Aslak Nore kom med sin første spaningsroman, En norsk spion, i 2012. Eg likte boka godt, men nikka likevel anerkjennande til Maddams passande kritikk av ho, og kjende meg vel eigentleg litt flau over kor godt eg likte boka di meir det treffande eg kom til at Maddams kritikk var. Eg heldt "foredrag" for kjensfolk om at eg likte boka fordi ho var underhaldande, og ikkje av nokon andre grunnar. Då Aschehoug så sende meg mail om at eg kunne få eit lesareksemplar av den nye boka til Nore, som attpåtil handla om same hovudperson, takka eg ja, men angra like etterpå, for det innebar jo at eg ville kjenne ein moralsk forpliktelse til å lesa boka. Men burde eg lesa ho, når eg eigentleg var blitt ganske kritisk til ei bok i same serien som eg eigentleg likte, men som nokon andre hadde vist meg ein andre briller å lesa ho gjennom? Eg klarte ikkje heilt å legge frå meg kritikken, og boka blei liggande ulese.
Når eg fortel dette, er det fordi eg var så budd på å mislika Oslo Noir. Overraskinga var stor for eigen del då eg forstod at eg faktisk koste meg med boka...
Dette er den andre boka om Petter Wessel, men boka ligg føre En norsk spion i tid, og utbygginga bakover i tid bidreg godt til å fylla ut biletet av kven Petter Wessel er. Aslak Nore tek oss tilbake til 90-talets Oslo, der ungdomskulturen har teke ei endring korkje politi eller vaksne forstår. Petter og kompisane finjusterer teknikken for tbanetagging (ytterst fascinerande kombinasjon med ski og sprayboks!). Nye dopmiddel er i omløp, og storbyproblema er for alvor i ferd med å ta over hovudsstaden. I denne byen er det at to barneranarar kræsjer ein fest på beste vestkant, og grabber med seg ein pose med escatasy. Den eine av desse blir kort tid etter funne død. Den andre flykter. Petter Wessel snubler tilfeldigvis over posen, og tek eit val som skal gjera sommaren særs dramatisk. Tenåringen vikler seg inn i eit spel han ikkje kan kontrollera. Det han er i ferd med å avdekke har konsekvensar langt inn i hans eige liv, og både kjærasten og familien blir dregne inn i eit spel Petter ikkje hadde fantasi til å forestille seg. Før siste sida er slutt, skal Petter erfare at hans eiga verd på ingen måte ser ut som han trur. Når ein ikkje kan stola på nokon rundt seg, kan ein då stola på seg sjølv?
Petter Wessel-bøkene kjem nok ikkje til å bli ein moderne klassikar, men god underhaldning, det er dei absolutt. En norsk spion og Oslo Noir er tematisk veldig ulike, og sjølv om hovudpersonen er den same, er det to tidsmessig fjerne sider av han me møter. Eg tykkjer jamnt over at Oslo Noir er ei betre bok enn En norsk spion. Drivet er godt, historia er spanande og denne boka er hakket meir truverdig.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar