Bokhylla mi lokker aldri så sterkt som når eg har andre ting eg berre må gjere. For ei tid tilbake skulle eg ta ein liten pause frå norskstilrettinga. Bare ein 10-minutter. Og i staden for å fortsette på ei av dei fire bøkene eg held på med, byrja eg kikke litt i Kristian Fjellangers "Feit. Mitt liv som tjukkas". La meg ned på sofaen. Skulle jo bare bla litt i boka... Då boka var utlese halvannen tima seinare forstod eg ikkje heilt kor tida var blitt av. Eg var framleis i det litt vonde hjørnet på den kalde sofaen, og framleis spelte Casa Maurilo på repeat frå maskinen i eine hjørnet av stova. Men boka i armane mine var utlese, og der fine dagslyset som hadde vore på utsida av stoveglasa var blitt betrakteleg mørkare. Dei ti minutta var mangedobla.
(Biletet har eg frimodig stole frå forlaget Manifest sine nettsider)
Eg drister meg til å påstå at Kristian Fjellanger har skrive ei av dei viktigaste sakprosabøkene i Noreg på denne sida av 2000. Han skriv om tema som har vore lite diskutert: menn og kropp, fedmedebatten sett med dei overvektiges eigne auger og samanhengen mellom sjølvbilete og utsjånad, og han gjer det på ein måte som gjer at ein kjenner på eit stort kjensleregister medan ein les. Han er ekkelt sjølvkritisk mot sin eigen (gamle) kropp, han er hysterisk morosam, har ein sterk samfunnsbrodd og tvinger fram tårene i augekroken - og alt i same setning. "Feit" er ei blanding av ei slags oppsummerande dagbok, intervju med samfunnstoppar og samling av brevvekslinger, og alt med eit sjarmerande, tildels lattermildt gravalvor.
Då eg lukka att boka var det med ei god-vond kjensle. God, fordi han skildrer korleis han gjekk ned i vekt (i all hemmeligheit) på ein morosam måte. Vond, fordi han skildrer sitt eige sjølvbilete og sine eigne førestillinger på ein måte som er så sjølvkritisk at det riv i augene.
Eg skal ikkje skryte på meg å kjenne Kristian. Men vi har nå svinsa rundt i dei same krinsane, så eg har møtt han ved fleire høve. Eg er ein av dei som ikkje forstod at det var same karen som stod framfor meg då eg traff han att i "halv" utgåve (men til mitt forsvar: han hadde ein annan organisasjonshatt på då eg traff han den "nye" utgåven for første gong...). Og det slo meg brått etter å ha lese ut boka at det eg hugser aller best frå dei første gongene eg traff han (medan han altså var 140 kilo), var at eg og ein kompis diskuterte kor sjarmerande og kjekk han var. Det sa vi sjølvsagt aldri til han, vi kjende han jo ikkje. Når det heile slo meg så sterkt, er det fordi han i boka skildrer korleis han såg seg sjølv. Som ein tjukkas med mindre verdi, og som ein utsjånadsmessig lite kjekk fyr. Biletet hans av korleis han trudde verda såg på han, gjer vondt til hjarterota, og eg lurer på om det kunne ha endra noko som helst om vi hadde sagt det vi meinte. Skjønt, ut frå kva han skriv, er eg ikkje sikker på om han hadde trudd oss.
Boka er god, men særs utfordrande. Eg ler, græt litt, smiler, nikker samtykkande og blir inspirert når det passer seg. Men herregud, så godt eg har av det. Av å røskes ut av komfortsona på den måten Kristian Fjellanger klarer å gjere. Boka burde vere eit must for alle som jobber i sportsbutikk. Og for alle som driv eit treningssenter. Og for alle som nokon gong har uttalt seg om spisevanar. Og for alle som nokon gong har prata bak ryggen på nokon med høgare BMI enn dei sjølv. Og for alle andre, eigentleg.
Boka er god, men særs utfordrande. Eg ler, græt litt, smiler, nikker samtykkande og blir inspirert når det passer seg. Men herregud, så godt eg har av det. Av å røskes ut av komfortsona på den måten Kristian Fjellanger klarer å gjere. Boka burde vere eit must for alle som jobber i sportsbutikk. Og for alle som driv eit treningssenter. Og for alle som nokon gong har uttalt seg om spisevanar. Og for alle som nokon gong har prata bak ryggen på nokon med høgare BMI enn dei sjølv. Og for alle andre, eigentleg.