Viser innlegg med etiketten samliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten samliv. Vis alle innlegg

tirsdag, mai 26, 2009

Bok: Betre død enn homofil?

Eg gjekk tilfeldigvis av på Olaf Ryes plass i går, og gjekk tilfeldigvis innom ARK, fordi eg tenkte at NÅ skulle eg kjøpe boka - eg hadde nemlig tenkt at ho skulle anskaffes allereie då ho kom, men eg kom aldri så langt. Då møtet eg var på var omme, skulle eg bare "bla litt" i boka. På trikken heim skulle eg bare bla litt til. Og så skulle eg jo legge meg tidlig, fordi eg var så trøytt. På eit merkeleg vis enda det med at eg sovna fullt påkledd med vinduet på vidt gap, taklyset på og boka utlest ved siden av meg.




Tittel: Betre død enn homofil? Å vere kristen og homo (2009)

Forfatter: Arnfinn Nordbø

I et nøtteskall: I første del av boka fortel Arnfinn Nordbø om sin oppvekst i bedehusmiljøet i Rogaland, og om prosessen han gjekk gjennom før og etter at han stod fram som homofil for familie og venner - og etter at stod fram i media og fortalde om korleis han var blitt møtt av miljøet. I den andre delen ser han på den teologiske grunngivinga for kvifor homofili er synd, og plasserer bibelstadane i sin rette kontekst, heile vegen med spørsmålet: når vi har "avvikla" dei påboda som omkranser desse fordi vi t.d. meiner det er heilt greitt at kvinner skal få lov til å snakke i forsamlinger - kvifor skal då nett desse utsegnene ha verdi? Han presiserer at han ikkje er teolog, men han har granska dei teologiske tekstene nøye, og ser mellom anna på feilomsetjinger i vår bibel.

Favorittutdrag:
"Kvifor er trommer og rock synd, eller i det minste ikkje rett? Kvifor var trekkspel synd før? Og fele? Bassgitar? Kvifor skulle ein helst bare spele fingerspel på gitaren og ikkje slå på strengene, som eg hørte frå ein predikant i Misjonssambandet? Kortspel?
Eg trur alt dette heng saman med ei frykt for alt som er nytt. Det handlar om frykt for noko dei kjenner frå "denne verda", dvs den syndige verda, frå folk som ikkje vanlegvis går på bedehuset og i kyrkja."

"I 10 år ba eg fånyttes. Kjenslene mine for guter forsvann ikkje, dei blei berre sterkare og sterkare dess eldre eg blei. Eg var sikker på at Gud ikkje ønskte eg skulle leve ut kjærleiken min til ein annan gut. Men kvifor svarte han meg aldri? [...]
Etter mange år gjekk det opp for meg at Gud kanskje alltid hadde svara meg. Han ville eg skulle vere som eg var. Han hadde svara meg gjennom desse 10 åra, berre annleis enn eg ønskte og trudde han skulle svare. Eg ville jo han skulle gjere meg heterofil! Men han ville eg skulle vere den eg var - den han hadde skapt meg til å vere"


Tanker i ettertid: Arnfinn si bok er full av kjærleik. Kjærleik til kjærasten sin. Kjærleik til familien sin. Kjærleik til miljøet der han vaks opp. Kjærleik til verda og kjærleik til Gud. Og det er ei sterk soge frå ein sterk gut som ikkje lenger kunne leve på ei løgn. Ei sterk soge om ein gut som etter ein lang kamp med seg sjølv og sine omgivnader fekk fred med seg sjølv og med Gud.

Anbefales: I høgste grad! Til alle som er litt interessert i religion og seksualitet. Til alle som lurer på korleis konservative kristne miljø er på innsida. Og til alle som måtte ha interesse av teologi og korleis Bibelen brukes til legitimering. Men åtvaring: delar av boka, særleg i del 1, krev noko å tørke tårer med. Og ikkje først og framst fordi det er trist, men fordi Arnfinn skriv så levande og så kjærleiksfullt om sine omgivnader.

Terningkast: 6.
5 fordi boka er veldig bra, og eit ekstrapoeng fordi Arnfinn er TØFF.

Og Arnfinn: eg er superstolt av deg!


----
Wrap it up with Love. Noa. Blue Touches Blue. 2000.

onsdag, januar 28, 2009

Eit framsteg for kyrkja

Silje Kristin Meisal blei ordinert til prest i Hamarøy for ei vekes tid sidan, og har i dag skapt store overskrifter - kyrkja har nemlig bestemt at måten ho lev på ikkje går overeins med det å jobbe som prest. Ho lev i lag med sin kjære og deira felles barn - men dei har ikkje gifta seg. At ho er heterofilt sambuande gjer ho per definisjon uegna som prest i følge kyrkjelege lover.

Kyrkja burde anerkjent sambuarskapet for lenge sidan, også mellom eigne tilsette. Ein ting er å skulle vere i takt med den tida vi lev i, og dei gjeldande normene i samtida. Men det er ikkje det viktigaste. Det viktigaste er at kyrkja ikkje tillet eigne tilsette å følge sitt eige tempo og eige "modningsnivå". Det er eit levande paradoks at Kyrkja, i kampen for det dei definerar som "det gode samliv" har drive omfattande "tvangsgifte".

Eg studerar sjølv på Det teologiske fakultetet, og fleire av mine medstudentar studerer til prest - og bur i sambuarskap. Og normen har heile vegen vore at dersom dei skal ordineres etter endt praktikum, ja, då må dei gifte seg. Problemet er at det ikkje alltid er slik at folk er på eit stadie der dei er klare for å gifte seg, om dei bur i lag aldri så mykje. Ofte kan sambuarskapet vere ein måte å finne ut korvidt ein kan passe i lag (fordi ein blir kjend med folk på ein heilt annan måte av å dele tak med dei, spør einkvar som har flytta inn i kollektiv i lag med venner!), og det har den fordelen at ein på ein enkel måte, utan å involvere eit stort juridisk apparat, kan gå kvar til sitt om ein kjem til at ein ikkje fungerer.

Det er ikkje til å komme frå at kyrkjas samlivsstyring av eigne tilsette har ført til at somme har gifta seg før dei sjølv har vore klar for det, og det finst fleire døme på prestar som eksplisitt har sagt at grunnen til at dei i dag er skilde, er at dei måtte gifte seg "før tida".

Men som så ofte før, handler kampen for det gode samliv ikkje alltid om samliv på generelt plan, men om sex. Fordi Kyrkja forfekter at ein ikkje skal ha seksuelt samlliv før ein er smidd i hymnens lenker, lev ho også i den trua at føresetnaden for å ha sex er å ha felles seng på felles adresse - og då er det problematisk å akseptere sambuarskap. Problemet med denne forestillinga er åpenbar: korleis skal ei kyrkje med eit slik røynddomsbilete vere relevant i vår tid, der snittalderen for første samleie er betrakteleg lågare enn snittalderen for første ekteskapsinngåelse?

Kyrkja burde i staden gå i spissen for debatten om rammene for det gode samliv. Det er samlivsetikken som burde stå i sentrum. Ved å tørre å ta den viktige debatten, kan Kyrkja også oppleves som ein relevant samfunnsaktør hjå dei som i dag ikkje kjenner seg att i samlivsstandpunktet til Kyrkja.

Så får Kyrkja heller sjå gjennom fingrene med at ikkje alle deira ordinerte er klare til å ta skrittet ut i eit forpliktande samliv "til døden skiller oss ad". Så vil ein kanskje kunne klare å sikre at det er døden, og ikkje dommaren, som blir den som ender ekteskapet?

fredag, januar 23, 2009

Hurra for Arnfinn!


Som eg har skrive her ein gong tidlegare også, er det få ting som har provosert meg meir nokon gong enn å lese tekstmeldingene Arnfinn Nordbø fekk frå venner og familie då han stod fram og fortalde kven han var. Å lese meldinger som seier at han for dei ikkje lenger finst, var for meg mykje verre enn påstandene om at han i det hinsidige ville råtne i helvete. Når folk som stod han nær plutseleg stengte han ute av livet sitt, lot som om han ikkje lenger fanst. Fordi han hadde gjort det utilgjevelege å ikkje lenger fornekte at han var homofil.

Og det er få ting som har gitt meg større glede enn å åpne Fevennen si heimeside og sjå at dei hadde brukt masse spalteplass på å ta debatten om korvidt handlinger som dei Arnfinn har blitt utsett for, kunne funne stad på Sørlandet (svaret er åpenbart ja) - og ikkje minst: er dette ei handling vi kan tolerere (svaret burde vore like åpenbart nei).

Ei kåring eg aldri har brydd meg om, er Gaysirs kåring av Homotoppen. Fram til i år. Arnfinn på førsteplass - særdeles fortent. Han er og blir ein helt...

(Eg bit meg forøvrig merke i at det ikkje er anna enn menn på denne toppen - som sånn eigentleg burde vore overflødig. Men sidan dei i tillegg har plassert Ole Henrik på lista, kjenner eg det er heilt greitt. :)