Viser innlegg med etiketten Israel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Israel. Vis alle innlegg

onsdag, oktober 08, 2014

Bok: Guds barn av Lars Petter Sveen

Bokhausten 2014 ser ut til å bli ein særs god bokhaust. Boknerden i meg gler seg like mykje kvar haust. Eg finles bokmeldingane som kjem i både små og store aviser, og lista over bøker eg skal lesa ein dag eg får tid, veks alltid så mistenkeleg mykje fortare enn eg klarar å lese bøkene ut. Difor ender det ofte med at eg gremmes når jula kjem, og eg innser at hausten blei for kort  i år igjen. I år har eg difor, for første gong i historia, laga ei prioriteringsliste over bøker eg skal lesa før jul. Og mykje på grunn av Dagbladet si melding og Vårt Land sitt intervju, hamna Lars Petter Sveens Guds barn aller øvst på den lista. Gleda var difor ganske stor då Aschehoug i starten av månaden spurte om eg kanskje hadde lyst til å lesa boka? Sjølvsagt hadde eg det!

Sveen debuterte i si tid med ei novellesamling, og at han meistrer novellesjangeren blir tydeleg også i denne boka. Forlaget marknadsfører boka som ein roman. Strengt tatt er dette ein roman fortald som noveller, men som bryt novellelovene og difor heng saman. Språkdrakta er særs poetisk (og han har lånt frå fleire gode diktarar), og han har ein manglande teiknsetting ved replikk som på eine sida trigger rettetrongen i denne norsklæraren, men som samstundes understreker det poetiske språket han bruker. Språket er vakkert, og gir den til dels überdystre handlinga ein vakker glød. Det krev stor forfattarkunst å klara det.

Forlaget har førehandsannonsert boka med "Dette er historier ingen har lese før, frå ei verd alle kjenner til.". Skildringa kunne nok ikkje vore meir passande. Guds barn fortel historiene til menneska på Jesu samtid. Nokre av dei flykter, andre forfølger. Nokre er sterke i trua, andre tvilar. Nokre ser framover, andre har blikket vendt bakover og innover. Nokre reiser, andre blir verande. Saman har desse blitt ei vakker bok om tvil, tru, kjærleik, ære, ærefrykt, daud, naud, vankunne og von.

Boka tek til i det Kong Herodes krev at alle guteborn under 2 år skal drepast (Matteus 2:16). Me møter offiseren Cato, som handlar på kongens ordre, men som kjenner tvilen komme gnagande. Han prøver å legitimera overfor seg sjølv at det er rett å følga ordre, rett å ikkje handla på den måten samvitet eigentleg fortel at han burde.

Me møter Jakob, som fryktar at den stammande sonen hans er merkt av det vonde, og som let jakta på den som kan heile sonen bli altoppslukande. Me møter den døde kona, som frå det hinsidige framleis ikkje klarar å slutte å uroa seg for mannen sin og relasjonen han har til familien. Me møter jenta med det knuste ansiktet, ho som må dekka seg til og gøyma seg vekk, men som likevel, eller kanskje nettopp derfor, er den sterke. Røvaren som gjer det vonde, men som vil det gode. Me møter dei som fulgte andre profetar og andre som rekna seg som profetar. Me møter Anna, som forlèt alt ho har for å finna att Andreas, mannen ho elska, men som forlot ho.

Sveen speler på det kristne fellesgodset, men utan å gjere dette til eit kristent verk. Jesus speler ein viktig rolle, men berre som birolle. For dette er forteljinger frå Kristi samtid, til ei viss grad frå livet til disiplane hans. Det er forteljinga om dei utstøtte, om dei inkluderte, om dei som står utanfor og dei som står midt i. Det er historier om dei som følger Jesus, og om dei som aldri høyrer om han. Det er rå og krevande historier frå ei rå og krevande tid. Historia er velskrive, men stundom tunglese. Ho utfordrar lesaren, tvinger fram refleksjonar kring råskap, truskap og tru. Men duverden for ei bok!

Les det første kapitlet nederst på denne sida. Resten av boka er minst like god. Nyt.

mandag, august 16, 2010

Full krig...

Jonas Gahr Støre rakk knapt å sjå inn i kameraet og melde med eit stort smil om munnen at han hadde von om at det skulle bli fred i Midtausten, så bryt det ut borgarkrig. Mellom Israelsvenene i Lyngdal. Kanskje Støre må megle litt i Kubyen/"Gjøkungebyen"også?

søndag, februar 15, 2009

Israelsk kritikk frå "innsida"

Torkil i Forbundet førte meg til denne videoen - som er ein av dei sterkaste Israelskritikkene eg har sett på lenge. Frå ein som sjølv er jøde, og som har vakse opp som sionist.

"My grandmother did not die to provide cover for Israeli soldiers murdering Palestinian grandmothers in Gaza. The present Israeli government ruthlessly and cynically exploits the continuing guilt from gentiles over the slaughter of Jews in the Holocaust as justification for their murder of Palestinians."

Bruk 5 minutt og 40 sekund på å sjå denne videoen - den er virkelig verd tida di!


lørdag, januar 17, 2009

Time to make a change

"Min" regionalavis, Fædrelandsvennen, melder i dagens nettutgave at det israelske bilaget til årets Eurovision møter sterk kritikk, og av somme blir ansett for å vere ein del av eit propagandamaskineri: duoen som skal framføre låta, Ahinoam Nini (også kjent som Noa) og Mira Awad skal etter planen framføre ein song der fredsbodskapen er svært sentral. Det i seg sjølv hadde kanskje ikkje vore så kontroversielt i desse krigstider - hadde det ikkje vore for at Noa er (amerikansk- israelsk) jøde, Mira er palestinar. Desse damene har samarbeida i lange tider, og har lenge arbeidd i lag for å skape både fred, forsoning og forståing, slik eg har skrive om her, og som ein kan sjå her:



Men i desse krigstider er dette mildest talt kontroversielt, forståeleg. Men eg vil jo nesten tru det mest kontroversielle nesten er AT dette er bidraget?

----
Dagens song: Time to Make a Change. Maria Mohn

lørdag, januar 10, 2009

Fanga i krigen

Etter dagar med melding om at dei norske legane er på veg ut frå Gaza, kom meldinga i dag om at Mats Gilbert (bildet) og Erik Fosse i dag må bli på Gazaubestemt tid. Dei har gjort ein aldesles fantastisk innsats for å redde menneskeliv under heilt håplause forhold - i alle tydingar av ordet håplaus. Ein kan seie kva ein vil om deira politiske overtyding, men det kan på ingen måte overskygge den innsatsen dei har lagt ned midt i krigen.

Og samstundes lar eg meg provosere ganske kraftig av opphausinga av dei norske legane. Frå tid til annan høyres det ut som om det er det at dei er norske som gjer dei spesielle, og at det faktum at dei er norske gjer at dei er viktigare enn sine palestinske kollegar. Stoda på sjukehusa er traumatiserande, det er død og avkutta lemmar og totalt umenneskelege forhold på alle vis, og det skal ikkje undergravast. Alle legane på sjukehusa er utslitte, totalt utslitte. Men medan dei norske legane skal ut av Gaza, må deira palestinske kollegar bli. Medan dei norske legane skal reise heim til vår ekstreme overflod, sit deira palestinske kollegar utan mat i heimen. Og truleg med ei enorm redsle for at ektefelle, barn, foreldre, søsken, nære slektninger og venner svelt i hel. Med mindre det kjem ein israelsk rakett først.

Eit alt for godt vitnesbyrd om stoda i Gaza, er brevet Marthe Gerhardsen frå CARE las opp i sin appell til fakkeltoget for to dagar sidan. Eg stod på Youngstorget og græt då dette blei lese opp. Fordi ein blir så avmektig. Og skulle så gjerne sendt dei både mat og vatn og straum.