mandag, oktober 04, 2010

Å bygge reir for vaksne

Ragnhild fortalde på bloggen sin for ei tid tilbake om korleis dei byggjer reir til deira nyfødde. Prinsippet er enkelt: ungen er vand med å ligge trangt før han kjem til verda, så han kjenner seg trygg om han blir "pakka inn" i vogna.

I natt fekk eg ikkje sove. Eg var iskald, og kroppen verka. Etter å ha testa ut alt frå varme drikker til ullsokker og oppvarmingsøvelser, og det framleis ikkje var varme i kroppen, samstundes som verken bare blei verre, begynte eg plutseleg å tenke på Ragnhilds reir. I mangel av barnevogn (haha) fann eg ut at om eg la reservedyna under meg, og bretta ho godt over kroppen min, og så la dyna mi med teppe over over meg, og gjorde det same, ville det kanskje få noko av den same effekten. (Tilfeldigvis havna eg også med skallen mot veggen. Det var ikkje planlagt, men det var i det minste enda meir i tråd mot reir-prinsippet.)

Eg la meg under. Fraus litt, men merkte at det hjalp godt på varmen (og etterkvart som kroppen blei varmare, gjorde det mindre vondt i magen). Og før eg visste ordet av det, sov eg. Og eg, som normalt er ein spirrevipp i søvne, har tydelegvis ligge nesten heilt stille, for då eg vakna, låg framleis dynebrettene over tærne mine.

Kanskje eit tips til andre som ikkje får sove?

Ingen kommentarer: