mandag, september 29, 2014

Bok: Den fortrolige av Hélène Grémillon

Eg oppdaga brått då eg logga meg inn på blogger-kontoen min nå at eg aldri publiserte denne bokmeldinga. Følgande skulle vore publisert 30.08.13 - og fordi boka var så fin, tenker eg at dette er ei bok det er verd å høyra om, så eg trykker "publiser" nå, godt og vel eit år etter at eg faktisk skreiv dette..

----
I vår ein gong fekk eg tilsendt  
Hélène Grémillon si bok "Den fortrolige". Eg las nokre sider, men lite tid til lesing gjorde at boka blei liggande nesten ulese. Det angra eg sterkt på då eg omsider kom til fortsettelsen og forstod kva eg hadde gått glipp av..

Forlagsredaktøren Camille er nysingel, gravid og har nettopp mista mor si. I bunka med kondolansebrev dukker det også opp eit mystisk brev frå ukjend avsendar, som skal komme til å sende henne brev kvar tirsdag i vekene som kjem. Han fortel historia om den unge kunstnarsjela Annie og den velståande Madame M. Desse to kvinnene finn kvarandre i mellomkrigstidas Frankrike, og eit sterkt vennskap veks fram mellom dei. Ein dag inngår dei ein pakt som skal komme til å endre liva deira - og liva til fleire av dei rundt seg.

Camille blir fascinert av skrivemåten til den ukjende avsendaren, og har lenge ein mistanke om at dette er eit romanutkast som blir levert til ho på denne måten for å vekke merksemda hennar. Men etterkvart som historia blir utvida i kvart nye brev, aner ho at det kanskje er noko anna brevskrivaren vil henne.

Pakta Annie og Madame M har inngått, er ei pakt mellom eit barn som ikkje forstår rekkevidden av det ho gjer, og ei litt eldre dame som forstår kva ho gjer, men som er så oppteken av kva ho får ut av det at ho vel å gjere seg blind for det moralsk problematiske i situasjonen. Pakta fører til ei kjærleik og sjalusi. Og til ei historie som skal vise seg å ha ein del meir til felles med Camille sitt liv enn ho forstår. Verdskrigen bryt ut, og i kaoset krigen bringer med seg, skjuler nokon alle spora etter pakta.

Oppskrifta på denne romanen er ganske klassisk. Gjennom brev blir historia til hovudpersonen avdekt, lag for lag. Men Grémillon klarer å unngå klisjéfella, og meistrer å fortelle ei historie som fenger, engasjerer og som rett og slett er drivande godt fortalt. Ei bok det virkeleg er verd å sjekke ut, med andre ord.

Takk til Aschehoug for lesareksemplar.

Ingen kommentarer: