tirsdag, juni 29, 2010

Regndans

Det meldes om tørke i det sørvestre hjørnet av Noreg. Her på Lista er det langt mellom dei grøne markene - over alt er det i beste fall mykje gult på dei, i verste fall er det knapt eit grønt strå att. Bøndene fortel om 30% mindre avlinger - og nå har fleire måtte gyve laus på vinterforet. Farsunds Avis melder om tørkekrise, og det er dessverre ikkje agurktida som gjer at krise-ordet brukes. Om det ikkje kjem skikkelig regnver snart, vil resultatet bli massiv nedslakting.


I går køyrde eg og mamma opp Lyngdalen. Lyngna, elva som har gitt dalen sitt namn, er så uttørka at ein fleire stader kan gå tørrskodd tvers over ho. Her om dagen sa ein elvefisker i nabodalen at elva Kvina er så tørr at laksen ikkje kjem opp elva, og han frykta at det vil få konsekvensar for fisket i mange år framover. Eg mistenker at det same er tilfellet i Lyngna. 


Men også dei av oss som ikkje er bønder eller hobbyfiskarar, merker konsekvensene av tørka. På St.Hans var det bålforbod - og det har vedvart. Ved bruk av grillkol har ein blitt anbefalt å væte bakken først - i fall grillen ikkje er tett. Ein kan gå tørrskodd i myrer som det elles alltid er vann i. Og ein slepp på det jamne å slå graset - det veks jo ikkje likevel.


Vi har fleipa om å danse regndans. Men i dag kom regnet. Akkurat nok til å gje eit lønnleg håp om at det kunne betre seg. Så kom det berre litt. 


Vi har bestilt regnver fram til fredag. Laurdag opnes nemlig KFUK-KFUM-speidarane sin landsleir på flyplassen. Og då vil vi gjerne vise dei Lista frå si aller beste side - grønne marker i strålande solskinn. (Og med glade dyr som får fôr direkte frå marka, og ikkje frå siloen)

----

Let it rain. Amanda Marshall. Amanda Marshall. 1995

Ingen kommentarer: