Viser innlegg med etiketten identitet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten identitet. Vis alle innlegg

lørdag, januar 07, 2012

Den vanskelege nasjonalist-termen

Min kamerat K sende merksemda mi mot ein albansk song frå i fjor som rett og slett har som formål å styrke nasjonalkjensla. "Kuq e zi" betyr raudt og svart, og songen handler om at det er flagget og nasjonalkjensla som bring nasjonen saman, i motsetnad til religion. Innpakkinga er difor nasjonale symbol i fleng, og flagg, Skenderbeg-ørna, folkedrakter, folkedans og (det eg trur er) nasjonale landemerker brukes heftig, på ein måte som får til og med hjartet mitt til å fylles med ein glede over det albanske, om eg er norsk aldri så mykje. Det er mogleg eg er miljøskadd etter å ha arbeidd med albansk nasjonalisme ei stund, men eg opplev det ikkje som kleint, heller. Det er ein vakker hyllest til det albanske, og ikkje noko anna.

"Feja e shqyptarit asht shqyptarija" er orda som etter sigande starta tanken om at den albanske nasjonen hadde noko til felles som var overordna dei religiøse motsetnadene. Eit fellesskap djupare enn det ein fann i gudshusa. For eit folkeslag med eit heilt særeige språk, delt mellom tre (eller fleire) land, to religionar og fire religiøse retningar var orda kanskje ein heilt grunnleggande føresetnad for å skape ein sams identitet. "Albanarane si tru er det albanske".

Wake, Albanian, from your slumber,
Let us, brothers, swear in common,
And not look to church or mosque,
The albanian's faith in Albanianism!
(Pashko Vasa "O moj Shqipni" frå 1878 i Robert Elsies omsetjing)
Dette er for så vidt bakgrunnen for masteroppgaven min, men det er ikkje for å drive reklame for den oppgåva eg ikkje heilt er ferdig med eller for å syte for at mine eventuelle lesarar er betre budd om eg måtte buse ut med "eg er så fascinert av det albanske nasjonssynet" over ein kaffikopp eg skriv det. Men fordi eg blei sittande å lure på kva det er som gjer at det er heilt utenkeleg å lage ein slik musikkvideo på norsk. 




Eg skreiv i stad at eg ikkje opplevde songen som klein. Det er ikkje heilt sant. I  det eg byrja fundere på korleis dette skulle sett ut om ein hadde gjort det på norsk, fylde meg ikkje med den same gleda, men med ein ekkel smak i munnen. Tanken på at to-tre populære norske artistar skulle gå saman om å lage ein hyllest til det norske flagget og dei tinga som bind oss saman er fjern - med unnatak av i krisetider. At dei i tillegg skulle ikle seg flagg, og ha statistar som dansa halling i bunad på Prekestolen, i Geirangerfjorden og under nordlyset, er heilt utenkeleg, med mindre det var gjort på ein parodisk måte.

Grunnen til at det er slik, er sjølvsagt arva etter den andre verdskrigen, og redsla for at det som då skjedde i nasjonen/ nasjonane sitt/sine namn igjen skal kunne bryte laus. Redsla for at nokon skal meine at den nasjonen dei opplever å vere ein del av, skal vere meir verd enn den nasjonen andre meiner dei høyrer til i. Difor har vi outsourca det å vere stolt over å tilhøyre ein nasjon til konkurranser. Difor er vi stolte over å vere norske når kokkelandslaget vårt er det beste i verda, Secret Garden rocker Grand Prix eller Marit Bjørgen sørger for å hente VM-gullet heim til Trøndelag, og difor er det heilt greitt at Therese Johaug og håndballjentene svøper det norske flagget rundt seg når dei har vunne. Og difor er tanken på å utbasonere "eg er stolt av å vere norsk" til tilfeldig forbipasserande fjern (med mindre ein har snakka om sportsmeritter) - for ikkje å snakke om å kle på seg flagget på dei måtane som er gjort i videoen. Kjole med det norske flagget på? Festskjorte med riksvåpenet i paljetter? You gotta be kidding me!

Eg har heile livet vore oppteken av det norske. Eg er fødd og oppvakse i ein norskdomsfamilie, der tradisjonsmusikk, folkedans og "den norske litterære kanon" har hatt ein sjølvsagt plass i kvardagen. Å vere stolt av røtene sine har alltid vore naturleg. Å vere stolt av det norske språket og det norske flagget fekk eg inn med morsmelka - akkurat dei same tinga som ifølge denne sangen danner grunnlaget for den albanske nasjonalismen. Men å kalle meg nasjonalist?

Eg vaks opp med naboar frå andre sida av kloden, og har alltid vore utruleg stolt av det fellesskapet vi har. Eg dyrka dei amerikanske orda i (den eine) dialekta mi - etterlatenskap etter Listas 150 års migrasjonshistorie. Kunnskapen om ein skibbrudden hollender som forfar (ei historie eg i dag ikkje heilt er sikker på om faktisk er sann!) og vissheita om at eg hadde hollandsk blod i årene var viktig for meg, utan at det gjorde meg mindre norsk. Men kanhende gav det meg, i alle fall i eige hovud, eit eksotisk tilsnitt. 

Også min generasjon har arva forestillinga om at ein skal passe seg for å vere for stolt av sine røter og sitt opphav, fordi det kan føre til at ein gjer seg til betre enn "dei andre", kven "dei andre" enn måtte vere. Frykta har historisk berettigelse, og ein treng ikkje gå så langt tilbake som til den andre verdskrigen for å finne bevis på det. Og kanskje kan ein hevde at dette danner ein vond sirkel: fordi vi som ikkje meiner at det å vere stolt av å vere norsk utelukker at også andre folkeslag har rett til å vere stolte av sitt opphav lar vere å seie høgt at vi er stolte av nettopp å vere norske, lar vi kanskje dei som meiner at det finst a-og-b-lag få eksklusiv rett til å kalle seg nasjonalistar?

Eg klarer ikkje heilt å kalle meg nasjonalist, sjølv om eg av og til gjerne vil. Hjernen min har akseptert at termen er såpass vanskeleg i ein vest-europeisk kontekst at om eg skulle bruke termen, ville eg ha hatt behov for minst 20 minutt med "oppklaringer" av kva eg IKKJE legg i termen. Så då er det enklere å la vere - og det irriterer meg grenselaust, men eg gjer det like fullt.

Ein av dei få eg kjenner som kaller seg nasjonalist og som bruker omgrepet i sin mest inkluderande variant, er venninna mi Stine. Hennar norskdom inkluderer eit dansk opphav - og få har vore meir stolte av å vere dansk - utan at det har gjort ho mindre norsk. Identitet har aldri vore matematikk. Stine heldt for nokre år sidan 17. mai-tala i heimbygda, og den kan du lese på bloggen hennar. 
Så la oss ikke være hovmodige og tro at Norge er et bedre og viktigere land enn andre. Men la oss være stolte av hvor vi kommer fra. Og la oss være rause og inkluderende mot alle de som ønsker å være en av oss, både på en dag som denne og alle andre dager.
Eg vonar at det om nokre år er Stines definisjon som vinn.

mandag, januar 10, 2011

Informasjonssanking før og nå, aka ein nettstalkers bekjennelser



Eg og min kamerat K sat og snakka om overvåkningssamfunnet i dag, og eg kom brått på at eg hadde gjort eit spedt forsøk på å bedrive nettstalking - 8 år etter at eg prøvde meg, sånn midt-på-treet-vellukka, som etterretningsoffiser i avstandsforelskelsens teneste.

Utgangspunktet for samtalen var det ganske absurde Aftenpostenoppslaget om dei to muslimske leiarane i Sveits som sambandsstatanes etterretningsteneste har fulgt ulovleg og mistenkt for å vere terrorister - fordi dei var muslimar og likte å sitte på ein benk i parken med utsikt til den amerikanske SN-delegasjonen i Geneve. Som ein sjebnens ironi, alternativt som eit prov på kor heniallestaurog vegger den etterretningsrapporten faktisk er, er den eine av desse to kåra til æresborgar av New York for sin innsats for eit ope samfunn og toleransearbeid.

Mens vi snakka om dette kom vi inn på kva ein får tilgang til gjennom sosiale medier, og eg kom brått på denne historia her, og fordi eg trass alt tykkjer ho er eit godt døme på det potensielt skumle med sosiale medier, fann eg ut at ho burde deles, som ei (søt?) historie til skrekk og advarsel.

Då eg gjekk på vidaregåande, var eg særs avstandsforelska i ein gut på naboskolen. Vi tok same skolebussen kvar dag, men han var blant dei veldig få på den skolebussen som ikkje hadde gått på same ungdomsskule som meg. Han var busett i ein annan grunnskulekrins, men det var meir praktisk for han å ta "vår" skolebuss enn den som var sett opp frå hans krins. Og derfor visste eg ikkje kva han heitte. For ei som kunne namnet på heile skolen i løpet av 2 veker på barneskulen, var dette ein ganske merkeleg situasjon. Mi gode venninne J hjalp ganske godt til ved å sørge for å døype han "Grønn", etter hans grønne jakke. (Vinterstid skifta han derfor namn til "Blå", så kan de sjølvsagt tenke kva farge vinterjakka hadde).

Ein eller annan gong i løpet av 1. klasse (på VGS, altså) laga eg ei liste med det eg visste om han. Den bestod av ting som "kamerat med A", "speler på langoddsen", "tror han har ein bror" og sånt, plukka opp gjennom utbreidd langøyreverksemd på brua mellom Katta og busstoppet.

Så, ein gymtime ikkje så lenge før jul, kom det store etterforskningsmessige gjennombrotet. Heile 4 nye punkt tilført på ein dag. Klassen min og klassen hans hadde nemlig gym samtidig. Akkurat denne gymtimen hadde eg skada foten, og sat på benken i lag med C frå klassen min. Vi kjeda oss, og byrja studere den innebandyspelande klassen ved siden av oss, ikkje minst fordi dei nesten berre var guter. Blå/Grønn sin klasse. Og på eit tidspunkt der det passa veldig fint, la han på sprang mot oss. Eg var ganske takksam for den som hadde sendt ballen i vår retning, slik at det gav meg eit høve til å spørre C om ho tilfeldigvis visste kven han var. Ikkje at eg hadde noko tru på akkurat det, for C var frå andre sida av byen. Men det gjorde ho, jammen! Han hadde nemleg vakse opp på same plass som ho. Ho kunne til og med gi meg eit fornamn og fortelle at han hadde ein to år yngre bror. Og at han visstnok var eit talent i ein ikkje så utbreidd sport der han var arveleg belasta. Det er vel unødvendig å melde at lista i skoledagboka mi blei oppdatert umiddelbart etter gymtimen.

Mot slutten av skoleåret klarte eg å lure til meg skolekatalog frå naboskolen, og fekk så eit etternamn. Og med det, potensielt ein adresse. Sånn med unnatak av at det budde to med hans etternamn på ein adresse som kunne stemme med kor han kom på bussen (ganske imponerande, særleg med tanke på at du treng eit klasserom for å samle alle med same namnet som han i landet). Nokre veker inn i det påfølgande skoleåret kunne ein dødsannonse i avisen avsløre namn på både bror, mor og far (og hans avdøde bestefar..), og brått kunne telefonkatalogen utlevere adressen. Ikkje at eg heilt veit kva eg skulle brukt den adressen til, då.

Utover dette kunne "dette veit eg om Blå/Grønn"-lista mi ikkje fortelle stort meir interessant enn "mora hans vasker klær med Omo Color". Mot slutten av 2 snakka eg med han for første gong - då fekk eg eit russekort. Med eit slagord så bra at det var ganske pinleg at neste gong eg traff han igjen var då han 17. mai året etter stoppa og bad om mitt russekort - og fann meir eller mindre same slagordet berre på anna målform og i fleirtal der han hadde eintal. Slagordskopieringa kom ikkje av at avstandsforelskelsen framleis var sterk, men rett og slett av noko så enkelt som at det var særs bra, og tilfredsstilte mitt krav om at russekortet skulle vere seriøst og fritt for teite vitsar. (Herregud, eg var heilt seriøst verdens kjedeligste russ!)

Mi 11-punkts liste blei ein eller annan gong rive ut av skoledagboka og havna så i papirbunka nederst i kommoden min i lag med gamle stensilar frå barnskolen. I sommar hadde eg det privilegiet å kaste alle steinalderbuplass-stensilane i omnen (utrueg kva ein sparer på!!), men akkurat den lista blei av nostalgiske grunnar arkivert i kassa som til mammas store irritasjon er merka med "Signhilds memory lane". (Eg trur kanskje eg hadde fått ein overdose med Josh Lucas og hjem, kjære hjem då kassa blei namngitt, og irriterer meg akkurat like grønn som mamma over namnevalet, om enn av andre grunner)

Så, i jula, snubla eg over kassa og lappen igjen. Og i eit innfall av julefred og kjedsomhet, fann eg ut at eg skulle prøve å finne ut av korleis lista blei utelukkande ved hjelp av Facebook - og utan å skulle trykke på "meir" nederst på tavle-sida meir enn 1 gong. Linker han hadde lagt ut, var derimot "tillatt" etter mine eigne nye stalker-prinsipper. Vi er ikkje venner på facebook (eg har jo ikkje snakka med han sidan den 17. mai-en), men vi har nokre felles kjende der. Det viste seg å vere tilstrekkeleg til at eg kom inn på profilen hans.

Berre med utganspunkt i linkar og tavletilgang hadde eg på nokre minutt ei "dette veit eg om blå/grønn"-liste ikkje berre var lenger enn den opphavlege, men truleg også ei liste han i noko større grad enn den opphavlege kjenner seg att i. Ikkje berre kan eg avsløre at Blå/Grønn var i utdrikkningslag for ei tid sidan i lag med ein eg hadde samme dagmamma som, eg kan også ein heil del av desse uviktige detaljane som blir viktige når dei blir sett saman til ein del av identitet: venner, familie, favorittfotballag (det er ikkje Start, men til min glede er han "fan" av IK Start også), favorittmusikk (god musikksmak og bra spelelister på spotify!), favorittfilmer, favorittserier og så vidare. Då lista mi var akkurat dobbelt så lang som den opprinnelige, fann eg ut at det var nok. Der eg brukte 2 år på 11 punkt, brukte eg 11 minutt (inkl nedskriving) på 22 punkt.

Nå trur eg ikkje eg har funne ut av ting om han ved hjelp av hans opne Facebookprofil som han ville kjend seg ukomfortabel med at nokon visste, kanskje med unnatak av at eg, som sist snakka med han i forbifarten i 2002 veit at han liker band der medlemmane ikkje hadde treft kvarandre "back then". Men det kan jo likevel vere lurt å ta denne historia til skrekk og advarsel: åpen facebookprofil kan gje tilgang til nettstalkere. Då er det berre å vone at dei stalkarane er ganske harmlause.

For tryggjings skuld kan det leggast til at om nokon skulle ha lyst til å lese den fullstendige lista over punkt eg fann det for godt å notere ned "åtte år etter", er det ikkje lenger mogleg. Lista brann opp i romjula. I lag fargelagte stensilar om vikingtida. Først då eg brann dei opp, innsåg eg at eg i barndommen hadde ein tanke om at eg "sikkert kom til å bli historielærar", og at det sikkert kunne vere kjekt med slike liggande då. Men det er ei ganske anna historie.