lørdag, april 30, 2011

Den usynlege?

Av og til, når eg er på store samlinger der det er mykje folk, hender det at eg er den einaste i følget som ikkje får mat når det skal serveres. Av og til er det ein konsekvens av matallergi og dårleg hovmeisterkoordinering, men enda fleire gonger skjer det som konsekvens av at eg tydelegvis er usynleg for hovmeistrar og servitørar. Desse gongene har av ein eller annan grunn ein særleg tendens til å finne stad på tider der eg har eit blodsukkernivå nesten på minus, gjerne fordi eg er på ein konferanse som følger malen lunch ca 12 og middag 8 timar seinare.

I dag (eller strengt tatt i går, sidan vi nå har bikka midnatt) var ein slik dag. Eg er på eit relativt fancy hotell kjend for sitt supre kjøkken. Det er barne- og ungdomting, og 3 retters middag er ein fin måte å markere det heile på. Men om kjøkkenet er supert, er det ikkje gitt at koordineringa av serveringa er like mykje å skryte av.

Eg sat på same bordet som 8 andre. Innerst i hjørnet, for så vidt. Og då middagen blei servert, fekk altså mine sidekamerater mat - men det gjorde ikkje eg. Ein servitør gav teikn til ein annan om at min plass måtte påspanderes ein tallerken når neste runde kom. Men då servitørane kom tilbake, var det ikkje mot vårt bord. Det varte og det rakk, og sakte men sikkert gjekk det opp for meg at det visst ikkje var nokons intensjon at eg skulle få middag. Meir enn ein servitør gjekk forbi og kasta eit blikk på bordet vårt, tilsynelatande for å konstatere at alt var i sin skjønneste orden.

Problemet er at når blodsukkeret er lågt frå før, blir det faktisk ekstremt lågt når dei rundt meg begynnner å spise. Truleg er det ein eller annan mekanisme som slår inn når maten kjem på bordet som gjer at den reservetanken ein har brukt slås av fordi den altså skal fylles på igjen, for den slår inn enten eg kan spise maten eller ikkje. Men når fôringa ikkje skjer sånn i rimelig tid etter at reservetanken er avskrudd, gjer kroppen opprør. Skjelven, ør og ganske ute av stand til det meste. Då er det ganske kjipt å sitte der og vere usynleg. 

Min kjære kamerat Johannes, som kjenner meg godt nok til å vite korleis eg blir når eg har gått på reservetank alt for lenge og som veit kva tid naudblussen er tent (og slukna) tok grep (som han har måtte gjort fleire gonger før). Greip tak i ein servitør som kom forbi, og sa at vi mangla "ein tallerken". 

Etter det som kjendes ut som ei æve kom servitøren tilbake med ein tallerken. På høgkant i neven. Ein tom ein, altså. "Eeeh, altså, eg bad om ein tallerken fordi vi mangla ein tallerken, fordi det er ein her som ikkje har fått mat!" sa Johannes, kanskje ein smule krasst. Servitøren såg skamfull i golvet, og hadde han vore katt, hadde halen hans vore stukke mellom beina hans då han luska seg ut igjen med tallerkenen sin.

Men greitt nok. Å misforstå "vi mangler ein tallerken" skal han tilgis for. Å derimot IKKJE komme tilbake med mat på nemnde tallerken nesten umiddelbart, er på dette tidspunktet eit enormt svik. Eg venter, venter og venter enda ei stund, men ingenting skjer. Dei første rundt bordet mitt har nå ete opp. 

Etter lang tids venting på oppfylt tallerken kjem det inn ein annan servitør, ei av dei som sjekker at det er nok poteter rundt på bordene, som sjekker om nokon treng leskedrikkspåfyll og så vidare. Ho ser at eg sit der utan å ete, og sender meg eit spørrande blikk. Eg sender ho ei oppgitt "eg har faktisk ikkje fått mat"-mine tilbake, og ho forsvinn ut.

Eit minutt eller så seinare ligg tallerkenen framfor meg. At maten var blitt kald får heller vere, det aller aller viktigaste var at eg omsider fekk i meg sårt tiltrengt mat. Ingen "orsak" kjem når tallerkenen min omsider kjem på bordet, men derimot får eg melding om at "nå skal du i alle fall få først, så vi er sikker på du får" når eg får dessert. I beste fall kan eg sette det på konto for ein dårleg spøk. I dette tilfellet var den særs dårleg tima, skjelven som eg framleis var etter blodsukkerproblemet. Staden reklamerer med "lidenskap og omtanke i 350 år", men eg følte vel ikkje akkurat at det var det omtanken som stod i høgsetet den kvelden.

Når eg tenker meg om, skjedde faktisk det same på same stad i fjor. Då sat eg såpass midt i tråkket at det blei påfallande for servitørane at det var ein av dei på bordet like ved kjøkkenet som ikkje åt, og ergo ikkje hadde fått mat, så sjølv om maten min kom på bordet etter alle dei andre på same bordet, var det mens den ordinære serveringa framleis pågjekk.

Vel har eg vore på mange konferanser, seminarer og samlinger oppigjennom. Men eg innser at dette er den fjerde på rad (!) der eg har vore ein av minst 50 deltakarar kor eg har blitt sittande att utan mat før det har blitt purra. Førre gong det skjedde, var det matallergien som var skuld i at eg ikkje fekk maten i første omgang, og så gløymte servitøren meg etterpå. 

Eg fyller somregel stolen eg sit på ganske godt, men det virker likevel som om eg brått blir usynleg for servitørar så fort det blir mange nok i rommet. Eg kan ikkje anna enn å fundere på korleis det kan ha seg. Men enda meir funderer eg på kvifor denen usynlegheitskappa berre kjem på når eg treng ho som minst? Og kvifor kunne eg ikkje sjølv få bestemme kva tid eg skulle vere usynleg?

Men til sist er det kanskje like greitt at eg ikkje kan bestemme sjølv kva tid eg vil vere usynleg eller ikkje. Og særleg er det greitt for han svensken med tallerkenen. Hadde eg hatt ei skikkeleg usynlegheitskappe, hadde eg fulgt etter for å finne ut på kjøkkenet. Ikkje primært for å stele mat (sjølv om eg nok i naudas stund hadde gjort det også), men for å finne ut kva logikk som låg bak argumentet han openbart må ha fortalt seg sjølv "ho ville ikkje ha tallerkenen min UTAN mat på han, og ho sit der utan mat, så ho vil nok ikkje ha mat. Det var nok bare ei feilbestilling det heile".

Godt for han at eg blir heilt apatisk når reservetanken er skrudd av. Elles er det ein fare for at både han og hans kolleger både her og andre stader dette har skjedd hadde fått ei skikkeleg omgang med verbal juling, eit lite kurs i ordet "orsak" og ei opplæring i å faktisk sjekke at alle har tallerkner MED mat på på alle bord. 

Eg orsakar mitt krasse innlegg med at eg har gjennomført heile 2 trinn i Dyreparkens Serviceskole frå tidleg på 2000-talet, og føler eg med det papiret i hand kan uttale meg med ein viss legitimitet om skilnaden mellom god og dårleg service. 

Nå gjenstår 2 måltider før kursen går tilbake til Oslo. Det blir heldigvis buffet. Så kan kjøkkenet framleis få vere fantastisk, og så får eg vere min eigen servitør. Då slepp eg i alle fall å vere usynleg.

Ingen kommentarer: