Viser innlegg med etiketten Postkort fra Livet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Postkort fra Livet. Vis alle innlegg

søndag, april 01, 2012

Nysgjerrigheitsdrapet

Gutten ved sidan av meg var lei av å lese Donaldpocketen sin. Han hadde lese den ut to gonger allereie på den stunda bussturen hadde vart. Han var lei av å ete chipse han hadde fått med som kos på turen, lei av å skulle orientere seg sånn at han var heilt sikker på at vi var (eller ikkje var) komen til den plassen der han skulle ringe til pappaen sin for å seie at "nå kan du sette deg i bilen, for nå er vi der straks". Så då eg lukka boka eg hadde lese i, greip han sjansen til å fortelle. Om vennene sine, om familien sin. Om ting han lurte på.

Han var 9-10 år, og stor nok til å sette ting i samanheng, men liten nok til ikkje heilt å skjønne at hans verd og framande menneske si verd ikkje nødvendigvis var dei same. Derfor prata han om nabolaget sitt og forventa at eg visste korleis det såg ut der (endå eg ikkje forstod kor i landet nabolaget eigentleg var), og han tok for gitt at eg kjende Markus. Markus, skulle det vise seg, var bestekompisen med stor B - kompisen det var vondt å reise frå og som gjorde at det ikkje var så stas å dra til pappa for påska.

Mens trafikken gjekk i sneglefart langs E18 lærte eg om korleis ein finn pølsepakker på skoletur i skogen, at alle lærarar har ein eigen måte å slokke bål på (det blir alltid masse røyk!) og konsekvensane av å stå på skateboard utan kne- og albogebeskyttarar. Eg fekk innblikk i korleis ein kameratgjeng på fire finn på rampestreker så uskuldige at lærarane blir glade når gutane trur dei blir sinte. Om gode klassekamerater, om kva ein kan gjere ein regnvêrsdag, om hundar.

Eg svarte for det meste bare "ojsann!", "næmmen" eller "ja, du veit det at dei såra som gjer mest vondt, det er dei som bare er akkurat i overflata". Talestraumen hans var konstant, og historiene hans, som for han var så sjølvsagte, var for meg historier om ein barndom eg ikkje har føresetnader for fullt ut å forstå, oppvaksen i ei tid utan mobiltelefon og med minimalt med tv-spel som eg er. Det var ein livsglad guts skildringer av ein aktiv kvardag, og eg følte meg utruleg priviligert som fekk eit innblikk i den.

I det vi køyrer inn i Arendal kommune blir han taus. Eg seier ikkje noko, eg heller. Vi sit tause ei stund, eg opptatt av landskapet rundt meg. Han, skal det vise seg, tenker. Hardt. For det er ein ting han ikkje heilt forstår. Noko han har lært på skolen som plager han. Kvifor er det eigentleg slik at folk i Afrika svelt i hel? "Hvorfor finner de ikke bare mat, da, når steinaldermenneskene gjorde det?! Dessuten er det jo så mange ville dyr i Afrika, så det er jo ikke så vanskelig!". Han spør, og ser på meg på ein måte som viser at han  forventer at eg skal gje han svaret med stor S utan å måtte tenke meg om. Måten han spør på, tyder på at han forventer at eg skal svare at "menneske i Afrika er så primitive, skjønner du". Det ville vere svaret som i størst grad harmonerte med hans antakelser, i alle fall.

"Nå spør du vanskelig.." begynner eg, prøvande. "For det første bur det jo vanvittig mange fleire menneske i Afrika enn det gjorde i Norge i steinalderen... Og så er det jo ikkje alltid sånn at menneska bur der maten er å finne...". Eg nøler, og legg til "og så er det sånn at mens vi kan gå i butikken og kjøpe maten, må dei fleste i Afrika dyrke maten sin sjølv, og det er ikkje alltid dei får nok, eller at dei får nok regn..".

Eg har lyst til å fortelle han om skeivfordelinga i verden. Om korleis dei rike landa i verda brenn overskotslagra av korn for å oppretthalde det dei kallar "ein god handelsbalanse" samstundes som TV-sendte innsamlingsaksjoner i dei same landa samler inn store summer for å hjelpe dei som er døden nær av matmangel. Om korleis dei same rike landa meiner det er viktigare at dei får seld SITT mjølkeoverskot til land i sør enn at dei lokale bøndene skal kunne få seld sine produkt. Eg har lyst til å fortelle han at dei fleste som svelt i hel i verden bur i land som sel maten sin til utlandet. 

Eg har lyst til å forklare han korleis det eigentleg ser ut i Afrika. At bildet han har i hovudet ikkje nødvendigvis stemmer med røynda. Eg har lyst til å fortelle han om lydene og luktene frå landsbygda i Tanzania, om åkerlappene utanfor landsbyen, om jordhyttene med tak som må skiftes årlig, om barna. Sit og ønsker eg kunne vist han bilder. Av odelsjenta på Pemba som skal få ta over ein peanøtt-åker ein gong, og fortelle han om korleis foreldra hennar investerer i von om å kunne sikre ho ei god framtid. Vise han bilete av den lokale marknaden på øya hennar. Av barna i landsbyen hennar. Av skulen ho går på.  I ei von om at han skal kunne forstå. Men eg veit at det ville føre til enda fleire spørsmål som er enda vanskelegare å svare på. "Er DET skolen - det er jo ikkje stoler der ein gong!" ville han spurt. Eg ville vist bilder av barna, og forklart at dei et maks to måltider om dagen, men ofte bare eitt, fordi dei ikkje har nok mat - men at dei er heldige som kan spise seg mette ein gong (eller to) om dagen. "Men kvifor gjer dei det sånn, då, kvifor brenn dei kornet når nokon svelter?" - eg veit at han ville ha spurt om akkurat det, for det er sånn han er, slik han har vist meg at han ville reagert. Og eg ville blitt enda meir svar skyldig. Så eg seier det ikkje. 

Marknad i eit veikryss på Pemba. Like borti gata finn ein marknaden der truverdige, men muligens litt inhabile, kjelder  meiner ein finn Tanzanias, ja kanskje Afrikas, aller beste mangoer til sals.
"Det er nok litt vanskeleg å svare på, for det er så mange grunner til at det har blitt sånn..." seier eg til slutt. Det smerter meg å svare slik, for eg veit at eg med det drep ein interesse hos han. Eit slikt svar seier han at dette er ei "vaksengreie". At han er for liten til å forstå. At han er for liten til å bli rekna med. Han aksepterer svaret med eit sukk, og begynner å snakke om hunden sin - den fantastiske hunden som han er så glad i.

Mens sanninga er at det antakelegvis er han som sit med forslaget til den beste løysinga. For han har jo lært på skolen at det ER nok mat i verda til å sikre at alle på jorda får nok mat. Så kvifor sørger vi ikkje bare for at alle får den maten i staden for å brenne den opp?

mandag, desember 26, 2011

Mannen med koppen

Det var ein kald desemberdag, og Oslo var dekt av julelys. Alle butikker slost om å ha dei beste juletilboda, og langs Karl Johan slo den eine julesongen den andre ihel. Julestresset låg i tjukke lag over byen, og julestemninga var tilsvarande fråverande.

Det var min andre Oslovinter. Eg var ferdig med eksamen, og var i full sving med å få unna dei siste julegavene før eg skulle vende nasa heimover mot mammas juletorsk, pappas kokosmakroner og sørlandsk, familiær julero. Eg sette nasa mot t-banen, og på vegen ned i varmen der nede, blei eg stoppa av ein mann som lurte på om eg hadde nokre kroner til overs. Eg stoppa opp, men klarte ikkje fiske opp lommeboka – til det var det for mange poser i veien. «Va'kke heilt enkelt det her!» sa eg, og lo litt av meg sjølv mot han. «Å, er du sørlending?» svarte han muntert, og dermed var samtalen i gang. Mor hans var frå Mandal, og han var sjølvsagt vokse opp med torsk på julaften, «sjølv om det kanskje burde vore laks for ein mandalitt, haha». Han og søstra var dei einaste på drabantbyskolen med den julemenyen, og det som nå var eit kjært minne, var den gongen noko som var i overkant eksotisk. Med mormor frå Mandal måtte eg sjølvsagt prøve å plassere mor hans nærare. Det viste seg at hans barndomsparadis var tvers over elva frå mitt Holumsparadis, og vi konkluderte med at vi heilt sikkert hadde bada mange gonger på same badeplassen. «Ja, kanskje vi til og med er i slekt?», sa han. Så stoppa han opp. Stiv som ein pinne. Redd for reaksjonen min.

«Ja, kanskje det?!» svarte eg, og lo ein liten anerkjennande latter, utan heilt å forstå (der og då) kva han plutseleg var så redd for. Skuldrene hans sank, mjukheita kom tilbake. Litt småsnakk til, og så sprang eg på banen, oppløfta og fyld med ei god kjensle, slik berre samvær og fellesskap med ein totalt ukjend kan gje. At eg hadde tømt lommeboka for småpenger til mannen, og at han hadde fortalt om sine mange år som misbruker, rokka ikkje ved kjensla av at vi var likeverdige.

Nokre dagar seinare er eg igjen i fullt firsprang ned t-banetrappa ved Egertorget. Mot meg kjem ein mann med ein kopp. Han ser meg inn i auga, eg snur meg bort. Auga hans søker mine, og han gliser stort. «Jeg ringte mamma» seier han mot meg. Han tek tak i jakka mi, og eg trekk armen til meg. Redd. Ein narkoman som prøver å holde meg fast er ikkje berre ukjend kost, det er særdeles skummelt, og eg vil komme meg bort så fort som overhovudet mogleg. Sjeleglad er eg for at mannen foran meg i trappa ser det heile og signaliserer at han er parat til å gripe inn. Den narkomane prøver ikkje lenger gripe tak i meg, men han fortsetter å rope, denne gongen med ei merkeleg blanding av skuffelse og glede. «Jeg får komme hjem til jul! Til mamma». Eg har ei kjensle av at det er meg han roper etter, min anerkjennelse han vil ha. At det er EG han vil skal rope hurra, men eg forstår ikkje kvifor. I det eg forsvinn ned rulletrappa, ljomer stemmen, stolt, men samstundes så skjør, så skjør «Det blir juletorsk på meg i år!»..

Det tok meg nokre stasjonar før eg forstod kva han ropte. Enda nokre stasjoner før eg forstod kvifor han ropte etter meg. Då eg forstod det, gjekk eg av banen og sette meg mot ein ny ein til byen. Ville gjere det godt igjen. Ville møte han att, seie unnskyld. Be han på kaffi. Kva som helst – få han til å bli eit levande menneske for meg igjen, og ikkje berre ein eg kunne oversjå fordi han ein gong hadde tatt eit dumt val på fest fordi han var usikker og ville tøffe seg. Ville finne fellesskapet med han igjen, søke etter fleire felles referansepunkter enn dei vi hadde.

Då eg kom opp av t-banekolossen igjen, var han borte. Heller ikkje i nærleiken var han å finne. Sidan har eg kikka kvar gong eg har vore i området. Spurt ein og annan selger av =Oslo om dei kjenner ein innfødd Oslogut med mor frå Mandal. Men ingen napp.

Han er stadig i tankane mine. Stadig håper eg inderleg at det blei juletorsk på han det året. At han ikkje mista motet fordi eg ikkje kjentes ved han. At han kom heim til mor og søster den jula. At den julemiddagen kanskje var det påskotet han trengte for å klare å nå sitt store mål om å bli rein? Og like stor er frykten for at eg aldri såg han att fordi han fekk rett i at «denne vinteren knekker meg om jeg ikke blir rein». Eg får truleg aldri vite svaret.

Men eg vonar. Og han fortsetter å vere ein del av min kvardag. Kvar gong eg køyrer forbi skiltet som viser vegen inn til Holum. Kvar gong det snakkes om juletorsk. På ekstra kalde dager. Når all julemusikk blandes saman og blir ei stor suppe. Og kvar jul tenner eg eit lys for han. Og seier eit stille unnskyld. For at eg ikkje såg mennesket.

søndag, juli 31, 2011

Ei varmande etterlysing

"Dei ettelyste bogdama" sa pappa, ut av ingenting.
"Bogdama?!" svarte eg, og skjønte ingenting. Bokdame? Kven etterlyste ei bokdame? Kva er ei bokdame?

Pause. Eg tenkte så det knakte. (Meiner han mamma? Ho har jo jobba i bokhandel i mange år? Men kvifor skulle han fortelle det til meg, og ikkje til mamma?). Han smilte lurt, men utan å gje meg hint.

Så, brått kom det. "Bogdama. Ongan ettelyste bogdama. Skjønt, egentli tru æg d va mora som ettelyste bogdama. Æg sko sei du va savna!"




I ei tid der hjartet framleis kjennes som om det fysisk er delt i to, gjer det særs godt å få vere den etterlyste bokdama. Og vite ein har gode venner - med tilhøyrande barn - som etterlyser ein når ein ikkje har vist seg på ei tid. Faktisk trur eg det gjorde så godt at hjartet mitt fann fram ein liten plasterlapp. Kanskje vil dei første såra i bokdamas hjarte gro når ungane og mora får ein stor klem. Det blir snart.

mandag, mai 16, 2011

Mot "årets helligste dag"

"17. mai er det heilagste dagen i året" utbraut mamma rundt middagsbordet i dag. I min familie har det alltid vore ein liten (ideologisk?) kamp mellom 17. mai og langfredag om å stå øverst på heilagheitsskalaen. 

Eit av mine første minner er ein 17. mai der eg truleg var 3 år. Eg var enebarn, og feira i lag med bestemor, bestefar og mamma og pappa i Vanse. Eller, eg antek at mamma og pappa også var der, men dei er ikkje til stades i minnet. Det eg hugser, er at eg stod like ved den store bautaen i Vanse og holdt ei bunadskledd bestemor i eine hånda, mens den enorme hånda til min dresskledde bestefar hadde eit solid grep rundt den andre. Det var trygt og godt, og eg stod og studerte den enorme bautaen og lurte på korleis nokon menneske nokon gong kunne ha klart å lage noko som var så stort. At Kyrkja ved siden av kunne vere høg, kunne eg forstå, for eg hadde jo sett at ein bygde med stillaser. Men korleis ein fekk til den "enorme" bautaen, det var meg eit mystrium. 

Då eg var liten, var 17. mai strengt tatt ei todagersarrangement. Vi begynte med barnetog i gata og saft og kaker på leikeplassen den 16. mai. Dette var ein kombinasjon av ein gatefest for å feire at ein var ferdig med god dugnadsinnsats og ein måte å sørge for at alle ungane, anten dei var 2 eller 15, fekk gått i tog. Etterpå var det sekkeløp og kanskje litt grilling før badekaret venta på skitne men lukkelege barn og strykejernet venta på at opphavet skulle gyve laus på bunadsskjorter.

Sjølve 17. mai var ein dag der alt fulgte sin faste rytme, og der alt gjekk slag i slag.  Oppstilling på grusbanen på Heståsen for ei kort tale før barnetoget. Så gjekk toget ut i gatene, og endte opp på Hånes skole for Den Store Talen, nasjonalsonger av fulle lunger, loddsalg, kaker, is og så mykje leik ein bare orka. Og når ein omsider gjekk lei, sånn ut på tidleg ettermiddag ein gong (ofte fordi alle andre hadde vendt heim, og den Stave Samuelsenske hop var dei einaste utanom arrangørane som  framleis var i full sving), gjekk vi heim for å strekke på beina litt, før turen gjekk ned mot Kristiansand sentrum og Borgertoget, anten for å gå der sjølv eller fordi ein alltid kjende nokon som gjekk der (eventuelt for å finne ut kva studentkora hadde funne på denne gongen). Så bar det ut for å ete, før turen gjekk heim eller til venner eller naboer for å proppe i oss enda meir kake (som om vi ikkje hadde fått nok slikt allereie på Hånes). Litt meir beinstrekk, og skifting frå bunad til dongri før Tapto var tingen. 

Min barndoms 17. mai fulgte med andre ord eit fast system. Den var ritualisert, og blant hovudritene var øvingene "få i deg så mange kalorier du overhodet klarer". Desse ritene var så klare at eg nesten blei paralysert då eg flytta til Oslo og måtte tilbringe nasjonaldagen liggande på ein sofa mens eg las til eksamen dagen etter. Eg gjekk ein tur i skogen (bunadslaus) og traff ein forvirra polakk og nokre fugler. Elles var alle folka borte. Den 17.mai'en var så trasig at eg etterpå bestemte meg for å i alle fall prøve å finne nye ritualer. 


I den grad eg kan skryte på meg å ha funne nye 17. mai-ritualer i hovudstaden, er det barnetoget som er ein hovudingrediens. Sjølv om dei eg kjenner i toget kan oppsummerast på ei hand (og i stor grad på biletet av Romsås Janitsjar..) har det absolutt vore ei god erstatning for Hånes-toget.


 




Men resten av ritualene har det vore så som så med. Anten det har inkludert laaaaaaaaange frukoster, like lange lunsj-middager eller å drikke sjampis på statens rekning, har det liksom ikkje blitt så dreis på det. Den heilage 17.mai'en har blitt mindre heilag med åra, er det bare å innrømme.

I morgon skal eg igjen feire 17. mai i Vanse (for første gong sidan eg var 4), og igjen stille meg slik at eg kan betrakte den bautaen som ikkje lenger er enorm, og som eg ikkje lenger har problem med å skjøne korleis blei reist. Bestemor og bestefar ligg gravlagt på same kyrkjegården, og bestemors bunad er det eg som skal gå i. Men kanskje kan eg, i eit lite glimt, oppleve å vere 3 år igjen og vere lykkeligst i heile verda fordi at "endelig er dagen her".

I fjor: utenriksdepartementets mottaking. 
I år: høvesvis på ny-gamle jaktmarker på Lista og på gamle-gamle jaktmarker på Dovre


HA EIN FANTASTISK GOD 17. MAI!

fredag, april 15, 2011

Fredagsinspirasjon 2

Det er mogleg eg er inspirert av Bente og hennar onsdagsinspirasjonar. I dag bobla det over av inspirerande ting eg bare måtte formidle vidare.

Christer har laga ein blogg for å hente cyberspace-motivasjon for å slanke seg. Men den som trudde at ein ville få "kjære dagbok, i dag har eg ete 2 appelsinar og har sååå dårlig samvit for å ha ete 3 kalorier for mykje", gløym det. Her får du gode refleksjonar om sjølvbilete, motivasjon, mat og trening. Og artige anmeldelser av studentidrettens tilbod. Eg anbefaler spesielt innlegget hans "Også tjukke barn er vakre", som er eit sterkt og viktig innlegg som moglegvis burde blitt pensum for alle lærarar, helsesøstre, foreldre og medmenneske.

Og når vi er i blogglandia: Utanriksdepartementet har opna bloggen Norge i Verden, der dei slepp til ambassadetilsette. Dei tilsette fortel historier om livet i diplomatiet og om det landet dei er i, og har klart å finne ein god og bloggvennleg form på det heile.

Den siste tida har det å opne postkassa vore ein sann fryd. Stadig dukkar det opp postkort med helsingar frå fjernt- og nærliggande strøk, alle merka med ein ID-kode.  Grunnen er det geniale prosjektet Postcrossing, som lar deg både sende og motta kort til ukjende over heile kloden. Eg har fått påfallande mange kort frå Finland, og som ein ser av brukerkontodistribueringa under, er det kanskje ikkje så rart?!


Er det noko du lurer på? Er Wikipedia utilstrekkeleg? Har du prøvd å søke det opp på DUO? I lag med Nasjonalbibliotekets digitale bokhylle trur eg DUO er mitt viktigaste nettverktøy om dagen. Her får ein altså studentforskning tilgjengeleg i PDF-format rett til sin maskin, og ein kan altså lære masse om det aller, aller meste. God kombo! :)

søndag, mars 27, 2011

Frå kjærleikssong til bysong

Då eg var 14 og akkurat hadde fått gitar til jul, sat eg på rommet mitt og laga songar. Eg hadde ikkje heilt forstått dette her med at ein kan synge ein song på fleire tonar enn den som følger av besifringa, så songane mine blei ganske tonelause og lite spenstige. Tekstane var også så som så (det hender framleis at det er litt pinleg å snuble over dei)..

Men omkvedet til ein av desse "songane" eg skreiv då eg var sånn cirka 14 har i dag spelt på hjernen min. Eg hugser (heldigvis) ikkje kva songen eigentleg handla om, og eg kan ikkje lenger heile omkvedet, men det byrja i alle fall slik: "take me back to the river! Take me back to your love... I'm sorry it happened like this, but take me back to the river!". Eg antek at originalversjonen var eit melankolsk forsøk på (på ganske dårleg engelsk) å fortelle ei rørande historie, moglegvis inspirert av Katherine Patersons Alene på den andre siden, som eg hugser var ei bok eg likte godt, full av ulukkeleg ungdomskjærleik som eg var.

Uansett kva songen opphavleg handla om, er eg heilt viss på at han IKKJE var tenkt å skulle få den meininga han har fått i dag. For i dag har orda spelt i bakhovudet mitt som ein slags "eg-er-lei-meg-og-burde-kome-på-vitjing-snart-song" til Vilnius.

Foto: Wikipedia Commons

Eg er langt over gjennomsnittet glad i Vilnius. Eg var der eit bel meir enn eg var i Noreg, fordi eg var involvert i ymse norsk-baltiske prosjekt paralellt. (Eg kom med andre ord tilbake frå Vilnius for å vaske klede og pakke kofferten for å reise til Vilnius..). Særleg gamlebyen fascinerer meg aldeles, og det i så stor grad at eg altså kjenner i kvart eit fiber i kroppen min at eg må tilbake. Asap.

Det som utløyste min Vilnius-trong var at eg fann att eit postkort. Eit postkort eg hadde planer om å dele med ei dame eg har blitt enig om å dele postkort med på Postcrossing. Men bileta av Gediminastårnet og katedralen gjorde sitt til at det klør i fingra mine til å bestille billett. Har ikkje gjort det enda, men om eg skulle reise tilbake for å bare vere turist, vil det vere første gongen eg er i Litauen utan å skulle ha anna formål enn å vere der. Du verden som det frister.. :)

Fram til eg kjem så langt, får eg varme meg på gode minner. Om då Ragnhild og eg råkøyrte gjennom byen på vei til flyplassen i lag med "min" avbrytande journalist/professor. Om då Ole Aleksander og eg fekk høve til å nesten fryse oss i hel ei tidleg morgonstund midtvinters - eller då Sander nokre månader seinare byrja importen av pizza frå Cili Pica til Noreg. Eller om då min gode litauiske venn I fann ut at han skulle vise meg "snarvegen" gjennom dei eldste bygningene i byen mens mitt norske reisefølge var på shopping sidan det var så billig. Enn så lenge får eg leve i minna. Men snart, snart, kjem eg tilbake til Neris' bredd!

torsdag, februar 03, 2011

Litt meir Sarajevo

Eg har lova på tru og ære å komme "tilbake" med ein oppfølgingsartikkel frå Sarajevo. Men noko i meg får det liksom ikkje heilt til. Noko av grunnen er at inntrykka ikkje alltid er lette å fordøye. Ragnhild har gjort ganske godt greie for dei.

Det er noko merkeleg med Bosnia og Hercegovina. Landet har ein slags magisk effekt på meg som eg aldri heilt vil bli i stand til å sette ord på. Kanskje er det kombinasjonen av historie (både den nære og den fjerne) og alle teikna på at det har vore krig i nær fortid. Kanskje er det det at landet er eit bevis på at verda går vidare, sakte, men sikkert.

Sist eg var i Sarajevo, var det seinhaustes og bikkjekaldt. Vi gjekk rundt i gamlebyen seint på kvelden og prøvde å forstå korleis landet hang saman, og var heilt forstøkte over kor tydeleg krigens herjinger med byen var. Vi kom dit etter ei halv veke i Mostar, der vi kvar dag hadde gått langsmed der frontlinene gjekk under krigen, så frå vårt perspektiv var Sarajevo mykje mindre prega av krigen enn vi såg at Mostar var. Men Sarajevo gjorde likevel eit sterkt inntrykk på meg den gongen, sjølv dekt i tjukk tåke. Ikkje minst var det utbomba gamle nasjonalbiblioteket, og tanken på alle dei eldgamle bøkene som gjekk opp i røyk det som brant seg fast. Ved å utslette nasjonalbiblioteket, klarte ein også å slette ei gigantisk kjelde til kunnskap og til kjennskap om eigen kultur. Det var ikkje utan grunn at akkurat det bygget (som forøvrig ikkje var noko praktbygg) blei så symboltungt at det blei forsøkt jamna med jorda.

I dag er nasjonalbiblioteket under gjenoppbygging. Ingen veit riktignok kva ein skal bruke bygget til, for det er ikkje så praktisk til oppbevaring av bøker, og dei gamle bøkene som låg der får ein ikkje tilbake. Ikkje er bygget ei arkitektonisk perle heller, sjølv om blandinga av ulike stilartar gjer det eit visst særpreg. Men bygget reiser seg, og med det vonleg også ei slags kjensle av at ein kan legge fortida bak seg.

Eller, kan ein det? Det som har brent seg aller klarast inn i minnet mitt frå denne turen, er denne svenske taggen som stod på ein vegg like ved hotellet vårt, og som eg lar tale for seg. Ein skal ikkje alltid legge alt bak seg:

Ein av Eirik'ane som var med på turen gjer i Ny Tid greie for stoda for homofile i BiH - ei stode som ikkje akkurat har betra seg sidan krigen. Ser ein på lovgjevnaden aleine, har landet vore gjennom store framskritt. Problemet er at lovgjevnaden ikkje er ein god indikator på så mykje anna enn internasjonalt press på dette området. Og enda har eg ikkje drista meg til å skrive om lovgjevnadene generelt, og grunnloven - eller var det grunnlovene? - spesielt. Men det får bli ein annan dag. Eg blir jo som kjend ikkje ferdig med BiH med det første


Og skulle du nå lure på korleis det ser ut i fagre Sarajevo, kan du jo ta ein titt på denne. (Og blir det for mykje Balkanmusikk, er det lov å skru av lyden...)

tirsdag, februar 01, 2011

Røter og klemmar

I dag har min tyrkisk-finske kompis Ömer bestemt at er dagen er ein bør klemme ein immigrant. Og dersom du er blant dei som treng gode unnskuldningar for å dele ut klemmar - nytt høvet. Treng du ikkje gode unnskuldningar - nytt høvet likevel.

Og sånn apropos migrasjon - i sommer gjekk mamma og meg tur, og vi stoppa for å prate med ein nabo. Samtalen gjekk inn på det fleirkulturelle samfunnet, og mamma sa at "Signhild si beste barndomsvenninne er frå Chile". Eg såg dumt på mamma og utbraut "kven då?!". To sekunder etterpå gjekk det opp for meg. Mamma og meg byrja le i kor, og nabokona lurte sikkert eit lite sekund på om vi var blitt gale.

Greia er nemlig at i mitt hovud er mi fantastiske barndomsvenninne K jo trass alt først og framst er K. Og K har eg kjend sidan vi var 4. Og sidan vi har vokse opp i ein av desse bydelane som var såpass ny at ingen innbyggarar hadde budd der i ein heil generasjon, hadde vi alle røtene våre ein annan stad. Vi var alle stolte av dei røtene vi hadde, og alle var samde om at desse røtene var lite mykje verd. Dermed blei spørsmålet om kven som var norske og ikkje uviktig - for vi var jo alle frå Hånes, men også frå ein annan stad. Du verden for eit privilegium!

Men klemmar, dei skal ho få. I tusenfold.


søndag, juni 14, 2009

Dei små fortellingane si tid

Eg har høyrt at dei store fortellingane si tid er forbi. Og eg kjenner at eg igrunnen er veldig glad til. For er det mogleg å skrive ei stor og epokevendande fortelling i dag? Alle dei store historiane er jo (tilsynelatande) skrive. Kjærleikshistoriene kan ikkje overgå Romeo og Julie, ingen lyg betre enn Peer Gynt og lite kan ryste eit samfunn slik Et Dukkehjem kunne. For å nemne noko.

Nettopp derfor vil eg slå eit slag for dei SMÅ fortellingene. Kvardagshistoriene. Eller, som NRK har kalla dei: postkorta frå livet. 

Eg skulle bruke denne kvelden til å rydde og pakke flyttelass. Men før eg visste ordet av det, hadde eg brukt masse tid på postkortsurfing i staden. Mens eg lytta til postkortsonger. Fordi dei små historiene kan vere vel så skjellsettande. Som den om Asbjørn, til dømes.

---
Skrinet. Hellbillies. Postkort fra livet. 2008

søndag, desember 28, 2008

Ho på kirkegården


For eit halvår sidan fekk ein av Farsunds butikkar ein ny tilsett, og naboen min, som er onkel til innehavaren, stakk tilfeldigvis hovudet innom butikken. Han kjende denne nytilsette godt, og snudde seg mot innehavaren og sa, med eit stolt smil: "Ho er mor til ho på kyrkjegården!".

Det høyres unektelig skummelt ut. Men det er heldigvis ikkje slik det er. Bak dei orda skjuler det seg ei ganske fin historie, og sidan det er (rom-) jul kjende eg at eg godt kunne delen den med deg som av ein eller annan grunn les dette. Fordi historia handler om den kanskje aller viktigaste bodskapen til han som jula opprinneleg handlar om: å vere der for andre.

Naboen min hadde akkurat gravlagt den siste av foreldra sine, og var på kyrkjegården i Vanse for å stelle gravene. Ganske nedfor sette han seg ned ved grava for å tenke, og kanskje græt han ei tåre i si einsemd. Eit godt stykke bortforbi gjekk ein toåring som var med mor si på kyrkjegården for å stelle gravene til ein bestefar og nokre oldeforeldre ho aldri hadde kjent. Brått ser ho mannen som sit så aleine, og legg på sprang bort til han. Utan eit ord går ho bort til han, tar eit godt tak rundt hovudet hans og gir han ein lang klem, først på eine kinnet, så på andre. Og så går ho tilbake til mor si, framleis utan å ha sagt eit ord. Den dag i dag omtaler han det som "den beste klemmen han nokon gong har fått". For der og då var det akkurat ein klem han trong, ikkje ord.

søndag, november 30, 2008

Preventive verknader


Bildet er frå Kiwi i Vanse, tatt med mitt ikkje veldig gode mobilkamera. Som de kan sjå, har "Bogår" gjort eit godt stykke arbeid for å lære ungdommen (og for den del dei litt eldre) gode prevensjonsvaner. Alternativt funne ein god måte å rope "told you so" til dei som, i det dei finn ein narresmokk til sin bitte lille, innser at dei kanskje sånn minst 9 mnd tidlegare skulle gått for alternativet til venstre.

Så la dette stå til skrekk og advarsel, og la meg sitere Cameron Diaz: "...and use condoms, guys!"

onsdag, april 30, 2008

Den sommaren eg fylte...

Både den sommaren eg fylte 13 og den sommaren eg fylte 14 var eg særdeles forelska. Begge somarane var det ”kompliserte forelskingar”, det er ikkje alltid like greitt å vere djupt forelska i ein kompis av ein kompis, spesielt når du har bestemt deg for at ingen skal vite noko.

Tilfeldigheitene (les: som i at eg har felles venner med begge desse) har gjort at eg kikka innom facebookprofilane til desse to denne veka. Og sanninga er at eg ikkje hadde kjent att nokon av dei om eg trefte dei på gata. Ikkje sjans i havet – enda eg somregel er supergod på å kjenne folk igjen. Og det er kanskje like greitt – og spesielt for dei. Hadde vel vore ein smule kjipt å vere passert 25 og framleis sjå ut som om ein var 14…

lørdag, april 28, 2007

Ikkje-vemodige vemodige øyeblikk

Eg sa opp hybelen min for sånn rundt rekna 2 minutt sidan. Og det gjekk så fort at eg nesten ikkje hadde tid til å tenke over kva eg gjorde, for her me snakkar innloggingsside på nett. Trykk "her" og du har sagt opp. Det er nesten så det er vemodig i seg sjølv, for ein får jo ikkje høve til å skrive eit svært detaljert og gjennomtenkt, eller for den saks skuld berre eit eitliners "sier med dette opp"-brev.

Heilt ærleg hadde eg trudd det skulle bli rart å seie opp og forlate SiOs trygge rammer. Men det er igrunnen ikkje det. Nå er det nye takter som skal til. Nå starter jakta på ny bustad for fullt. Er me heldige, har me allereie funne ein. Nå stiftes det beste kollektivet i verda!