Eg hadde ein gong i tida ein plan om å bli effektiv. Skrive lister over kva som måtte gjerast kva tid - og så gjennomføre planen. Men som med så mykje anna her i livet, det blei med planen.
Eg har t.d. i meir enn tre veker holdt på å skulle skrive ferdig masterskissa mi. Og eg melde på torsdag til rettleiiar at eg skulle sende epost med skissa "i dag eller i morgon". Og ho er framleis ikkje ferdig. Så her sit eg. Og prøver å skvise teksten i så stor grad at eg kan klare å tilfredsstille både lengdekrav og meiningsinnhaldskrav.
Kva har eg så fyllt den tida eg hadde planer om å bruke på masterskissa med, sånn eigentleg? Vel, noko av grunnen til at eg ikkje er ferdig skuldes (heldigvis) at eg alltid undervurderer eigne evner til å vere effektiv - eg trur t.d. framleis at det tar meg "ca 5 minutt" å lage ei deltakerliste ved hjelp av klipp og lim, enda eg veit forbanna godt at eg må legge på minst 25 minutt ekstra om det skal funke. Og så trur eg eg har tenkt at eg kan kombinere med å sitte i møter og slikt (det har ikkje akkurat vore underskot på slike), sjølv om eg veit at eg aldri får skrive under møta, og at kveldane etter programslutt er det same som at eg er sosial med meddeltakarar. Heldigvis.
Men det aller aller meste må settes på konto for det engelskmenn kaller
Procastination, altså det å utsette å gjere det du skal gjere, sjølv om du veit at du burde gjort det. For å kunne kalles Procastination, må det ein gjer vere "counterproductive, needless, and delaying". Med andre ord kvalifiserer det å spele
boblespillet til Dagbla' særdeles godt. Der ligg i alle fall
skyld..
....og som eit lite apropos, anbefales følgande
dikt. Kjenner meg så vanvittig godt igjen... (Og Alletinde, eg venter framleis på at du skal røpe kven du
eigentleg er. Tykkjer eg har venta lenge nok. Haha)