Viser innlegg med etiketten ungdomsbøker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ungdomsbøker. Vis alle innlegg

torsdag, april 16, 2015

Bok: Faen ta skjebnen

Noko av det artige med å vera ungdomsskulelærar, er å observera den ungdommelege gløden når elevane oppdagar noko nytt som dei meiner absolutt alle andre burde vite om. Mitt første eigentlege møte med John Greens The Fault in our Stars, på norsk Faen ta skjebnen, var igrunnen i ein sånn ungdommeleg glød. Eg hadde jo hørt om både boka og filmen, men hadde ikkje hatt nokon grunn for å tenka at boka burde på leselista mi. (Mogleg at sørlendingen i meg dessutan hadde sett boka på konto for uaktuell, fordi eg sånn reint prinsipielt tykkjer ein kan begrensa bannskap som salstriks!) Før ei jente ein dag ikkje kunne få gått heim i rein iver etter å fortelja meg om "verdas aller, aller beste bok". "Du kjem til å lika den boka godt, sjølv om ho er skriven for ungdommar!", sa bokelskaren. Lat oss seia det slik: eleven kjenner læraren sin. Eleven oppmoda meg til å lesa boka på engelsk, og det ville eg fort ha gjort, men mammutsalet gjorde at eg las ho på norsk. 

Faen ta skjebnen er historia om Hazel og Gus. Hazel er uhelbredeleg kreftsjuk, og venter eigentleg berre på at kroppen seier takk for seg snart. Gus har mista eit bein i kreft, men er kreftfri. Dei møtes i ei samtalegruppe for kreftsjuk ungdom i den lokale kyrkja, og begge er lei av både møtene, sjukdommen og måten resten av verda forheld seg til sjukdommen på. Ikkje liker dei at kreftbarn blir positivt forskjellsbehandla (det er ei påminning om at ein ikkje er normal), og ikkje kan dei fordra at kreftsjuke alltid skal vere så forbanna sterke. Hazel og Gus er realistar. Dei har hatt maks uflaks, end of story.

Mens Hazel forbanner skjebnen og tenderer til å gje opp, er Gus full av skjemt og pek. Saman er dei eit rart team som utfyller kvarandre godt. Hennar lunger har kollapsa, han har eit kunstig bein som gjer at han er ute av stand til å køyra bil utan å påtvinge kvalme hjå passasjerane. 

Desse to veks gradvis nærare kvarandre, og blir ei god, gjensidig støtte i både dei gode og dei vonde dagane. Som alvorleg kreftsjuk har Hazel vore utanfor skulen på årevis, og då er det godt å ha Gus å lena seg på, for han veit kva det går i. Dei går frå nære vener til kjæraster, og vissheita om at forholdet deira har ein naturleg utløpsdato (dødsdagen til Hazel, med andre ord), gjer det vanskeleg for Hazel å våga å elska.

Dette kunne vore ei trasig bok om å vera sjuk og å døy. Dette er sjølvsagt ei trasig bok om å vera sjuk og å skulle døy. Men tru det eller ei, boka er i enda større grad ein hyllest til livet og til kjærleiken. Boka er full av humor, full av alvor, full av redsle, full av glede. Full av Livet. Ho er vittig og trist, og det attpåtil samstundes. Dette er ei slik bok som får deg til å le mens du griner (eller motsett). I høgste grad verd å spandera tid på! 

PS: Innleiingsvis sa eg noko om sørland og bannskap og sånn. Sjølv om den norske tittelen er ei litt rar omsetjing (som dessuten mister ein referanse frå innhaldet i boka), er den norske tittelen likevel absolutt godkjent!

onsdag, april 15, 2015

Bøker: Ravneringene: Odinsbarn og Råta

Bileta i artikkelen har eg stole
hjå Gyldendal
Er det lov å angra på at ein las ut dei første bøkene i ein serie før heile serien var ferdigstilt? I tilfelle angrer eg litt på at eg slukte dei to første bøkene i Siri Pettersens briljante Ravneringene-serie. Eg er ein ganske tålmodig sjel, men kjenner at Siri Pettersen ikkje klarer å skriva siste boka i trilogien fort nok...

