Viser innlegg med etiketten alder. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten alder. Vis alle innlegg

onsdag, februar 02, 2011

Konkurranseinstinktet slår (ikkje) til igjen

Eg byrja visst eit "nytt og betre liv" i januar. Ikkje som i massiv omveltning av livet mitt, men som i at eg har byrja å trene sånn ein gong innimellom. Og la deg nå ikkje lure av mi falske beskjedenheit, kjære leser. For "sånn ein gong innimellom" betyr ikkje nødvendigvis 1 gong kvar 4. veke. Dei siste to vekene har gjennomsnittet mitt ligge på 3 gonger i veka. Og frå å ligge på 0, føler eg det er nesten i overkant.

Og kvifor? Først og framst fordi eg kjenner at når eg deler tida mellom soving, vasing, masteroppgåve og organisasjonsverksemd, blei eg heilt nøytt til å sørge for å få satt kroppen i rørsle innimellom også - og litt meir enn berre i det eg går til og frå trikken på veg til eller frå Blindern. Eg vil sjølvsagt ikkje bli lei meg om eg får muskler og kondis også, men det er altså ikkje primært derfor. Enda eg veit om meir enn ei handfull som vil meine at det er eit enda betre argument for å begynne å trene. Men sorry mac, akkurat det funker ikkje som hovudmotivasjon for mitt vedkommande.

Så derfor er det dans mandag og tirsdag og symjing minst 1 dag i veka. Strengt tatt bør eg minst doble symjeverksemda, for min symjepartnar A har nemlig bestemt at vi skal ha klart å symje minst 10.000 meter innen 31. mars. Grunnen finn du her. Så langt ligg eg på 1.100. A på det dobbelte, eller deromkring. Etter at A i dag utbraut "eg trudde EG var treig til å svømme - så traff eg deg" begynner eg sjølvsagt å fundere på om målet er alt anna enn realistisk, men i neste nu kjem eg på at eg er 1/10 på veg. Me skal koma, um inkje saa braat, som salig Aasen sa det.

Og sidan A sin hovudmotivasjon ligg i konkurransen, og ho ligg påfallande mykje lenger framføre meg i å nå målet ho har sett for oss, fann eg ut at eg skulle iverksette ein intern konkurranse i bassenget i dag. Eg berre gløymte å fortelle ho om den. Eg bestemte meg for å klare å slå ho i første halvrunde i bassenget, altså første gonga vi svømte bassenget på langs. Og eg fekk det til. Deretter slo ho meg ned i støvleskafta, som venta. Men min spontankonkurranse medførte at hennar konkurranseinstinkt blei meir enn vekka, og før eg visste ordet av det, låg ho ikkje berre ein bassengrunde framføre meg, men to fram-og-tilbakerunder. Eg var trøysta til den gamle mannen ved siden av meg - eg var ungdommen som IKKJE svømte forbi han. Nokon må jo vere det også!

onsdag, april 01, 2009

Alder bestemmer du

I min kjære lokalavis står i dag følgande annonse på trykk:

"Seriøs mann,
57 år søker snill dame fra
Asia, alder bestemmer du,
for et varig og godt forhold.
Jeg er snill, kjærlig
og trofast, drikker ikke. Ta
kontakt med meg, tror ikke
du vil angre. Jeg bor nær
Mandal."

Og eg tenker at gid det berre hadde vore så vel! Gid eg hadde kunne bestemt meg for kor gamal eg hadde ville vore. Nå er eg riktignok ikkje asiat (så denne 57-åringen ville ikkje ha kasta eit blikk på meg), men sånn på det jamne hadde det kanskje vore ok å kunne bestemme sjølv? I tilfelle vil eg gjerne vere 23 i fire år til, kjenner eg.

mandag, januar 05, 2009

25årskrise?



Eg har brått innsett at eg har havna i 25-årskrisa. Ikkje den normale 25-års krisa som gjerne skildres i psykologiske tidsskrifter, men ei høgst ureglementær ei. Eg har brått frykteleg lyst til å gjere ting eg ikkje kan, eller ikkje liker.

I dag har eg hatt fryktelig lyst til å spele gitar og piano (gitaren ligg heime hos mamma og pappa, framleis ustemt og med to strenger for lite - slik han har gjort dei siste ti åra), til å snakke flytande fransk og bosnisk (!), kunne bruke photoshop og andre artige dataprogram eg aldri har hatt gidd til å prøve meg fram med og slike ting.

Og då eg sat og såg gjennom bileta ein slektning har lasta opp på Facebook, fekk eg noko så inni granskauen lyst til å gå på ski. Skiskoa står 2 meter frå meg, men ski, jo, dei står i garasjen, nett slik dei har gjort sidan eg flytta heimefrå. Fordi eg tross alt aldri har likt å gå på ski.

onsdag, april 30, 2008

Den sommaren eg fylte...

Både den sommaren eg fylte 13 og den sommaren eg fylte 14 var eg særdeles forelska. Begge somarane var det ”kompliserte forelskingar”, det er ikkje alltid like greitt å vere djupt forelska i ein kompis av ein kompis, spesielt når du har bestemt deg for at ingen skal vite noko.

Tilfeldigheitene (les: som i at eg har felles venner med begge desse) har gjort at eg kikka innom facebookprofilane til desse to denne veka. Og sanninga er at eg ikkje hadde kjent att nokon av dei om eg trefte dei på gata. Ikkje sjans i havet – enda eg somregel er supergod på å kjenne folk igjen. Og det er kanskje like greitt – og spesielt for dei. Hadde vel vore ein smule kjipt å vere passert 25 og framleis sjå ut som om ein var 14…