Til alle idioter som ikke godtar at en jente sier nei til de vemmelige tilnærmelsene deres - men som først lunter unna når en annen mann krever revir.

Til alle dere som mener at vi som blir forbanna av slibrigheter burde "ta et kompliment":

SKJERP DERE!!!


mandag, april 24, 2017

Når læraren skal dikta

"Å, det er så sjukt urettferdig at me må skriva, og så slepp du!", klaga nokre av dei noverande elevane mine då dei gjekk i 8. "Her må me pina oss gjennom skriving av teite oppgåver, og så får du bruka tida på å drikka kaffi og sjekka epost". Eg lova dei at ein gong før dei gjekk ut, skulle eg bruka tida (mellom kvar gong nokon rekte opp handa) på å skriva ei av oppgåvene dei måtte skriva.

Det kom eg tilfeldigvis på i dag, mens elevane mine hadde sin aller siste heildagsprøve i  norsk på ungdomstrinnet. Kanskje kan me seia eg kom på det i grevens tid - i morgon ville det jo ha vore for seint.. Og som eit slags bevis på at eg har løyst oppgåve A2 på sidemålseksamenssettet frå 2014, fant eg ut eg fekk lima inn teksten her. Del A i dette settet handlar om songen Sommerfuggel i vinterland av Halvdan Sivertsen, der elevane sine lesedugleiker blir sett på prøve ved hjelp av første strofa og refrenget. Oppgåveformuleringa er denne: "Fortell historien i sangutdraget ut fra morens, barnets eller fortellerens synsvinkel, og dikt eventuelt videre. Du skal bruke både tankereferat, skildring og replikker i teksten din". Så får det vera opp til andre å vurdera om eg har klart å svara på bestillinga. Men gildt var det nå, i alle fall.

Sommerfugl i vinterland


Nordavinden brølte inn fra storhavet og gjorde det vanskelig å gå oppreist gjennom snøslapset på bakken. Vinden overdøvde alle andre lyder. Byen var grå, og den føltes stor og forlatt. Gatene var folketomme, for folk flest har vett til å holde seg innendørs på slike dager.

Jeg ble gående bak dem opp Storgata, den lille jenta og mora. Jeg vet ikke hva det var med barnet som stjal oppmerksomheten min, og som gjorde at jeg ikke lenger brukte alle kreftene på å holde øynene i bakken og skallen som et skjold mot vinden. Kanskje var det hvordan hun tilsynelatende danset seg gjennom gatene. Kanskje var det klærne – alt for tynne for den kalde årstida, fargerike mot vintermørket. Kanskje var det det store, lykkelige smilet jeg fikk se i glimt hver gang hun snudde seg mot mora, et slikt smil som får snøen til å smelte. Jentas mor slepte på en tung, svart lærkoffert. Hun hadde gitt opp å bære den et sted midtveis i gågata. Kofferten satte lange, dype spor etter dem i slapset, og vannet hadde garantert gjort alt som lå nederst i kofferten bløtt. Jeg håpet det ikke var der bildene hennes lå.

Det gikk sakte framover, og snart hadde jeg tatt dem igjen. Da jeg kom opp ved siden av dem, så mora på meg med et skremt blikk, for det var først nå hun ble vár meg. Hun trakk kofferten enda nærmere kroppen. Jenta må ha sett bevegelsen, for de dansende skrittene tok slutt. Hun sprang inntil mora, som om hun ville gjemme seg under frakken hennes.

Jeg gikk ettertenksom forbi dem. Jeg snudde meg etter en meter eller to. «Trenger du hjelp?», spurte jeg så vennlig jeg kunne. Mora stivnet i bevegelsene, stoppet helt opp. Hun så tilbake på meg med et ansikt som fortalte at hun ikke hadde forstått. Hun vurderte om jeg var til å stole på, om jeg var venn eller fiende.  «May I help you?», prøvde jeg nå, og viste med høyrehånda at jeg var klar til å løfte. Mora svarte ikke, men trakk både jenta og kofferten enda noen millimeter til seg. Jeg tok det som et nei, og fortsatte å gå. Jeg gikk fort mot vinden, så mora skulle slippe å bruke krefter på frykten.

Jeg låste meg inn hjemme. Det var noe med disse to som bare ikke ville slippe taket i meg. Jeg gikk bort til vinduet som vendte mot Storgata, og kikket ut. Ble stående og spionere på den sakte ferden deres mot nord. De var alene igjen i gata. Mora kikka seg stadig over skuldra for å forsikre seg om at det virkelig var slik. Avstanden mellom kroppen og kofferten økte. Jenta begynte å danse seg framover gatene igjen, som om nordavinden ikke var der. Hun danset som hun brakte med seg varme, tropiske vinder. Hun danset som sommerfugler, hun var tusen sommerfugler på en gang. Levende, varm, fargerik. Sommeren kom til vinterlandet den dagen. «Jeg håper du slipper å fryse her nord, vesle sommerfugl», tenkte jeg, mens jeg studerte de tynne klærne henne. «Jeg håper vi klarer å ta deg godt imot, vesle sommerfugl». Jeg fulgte dem med blikket helt til de dansende og slepende forsvant ut av synsfeltet mitt. «Måtte din mor bli fri fra utryggheten, vesle sommerfugl! Måtte du gi oss farger, latter og lys, vesle sommerfugl!», hvisket jeg, med nesa mot den iskalde vindusruta. Ånden min gav hvite roser på ruta. Vinden tiltok i styrke der ute i vinterlandet. Jeg hutra. Men i hjertet mitt hadde sommeren allerede begynt å spire frem.