Viser innlegg med etiketten integrering. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten integrering. Vis alle innlegg

tirsdag, mars 15, 2011

Landsmøte, landmøte, landsmøte

Eg er i landsmøtemodus. Eller rettere, eg prøver overtyde meg sjølv om at eg er i landsmøtemodus. Landsmøtet i Senterpartiet tek til på torsdag, og for andre gongs skuld har eg ein plan om å IKKJE begynne på skrivinga av landsmøteinnlegget sånn i det generaldebatten tar til. (Første gong var på landsmøtet i Senterungdommen i Ulvik i november - og det var ei ganske ny oppleving!)

Eg har ikkje mindre enn 10 tema eg har lyst til å skrive om, men får (også det som vanleg) ikkje heilt til å nøste trådane heilt slik eg vil. Brått fann eg ut at eg måtte komme på kva eg skreiv om på landsmøtet i Ulvik. Den gong stilte eg med ikkje mindre enn 3 innlegg (derav berre eit som blei presentert frå talerstolen), så eg vurderte sjølvsagt å berre bruke eit av desse, i alle fall fram til eg las dei.

Men så fann eg ut at om eg ikkje kunne få gjenbruk av innlegg sånn på det jamne, kunne eg i alle fall sørge for å få publisert det her. Så her, særs forsinka, kjem altså landsmøteinnlegget mitt frå november 2010.

(Og dermed fekk eg brukt enda litt tid på å utsette kva kladd eg skal kladde videre på. Bonus!)


-----
November 2010:

Landsmøte,

Det skjer noko merkeleg i den europeiske offentligheita om dagen. Medan det i åra etter 1945 har vore illegitimt å inndele menneske på bakgrunn av genetikk og oversjå personlegdommen, opplever eg at det brått har blitt «lov», også her heime.


Vi har sett det i haustens «fleirkulturdebatt» i kjølvatnet av kronikken til Christian Tybring-Gjedde og Kent Andersen. Vi ser det i Danmark, Frankrike og Belgias ønske om forbod mot bestemte muslimske kvinneplagg på offentleg plass. Vi ser det i Sarcozys massive bortvisning av sigøynarar frå Frankrike.


I Danmark vedtok dei for nokre veker sidan at det finst ghettoer i landet. Desse ghettoane er kjenneteikna ved 40% eller høgare innvandringsandel. Ein har politisk bestemt at desse «ghettoane» er i ferd med å utvikle seg til parallellsamfunn, og for å unngå dette, vil ein lokke innvandrarane UT og danskene inn.


Landsmøte, eg har nyleg funne ut at det samfunnet eg vaks opp i, ville vore ein ghetto etter dansk standard. I klassen min på ungdomsskolen hadde godt og vel 1/3 ikkje-vestleg bakgrunn. Inkluderer vi halvdanskene og slikt, er vi oppe i 2/3 innvandringsbakgrunn.


I min barndoms bydel fanst det eit parallellsamfunn. Der måtte jentene gå i lange skjørt. Dei gjekk på eigne skoler, og dei hadde religiøse heilagdagar vi andre ikkje ante at eksisterte. For oss som gjekk på den offentlege skulen var det noko merkeleg å sjå desse utrolig trivelege folka i nabovegen ta skolebussen kvar morgon – dei var så nære oss, og likevel så langt borte frå vår virkelighet. Eg trur til og med dei hadde matretter vi aldri hadde høyrt om. Men noko seier meg at i både den danske og Tybring-Gjeddeske virkeligheita ville desse IKKJE vore definert som eit parallellsamfunn – fordi dei tilhøyrer ei heilt særeiga kristen menighet og alle kan spore genene sine tilbake til Harald Hårfagre.


Mennesket søker av natur det kjende og nære. I 8th avenue kunne dei inntil nyleg snakke norsk i delikatessebutikken, som selde heimelaga kjøttkaker, Hennig-Olsenis og norsk melkesjokolade. Og nett slik norsk-amerikanerene har klumpa seg saman i USA, søker innvandrere i Noreg seg tidvis saman med dei som snakkar sitt eige språk. Det er ikkje nødvendigvis eit problem – problem blir det først i det dei lukker seg og berre forheld seg til seg sjølv.


Eg meiner ikkje å seie at det ikkje finst utfordringer. Også mitt barndoms Hånes var prega av uro. Særleg var det eit uroprega samfunn då arbeidsløysa var stor. I frustrasjonen over ingenting å gjere, begynte gatekampene. Men dei tok slutt fordi lokalsamfunnet sjølv tok ansvar: ein mobiliserte lokale natteravner, og ungdommene følte at nokon brydde seg.


Vi løyser ikkje integreringsproblemet med å sjå på det som eit isolert problem. Vi løyser det først om vi ser på individet og den einskildes behov. Vi løyser det først når vi ser menneska. Då kan vi unngå parallellsamfunn, men det krever at vi åpner oss. Det krev at vi er trygge på den norske kulturen, og er villige til å dele vår kunnskap om det å vere norsk med dei som ikkje forstår oss. Og den som trudde at nordmenn var enkle å forstå, bør lese Wikitravels forklaringer på norsk åtferd.


søndag, september 05, 2010

Kunsten å kreve med måte.

Aftenposten meldte i går at Rådet for Innvandrerorganisasjoner i Oslo har stilt krav om aldersheimer tufta på etnisitet. Ikkje overraskande har det vakt ein del motbør. Etnisitetsinndelte aldersheimer er problematisk av fleire grunner. Somme frykter at det kan bidra til ei oppspalting av samfunnet, der ein frå å vere eitt samfunn blir mange paralelle samfunn (så vil nokon hevde at det allereie er tilfelle i delar av landet..). Ei anna er prinsippet om at ein i Noreg skal tilpasse seg måtene det norske samfunnet er bygd opp på.

"Nå er det på tide at dei lærer seg korleis vi gjer det i dette landet", har eg høyrt dei siste dagane. Og eg klarer ikkje å fri meg frå å tenke på korleis VI tradisjonelt har gjort når vi har reist ut.

Mine amerikanske slektninger vil gjerne bli gamle på det huset dei kaller Norwegian Lutheran Hospital, for der prates det norsk - listermål, til og med -, og alle dei andre som bur der hugser også korleis det såg ut i Vanse då Rutebilgården var ny. Lapskaus og vafler serverer dei også.

Dei er ikkje aleine. Oslo kommune har forsøkt seg på bygging av aldersheim i Spania. Og Carl I. Hagen fant det for godt å kreve at spanjoler som jobber med norske pasienter ver så god har å lære seg norsk. (Hans lokallagsleder på solkysten blei intervjua for nokre år sidan, og heldt ei flammande tale om kor viktig det var at innvandrere til Noreg lærte seg norsk. Seinare i intervjuet måtte han innrømme at han ikkje hadde hatt tid til å lære seg spansk - etter fem år i landet)

(Nordmenns krav om tilrettelegging gjeld forøvrig ikkje berre sine omgjevnader. Jens Stoltenberg feira 17. mai i Torrevieja i Spania i fjor. Der blei han tatt imot av lokallagsleiaren i Arbeiderpartilaget i byen, Per Neskleiv, som meinte norske styresmakter skulle sørge for at dei nordmenn som er busett i byen skulle få alle helsetenester løyst lokalt. "Det er meningsløst at nordmenn må reise hjem for å stå månedsvis i helsekø".)

Så uansett kor mykje vi liker å tru noko heilt anna, har vi også søkt saman med våre eigne i framande land - og gjerne utan å ta særleg mykje omsyn til kva omgivnadene kring oss skulle ynskje vi hadde gjort.

Men at vi har gjort det, er ikkje det same som at det er greitt. Det einaste det seier, er noko om storleiken på det glashuset vi sit i - og kor gigantisk steinen vi har i neven eigentleg er.

Akhenaton Oddvar de Leon, leder for Rådet for innvandrerorganisasjoner i Oslo, uttaler til Aftenposten at
Et aldershjem skal tilpasse seg behovene til individet når det gjelder språkkunnskaper, religiøse behov og besøk. I Norge ser vi på sykehus at Ole får ett besøk i uka, mens Ali får hele familien. Det krever organisering.
Det har han sjølvsagt rett i. Men det er ikkje det same som at etnisk inndelte aldersheimer er løysinga. For, som Thorbjørn Røe Isaksen så treffande oppsummerer det: "(...) tjenestene (må) alltid tilpasses brukeren, men det må skje på det enkelte pleiehjem og i samråd med den enkelte bruker, ikke baseres på etnisitet".

Forslaget om etnisk inndelte aldersheimer er berre eit av kravene Rådet for innvandrerorganisasjoner i Oslo kjem med. Alt frå krav om rett til statsborgarskap for norskfødde barn utan foreldre med norsk statsborgarskap til kamp mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting er med på lista deira. Og problemet er at fleire av dei enten er politisk umoglege eller prinsipielt svært vanskelege - med det resultat at dei krava ein faktisk burde diskutere drukner.

Eg vonar at "kravslista" ikkje havnar i ei skuff fordi somme forslag ikkje kan handsamast. For kampen mot tvangsekteskap, kampen mot kjønnslemlesting, for sikring av leksehjelptilbod og arbeid retta mot lågt utdanna kvinner er superviktig - og gode integreringstiltak.

torsdag, januar 01, 2009

Det er deilig å vere xxx i Danmark?


Joda. Det er ganske greit å vere norsk i Københamn. Men noko av det aller første vi traff her i byen, var denne klistrelappen som var plassert på skeiva i eit busskur. Rett nok er delar av lappen forsøkt øydelagt, men det er jo ikkje veldig vanskeleg å lese.

Og mens eg gremmes ein del over politikken som føres i dette yndige land som så åpenbart skulle stått der med bredare murar, lurer eg veldig korleis det hadde vore å møte dette skiltet med ein annan hudfarge. For sjølvsagt er det deilig å vere norsk i Danmark, men eg er ikkje heilt sikker på om det er like kult å vere av pakistansk opprinnelse her i landet, om ein snakker aldri så reint dansk.