onsdag, januar 28, 2009

Eit framsteg for kyrkja

Silje Kristin Meisal blei ordinert til prest i Hamarøy for ei vekes tid sidan, og har i dag skapt store overskrifter - kyrkja har nemlig bestemt at måten ho lev på ikkje går overeins med det å jobbe som prest. Ho lev i lag med sin kjære og deira felles barn - men dei har ikkje gifta seg. At ho er heterofilt sambuande gjer ho per definisjon uegna som prest i følge kyrkjelege lover.

Kyrkja burde anerkjent sambuarskapet for lenge sidan, også mellom eigne tilsette. Ein ting er å skulle vere i takt med den tida vi lev i, og dei gjeldande normene i samtida. Men det er ikkje det viktigaste. Det viktigaste er at kyrkja ikkje tillet eigne tilsette å følge sitt eige tempo og eige "modningsnivå". Det er eit levande paradoks at Kyrkja, i kampen for det dei definerar som "det gode samliv" har drive omfattande "tvangsgifte".

Eg studerar sjølv på Det teologiske fakultetet, og fleire av mine medstudentar studerer til prest - og bur i sambuarskap. Og normen har heile vegen vore at dersom dei skal ordineres etter endt praktikum, ja, då må dei gifte seg. Problemet er at det ikkje alltid er slik at folk er på eit stadie der dei er klare for å gifte seg, om dei bur i lag aldri så mykje. Ofte kan sambuarskapet vere ein måte å finne ut korvidt ein kan passe i lag (fordi ein blir kjend med folk på ein heilt annan måte av å dele tak med dei, spør einkvar som har flytta inn i kollektiv i lag med venner!), og det har den fordelen at ein på ein enkel måte, utan å involvere eit stort juridisk apparat, kan gå kvar til sitt om ein kjem til at ein ikkje fungerer.

Det er ikkje til å komme frå at kyrkjas samlivsstyring av eigne tilsette har ført til at somme har gifta seg før dei sjølv har vore klar for det, og det finst fleire døme på prestar som eksplisitt har sagt at grunnen til at dei i dag er skilde, er at dei måtte gifte seg "før tida".

Men som så ofte før, handler kampen for det gode samliv ikkje alltid om samliv på generelt plan, men om sex. Fordi Kyrkja forfekter at ein ikkje skal ha seksuelt samlliv før ein er smidd i hymnens lenker, lev ho også i den trua at føresetnaden for å ha sex er å ha felles seng på felles adresse - og då er det problematisk å akseptere sambuarskap. Problemet med denne forestillinga er åpenbar: korleis skal ei kyrkje med eit slik røynddomsbilete vere relevant i vår tid, der snittalderen for første samleie er betrakteleg lågare enn snittalderen for første ekteskapsinngåelse?

Kyrkja burde i staden gå i spissen for debatten om rammene for det gode samliv. Det er samlivsetikken som burde stå i sentrum. Ved å tørre å ta den viktige debatten, kan Kyrkja også oppleves som ein relevant samfunnsaktør hjå dei som i dag ikkje kjenner seg att i samlivsstandpunktet til Kyrkja.

Så får Kyrkja heller sjå gjennom fingrene med at ikkje alle deira ordinerte er klare til å ta skrittet ut i eit forpliktande samliv "til døden skiller oss ad". Så vil ein kanskje kunne klare å sikre at det er døden, og ikkje dommaren, som blir den som ender ekteskapet?

Ingen kommentarer: