Ifølge http://www.world66.com/myworld66/ og deira litt utvida Europa-definisjon, har eg vore i 31% av Europa når eg i juni også har vore i Italia og Vatikanet. Interessant nok har dei ikkje lista opp Færøyane som eit land når ein skal få sjå på Europakartet, medan same landet er eit eige land i verdskartet. Men då får eg legge til at eg faktisk HAR vore på Færøyane, og at eg gjerne vil tilbake dit ein dag..
lørdag, april 28, 2007
Engelsk på norsk?
Ein gong i tida var eg ein ihuga forkjempar for at norske musikarar skal bruke norsk. Eg hadde nok folk som Postgirobygget, Trang Fødsel, Odd Nordstoga, Anne Grete Preus, Bjørn Eidsvåg, Halvdan Sivertsen, Hellbillies eller Øystein Sunde i tankane, folk som klarer å lage tekstar utan kliss, og som på kvart sitt vis nytter språket ganske mesterleg.
Og etter at eg for alvor byrja høyre på tekstane til Karpe Diem, bleg eg ganske sikker på at det også er mogleg å få norsk hiphop til å funke bra, trass i at Tommy Tee ein gong på midten av 90-talet freista innbille meg og andre av hans tilhengarar om det motsette.
Men så i dag kom eg i skade for å høyre etter då eg atter ein gong høyrde "Superstars" versjon av "Voi Voi". At dei har øydelagt ein genial song med sitt "vi er så kule, og vi innbiller oss at vi skal kunne selge en milliard plater på å oppføre oss helt dust og lage utrolig dårlige rim om hvor kule vi er"-image, er nesten på grensa til utilgiveleg, men det fekk meg i alle fall til å forstå at klisjear er best på engelsk!
Med fare for å stå i spissen for å opprette eit språkapartheid, kjenner eg eg er veldig for å kreve at om ein skal skrive songtekstar på norsk, skal det vere i eit kreativt og/eller meiningsfult språk, medan ein får halde seg til engelsk når ein planlegg å tilføre musikkhistoria endå ein me-har-ingenting-å-skrive-om-så-me-later-som-om-me-er-tøffe-sjølv-om-me-bare-er-teite-song.
Skjønt, stakkars stakkars engelskmenn!
http://www.youtube.com/watch?v=VSIJcdhPVwA&mode=related&search=

Ikkje-vemodige vemodige øyeblikk
Eg sa opp hybelen min for sånn rundt rekna 2 minutt sidan. Og det gjekk så fort at eg nesten ikkje hadde tid til å tenke over kva eg gjorde, for her me snakkar innloggingsside på nett. Trykk "her" og du har sagt opp. Det er nesten så det er vemodig i seg sjølv, for ein får jo ikkje høve til å skrive eit svært detaljert og gjennomtenkt, eller for den saks skuld berre eit eitliners "sier med dette opp"-brev.
Heilt ærleg hadde eg trudd det skulle bli rart å seie opp og forlate SiOs trygge rammer. Men det er igrunnen ikkje det. Nå er det nye takter som skal til. Nå starter jakta på ny bustad for fullt. Er me heldige, har me allereie funne ein. Nå stiftes det beste kollektivet i verda!

fredag, april 27, 2007
Faren med konspirasjonsteoriar
Blei intervjua av Fafo i dag. Etter at intervjuet eigentleg var over, blei eg og "intervjuaren" sittande og snakke om laust og fast. Og me kom sjølvsagt inn på det o store samtaleemnet facebook. Og han fortel om ein konspirasjonsteori han hadde lese. Poenget her er ikkje sjølve konspirasjonsteorien, for den er litt keisam, men aha-opplevinga eg fekk då han grunngav den.
Nå er ikkje dette ein vits, men eg kan jo likevel fortelle dette på same viset som eg ville fortald det om det var ein vits: komme med poenget (i konspirasjonsteorien) først. (Det er grunnen til at eg diskvalifisert frå vitsefortelling). Poenget for konspiratistane er at nokre av investorane bak facebook er knytt til eit kommersielt selskap som har avtaler med CIA, og at heile poenget bak investeringa i facebook er å sikre cia tilgang til oversikter over "alle" amerikanske studentars nettverk, kva dei held på med ("events"), religiøse og politiske plasseringar - og ikkje minst: tilgang til epostane deira når studentane oppgir passordet sitt for at facebook skal kalle opp adressebøkene i webmailen. Det må med andre ord vere ganske ypperleg å vere cia-agent på leit etter "skumle folk" når ein har full tilgang til alle detaljar om folk - og dei sjølv har gitt desse detaljane! At amerikanske "national security"-lover gjer at alt som skjer på amerikanske servarar skal lagres og kunne hentes ut av styresmaktene om dei føler for det.
Det var to ting som slo meg. For det første: kor mykje av informasjonen eg har lagt ut på denne vidgjetne tryneboka kan det vere eg ikkje har lyst til at folk skal vite? Ein ting er at eg har reservert meg mot at ting berre skal vises til "vennane" mine, men kan det ikkje også vere slik at det også mellom dei er folk eg ikkje eigentleg har noko behov for at skal ha tilgang til t.d adressen som eg har latt alle "vennene mine" få sjå? Og er det ikkje slik at somme av dei opplysningene ein legg ut, kanskje er ting ein ikkje føler for å dele med "250 av sine næraste venner" - spesielt når halvparten av desse er folk ein ikkje har hatt kontakt med på rundt rekna ørten år?
Og for det andre: kor få atterhaldsreglar tar me eigentleg? Korleis kan det ha seg at nokon av oss t.d. er superforsiktige med å taste pinkoden når me drar kortet, men ikkje kvier oss for å legge ut fullt personalia på nett?

torsdag, april 26, 2007
Demokratibekymring
Sitter og venter på at vi skal kunne få bli ferdig med valet til nytt studentparlament. Mens ein tidlegare har brukt tida på å telle manuelt, bruker ein nå tida på å vente på å kunne ta avgjerelser. Så "basically": her sit ein og soser og kaster bort tid (men får gjort lure ting innimellom)....
Men det som er så skummelt, er at resultata foreløpig tyder på lågare valdeltaking enn nokon gong før. Mens jus telles opp og SV er det einaste som det ikkje er gjort noko med, sit eg her og frykter for at valoppslutninga bare raser nedover. Me treng eit mirakel, me treng superkrefter. Og ikkje minst: me treng vanvittig gode idèer til korleis me skal få opp valdeltakinga ved neste korsveg. Gode idèar mottas med takk.

Abonner på:
Innlegg (Atom)