lørdag, oktober 20, 2012

Bok: En norsk spion

Før eg skriv noko meir, bør eg seie at eg har fått boka eg nå skal skrive nokre liner om heilt gratis. Aschehoug sende meg eit lesereksemplar, og vonar at eg ville finne boka så interessant at eg gadd å bruke tid og plass på å skrive om ho. Dette seier eg sjølvsagt fordi at du, som eit opplyst menneske, fortener å vite om det. Forlaget dikterer ikkje kva eg meiner om boka, akkurat.

I krim - og spionsjangeren forventer eg alltid eit plott like føreseieleg som ei hollywoodsk romantisk komedie. Og til liks med når eg benker meg ned for å sjå hollywoodsk romantisk komedie, er det for å bli underholdt og for å få det eg forventer, at eg blar opp ein krim. Eg tek for gitt at eg halvvegs i teksten kan tippe meg til hovudplottet, og eg skal innrømme at eg blir litt småirritert om det mot formodning skulle vere slik at forfattaren tek nokre oppskriftsmessige vriar. Såleis burde eg vore litt sur på Aslak Nore, men eg får det ikkje til. Til det var boka rett og slett for god.

"En norsk spion" er fortellinga om dei som ikkje finst.  Om etterretningsoffiserane som offisielt ikkje finst, og som såleis ikkje kan rekne med å få oppbacking frå heimlandet om noko går gale. Eit slikt lag er i det boka tek til ein tur innom Dubai for å hente ein iransk offiser som vil bytte informasjon om ein planlagt aksjon mot norske interesser i Afghanistan mot opphold for seg og sin familie i Noreg. Dei får dei informasjonane dei er på jakt etter, men før dei får frakta mannen og familien i sikkerheit, skjer det som ikkje skulle skje: mannen blir funne drepen på hotellrommet på det "trygge" hotellet sitt. To av dei norske etterretningsoffiserane kjem først til åstaden, og dei rekner med at dei blir skulda for drapet. I von om å kunne bidra til å stoppe aksjonen, kaster dei seg på flyet til Kabul - trass i strenge ordre om å bli i Dubai. Det blir starten på ei lang og farefull ferd gjennom ørken, Talibanrørsle, opprør, fjellmassiv, doplanging og støvete gater. På kryss og tvers gjennom Afghanistan. Med eitt mål for auget: å sikre norske interesser - å forhindre ein aksjon. Dei resterande i teamet kjem etter, og har rett og slett bare måtte erkjenne at åstaden er flytta som følge av at spionane ikkje følger ordre.

Boka skildres gjennom auga til Petter Wessel. Ein norsk etterretningsoffiser som går undercover som journalist, og som på ulike vis prøver å leve opp til namnet sitt. Makkeren hans, Kåre Svalastoga (også han har namnet til ein kjend person, utan at eg skal påstå at det er medvite frå Nores side), gir seg ut for å vere fotograf. Saman skriv dei ei bok om landet, og om nokon spør, kan dei jamvel syne fram ei bok på norsk der smussomslaget (men ikkje sjølve boka) kan bevise at dei har arbeidd med likande prosjekt tidlegare. Men kan dei stole på kvarandre? På sine sjefar? På sine informantar? På seg sjølv?

Nore har skrive ei bok som ikkje berre er ei god spionhistorie, ho er òg ein sterk innanrikspolitisk kritikk. For kor demokratisk ynskjer eigentleg Noreg at Afghanistan skal bli? Kva er målet med den norske tilstadesveringa i Afghanistan?  Og korleis kan det ha seg at det er den delen av landet som Noreg kontrollerer som er den einaste relativt fredelege av dei regionane utanlandske styresmakter han intervenert i/okkupert?

Hadde eg vore Nores redaktør, hadde han fått melding om å plassere eit stort raudt kryss over den einaste sexscenen i boka - relasjonen mellom dei det gjeld var mykje meir spanande mens det berre var eit ant begjær.. Men om DET er det einaste negative ein har å seie om ei bok, ja, då kan ein jammen ikkje klage!

Og sidan julemarsipan, julebrus, kakemenn og julehefter allereie er å finne i butikkane, er det fristande å komme med ein spådom: er du glad i krim, skal du smile breitt når du ser denne ligge under eit juletre nær deg. Eller du kan spinge til butikken før den tid og sørge for at ditt ferdiglese eksemplar kan lesast av andre når første juledagen for alvor blir langdryg...

Ingen kommentarer: