tirsdag, september 16, 2014

Det naudsynte pushet.

NRK melde for nokre timar sidan at tidlegare stortingsrepresentant Alf-Ivar Samuelsen døydde i ei traktorulykke heime i Lofoten tidlegare i dag. Slike triste nyhende er nettopp det, triste. Men i tillegg til å kjenne på det triste, kjenner eg takksemd. Det var ikkje Alf-Ivar si skuld at eg blei politisk aktiv, men han medvirka sterkt til at eg blei verande i Senterpartiet. Ikkje fordi me hadde så mykje med kvarandre å gjere, men fordi han på akkurat rette tidspunkt såg meg.

Då eg som ung og uerfaren møtte på Senterpartiet sitt landsmøte for første gong, heldt eg eit innlegg som på alle vis har fortent å gå inn i gløymeboka. Eg aner ikkje kva hovudbodskapen var, men eg veit eg stotra og rota fælt der oppe. Eg hadde ganske mykje organisasjonserfaring, og hadde halde landsmøteinnlegg også før, men korkje den lille landsmøtesalen til Målungdommen (rundt 30) eller Senterungdommens større rom (rundt 100) kan jamnførast med 150 + presse på partilandsmøtet. Eg var vettskremt, og hadde mest lyst til å springe dei 4,5 kilometrane heim til pappa og gøyma meg under dyna på jenterommet eg hadde flytta ut av. Men eg stod der nå, i blitzlyset, og heldt mine tilmålte 2 minutter om forsvarspolitikk - som attpåtil var oppført i feil debatt. Partileiinga rett nedanfor talerstolen dempa ikkje nervøsiteten. Det berømte djupe hôlet i golvet var sårt etterlengta, men dukka ikkje opp.

Å karra seg opp på talerstolen etter eksstatsråder kjennes som å hoppa etter Wirkola. I ein sal der tilsynelatande "alle" var Stortingsrepresentantar eller fylkesråd eller ordførarar eller politiske rådgjevarar eller fylkestrafikktryggjingsutvalsleiarar, kjendes bodskapen min irrelevant og plassen min liten. Å vera siste talar før partileiaren, gjorde ikkje kneskjelven mindre. Delegasjonen min var hyggelege og meinte eg hadde gjort det greitt. Sjølv var eg overtydd om at dei "sa det for å trøste meg", som Prøysen ville sagt.

Nokre minutt etter at eg var på plass i landsmøtemiddagssalen, la ei brei hand seg på skuldra mi. Alf-Ivar hadde lagt merke til namnet mitt på delegasjonslista, og då eg gjekk på talerstolen, hadde det blitt fleipa på Nordlandsbenken om at eg jammen ikkje var så ulik han av utsjånad heller heller. "Så æ tenkte at æ kanskje va far din! Ka mor di heitte?!", sa han spøkefullt. Eg kunne avkrefte at han kunne mistenkast for å ha medvirka til min eksistens. Samuelsengena mine er riktignok i overkant sterke og i høgste grad frå farssida, men dei kjem frå ein annan kant av landet. "Men eg var jo så stolt der eg sat!", fortalde han, framleis leande, "For ikkje bare hadde eg fått ei datter eg ikkje visste om frå før, men jammen kunne ho uttrykke seg godt, ho hadde gode meiningar - og kunne sjå omstruktureringa i Forsvaret frå ein heilt ny vinkel!". 

Når delegasjonen din seier du gjer ein god jobb, kan du, som flink og evig sjølvkritisk pike, alltids bortforklara det med at det er deira jobb. Når ukjende folk, som attpåtil er nominert til sikker plass på Stortinget (i den grad noko slikt finst) seier det same med sterk innleving, må ein tru dei. Og nettopp fordi rosen kjem frå nokon som har eller har hatt nokre av alle desse merkelege titlane politikar får fordi dei er så flinke, er det ein ros som gjer noko med ein. 

"Slektskapen" mellom oss forblei ein spøk i åra han var stortingsrepresentant, og han lot meg forstå meir enn ein gong at eg bare måtte sjå forbi titlane til dei rundt meg og erfaringa deira. "Det du har på hjartet, er viktigare enn kva posisjon du har!".

I erfaringas vaner er det lett å gløyma at ein har starta ein stad. Det er lett å gløyma at ein ein gong sjølv var den usikre som ikkje heilt visste korleis orda på papiret skulle strauma ut frå munnen samstundes som hjartet skulle slå og ein gjerne ville sjå ut som om ein takla det heile veldig godt. Eg har ofte tenkt at eg skal "ta ein Alf-Ivar" i møte med ferske i organisasjonen. At det å seia "hei, dette var bra!" til ferskingar som gjer det godt, men kanskje ikkje sjølv ser det, er ein måte å bidra til at knea skjelv litt mindre neste gong. Og at det BLIR ein neste gong.

Eg lyser fred over Alf-Ivar sitt minne, og lovar å gjere mitt for å sjå dei ferske. Dog utan å påberope meg foreldreskap.

Ingen kommentarer: