tirsdag, april 05, 2011

Når dagane er under pari

Ei stund vurderte eg å ha "blogger på overskotsdager" som ei del av fana på bloggen min. Eg tenkte det kunne forklare kvifor eg blogga bare når det passa meg. Av og til bare klør det i fingrane etter å blogge. Av og til har eg (eller tar eg) den tida som trengs. Ofte gidd eg ikkje, sjølv om eg på førehand tenker eg skal. Eg tenkte at det også kunne forklare kvifor eg somregel ikkje blogger all den politikken eg vil, eller skulle ønske eg  ville, blogge om. 

Då eg i stad snubla over ei oppdatering frå Kirkens SOS gjekk det opp for meg at den vurderte fana innehar ei anna del av sanninga også. "Hva er det ved vårt samfunn som gjør det så vrient å dele "Ikke-OK-dagene"?" skreiv Kirkens SOS på deira facebookside. "Noe av det Kirkens SOS observerer er at mange av våre innringere og innskrivere uttrykker en stor smerte ved å fortelle om at ting ikke er OK." Eg innsåg at det berre er overskotsdagane eg blogger om. Det er overskotsdagane, overskotsaugneblinka eg oppdaterer om på facebook. Dei øyeblikka, timane eller dagane eg befinn meg i kjellaren er det heilt uaktuelt å dele med nokon. 

Det hender eg ikkje evner å dele dei vonde øyeblikka med mine næraste heller. Det hender den fullstendige versjonen blir forelagt mine næraste gjennom hint og brotstykker medan eg står midt i det - og som eit samansett og bearbeida bilete lang tid etterpå. Anten fordi eg ikkje vil "bry dei" eller fordi det å sette ord på kjenslene gjer for vondt. Sjølv om eg veit at like mykje som eg ynskjer å hjelpe dei rundt meg som treng meg, ynskjer dei å hjelpe meg. Sjølv om eg veit at det verste er å sette ord på det - etterpå gir det ro i sjelen å vite at ein ikkje er aleine om å vite.

Det kjem stundom meldinger om korleis folk blir deppa av å lese om andres "fantastiske" liv, formidla gjennom facebook. Men kor ofte ser ein nokon melde at "det går faktisk ikkje så bra"? Det ser ut til å vere ein uskriven gylden regel på facebook og andre sosiale medier at det som skal deles er "det som er bra" eller "det som går på tverke, men som ein kan le av". Dei få som gjer det, blir ofte omtala av andre som "sånne som bare vil ha sympati". Men er ikkje det mildest tala ei forenkling?

Ein familie eg er veldig glad i mista eit alt for ungt medlem for ein del år sidan. Eg traff mor i huset tilfeldig på gata for nokre år sidan. "Åssen går det?" spurte eg. "Ikkje så veldig bra!" svarte ho. Eg blei mildest tala paff. Å svare ærleg på spørsmålet braut med alle sosiale koder. Sjølv om eg kunne sjå at ho ikkje hadde det så bra, forventa eg eit smil og "joda, veldig bra!" - og så sanninga. Men perpleksheita mi til tross, kjende eg at eg likte hennar versjon betre. Som ho så fint sa det "eg ser ingen poeng i å lyge og seie eg har det bra. Absolutt alle kan sjå at det er tøft. Absolutt alle kan sjå at eg har det vanskeleg. Det gagner korkje meg eller deg om eg lyg. Då får du heller la vere å spørre".  Sidan har eg stadig tenkt på ho når eg spør "korleis går det" - og når eg får spørsmålet. 

For det kan ikkje, og skal ikkje, vere slik at det samfunnet vi skal styre mot er eit samfunn der alle har det bra heile tida og  alt går på skinner. I eit slikt samfunn vil menneska vere utan kjensler. I eit slikt samfunn vil menneskeleg samhandling vere ikkje-eksisterande. I eit slikt samfunn vil ingen få høve til å utfolde seg. Ingen vil kunne kjenne på kva det er å mestre noko. Ingen vil kunne reise seg, for ingen vil nokon sinne gå på trynet. Ei verd der alt er "perfekt" er alt anna enn perfekt.

Som det stod på plakaten til ei arbeidsgruppe då Sander og eg var i Litauen for å fortelle korleis vårt draumesamfunn skulle sjå ut:



Eit perfekt samfunn er derimot eit samfunn der vi tør vere opne om dei hindringene som kjem i vegen. Der det er lov å seie at ting ikkje går så bra, og der det finst medmenneske som hjelp til med å finne trappa opp at frå kjellaren. Der det er lov å vise ubetinga glede. Der det er lov å vere frustrert. Der det finst prøvelser vi kan utsettes for, men som vi kan mestre - og der det er lov å spørre naboen om hjelp til å få det til. Der måla ein skal strekke seg mot er tilpassa ein sjølv og eins eigne evner.

Det gode samfunn må starte ein stad. Det bør starte hos den vi ser i speilet. Den vi ser i speilet er den som anten kan vere eit medmenneske eller opne døra litt på gløtt og sleppet medmennesket inn. Eller helst begge deler.

Fram til vi har klart å oppnå det gode samfunn fullt ut, er det godt det finst medmennesker hos Kirkens SOS og andre som er klar til å tale med dei som kjenner at livet går dei imot. Dei som kjenner behovet for å dele det med nokon, men som ikkje finn nokon å dele det med fordi vi ikkje takler å få eit ærleg svar på "åssen går det?".

Ingen kommentarer: