Eg stod opp kvart over åtte, og satte kursen mot dusjen. Så langt kom eg ikkje - på vegen fant kroppen min ut at det å kvitte seg med næringsstoffer same veg som dei kom inn var ein god idé. Og feberen vil heller ikkje sleppe taket. Så brått var det berre å krype tilbake i senga.
Men om kroppen enn signaliserte at allmenntilstanden ikkje var som den skulle, var det likevel ikkje råd å få sove. Så kva gjer ein då? Vel, plasserer seg i ein stol, speler bubblespinner (bare for å ha noko å gjere der ein slepp å tenke) og skrur på radioen.
Eg innsåg at eg ikkje hadde hatt på radioen på lange lange tider. Ut frå kanalen radioen var innstilt på, snakker vi i tidleg vår ein gong (då eg berre måtte få med meg 20 spørsmål..).
For kanalen var P2. Som på ein dag som denne var eit særdeles godt selskap. For eg det er ikkje måte på kva eg har fått med meg som ein ganske passiv lyttar i dag. Ikkje berre fekk eg "våkne" til klassisk musikk (0g enda meir klassisk utover dagen), ikkje berre blei eg oppdatert på "crossoverfolkemusikk" og valet i Tyskland.
Men eg fekk med meg eit djubdeintervju med den nye generalsekretæren i World Council of Churches, Olav Fykse Tveit ("hallingdølen", som programleiaren - som forøvrig høyres ut som Vidar Lønn Arnesen - konsekvent kalla han).
World Council of Churches har etterkvart vorte ein særdeles klare i sine uttalar. Med sterk teologisk grunngjeving har ein gått hardt ut mot grådigheit og kapitalisme, og ein har tatt til orde for ein ny verdsorden, både sosialt og økonomisk.
Eit av dei klaraste prova på WCCs sosiale prosjekt, med heile verda (og ikkje berre den vestlege) i fokus, finn ein i det som må vere mitt favorittdokument om dagen, det såkalla AGAPE-dokumentet (Alternative Globalisation Addressing Peoples and Earth). Som er radikalt i sine ønsker om ein ny verdensorder. Så radikalt at programleiaren i dag freista sette Fykse Tveit fast med at dette må vere "venstresidepolitikk".
Men om det hadde vore "venstresidepolitikk", er det særleg sannsynleg at dei amerikanske, konservative og ganske så republikanske kyrkjene hadde røysta for? Tvilsamt. Derimot er det eit heilt klart ynskje om ei meir rettferdig jord. For alle menneske, ikkje berre vi som tilfeldigvis er mellom dei 10% som har karra til oss 80% av ressursane.
Verda er grassat urettferdig, og det kan dei aller fleste vere samde i, uavhengig av politisk farge. Men om ein verkeleg meiner at ein må tilhøyre venstresida for å kunne ha eit ynskje om ei meir rettvis fordeling, ja, då strekk venstresida seg langt inn i eit politisk landskap ein normalt vil definere som sentrum-høgre.
---
In the House of Stone and Light. Martin Page.
In the House of Stone and Light. Martin Page.