Sommaren er over, kvardagen kaller. Denne sommaren har eg brukt på å gjera lista over bøker eg vil lesa betydeleg kortare. Ganske mange av dei nå utelese bøkene fortener omtale ved høve, men eg må innrømma at bloggen ofte kjem langt ned på prioriteringslista. I sommar har eg igrunnen lese bøkene, snakka om bøkene og budd i bøkene (når eg ikkje har vore turist), men eg trongen til å melda dei sjølv har ikkje heilt vore den største. Men så dukka ho opp, boka som tvang fram meldelysta i meg.
På onsdag dukka det opp ei pakke i posten. "Kjære bokblogger", stod det øverst på arket. ("Jøss, at dei ikkje har gitt meg opp!", tenkte eg, "eg har jo motteke fantastiske bøker eg har lese, men ikkje hatt gidd til å melda.."). "Vedlagt finner du tre av høstens virkelige godbiter, håper de faller i smak.". Meir rakk eg ikkje lesa, for eg oppdaga forfattarnamnet øverst på den første boka eg tok i. Vansessa Diffenbaugh, dama bak den fantastiske boka Blomstenes hemmelige språk. Eg veit ikkje ein gong om eg registrerte tittelen på den nye boka, eg berre opna ho, og byrja lesa. Gløymd var middagen i omnen, gløymt var organiseringsprosjektet eg heldt på med då eg gjekk til postkassa.
Eigentleg kunne eg ha lyst til å stoppa bokmeldinga mi av Vi ba aldri om vinger her, med følgande oppmoding: ikkje gidd å lesa noko om boka (t.d. det bakpå), berre gå inn i lesebobla og nyt!
Letty Espinosa bur i lag med foreldrene sine, ein son på 15 og ei datter på seks i eit fattig område utanfor San Fransisco. Ho har aldri heilt makta å vera mor for ungane sine, men har overlate oppdragaransvaret til mor si, som til gjengjeld har gått inn i oppgåva med liv og lyst. Letty har sjonglert mellom arbeid og festing, og måten ho har takla moderrolla kan i beste fall skildrast som uansvarleg. I det foreldrene hennar brått bestemmer seg for ikkje lenger å leva ulovleg i USA, men i staden flytte tilbake til heimetraktene i Mexico, snur dei og opp-ned på liva til dei tre (lovlege innbyggarane) som blir verande att. Letty og ungane må bli kjende med kvarandre, og dei må finna ein måte å organisera liva sine på utan den bestemora som var limet i familien. Letty må ta ansvar for seg sjølv, ungane og for maten på bordet.
Lettys 15 år gamle son Alex får særleg merka korleis livet blir endra når det ikkje lenger er bestemora som er sjefsorganisatoren i familien. Han treng besteforeldrene sine sårt, kanskje mest fordi han treng noko fast i livet. Han finn ut kven faren hans er, og tek til å følge etter far sin, ute av stand til å gjere seg til kjenne. Han er forelska i ei klassevenninne, og veit ikkje kva godt han skal gjere for å verne ho mot det vonde i verda. Så mykje vil han verne ho, at dei i lag tek eit val dei ikkje aner konsekvensene av.
Etterkvart som familien sakte, men sikkert blir kjende med kvarandre på nytt, må dei også forsone seg med at historia dei ber med seg, må vere nettopp historie. Forsoninga er ulik for dei ulike familiemedlemmene, slik dei er ulike. Letty klarer å gå frå å vere (eller kanskje berre framstå) uansvarleg til å bli ansvarsbevisst og omsorgsfull. Alex går frå å vera i overkant ansvarsfull til å ta plass, og tek ansvar på måtar som skal kosta dyrare enn han såg for seg. Men i dette nye veks kjærleiken og banda. Og det er kjærleiken og banda som er drivkrafta i boka.
Historia i seg sjølv er ikkje revolusjonerande. Hovudlinene i plottet i Vi ba aldri om vinger kan det tenkast at du har lese før (nett slik eg hadde ei kjensle av å ha lese historia i Blomstenes hemmlige språk ein annan stad). Men boka (/bøkene) er fengslande frå første til siste bokstav. Det som gjer Diffenbaugh sine historier så fengslande, er måten ho framstiller folka sine. Ho gir deg eit veldig tydeleg bilete av korleis folka er i introduksjonen av dei, berre for å røske dei opp med rot, bygge dei ut, og brått vise at dei er stikk motsett av det du først trudde - utan at det første biletet du fekk eigentleg var feil, det var berre veldig smalt. For slik er jo den menneskelege naturen: mangesidig.
Diffenbaugh har eit tydeleg sosialt engasjement. Der Blomstenes hemmelige språk handla om born som veks opp på institusjon, er det klasseskiljer, fattigdom og handsaminga av dei papirlause i USA som er tema her. Familien Espionsa ser inn i dei rike forstadene (bokstaveleg tala), men motorvegen mellom dei er ikkje berre eit fysisk skilje mellom to ulike verder - den er også skiljet mellom to ulike høve vidare i livet. (Diffenbaugh let Letty finne ein finurleg måte å omgå dette problemet på, og eg tek meg sjølv i å heie skikkeleg på Lettys påfunn for å sikre at sonen får den utdanninga ho meiner det skarpe hovudet hans treng.). Det er ikkje mogleg å vere uberørt av skildringene av kva som skjer når det blir oppdaga at ein ikkje har lov til å bu der ein høyrer heime. Fortvilinga over det brutale og umenneskelege byråkratiet som møter papirlause røsker i lesaren like mykje som i hovudpersonane.
Aschehoug fortel på sida til boka at det er ein månad att til boka kjem ut. Det er berre å gle seg. Eller koma seg til Bryne og smila pent og vona eg ikkje har lånt ho ut til nokon andre før deg.
Og skulle du lure: middagen blei brend. Det gjorde ingenting. Eg fekk så akutt separasjonsangst då det byrja lukte halvsvidd i huset at boka måtte bli med meg gjennom heile måltidet. Skal ein tru mitt moderlege opphav sine påstander om svidd mat, erverva eg meg truleg betre songrøyst. Sjølv var eg mentalt i strandkanten ved flyplassen i San Fransisco. På slike utflukter smaker maten greitt uansett kor svidd den er i kantane.
Og skulle du lure: middagen blei brend. Det gjorde ingenting. Eg fekk så akutt separasjonsangst då det byrja lukte halvsvidd i huset at boka måtte bli med meg gjennom heile måltidet. Skal ein tru mitt moderlege opphav sine påstander om svidd mat, erverva eg meg truleg betre songrøyst. Sjølv var eg mentalt i strandkanten ved flyplassen i San Fransisco. På slike utflukter smaker maten greitt uansett kor svidd den er i kantane.
1 kommentar:
Flott omtale du har skrevet, denne boken har jeg lyst å lese :)
Legg inn en kommentar