Viser innlegg med etiketten folkeopplysning. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten folkeopplysning. Vis alle innlegg

tirsdag, mai 10, 2011

Ikkje alle førsteplasser er gode

RFSU lanserte i dag ein undersøkingsrapport som viser at unge nordmenn framleis troner på førsteplassen over dei i Norden som er dårlegast til å bruke kondom. Det er ein førsteplass vi burde vore ganske pinlege over å inneha, og det er ein førsteplass som tydeleg viser at det er på tide å ta nokre store grep. For nordmenn stoler anten på at legevitskapen kan kurere dei for alt det dei eventuelt måtte få av "grums" eller at partneren har tenkt lenger enn ein sjølv gjer. Dessutan er nordmenn tydelegvis best på sex i fylla, for mange skulder på rus.

Det trengs ei haldningsendring blant nordmenn. Først og framst må me bli flinkare til å tenke på prevensjonsmidlar ikkje primært som eit midel for å hindre graviditet, men for å hindre smitte. Som eit middel for å ta vare på si eiga og sin partners helse. 

Nå viser også undersøkinga at klamydia er mindre tabu enn før. Det er gledeleg. Men likevel veit ein at mange av dei som får påvist klamydia ikkje tek dei pillene som skal kurere sjukdommen. Med det risikerer dei sterilitet og bidreg til å spreie viruset videre. Gonoré og syfilis er på veg tilbake, og Hiv Noreg frykter at hiv skal spreie seg i ungdomsmiljøa. Då ville viruset spreie seg raskt, rett og slett fordi ungdom er frykteleg dårlege til å hugse å verne seg.

I samband med Mandelakonserten i Tromsø for ein del år tilbake, var eg på kurs om hiv. Der hadde vi høgttenking om kva tiltak som måtte til for å normalisere bruken av kondomar, og Mimir meinte at løysinga kunne vere å legge inn ei pakke kondomar i alle six-packer som blei seld her i landet, nettopp fordi koblinga mellom rus og sex er så sterk. Det er kanskje ingen dum idé. Drastiske vaksenopplæringstiltak trengs.

Og i fall du som les dette har fått ca like lite seksualundervisning som eg fekk og til liks med min gamle klasse aldri var med på tre-på-ein-banan-eit-kondom-og-sjå-kor-enkelt-det-er-øvelsen: her er bruksanvisninga. Sånn skal det gjerast. Til både din og partnerens beste. Det er bare å øve.

(illustrasjon rappa på ein eller anna plass på nettet for lenge sidan)

tirsdag, mai 03, 2011

Kunnskap er nøkkelen. Også i hiv-arbeidet.

Tidlegare i dag var eg og nokre andre ungdomspolitikarar ein tur hos Hiv Noreg på møte for å diskutere tiltak som kan forebygge spreiing av HIV-viruset og kva ein kan gjere for å motverke stigmatiseringa av hivpositive.

For det er to skumle tendensar som slår imot ein når ein les statistikken.

Det første er at talet på heterofile, etnisk norske nysmitta har auka. Det forsterker biletet av at nordmenn i for stor grad er opptekne av graviditet og ikkje helse når dei skal "beskytte seg", eit bilete som allereie er teikna godt opp av klamydiastatistikken, der 23.000 tilfelle blir oppdaga kvart år, og der både syfilis og gonoré (som ein begge trudde var så godt som utdøydd) er på veg tilbake.

Det andre er at aldersgruppa 16-25 i påfallande liten grad veit korleis HIV smitter. Det fører til fordommer, som fører til stigmatisering av hivpositive. Hiv Noreg melder at det er vanskelegare å vere hivpositiv i dag enn det var for 10 og 20 år sidan, fordi det generelle kunnskapsnivået har minska i takt med at vi har fått meir kunnskap om korleis viruset smitter, primært fordi det hivspørsmålet ikkje lenger står på dagsorden i media og andre opplysande organ. Hiv har forsvunne ut av seksualundervisninga - og med vankunna har fordommane få lov til å rå grunnen. Derfor er det færre 18-åringar i dag som veit at hiv ikkje smitter dersom ein drikk av same kaffikoppen som ein positiv - eller at det ikkje er farleg korkje å ta på eller å kysse ein hivpositiv.

Eg skulle søke opp reklamefilmen deira på youtube, og blei sjølvsagt surfande litt når eg først hadde funne den. Og der fann eg denne særs søte reklamen, som viser at kondomar er praktiske også i andre samanhengar... :)

tirsdag, april 12, 2011

Namnemysteriet løyst

Det nærmer seg påske. Dette innlegget kunne vore eit svar på påskenøtter. Det er det ikkje. Derimot snakker vi eit tilfelle av rett kopling i hjernen på riktig tidspunkt.

I fjor ein gong skreiv eg ein post om korleis etternamnet på litauiske kvinner avslører sivilstanden deira. Då spurde Lene om eg visste noko om kva som skjedde om kvinnene blei skilde, eller for den del når dei blei enker.  Det ante eg ikkje, og eg gløymte å sjekke det opp då eg var i Litauen sist. 

I helga var eg ordstyrar på det ekstraordinære årsmøtet til International Student Union of Norway. Ein av fordelane med å vere ordstyarar er at ein får namneliste. På den stod også etternamna til somme av delegatane. Eg oppdaga at etternamnet til eine delegaten måtte vere litauisk. Særs forfjamsa over spørsmålet mitt kunne nemnde delegat stadfeste at både ho og namnet hadde opphav i dette fagre landet på andre sida av Østersjøen. 

Kva det var som gjorde at eg byrja tenke på akkurat det aner eg ikkje, men eg kom brått på spørsmålet til Lene, og eg fann ut at eg nå hadde sjanse til førstehandskunnskap. Medan førre namnebloggpost var tufta på deduktiv metode, har eg denne gonga tatt føre meg ei kvalitativ undersøking med særs lite utval. Så derfor : i spalta "Signhild leiker namnegranskar" er det ei stor glede å komme med enda fleire funfacts om litauiske kvinneetternamn:

  • litauiske enker held på sin manns etternamn også etter hans død
  • skilde kvinner vel sjølv om dei vil halde på eksmannens eller om dei vil ta tilbake pikenamnet.
  • det er ikke lenger uvanleg at gifte kvinner held på sitt pikenamn (og med det altså ugift form)
  • giftemål med utanlandske menn gjer at det ikkje lenger er mogleg å sjå kven som er gift og kven som eventuelt er avkom. Dersom mannens etternamns form tillet det, er det ikkje usannsynleg at kvinnene vil "konstruere" ein kvinneleg form av etternamnet, t.d. ved å legge til ein -e eller -a på slutten. Men då vil altså formen vere lik uansett om ein er gift eller ikkje.

mandag, januar 10, 2011

Informasjonssanking før og nå, aka ein nettstalkers bekjennelser



Eg og min kamerat K sat og snakka om overvåkningssamfunnet i dag, og eg kom brått på at eg hadde gjort eit spedt forsøk på å bedrive nettstalking - 8 år etter at eg prøvde meg, sånn midt-på-treet-vellukka, som etterretningsoffiser i avstandsforelskelsens teneste.

Utgangspunktet for samtalen var det ganske absurde Aftenpostenoppslaget om dei to muslimske leiarane i Sveits som sambandsstatanes etterretningsteneste har fulgt ulovleg og mistenkt for å vere terrorister - fordi dei var muslimar og likte å sitte på ein benk i parken med utsikt til den amerikanske SN-delegasjonen i Geneve. Som ein sjebnens ironi, alternativt som eit prov på kor heniallestaurog vegger den etterretningsrapporten faktisk er, er den eine av desse to kåra til æresborgar av New York for sin innsats for eit ope samfunn og toleransearbeid.

Mens vi snakka om dette kom vi inn på kva ein får tilgang til gjennom sosiale medier, og eg kom brått på denne historia her, og fordi eg trass alt tykkjer ho er eit godt døme på det potensielt skumle med sosiale medier, fann eg ut at ho burde deles, som ei (søt?) historie til skrekk og advarsel.

Då eg gjekk på vidaregåande, var eg særs avstandsforelska i ein gut på naboskolen. Vi tok same skolebussen kvar dag, men han var blant dei veldig få på den skolebussen som ikkje hadde gått på same ungdomsskule som meg. Han var busett i ein annan grunnskulekrins, men det var meir praktisk for han å ta "vår" skolebuss enn den som var sett opp frå hans krins. Og derfor visste eg ikkje kva han heitte. For ei som kunne namnet på heile skolen i løpet av 2 veker på barneskulen, var dette ein ganske merkeleg situasjon. Mi gode venninne J hjalp ganske godt til ved å sørge for å døype han "Grønn", etter hans grønne jakke. (Vinterstid skifta han derfor namn til "Blå", så kan de sjølvsagt tenke kva farge vinterjakka hadde).

Ein eller annan gong i løpet av 1. klasse (på VGS, altså) laga eg ei liste med det eg visste om han. Den bestod av ting som "kamerat med A", "speler på langoddsen", "tror han har ein bror" og sånt, plukka opp gjennom utbreidd langøyreverksemd på brua mellom Katta og busstoppet.

Så, ein gymtime ikkje så lenge før jul, kom det store etterforskningsmessige gjennombrotet. Heile 4 nye punkt tilført på ein dag. Klassen min og klassen hans hadde nemlig gym samtidig. Akkurat denne gymtimen hadde eg skada foten, og sat på benken i lag med C frå klassen min. Vi kjeda oss, og byrja studere den innebandyspelande klassen ved siden av oss, ikkje minst fordi dei nesten berre var guter. Blå/Grønn sin klasse. Og på eit tidspunkt der det passa veldig fint, la han på sprang mot oss. Eg var ganske takksam for den som hadde sendt ballen i vår retning, slik at det gav meg eit høve til å spørre C om ho tilfeldigvis visste kven han var. Ikkje at eg hadde noko tru på akkurat det, for C var frå andre sida av byen. Men det gjorde ho, jammen! Han hadde nemleg vakse opp på same plass som ho. Ho kunne til og med gi meg eit fornamn og fortelle at han hadde ein to år yngre bror. Og at han visstnok var eit talent i ein ikkje så utbreidd sport der han var arveleg belasta. Det er vel unødvendig å melde at lista i skoledagboka mi blei oppdatert umiddelbart etter gymtimen.

Mot slutten av skoleåret klarte eg å lure til meg skolekatalog frå naboskolen, og fekk så eit etternamn. Og med det, potensielt ein adresse. Sånn med unnatak av at det budde to med hans etternamn på ein adresse som kunne stemme med kor han kom på bussen (ganske imponerande, særleg med tanke på at du treng eit klasserom for å samle alle med same namnet som han i landet). Nokre veker inn i det påfølgande skoleåret kunne ein dødsannonse i avisen avsløre namn på både bror, mor og far (og hans avdøde bestefar..), og brått kunne telefonkatalogen utlevere adressen. Ikkje at eg heilt veit kva eg skulle brukt den adressen til, då.

Utover dette kunne "dette veit eg om Blå/Grønn"-lista mi ikkje fortelle stort meir interessant enn "mora hans vasker klær med Omo Color". Mot slutten av 2 snakka eg med han for første gong - då fekk eg eit russekort. Med eit slagord så bra at det var ganske pinleg at neste gong eg traff han igjen var då han 17. mai året etter stoppa og bad om mitt russekort - og fann meir eller mindre same slagordet berre på anna målform og i fleirtal der han hadde eintal. Slagordskopieringa kom ikkje av at avstandsforelskelsen framleis var sterk, men rett og slett av noko så enkelt som at det var særs bra, og tilfredsstilte mitt krav om at russekortet skulle vere seriøst og fritt for teite vitsar. (Herregud, eg var heilt seriøst verdens kjedeligste russ!)

Mi 11-punkts liste blei ein eller annan gong rive ut av skoledagboka og havna så i papirbunka nederst i kommoden min i lag med gamle stensilar frå barnskolen. I sommar hadde eg det privilegiet å kaste alle steinalderbuplass-stensilane i omnen (utrueg kva ein sparer på!!), men akkurat den lista blei av nostalgiske grunnar arkivert i kassa som til mammas store irritasjon er merka med "Signhilds memory lane". (Eg trur kanskje eg hadde fått ein overdose med Josh Lucas og hjem, kjære hjem då kassa blei namngitt, og irriterer meg akkurat like grønn som mamma over namnevalet, om enn av andre grunner)

Så, i jula, snubla eg over kassa og lappen igjen. Og i eit innfall av julefred og kjedsomhet, fann eg ut at eg skulle prøve å finne ut av korleis lista blei utelukkande ved hjelp av Facebook - og utan å skulle trykke på "meir" nederst på tavle-sida meir enn 1 gong. Linker han hadde lagt ut, var derimot "tillatt" etter mine eigne nye stalker-prinsipper. Vi er ikkje venner på facebook (eg har jo ikkje snakka med han sidan den 17. mai-en), men vi har nokre felles kjende der. Det viste seg å vere tilstrekkeleg til at eg kom inn på profilen hans.

Berre med utganspunkt i linkar og tavletilgang hadde eg på nokre minutt ei "dette veit eg om blå/grønn"-liste ikkje berre var lenger enn den opphavlege, men truleg også ei liste han i noko større grad enn den opphavlege kjenner seg att i. Ikkje berre kan eg avsløre at Blå/Grønn var i utdrikkningslag for ei tid sidan i lag med ein eg hadde samme dagmamma som, eg kan også ein heil del av desse uviktige detaljane som blir viktige når dei blir sett saman til ein del av identitet: venner, familie, favorittfotballag (det er ikkje Start, men til min glede er han "fan" av IK Start også), favorittmusikk (god musikksmak og bra spelelister på spotify!), favorittfilmer, favorittserier og så vidare. Då lista mi var akkurat dobbelt så lang som den opprinnelige, fann eg ut at det var nok. Der eg brukte 2 år på 11 punkt, brukte eg 11 minutt (inkl nedskriving) på 22 punkt.

Nå trur eg ikkje eg har funne ut av ting om han ved hjelp av hans opne Facebookprofil som han ville kjend seg ukomfortabel med at nokon visste, kanskje med unnatak av at eg, som sist snakka med han i forbifarten i 2002 veit at han liker band der medlemmane ikkje hadde treft kvarandre "back then". Men det kan jo likevel vere lurt å ta denne historia til skrekk og advarsel: åpen facebookprofil kan gje tilgang til nettstalkere. Då er det berre å vone at dei stalkarane er ganske harmlause.

For tryggjings skuld kan det leggast til at om nokon skulle ha lyst til å lese den fullstendige lista over punkt eg fann det for godt å notere ned "åtte år etter", er det ikkje lenger mogleg. Lista brann opp i romjula. I lag fargelagte stensilar om vikingtida. Først då eg brann dei opp, innsåg eg at eg i barndommen hadde ein tanke om at eg "sikkert kom til å bli historielærar", og at det sikkert kunne vere kjekt med slike liggande då. Men det er ei ganske anna historie.

torsdag, september 02, 2010

Sei meg kva du heiter, og eg skal fortelle din sivilstand!

Søte Stine minna meg for ei tid tilbake på min leveregel i gamledager: eg skal ikkje gå gjennom ein einaste dag utan å ha lært noko nytt. Å lære noko nytt kan handle om nye innsikter, nye bekjennskaper, nye teknikker, nytt trivia - you name it. Og sanninga er vel at det faktisk er ganske vanskeleg å gå gjennom kvardagen utan å lære noko som helst (i alle fall for eit menneske som meg, som er fødd interessert i verda).

Og sjølv om eg veit det ikkje er foreinleg med eit tilvere på Blindern, må eg berre seie det: eg elsker Wikipedia. Det er eit media skapt for sånne som meg. Ikkje bare kan ein, gjennom funksjonen "tilfeldig side" få kunnskap om ting ein ikkje visste at ein hadde noko som helst interesse for. Eller, ein kan, slik eg fekk i dag, få svar på det ein lurer på, og derigjennom få ny innsikt.

Ein litauisk kompis av meg har blitt pappa på nytt. Familiens nyaste tilskot er i dag 16 dagar gamal, og er jente. Det veit eg ikkje fordi han har delt bilder av nurket (han har då andre ting å gjere enn å fôre omverda med bilete), men fordi han har oppdatert familietreet på face.

Dei har ein gut frå før, som i henhold til litauisk namneskikk har sin fars etternamn, som ender på -as. Kona til kameraten min har tatt sin manns etternamn, med endinga -iene. So far, so good. Men så oppdaga eg at dette 16 dagar gamle nurket hadde fått eit anna etternamn enn mor si. -aitė ender hennar namn på. Då var det eg begynte å fundere: angir ei kvinnes etternamn ikkje berre hennar kjønn, men også hennar sivilstand?

Nå har det seg sånn at eg kjenner ganske mange litauarar, og ein runde på face antyda eit mønster. Både dei jentene eg kjenner og kjærestane til dei gutane eg kjenner, hadde namn som enda på -aitė. Dei gifte kvinnene, derimot, hadde heilt utan unnatak -iene-formen i sine namn. (I eit tilfelle det eg antek er hennar pikenamn i gift form).

When you have a question, wikipedia has the answer, som det heiter i jungelordet. Og joda, teorien min heldt stikk. Eg er særdeles nøgd - og skulle kanskje ønske at all ny innsikt eg måtte få på min veg kunne bevises like lett. Men heldigvis er det ikkje tilfelle.

---
Johnny Cash: a boy named Sue.

lørdag, september 26, 2009

Auga er sjelens spel?

Eg sit, som eg skreiv for ein time eller så sidan, og jobber litt. Og til liks med Stine KS er det gjerne slik at hjernen leiter etter noko anna å gjere enn studier. Sikkert litt fordi det er naudsynt, og litt fordi det er ganske deilig å slippe taket i konsentrasjonen.

Så dermed blir det vilkårlig surfing, mellom anna via profiler på facebook. Og slik var det eg plutselig kom over ein svært interessant artikkel: det er ikkje så at ansiktsuttrykk ER universelle, sjølv om ein del av oss innbiller oss det. Det kan nemlig tyde på at korleis ein les eit ansikt er kulturelt bestemt. I Austen les dei først og framst auga til folk, medan folk i Vesten les heile ansiktet. Trua på at auga er sjelens speil sit tydelegvis djupare i austleg kultur enn han gjer hos oss.

Eg tillater meg likevel å la meg fascinere ekstra over tillegget i artikkelen - nemlig illustreringa av korleis ein i dei to ulike kulturane teikner sine smilefjes.
Glad: västerlänningar :-) österlänningar (^_^)
Ledsen: västerlänningar :-( österlänningar (;_;) eller (T_T)
Förvånad: västerlänningar :-o österlänningar (o.o)


---
Eyes Wide Open. Travis. The Boy With No Name.

fredag, februar 13, 2009

Då og nå


Eg er i snøfylte Vilhelmina i Nord-Sverige. Vilhelminas nabobyar heitter Frederika og Dorothea, og alle tre er oppkalla etter Dronning Frederica Dorotea Vilhelmina, som fekk desse små stadane i Lappland som morgongåve. Og byane bytta namn til hennar namn.

Og eg kan ikkje unngå å fundere på korleis det hadde vore om nokon nåverande skandinaviske monarker hadde gjort det same? Om t.d. Harald hadde gjeve Sonja Koppang i gåve, og Koppang over natta skulle endre namn til "Sonja". Og stakkars den plassen som hadde måtte fått det upraktiske namnet "Mette-Marit"..

torsdag, desember 25, 2008

Den eigentlege "Deilig er Jorden"


"Deilig er Jorden" er ein av dei vakraste julesongane eg veit. Ironisk nok, all den tid eg meiner songen eigentleg er misforstått som julesong - det er jo ein all-års song. Eg forbind han nok aller mest med den eine teaterforestillinga Johan G. Olsen kjøpte kvart år då eg gjekk i KBUT, og som enda med at sal og scene skulle synge i lag. Særleg dagane før, med intens tekstpugging i garderoben, har lagt seg på minnet.

Så sat eg her då, natt til første juledag, og hadde ikkje lyst til å sove, sjølv om eg nok burde. Og min gode venn "tilfeldig side-knappen" på wiki fann ut at han skulle leie meg inn på sida som handler om "Fager er jordi", den opphavlege omsettinga både til nynorsk og riksmål - og den heilt opphavlege tyske teksten. Og eg digger det.

Eg song meg hes på julaftengudstenesta i Vanse kirke, og vurderer å ta turen innom juledagsgudstenesta - berre for å kunne synge den slik den _eigentleg_ blei omsett.


Tysk
(folkesalme frå Schlesien)
Dansk
(B.S. Ingemann (1850))
Nynorsk
(omsett av Gunnar T. Rysstad (1900))

Schönster Herr Jesu,
Schöpfer aller Dinge,
Gottes und Marien Sohn!
Dich will ich lieben,
Dich will ich ehren,
Meiner Seelen Freud und Wonn.

Deilig er Jorden!
Prægtig er Guds Himmel!
Skjøn er Sjælens Pilgrimsgang!
Gjennem de favre
Riger paa Jorden
Gaae vi til Paradis med Sang!

Fager er jordi,
herleg er Guds himmel,
Glade gjeng sjelene pilgrimsgong.
Gjenom dei fagre
rike paa jordi
Gjeng me til paradis med song.

Alle die Schönheit
Himmels und der Erden
Ist gefaßt in dir allein.
Keiner soll immer
Lieber mir werden
Als du, schönster Jesus mein!

Tider skal komme,
Tider skal henrulle,
Slægt skal følge Slægters Gang —
Aldrig forstummer
Tonen fra Himlen,
Sjælenes glade Pilgrimssang!

Tider skal koma,
tider burt skal kverva,
Ætt skal fylgja ættarrad.
Aldri skal tagna
tonen fraa himlen,
Sjeli sitt glade pilgrimskvad.

Schön ist die Sonne,
Schön ist der Mond,
Schön sind die Sterne allzumal:
Jesus ist feiner,
Jesus ist reiner
Als die Engel im Himmelssaal.

Englene sang den
Først for Markens Hyrder;
Skjønt fra Sjæl til Sjæl det lød:
Fred over Jorden!
Menneske! fryd Dig!
Os er en evig Frelser fød!

Englane song det
fyrst for hyrdingflokken,
Vent det tona for sjeli mødd:
Fred yver jordi,
menneske, gled deg,
Oss er ein evig Frelsar fødd!

Schön sind die Blumen,
Schöner sind die Menschen
In der frischen Jugendzeit;
Sie müssen sterben,
Müssen verderben:
Jesus lebt in Ewigkeit.



mandag, november 24, 2008

Tyven tyven

Det finst mange tidstyver. Og særleg nå som eg sit her og skal skrive eksamensoppgave. For som eg tidlegare har skrive her, digger eg "tilfeldig side"-knappen på wikipedia. Og i dag har eg fått ein ny slik "dille" - UD sine landsider. Farlig farlig kor mykje interessant det står der - og kor full av reiselyst ein blir!

Dessutan er sidene herleg udiplomatiske i sin språkbruk. Teksten under er frå informasjonssidene om Armenia, avsnittet om transport. Eg innser i alle fall at eg ikkje skal bli samferdsleminister i mitt påståtte framtidige heimland...

"Vestlige bilutleiefirmaer er etablert i Armenia, men det anbefales å leie bil inkludert sjåfør. Dette fordi veinettet er meget dårlig, og ikke skiltet, og fordi kjørekulturen er svært forskjellig fra den vestlige. (....) Offentlig transport er upålitelig og ukomfortabel, og derfor ikke anbefalt."

tirsdag, november 18, 2008

Eg <3 Wikipedia

Eg har ein av mine mindre effektive dager, for å seie det pent. Sette meg ned for å jobbe kvart over fire, og er framleis ikkje i gang med det eg skulle begynne på. Vurderer i staden å gå heim.

Men det er ikkje poenget - poenget er at eg har gjenopptatt min o store favorittsyssel frå dei fem siste eksamenstidene mine - surfing av tilfeldige sider på wikipedia. For kva har eg lært i dag? Jo, mellom anna korleis ein koker kaffi, korleis ting ser ut på havbotnen, og om for meg ukjende stader i London. Og då eg fann ein artikkel om god sjokolade, blei eg så sjokoladesulten at eg nå funderer på å stikke heim - og kanskje få gjort det eg liksom har skulle gjort i eit par timar nå.