Viser innlegg med etiketten norskdom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten norskdom. Vis alle innlegg

torsdag, september 13, 2012

Moderne eventyr

Evjebandet Løvlands allé slapp for nokre veker sidan musikkvideoen til ein singel dei kom ut med i fjor. Songen "Riket i to" er rett og slett historia om korleis livet blir for eventyrkongane som blir sittande aleine på slottet når Askeladden har fått prinsessa og halve kongeriket. På dialekt, sjølvsagt

Eg har hatt sansen for denne songen lenge (og har også lurt den inn i litt undervisning), men videoen har rett og slett løfta songen enda litt. Filmteamet har køyrt Brokke-Suleskar-vegen i eit år, og videoen viser storslått Setesdalsnatur og fine bilete frå fire årstider. Fine folk er her og. 

Sett deg tilbake og nyt!


lørdag, januar 07, 2012

Den vanskelege nasjonalist-termen

Min kamerat K sende merksemda mi mot ein albansk song frå i fjor som rett og slett har som formål å styrke nasjonalkjensla. "Kuq e zi" betyr raudt og svart, og songen handler om at det er flagget og nasjonalkjensla som bring nasjonen saman, i motsetnad til religion. Innpakkinga er difor nasjonale symbol i fleng, og flagg, Skenderbeg-ørna, folkedrakter, folkedans og (det eg trur er) nasjonale landemerker brukes heftig, på ein måte som får til og med hjartet mitt til å fylles med ein glede over det albanske, om eg er norsk aldri så mykje. Det er mogleg eg er miljøskadd etter å ha arbeidd med albansk nasjonalisme ei stund, men eg opplev det ikkje som kleint, heller. Det er ein vakker hyllest til det albanske, og ikkje noko anna.

"Feja e shqyptarit asht shqyptarija" er orda som etter sigande starta tanken om at den albanske nasjonen hadde noko til felles som var overordna dei religiøse motsetnadene. Eit fellesskap djupare enn det ein fann i gudshusa. For eit folkeslag med eit heilt særeige språk, delt mellom tre (eller fleire) land, to religionar og fire religiøse retningar var orda kanskje ein heilt grunnleggande føresetnad for å skape ein sams identitet. "Albanarane si tru er det albanske".

Wake, Albanian, from your slumber,
Let us, brothers, swear in common,
And not look to church or mosque,
The albanian's faith in Albanianism!
(Pashko Vasa "O moj Shqipni" frå 1878 i Robert Elsies omsetjing)
Dette er for så vidt bakgrunnen for masteroppgaven min, men det er ikkje for å drive reklame for den oppgåva eg ikkje heilt er ferdig med eller for å syte for at mine eventuelle lesarar er betre budd om eg måtte buse ut med "eg er så fascinert av det albanske nasjonssynet" over ein kaffikopp eg skriv det. Men fordi eg blei sittande å lure på kva det er som gjer at det er heilt utenkeleg å lage ein slik musikkvideo på norsk. 




Eg skreiv i stad at eg ikkje opplevde songen som klein. Det er ikkje heilt sant. I  det eg byrja fundere på korleis dette skulle sett ut om ein hadde gjort det på norsk, fylde meg ikkje med den same gleda, men med ein ekkel smak i munnen. Tanken på at to-tre populære norske artistar skulle gå saman om å lage ein hyllest til det norske flagget og dei tinga som bind oss saman er fjern - med unnatak av i krisetider. At dei i tillegg skulle ikle seg flagg, og ha statistar som dansa halling i bunad på Prekestolen, i Geirangerfjorden og under nordlyset, er heilt utenkeleg, med mindre det var gjort på ein parodisk måte.

Grunnen til at det er slik, er sjølvsagt arva etter den andre verdskrigen, og redsla for at det som då skjedde i nasjonen/ nasjonane sitt/sine namn igjen skal kunne bryte laus. Redsla for at nokon skal meine at den nasjonen dei opplever å vere ein del av, skal vere meir verd enn den nasjonen andre meiner dei høyrer til i. Difor har vi outsourca det å vere stolt over å tilhøyre ein nasjon til konkurranser. Difor er vi stolte over å vere norske når kokkelandslaget vårt er det beste i verda, Secret Garden rocker Grand Prix eller Marit Bjørgen sørger for å hente VM-gullet heim til Trøndelag, og difor er det heilt greitt at Therese Johaug og håndballjentene svøper det norske flagget rundt seg når dei har vunne. Og difor er tanken på å utbasonere "eg er stolt av å vere norsk" til tilfeldig forbipasserande fjern (med mindre ein har snakka om sportsmeritter) - for ikkje å snakke om å kle på seg flagget på dei måtane som er gjort i videoen. Kjole med det norske flagget på? Festskjorte med riksvåpenet i paljetter? You gotta be kidding me!

Eg har heile livet vore oppteken av det norske. Eg er fødd og oppvakse i ein norskdomsfamilie, der tradisjonsmusikk, folkedans og "den norske litterære kanon" har hatt ein sjølvsagt plass i kvardagen. Å vere stolt av røtene sine har alltid vore naturleg. Å vere stolt av det norske språket og det norske flagget fekk eg inn med morsmelka - akkurat dei same tinga som ifølge denne sangen danner grunnlaget for den albanske nasjonalismen. Men å kalle meg nasjonalist?

Eg vaks opp med naboar frå andre sida av kloden, og har alltid vore utruleg stolt av det fellesskapet vi har. Eg dyrka dei amerikanske orda i (den eine) dialekta mi - etterlatenskap etter Listas 150 års migrasjonshistorie. Kunnskapen om ein skibbrudden hollender som forfar (ei historie eg i dag ikkje heilt er sikker på om faktisk er sann!) og vissheita om at eg hadde hollandsk blod i årene var viktig for meg, utan at det gjorde meg mindre norsk. Men kanhende gav det meg, i alle fall i eige hovud, eit eksotisk tilsnitt. 

Også min generasjon har arva forestillinga om at ein skal passe seg for å vere for stolt av sine røter og sitt opphav, fordi det kan føre til at ein gjer seg til betre enn "dei andre", kven "dei andre" enn måtte vere. Frykta har historisk berettigelse, og ein treng ikkje gå så langt tilbake som til den andre verdskrigen for å finne bevis på det. Og kanskje kan ein hevde at dette danner ein vond sirkel: fordi vi som ikkje meiner at det å vere stolt av å vere norsk utelukker at også andre folkeslag har rett til å vere stolte av sitt opphav lar vere å seie høgt at vi er stolte av nettopp å vere norske, lar vi kanskje dei som meiner at det finst a-og-b-lag få eksklusiv rett til å kalle seg nasjonalistar?

Eg klarer ikkje heilt å kalle meg nasjonalist, sjølv om eg av og til gjerne vil. Hjernen min har akseptert at termen er såpass vanskeleg i ein vest-europeisk kontekst at om eg skulle bruke termen, ville eg ha hatt behov for minst 20 minutt med "oppklaringer" av kva eg IKKJE legg i termen. Så då er det enklere å la vere - og det irriterer meg grenselaust, men eg gjer det like fullt.

Ein av dei få eg kjenner som kaller seg nasjonalist og som bruker omgrepet i sin mest inkluderande variant, er venninna mi Stine. Hennar norskdom inkluderer eit dansk opphav - og få har vore meir stolte av å vere dansk - utan at det har gjort ho mindre norsk. Identitet har aldri vore matematikk. Stine heldt for nokre år sidan 17. mai-tala i heimbygda, og den kan du lese på bloggen hennar
Så la oss ikke være hovmodige og tro at Norge er et bedre og viktigere land enn andre. Men la oss være stolte av hvor vi kommer fra. Og la oss være rause og inkluderende mot alle de som ønsker å være en av oss, både på en dag som denne og alle andre dager.
Eg vonar at det om nokre år er Stines definisjon som vinn.

søndag, september 05, 2010

Kunsten å kreve med måte.

Aftenposten meldte i går at Rådet for Innvandrerorganisasjoner i Oslo har stilt krav om aldersheimer tufta på etnisitet. Ikkje overraskande har det vakt ein del motbør. Etnisitetsinndelte aldersheimer er problematisk av fleire grunner. Somme frykter at det kan bidra til ei oppspalting av samfunnet, der ein frå å vere eitt samfunn blir mange paralelle samfunn (så vil nokon hevde at det allereie er tilfelle i delar av landet..). Ei anna er prinsippet om at ein i Noreg skal tilpasse seg måtene det norske samfunnet er bygd opp på.

"Nå er det på tide at dei lærer seg korleis vi gjer det i dette landet", har eg høyrt dei siste dagane. Og eg klarer ikkje å fri meg frå å tenke på korleis VI tradisjonelt har gjort når vi har reist ut.

Mine amerikanske slektninger vil gjerne bli gamle på det huset dei kaller Norwegian Lutheran Hospital, for der prates det norsk - listermål, til og med -, og alle dei andre som bur der hugser også korleis det såg ut i Vanse då Rutebilgården var ny. Lapskaus og vafler serverer dei også.

Dei er ikkje aleine. Oslo kommune har forsøkt seg på bygging av aldersheim i Spania. Og Carl I. Hagen fant det for godt å kreve at spanjoler som jobber med norske pasienter ver så god har å lære seg norsk. (Hans lokallagsleder på solkysten blei intervjua for nokre år sidan, og heldt ei flammande tale om kor viktig det var at innvandrere til Noreg lærte seg norsk. Seinare i intervjuet måtte han innrømme at han ikkje hadde hatt tid til å lære seg spansk - etter fem år i landet)

(Nordmenns krav om tilrettelegging gjeld forøvrig ikkje berre sine omgjevnader. Jens Stoltenberg feira 17. mai i Torrevieja i Spania i fjor. Der blei han tatt imot av lokallagsleiaren i Arbeiderpartilaget i byen, Per Neskleiv, som meinte norske styresmakter skulle sørge for at dei nordmenn som er busett i byen skulle få alle helsetenester løyst lokalt. "Det er meningsløst at nordmenn må reise hjem for å stå månedsvis i helsekø".)

Så uansett kor mykje vi liker å tru noko heilt anna, har vi også søkt saman med våre eigne i framande land - og gjerne utan å ta særleg mykje omsyn til kva omgivnadene kring oss skulle ynskje vi hadde gjort.

Men at vi har gjort det, er ikkje det same som at det er greitt. Det einaste det seier, er noko om storleiken på det glashuset vi sit i - og kor gigantisk steinen vi har i neven eigentleg er.

Akhenaton Oddvar de Leon, leder for Rådet for innvandrerorganisasjoner i Oslo, uttaler til Aftenposten at
Et aldershjem skal tilpasse seg behovene til individet når det gjelder språkkunnskaper, religiøse behov og besøk. I Norge ser vi på sykehus at Ole får ett besøk i uka, mens Ali får hele familien. Det krever organisering.
Det har han sjølvsagt rett i. Men det er ikkje det same som at etnisk inndelte aldersheimer er løysinga. For, som Thorbjørn Røe Isaksen så treffande oppsummerer det: "(...) tjenestene (må) alltid tilpasses brukeren, men det må skje på det enkelte pleiehjem og i samråd med den enkelte bruker, ikke baseres på etnisitet".

Forslaget om etnisk inndelte aldersheimer er berre eit av kravene Rådet for innvandrerorganisasjoner i Oslo kjem med. Alt frå krav om rett til statsborgarskap for norskfødde barn utan foreldre med norsk statsborgarskap til kamp mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting er med på lista deira. Og problemet er at fleire av dei enten er politisk umoglege eller prinsipielt svært vanskelege - med det resultat at dei krava ein faktisk burde diskutere drukner.

Eg vonar at "kravslista" ikkje havnar i ei skuff fordi somme forslag ikkje kan handsamast. For kampen mot tvangsekteskap, kampen mot kjønnslemlesting, for sikring av leksehjelptilbod og arbeid retta mot lågt utdanna kvinner er superviktig - og gode integreringstiltak.

fredag, desember 05, 2008

Norsk nok

I går fekk vi ein veldig interessant diskusjon på eit seminar arrangert av prosjektet Jesus in Cultural Complxity. Kva skal til for å vere norsk? Kven er eigentleg norsk? Kor lenge må ein ha budd her i landet for å vere norsk?

Og eg kjenner eg er prega av å ha budd på Hånes store deler av livet mitt. For for min del er det ein sjølvfølge at alle som bur i Noreg og snakker norsk, er å rekne som norske. Men eg ser jo at det ikkje er så sjølvsagt. Og kanskje ikkje når det går så langt at Agenda X må starte kampanje for å minne folk på at norsk ikkje nødvendigvis betyr "kvit, heterofil protestant med laaaaang slektsline frå ei fjellhylle høgt oppe i ein trang fjord i Noreg". Nokon av oss kjem frå öppna landskap. Nokon med opphav frå langt varmare strøk. Og eg digger det.

For ei tid tilbake kom det to imamar innom det teologiske fakultetet. Eg stod i skranka og fekk den store gleda av å ta dei imot. Dei kom inn i "full utrusting": lue, stort skjegg og tradisjonell pakistansk drakt, og dei snakka urdu seg imellom då dei kom inn døra. Så kom dei smilande og glade bort til meg, og seier på kav stavangersk "Hei! Kær æ d me ska vær?!".

(Bildet av Karpe Diem er rippa frå kampanjen, forøvrig. Litt fordi eg syntes det var eit kult bilde, litt fordi eg endeleg fekk ein grunn til å bruke bildet.)