Nokre bøker er fort gløymt. Nokre bøker fortset å leva sitt eige liv i bakhovudet eins lenge etter at dei er ferdiglese. Ravneringene er så avgjort i siste kategorien. Eg las ut bok nummer to for over ein månad sidan, men figurane fortset å leva i hovudet mitt. Universet ho har skapt fortset å dansa for mitt indre blikk.

Mogleg det er ein uting å melda to bøker i same meldinga, men eg tek sjansen likevel. Desse bøkene er nemleg så gode at eg lover deg at du ikkje klarer å la vera å hoppa vidare til bok to når ein er utlese! 

Ravneringene blir i forlagets førehandsomtale omtala som "original fantasy på norrøn grunn". Det betyr ikkje at serieuniverset er eit univers der det kryr av norrøne gudar, men at denne verda inneheld språklege bilete, skikkar og namn me kjenner att frå det norrøne. Om du tykkjer ei norrøn verd utan norrøne gudar, og der folka er utstyrt med hale, kunne høyrast litt rart ut, kan eg forsikra deg om at du tek feil. Du har openbart berre ikkje opna Odinsbarn enno! 

Den raudhåra Hirka bur i lag med far sin i ei lita tømmerkoie ein stad i Ymslanda. Han blandar medisinar, og har lært Hirka alt ho veit om kva urter som passar til å stilla kva sjukdom. Dessutan har ho også lært seg ulike teknikkar i livets (eller kanskje eigentleg farens) skule som kan bidra til å stoppa sjukdom og naud. 

Hirka er femten vintre gamal då ho forstår kvifor ho ikkje kan favne. Den alltomsluttande energien i Evna, som alle levande skapningar i verda kan tappe ifrå, er Hirka ikkje i stand til å kople seg på. Ho har prøvd og prøvd, men forsøka er fånyttes. Sanninga skal visa seg å vera så brutal at Hirka blir ei fare for seg sjølv og sine omgjevnader. Hirka er halelaus, og trur den manglande halen kjem av at ein ulv har ete han. Ho har jamvel merker etter tennene til ulven der halen skulle ha sitte! Men sanninga er at Hirka aldri har hatt hale. Ho er vanskapt. Blindverk. Ho er råta, krafta som et verda opp innanifrå. Portene til andre verder, som folket trudde var lukka, står opne, og Hirka er det levande beviset. Ho må koma frå ei anna verd. For å verna dei ho er glad i, legg Hirka ut på flukt.

Samstundes er Rime, ein av Hirka sine beste vener frå barndommen av, i ferd med å bli medlem i Kolkagga, den frykta "hæren" til Rådet, som styrer Ymslanda i Seerens navn. Seeren, guddommen i ramneham som vokter Evna, har ikkje vore sett offentleg på tusen år, men lev tilbaketrekt. Rådet er sett saman av representantar frå ulike høgvyrde ætter, kvar med sine eigenskapar, kvar frå sine delar av landet. Rime sin plass i Kolkagga er omdiskutert, men også sterkt mislikt. Bestemor hans sit nemleg i Rådet, og alle rundt dei venter at bestemoras plass ein dag skal bli Rime sin. Då er det på ingen måte uproblematisk å samstundes vera ein del av den gjengen som i blind lojalitet skal gjera akkurat det Rådet seier dei skal gjera. Når alt kjem til alt, kva vil Rime først og framst vera, krigar eller av rådsætt? Uansett kva val han måtte velge å ta, blir konsekvensane fatale for både han sjølv og  samfunnet elles. 

Medan folket elles i Ymslanda gjev Hirka ganske klar melding om at ho, Råta, ikkje har noko i verda deira å gjera, står Rime fast ved hennar side, overbevist om at Hirka ikkje er i stand til å gjera han og resten av folket vondt. Hirka veit ikkje kva ho skal tru om seg sjølv. 

Hirka og Rime finn etterkvart ut at Hirka kan koplast på Evna. Når ho gjer det, får det konsekvensar av uante dimensjonar både for Hirka og Rime, og for det samfunnet dei er ein del av. 

Eg lukka bok 1 med akutt angst for ikkje å fort nok få opna bok 2... For så god er ho, og så levande er universet Siri Pettersen har skapt. Lat oss difor like kjapt hoppa over til Råta:
I von om å redda verda ho er så glad i, tek Hirka eit val som sender henne bort frå Ymslanda. Ho bryt tid og stad, og ender i ei verd beståande av glass, stål og asfalt. Verda er heilt daud, og kanskje er det menneska som lev i ho som har drepe verda si. For Hirka er det heilt openbart at Råta har virka inn på denne verda, og at prosessen har starta lenge før ho kom. Ho er språklaus i denne verda, men gjenkjenner nokre av orda, og klarer etter ei tid å læra seg dette rare språket godt nok til å forstå og kommunisere heilt grunnleggande. Ho får husrom i eit bygg bygd for å æra ein gud ho ikkje kjenner, og får seg nokre få vener. Men ho forstår snart at ho er utrygg også i denne verda. Sjølv om Råta har teke bolig i verda før Hirka kom, mistenker ho at ho sjølv bidreg til at denne verda likevel fell saman fortare. Kor skal ho gjere av seg? Og kven er dei skumle mennene som ser ut til å ville ho vondt? Kvifor vil dei ha tak i ho? Hirka må finna eit mot ho ikkje visste ho hadde for å overleva.

Samstundes er Rime leiar for Rådet heime i Ymslanda, og meiner at folket som i praksis ikkje har gitt Hirka noko anna val enn å forsvinna, har blod på hendene. Han er fast bestemt på å redda Hirka frå det han rekner med må vera den visse død. Han gjer det han kan for å følga etter, og tek nokre val som på ingen måte er foreinleg med å vera leiar i landet. Han klarer til slutt å finna ho att (replikkvekslinga mellom Hirka og Rime ved gjenforeninga er verd ein pris aleine!), og forstår at sanninga på ingen måte er slik han har trudd. Saman må Hirka og Rime prøve å forstå kven som er ven og kven som er fiende i ei verd dei ikkje heilt forstår. 

Odinsbarn var heilt konge. Likevel vil eg meina at Råta er enda betre. Det krev god forteljarkunst å overtyda lesaren om at eit univers utanfor vårt eige er sannsynleg, men å få lesaren til å akseptera at vår eiga verd er framand, krev ein habil, stø og god penn. Siri Pettersen klarer å fortelja om vår verd med eit utanforblikk like genialt som i pilotepisoden av Kyle XY. Forteljarkunst av stor klasse.

Det står ungdomsbok på heimesidene til forlaget. Eg vil meina at forlaget i vidare opptrykk av boka bør gjera som på brettspel, og seia 13-99 år. For dette er bøker ein kan ha glede av uansett kor gamal ein måtte vera.

Bok 1 kan du lesa starten på her, og bok 2 kan du få bla i litt av her. Og du, når du først er i gong med lenke-sjekk: følg Ravneringene på Facebook! Siri Pettersen legg sjølv ut oppdateringer frå skriveprosessen, fanart, nyhende om skriveprosessen og mykje anna snæx det er vel verd å få med seg.

torsdag, oktober 16, 2014

Bok: Lykkeravnene

Fordi eg er leseglad og norsklærar i ungdomsskulen, har eg dei siste åra hatt som mål å halda meg passe oppdatert også på ungdomslitteratur. Det er greitt å vite kva som rører seg i ungdomsbokverda, og det er mykje enklare å anbefale bøker til elevar når eg sjølv har lese dei. Som eg skreiv tidlegare, har eg gleda meg til bokhausten i år, for det er jo så mykje bra! Og heldigvis er  ungdomsbøkene ikkje noko unnatak! Ei bok eg har kost meg skikkeleg med, er Paul Durhams Lykkeravnene. Boka er første bok i ein planlagt triologi, og sjølv om eg aldeles ikkje er målgruppa til boka, gler eg med til fortsettinga.

Lykkeravnene er historia om 11 år gamle Siv. Ho bur i Svartlågsbyen i lag med mor og lillesøster. Dei beste venane hennar, Kasper og Molly, held også til i landsbyen, og alle tre bur dei i delar av landsbyen som ligg liten utanfor allfarveg. Over byen ruver borga til Jarl Morgenparykk Langsjans, som hersker i byen, men som sjeldan nedverdiger seg å sjå til folket sitt. Siv, Kasper og Molly begir seg ut på rampestrekar i det boka til til, og blir nesten teke av jarlens soldatar. Soldatane er like lite vennlege som jarlen sjølv, og det er ein god dose flaks som gjer at barna slepp trøbbel. 

Svartlågsbyen ber på ein hemmelegheit. Ti år tidlegare blei byen angripe av nokre ekle skapningar kalla Myrslaskar, men klarte å bli kvitt dei. Myrslaskane laga smykker av føtene til dei daude, og var på alle måtar ufyselege vesen. Borna i landsbyen, Siv inkludert, har vekse opp med historier om desse farlege monstra, fortald på den måten folk fortel når dei er overbeviste om at monstra er borte frå jordas overflate for godt. I det boka tek til, får vi vite at mykje tyder på at myrslaskane berre blei skremt bort, og at dei kanskje har slutta å vere så redde for folket i Svartlågsbyen. Det er ting som tyder på at dei muligens er tilbake. Men enda skumlare er at byen i kampen sist trong hjelp av dei berykta røvarane som blei kalla Lykkeravner. Lykkeravnane har falle i jarlens unåde, og har gått over til å bli mytiske. I forordet til boka fortel ein at "Med tiden falmet Lykkeravnene og liknet mer på gjenferd, og senere igjen ble de bare rykter. Og til slutt, etter mange år, var det som om de aldri hadde eksistert". 

Siv, 11 og passe uskuldig, får etterkvart gode grunner til å frykta myrslaskane, for ho skal snart bryte både ein og to og tre av moras hardt innprenta husreglar, med ganske skummelt utfall. Og kven er den skumle mannen ho treff på gravplassen, som ho veit ho ikkje burde møte, men som ho treff likevel? Mens Svartlågbyen sine hemmelegeheiter avsløres ein etter ein, viser det seg at dei har stor betydning for Siv og familien hennar. Mykje av det Siv trudde ho visste, skal vise seg å vere basert på ei blanding av feilinformasjon og bevisst underkommunisering av fakta frå mor hennar si side. Korleis skal Siv takle dette? 

Forfattaren Paul Durham si eiga heimeside sel boka inn med "sometimes only the bad can save you". Eg har ikkje tenkt å avsløra for mykje om korleis det går, men at Siv gjer nokre oppdagingar som har tyding for tryggjinga for fleire enn berre ho, familien og venene, det kan eg lova deg.

Aschehoug selde leseeksemplaret sitt slik: "Actionfylt eventyr med sterk jentehelt, skumle skapninger, mørke hemmeligheter, helter og skurker". Siv speler ein morosam rolle som ein slags anti-helt, for det er hennar ikkje alltid like rasjonelle val som driv historia framover, og det er den sterke viljen hennar - og den sterke uviljen til å følge reglane - som gjer dette til ei artig og lesverdig bok.

Eg er ikkje i målgruppa, men du verden som eg koste meg! Allereie etter eit par kapittel kjende eg att den sitrande kjensla eg fekk første gong eg las Harry Potter. Dette universet er milevis unna trollmannsskulen, men det er likevel noko med den hjartevarmen Durham formidler folka og historia med som gjer at eg ikkje klarer å kome unna HP-referansen. Til liks med J.K.Rowling får han dessutan godt fram at menneska ikkje berre har gode elller dårlege sider, men at me alle har litt av alt. Samansette karakterar som du ikkje alltid heilt veit kor du har, og som du derfor ikkje alltid er sikker på at hovudpersonen kan stola på, er med på å gjera dette til ei super fantasy-bok for ungdom. (Eg er dessutan nokså sikker på at det er element her som den vaksne lesaren tek, men som ungdomane ikkje oppfatter.)

Dei to første kapitla i Lykkeravnene kan du lesa her, og eg kan lova deg at om du liker dei to, vil du elske resten. Og joine meg i me-som-ventar-på-bok-nummer-to-klubben. 

mandag, oktober 01, 2012

Bok: Nærmere høst

Før eg skriv noko meir, bør eg seie at eg har fått boka eg nå skal skrive nokre liner om heilt gratis. Aschehoug sende meg eit lesereksemplar, og vonar at eg ville finne boka så interessant at eg gadd å bruke tid og plass på å skrive om ho. Dette seier eg sjølvsagt fordi at du, som eit opplyst menneske, fortener å vite om det. Forlaget dikterer ikkje kva eg meiner om boka, akkurat. 



For ei veke sidan kom det ein epost i innboksen min. Vil du lese denne boka, spurte han, og presenterte teksten frå vaskeseddelen til debutanten Marianne Kaurin si bok "Nærmere høst":  "I en bygård på Grünerløkka sitter Sonja og venter på søsteren Ilse. Hun skule ha vært hjemme for lenge siden. Ute faller årets første snø. Plutselig banker det på døren. Utenfor står tre politimenn. Året er 1942. "Nærmere høst" er en roman om å håpe og om å miste - om små tilfeldigheter og store drømmer."

Kanskje var det fordi eg fekk eposten medan eg sat og redigerte ei oversikt over bøker om krig og konflikt som var egna til 9.-klassingar, kanskje var det teksten i seg sjølv. Men teksten greip meg så sterkt at eg kjende at denne boka var ei eg bare MÅTTE lese. Boka kom på torsdag. Helga blei tilbrakt på kurs. Men merkeleg nok var boka ferdiglese før eg var heime på søndag. Og boka greip meg like godt som førehandsomtalen.

Det finst bøker som klarer å formidle det såre og det vare på måter som gjer at ein faktisk kjenner seg som eit litt betre og meir opplyst menneske etter å ha lese dei, sjølv om historia som blir skildra er grusom. Ungdomsboka "Nærmere høst" er ei slik bok.

Historia går føre seg hausten og vinteren 1942. I Biermanns gate 10 på Grünerløkka i Oslo bur familien Stern. Tre døtre, ein skredderfar og ei heimeverande mor. I naboleiligheita bur Hermann Rød, som har invitert med seg den mellomste Stern-datra (ho med dei pene øyrene) på kino i det historia tek til. 

Sjølv om krigen herjar og legg begrensingar på kvardagen, lev familien Stern og dei andre i bygården på Grünerløkka tilsynelatande normalt. Rett nok er far i huset på jobb i familiebedrifta ein time før døtrene. Rett nok jobber eldstejenta mykje overtid. Men kvardagen fortsett, sjølv om restriksjonene også er der. Og med kvardagen følger også draumen om korleis ting kunne ha vore - anten det inneber eit brot med dei vante rutinene, eit romantisk svermeri eller berre ein draum om å tørre å flykte.

Eg sit, som lesar med nokonlunde grei kjennskap til kva som fann stad under krigen, og aner kva som vil skje med familien. Eg skjønner fort kva naboen driv med. Men Kaurins fortellarstemme er medviten naiv, og like uviten om kva som er i ferd med å skje som det hovudpersonane er. Og det funker. Eg har lyst til å skrike til hovudpersonane, be dei rømme, be dei ta grep. For eg, lesaren i 2012, veit jo kva som skjedde i 1942, og eg skjønner derfor kva det er som er i ferd med å skje. Men viktigast av alt er kanskje at Kaurin får meg til å forstå kvifor det komplett uforståelege faktisk skjer.

Det er to historier frå boka eg ikkje får ut av hjernen. Den første er historia om kva som skjer i etterkant av den forferdelege morgonen i 1942 då Sonja, lillesøstra og mora blir arresterte (og Ilse ikkje er råd å finne). Og det andre er historia om kvifor naboen deira, den trivelege drosjesjåføren, vel å gjere det utilgjevelege, sjølv om han aner kva grusomheiter han er med på. Kaurin skildrar hovudpersonane på ein god måte, og fordi alle historiene blir fortalde i lys av det øyeblikket der handlinga finn stad (og ikkje i lys av den framtida me som lesarar kjenner), klarar ho å skildre eit særs vanskeleg tema utan å bli oversentimental. Denne boka får nok ingen nobelprisnominasjon, men ho klarer noko viktigare: å forklare kvifor nokre menneske valde å risikere liva sine for å hjelpe vilt framande, å forklare korleis snille menneske kunne finne på å begå den verste uretten mot menneske dei kjende, å vise kvifor ikkje alle jødar flykta frå det okkuperte Noreg medan dei framleis hadde sjansen.

Av og til er det lurt å legge ut på langtur på ski utan å ha med kart og kompass, forresten. For om tilfeldigheitene vil det slik, kan det bli eit spørsmål om liv og død.

 ---
Oppdatert, åtte dagar seinare, og med boka framleis kvernande i hovudet (for så god er ho, altså!). Det er fristande å legge til som ellikken: Vær så snill, les boken. Den gjør så vondt, men den er også så vakker at du aldri ville vært den foruten. Akkurat som kjærligheten.