fredag, desember 19, 2008

Skummelt

Eg har nå tilbrakt halvanna veke på sofaen. Det starta som feber som kom under eksamen (så det blir ny eksamen i januar og innlevering på nyåret), og då feberen gav seg, sa kroppen bare i frå at det ikkje var aktuelt å stå opp. Eller, stå opp fekk eg saktens lov til, men eg var ikkje nødvendigvis mentalt til stades, og eg har vore ekstremt svimmel. Jo takk. Eg trur det er kroppen min sin måte å markere at det nå var nok – eg måtte nok bli sjuk for ikkje å kræsje hardt med den berømte veggen.

Men eg innsåg ikkje eigentleg kva slags rovdrift det er eg har drive på min eigen kropp før då eg i går trefte ei venninne av den eine av sambuarane mine på trikken. Ho hilste veldig før ho gjekk ombord, og av augekontakten forstod eg at det faktisk var meg ho meinte å kjenne. «Kjente du meg ikke igjen?!» spurte ho då ho kom på, og eg måtte ærleg innrømme at eg ikkje ante kven ho var. Først då ho presenterte seg, forstod eg at dette var eit menneske eg har vore såpass mykje under same taket som i haust at eg burde kjend ho att, særleg fordi eg plar ha eit ganske godt ansikt-minne. Men akk. Og min mangel på gjenkjenning tyder på at hodet har vore ganske langt borte – eller ganske überstressa, for å seie som sant er. Så eit tidleg nyttårsforsett lanseres her: neste semester skal IKKJE vere like stressande som det føregåande – eg skal nemlig korkje bli sjuk på slutten eller havne i den posisjonen at eg ikkje hugser ansikter att.

Ingen kommentarer: