fredag, mars 18, 2011

Dagens ord: rurban

For ei veke sidan var eg på speed-date med skjema. For å finne ut korleis ein "passa saman" skulle ein svare "a eller b" på mange ulike spørmål. Hytte ved sjøen eller på fjellet? Taco eller pizza? Metallica eller Michael Jackson?

Dei fleste spørsmåla var ganske greie å svare på, men eg sleit veldig med spørsmålet "by eller land?". For aller helst ville eg svart "både og". Eg endte opp med å svare "by", mest fordi eg akkurat nå ikkje kunne tenke meg å flytte ut av byen - og litt fordi eg tenkte at nokon jammen fekk svare "by" i ei Senterungdomssetting der eg mistenkte at ganske mange ville svare bygda.

Men nå finst løysinga for meg og alle andre i same situasjon - ein treng ikkje berre vere urban eller rural. Ein kan vere begge deler. Ein kan sette like mykje pris på begge deler. Ein kan vere rurban.

Tenk globalt, handle lokalt!

Eg hoppa akkurat av landsmøtetalerstolen på Senterpartiets landsmøte. Snakka om tusenårsmåla - og om kva konsekvensar det får når vi ikkje er så opptatt av å tenke globalt også når vi handler lokalt. Pluss eit lite krav til Lars Peder, sjølvsagt. Kan forøvrig rapportere om at han svarte med eit lurt glis. Så får vi tolke det som vi vil.

---

Ordstyrarar, referenter,
Gode landsmøte!

«Vi vil ha brød!» ropte demonstrantene. Ikkje berre under den franske revolusjonen, men også under revolusjonen i Egypt. Det var ikkje berre demokrati dei bad om på Tahir-plassen, men også mat i magen. For verdas største importør av kveite fekk dei høge internasjonale matvareprisene alvorlege konsekvensar. Frå før brukte den jamne egyptar 60- 70% av inntekta si på mat. Auka matvarepriser medførte auka matkostnader og redusert måltidsmengde.


Vi har dårleg tid. I år 2000 vedtok Tusenårstoppmøtet i FN at vi innen 2015 skulle ha klart å halvere ekstrem fattigdom og svelt. Vår generasjon er den første som har hatt eit ambisiøst, men like fullt realistisk mål om å utligne forskjellane i verda. Men sanda i timeglasset er i ferd med å renne ut. For vi er ikkje kommet så langt som vi burde ha kommet fire år før utløpsdatoen.

Andelen menneske som lev på mindre enn 1 dollar om dagen skal bli halvert innan 2015, seier målet. Og der ligg ein an til kanskje å klare målet – men utfordringa er at mange av desse som nå klarer seg på litt over ein dollar om dagen framleis må klare seg på mindre enn to. Andelen menneske som nå lev på under to dollar om dagen har auka så kraftig at ein har ein lang veg å gå før den ekstreme fattigdomen er utrydda.

Landsmøte, Det unike med Tusenårsmålas plan, er at ein ser samanhengen mellom mat og arbeid. Ein seier nemleg at eit av dei aller framste måla for å klare å utrydde ekstrem fattigdom og svelt er å oppnå full sysselsetting og verdig arbeid for alle – også kvinner og ungdom. Det er eit viktig tiltak, ikkje minst fordi det gjev menneska det gjeld ein reell sjanse til å komme ut av ekstrem fattigdom på permanent basis.

Det er framleis nok mat i verda til å brødfø alle. Det er framleis mogleg for vår generasjon å klare å nå lenger enn Tusenårsmålas mål – vi kan utrydde svelten! Om vi bare vil!

Eit godt gamalt senterpartislagord seier tenke globalt, handle lokalt. Senterungdommen krever at Noreg bidreg med det vi kan. Å gjeninnføre nasjonalt kornlager vil kunne bidra til at vi unngår å presse verdensmarkedsprisen opp. Dårleg planlegging frå vår side kan bety at vi et opp maten til dei fattigaste. Lars Peder, vi forventer at du tek grep.

Nordmenn kastar ¼ av maten vår. I Lyngdal kommune, med 8.000 innbyggarar, har ein matbutikkar tilsvarande behovet til 43.000 folk – og fleire butikker er under planlegging. I dag kaster Lyngdalsbutikkane aleine kring 2 tonn useld kjøt. Eg vil oppmode dei her i salen som er kandidatar til kommunestyrer å stoppe denne utviklinga lokalt. Det fortoner seg kanskje som ei drope i havet, men ein skal aldri undervurdere dråper i fulle begre.

Vi leiker då ikkje demokrati?!

Farsunds Avis melder i dag om oppheta debatt i kommunestyret i går. Farsund kjem særs dårleg ut i KS måling av lokaldemokrati. Tala KS presenterer er alvorlege, og alle i kommunestyret bør ta dette særs alvorleg. Kommunestyret burde i fellesskap ha gått saman for å finne løysinger for å heve tilliten til lokaldemokratiet og få lokaldemokratiet til å fungere.

Det er direkte pinleg at kommunestyret ikkje klarer å stå samla om å få til å løyse problemet. Det er direkte uansvarleg av Framstegspartiet si gruppe å skyve lokaldemokratiet foran seg og kalle det for "tyranni" at FrP sjølv ikkje er i posisjon. Måten FrP handsamar dette på, vekker ikkje akkurat tillit til at dei vil kunne gå inn i posisjon på seinare tidspunkt.

Eg opplev stadig i samtaler med innbyggarar i kommunen at det er ei veldig politikerforrakt i kommunen, og det skremmer meg. Kommunestyret framstår som ein gjeng som er meir oppteken av å sutre og sikre sine grupper enn å finne gode fellesskapsløysinger, slik eg får det formidla frå andre. Dette er innvendinger kommunestyret må ta på alvor. Det trengs store grep, og heile kommunestyret må løfte i flokk. Det inkluderer også FrP.

tirsdag, mars 15, 2011

Landsmøte, landmøte, landsmøte

Eg er i landsmøtemodus. Eller rettere, eg prøver overtyde meg sjølv om at eg er i landsmøtemodus. Landsmøtet i Senterpartiet tek til på torsdag, og for andre gongs skuld har eg ein plan om å IKKJE begynne på skrivinga av landsmøteinnlegget sånn i det generaldebatten tar til. (Første gong var på landsmøtet i Senterungdommen i Ulvik i november - og det var ei ganske ny oppleving!)

Eg har ikkje mindre enn 10 tema eg har lyst til å skrive om, men får (også det som vanleg) ikkje heilt til å nøste trådane heilt slik eg vil. Brått fann eg ut at eg måtte komme på kva eg skreiv om på landsmøtet i Ulvik. Den gong stilte eg med ikkje mindre enn 3 innlegg (derav berre eit som blei presentert frå talerstolen), så eg vurderte sjølvsagt å berre bruke eit av desse, i alle fall fram til eg las dei.

Men så fann eg ut at om eg ikkje kunne få gjenbruk av innlegg sånn på det jamne, kunne eg i alle fall sørge for å få publisert det her. Så her, særs forsinka, kjem altså landsmøteinnlegget mitt frå november 2010.

(Og dermed fekk eg brukt enda litt tid på å utsette kva kladd eg skal kladde videre på. Bonus!)


-----
November 2010:

Landsmøte,

Det skjer noko merkeleg i den europeiske offentligheita om dagen. Medan det i åra etter 1945 har vore illegitimt å inndele menneske på bakgrunn av genetikk og oversjå personlegdommen, opplever eg at det brått har blitt «lov», også her heime.


Vi har sett det i haustens «fleirkulturdebatt» i kjølvatnet av kronikken til Christian Tybring-Gjedde og Kent Andersen. Vi ser det i Danmark, Frankrike og Belgias ønske om forbod mot bestemte muslimske kvinneplagg på offentleg plass. Vi ser det i Sarcozys massive bortvisning av sigøynarar frå Frankrike.


I Danmark vedtok dei for nokre veker sidan at det finst ghettoer i landet. Desse ghettoane er kjenneteikna ved 40% eller høgare innvandringsandel. Ein har politisk bestemt at desse «ghettoane» er i ferd med å utvikle seg til parallellsamfunn, og for å unngå dette, vil ein lokke innvandrarane UT og danskene inn.


Landsmøte, eg har nyleg funne ut at det samfunnet eg vaks opp i, ville vore ein ghetto etter dansk standard. I klassen min på ungdomsskolen hadde godt og vel 1/3 ikkje-vestleg bakgrunn. Inkluderer vi halvdanskene og slikt, er vi oppe i 2/3 innvandringsbakgrunn.


I min barndoms bydel fanst det eit parallellsamfunn. Der måtte jentene gå i lange skjørt. Dei gjekk på eigne skoler, og dei hadde religiøse heilagdagar vi andre ikkje ante at eksisterte. For oss som gjekk på den offentlege skulen var det noko merkeleg å sjå desse utrolig trivelege folka i nabovegen ta skolebussen kvar morgon – dei var så nære oss, og likevel så langt borte frå vår virkelighet. Eg trur til og med dei hadde matretter vi aldri hadde høyrt om. Men noko seier meg at i både den danske og Tybring-Gjeddeske virkeligheita ville desse IKKJE vore definert som eit parallellsamfunn – fordi dei tilhøyrer ei heilt særeiga kristen menighet og alle kan spore genene sine tilbake til Harald Hårfagre.


Mennesket søker av natur det kjende og nære. I 8th avenue kunne dei inntil nyleg snakke norsk i delikatessebutikken, som selde heimelaga kjøttkaker, Hennig-Olsenis og norsk melkesjokolade. Og nett slik norsk-amerikanerene har klumpa seg saman i USA, søker innvandrere i Noreg seg tidvis saman med dei som snakkar sitt eige språk. Det er ikkje nødvendigvis eit problem – problem blir det først i det dei lukker seg og berre forheld seg til seg sjølv.


Eg meiner ikkje å seie at det ikkje finst utfordringer. Også mitt barndoms Hånes var prega av uro. Særleg var det eit uroprega samfunn då arbeidsløysa var stor. I frustrasjonen over ingenting å gjere, begynte gatekampene. Men dei tok slutt fordi lokalsamfunnet sjølv tok ansvar: ein mobiliserte lokale natteravner, og ungdommene følte at nokon brydde seg.


Vi løyser ikkje integreringsproblemet med å sjå på det som eit isolert problem. Vi løyser det først om vi ser på individet og den einskildes behov. Vi løyser det først når vi ser menneska. Då kan vi unngå parallellsamfunn, men det krever at vi åpner oss. Det krev at vi er trygge på den norske kulturen, og er villige til å dele vår kunnskap om det å vere norsk med dei som ikkje forstår oss. Og den som trudde at nordmenn var enkle å forstå, bør lese Wikitravels forklaringer på norsk åtferd.


mandag, mars 07, 2011

Should I stay or should I go?




VS






(Bileta av Gimlemoen og Blindern er henta frå Wikipedia Commons)

Eg snakka med pappa over telefon i går. Når eg snakker med pappa, hender det ganske ofte at han bringer opp nokre kjensler i meg som minner mistenkeleg om heimlengsle. I heile dag har eg kjent på kjensla av at det er forferdeleg lenge sidan eg har vore heime-heime. Har vore fleire gonger i Kristiansand i år, men har ikkje komme så langt at eg har karra meg til Lista ennå.

For nokre dagar sidan fann eg ut at eg skulle søke PPU frå hausten av, og heilt automatisk sende eg inn søknad til UiO. Og kanskje er det pappa si skuld at det i løpet av dagen i dag har dukka opp eit "behov" for å rette søknad også mot UiA. Og før eg rakk å tenke tanken ferdig, hadde eg søkt meg inn der også.

Og brått sit eg her, då. Og innser at eg har søkt begge stadar. Om eg berre får til å levere masteroppgåva mi i mai (det MÅ eg), får eg etter alle solemerker tilbod om plass båe stadar. (Teoretisk sett får eg tilbod uavhengig av om eg får ferdig masteren, for så vidt. Einaste fordelen med å vere ein slik ein med dobbelt sett av bachelorgradar - omsider finst eit bruksområde for sånne som meg og!)

Det gir det endelege spørsmålet: Oslo eller Kristiansand? Eg aner ikkje kva eg ender opp med, kjenner eg. Frustrerande. Og litt merkeleg godt å ikkje ane kva veg ein kjem til å gå.

torsdag, mars 03, 2011

Uøkonomisk rettferdssans

Eg blei oppringt av ein selger frå Morgenbladet i stad, og han kunne opplyse meg om at eg skulda dei penger. Det er eg ikkje eit sekund i tvil om at eg gjer, for mi abonnementshistorie der og postens leveringshistorie til vår postkasse er ein kombinasjon som gjer det meir enn sannsynleg. Eg har vore ein dårleg abonnent, ein slik ein som t.d. ikkje forstår at når du endrer abonnementstype, endres abonnementsvilkåra. Og fordi eg ein gong fekk heile 3 rekninger frå dei i løpet av same helg, har eg heilt sikkert klart å tru at eg har betalt noko anna enn eg skulle betale - eg sjekka garantert ikkje at kidnumra stemte. Ikkje veit eg. (Eg tør banne på at dei ikkje har sendt 3 rekninger på rappen - men vi har vore utsett for Postens merkelege oppsamlingsheat i vinter. Rett før jul fekk eg t.d. først purringa, og deretter sjølve bilaget, til noko eg skulle hente. Like etter jul kom berre purringa på ei anna pakke- eg venter framleis på hovudmeldinga..)

Vel, mi (bort?-) forklaring er ikkje hovudpoenget her, men samtalen eg hadde i stad. For greia er at eg har tilgang på Morgenbladet sjølv om avisen ikkje lenger adresseres til meg. Derfor underretta eg også ei som ringte frå dei like før jul om at dei ikkje trong sende meg fleire avisar. Denne dama nemde ikkje noko om uoppgjorte middel, så eg trudde alt var greitt. Inntil eg altså blei oppringt med beskjed om at det stod eit tresifra beløp på deira "ho har ikkje gjort opp for seg-konto". Han som nå ringde hadde eit superdupert tilbod til meg, sånn med unnatak av at eg altså har "tilgang til avisa", som det så fint heiter. Eg kunne tegne nytt abonnement, og så kunne gjelda bli sletta.

Eg hater å skulde folk/organisasjonar/kva som helst pengar, og eg har jo ikkje meint å ikkje betale, så eg vil sjølvsagt gjere opp for meg. Men det var ganske åpenbart at det ikkje var pengeinnkreving som stod på agendaen til han eg nå har døypt Morgenbladmannen. Han ville selge meg avis. Superduperdiiiil. Sånn bortsett frå at han altså ikkje ville fortelle meg at han eigentleg ville ha meg til å tegne nytt abonnement, altså.

I korte trekk foregjekk samtalen slik:
Morgenbladetmannen: du har uoppgjort regning, men vi sletter den gjerne mot at du tegner nytt abonnement med autogiro
Signhild: nei, det har eg ikkje behov for, men send meg regning på epost, så skal eg gjere opp umiddelbart!
Morgenbladetmannen: men hvis du tegner nytt abonnement UTEN BINDING, så er det billigere for deg....
Signhild: nei, det har eg ikkje behov for, men send meg regning på det eg skulder, så skal eg gjere opp
Morgenbladetmannen: men eg er jo bare opptatt av kva som er billigst for deg....
Signhild: JA, men eg ønsker ikkje nytt abonnement - OG eg vil gjere opp for meg.
Morgenbladetmannen: eeeeeh. Javel. Okei, da. (Sukker ganske tungt) Gi meg epostadressa di, da.

Namnet mitt betyr "den veksande sigeren i strida". Eg vann ordkløyveriet. Men han har jo unektelig rett - eg kunne ha teikna eit nytt abonnement for ein månad, sagt opp abonnementet umiddelbart og komme unna med kring 1/4 av det eg skulder. Men det kjendes litt som utnytting av ei god avis. Rettferdssansen vann. I alle fall over dei privatøkonomsike prioriteringene. Det er riktignok altså slik at det av og til er billigere å hoppe på tilboda enn å vere standhaftig, men av og til blir ein stridig.. Så får det heller bli spaghetti litt meir av månaden, sånn for oss studentar som berre lev på Lånekassa.

tirsdag, mars 01, 2011

Politikk + musikk = ?

Bosnia-Hercegovina har frigjeringsdag i dag, eg har brukt det som ei god unnskuldning for å lytte litt ekstra til artistar frå BiH. Her har Dino Merlin og Dubioza Kolektiv fått lov til å speles litt ekstra over høgtalarane for å underhalde ei elles ganske forkjøla (og dermed tunghøyrt) Signhild. Skal ein samanlikne dei med nokon i Noreg (ei samanlikning som uansett blir litt søkt), blir dei som høvesvis Bjørn Eidsvåg (DM) og Gatas Parlament møter Hopalong Knut (DK).

Brått slo det meg at desse to banda har ein ganske annan fellesnemner enn det at dei begge syng på bosnisk. Dei er nemlig politiske i sine tekster og i sitt virke, og begge jobber dei aktivt for eit samla land på tvers av etniske og religiøse skiljeliner. Nå skal eg på ingen måte påstå at dette er ein like viktig misjon hos begge - for hos Dubioza er poltikken i ryggmargen. For Dubioza er det fundamentalt å "provosere fram" politikk hos den som høyrer på - for det verste som kan skje, er at folk er likegyldige. Det betyr ein kritikk mot systemet når det ikkje fungerer, og ein kritikk mot politikarar som ikkje gjer jobben sin når dei ikkje gjer det. Dei nekter å tone partipolitisk flagg, sjølv om politikken ligg som base i det dei gjer. Det er viktig, for som Ajdin Husic så fint sa det til Balkan Insight: “They give hope that in time, a force will arise that is able to change things for the better.”

I valet i BiH i haust blei Dubioza tonangivande. Særleg på grunn av songen om Walter - ein superhelt som ikkje lenger er så super. Eg har blitt fortald at Walter var ein kjend figur i det tidlegare Jugoslavia, og at det kan ha medvirka til suksessen. Anti-superhelten slo såpass godt an at då røystene var tald opp, var posisjon blitt oposisjon - og valvinnaren brukte si takketale til å seie at "Walter vann til slutt".




Det fascinerer meg at vi i Noreg, som visstnok skal vere verdas beste land å bu i, manglar ei kobling mellom politikk og musikk. Rett nok har vi ein del visesongarar med tekstar som lett plasserer dei på høgre-venstre-aksa, nokon som rapper om kvardagsrasisme og somme trøndarar som toner flagg, men på eit gjennomgripande plan er det lite samfunnsdebatt å spore blant våre tekstsmedar. Og kanskje var det derfor denne vonleg komande kommunepolitikeren blei ganske godt nøgd då eg i stad oppdaga at det er laga ein eigen song mot Datalagringsdirektivet. Eg tviler på at den vil kunne flytte fjell, og tviler vel cirka like sterkt på at den vil vere starten på ei politisk bølge i norsk musikkliv, men det er jo lov å drøyme..


Gå til Urørt for å finne ut mer om låta og artisten


mandag, februar 14, 2011

Det vackraste...

Eg hadde eigentleg tenkt å la dagen i dag passere i det stille, alternativt ikkje fokusere på Valentine-delen av 14. februar. Ikkje fordi eg er bitter og sur over å vere singel, men fordi eg er generelt skeptisk til alle slike dagar som har som formål å "skaffe kortmakerne, blomsterhandlerne, konfektprodusentene og gullsmedene singling i kassen.", som Ingvill Dybfest Dahl så fint formulerte det.

Men så snubla eg over eit knippe dikt på bloggen til Tarald Stein. Og særleg dette totte eg var så fint at eg rett og slett måtte la vere å ignorere Valentine-delen av dagen i dag. Høyr berre:


Kvar gong vi møtest
omset du meg
til eit vakrare språk
Eg vil skrive med dine ord
dikt som pustar
med dine lunger
Bokstavar du kan kjærteikne
med tunga, sjå dei vekse
til versalar


I helga var eg på møte i Nordiska Centerungdomens Förbund i Göteborg. Der hang eg så mykje i lag med både svensker og finner at eg igrunnen enda opp med å snakke svensk til alle som ikkje var norske. Og inspirert av den finske innretninga på Alle Hjärtans dag - vennskapsfeiringa - kjende eg for å komme med ei anbefaling på den finaste vennskapssongen eg veit. Odd Nordstogas versjon av Aslaug Vaas fantastiske dikt Guten og Folen.

Njuta, bara!

onsdag, februar 09, 2011

Songar som får deg til å fryse i solskinet

Tøyen t-banestasjon. Foto: Wikipedia Commons

Det finst songar som gir meg gåsehud berre eg tenkjer på dei, men det er få som har klart å få det til i like stor grad som søstrene Bøygard. Songen deira "Koma heim", som du kan lese om bakgrunnen til her og høyre på Spotify ved å trykke her, er noko av det sterkaste som er laga i norsk musikkhistorie. Teksten er sterk i seg sjølv, men toppes av den sarte røysta og gjer det heile til eit mesterverk, som altså speler i bakhovudet mitt stadig. Og særleg når eg er på eller passerer Tøyen t-banestasjon, av grunnar dei som har høyrt songen vil forstå.

Eg oppdaga søstrene ved ein tilfeldigheit for godt og vel eit år sidan. Ein eg kjenner var (er?) i overkant opphengt i Skigardsvise, og eg klarte ikkje å få melodien til å sitte, så eg foretok eit spotifysøk, og opp kom Bøygard. Øvst på lista over "mest spelte songar" kom altså "Koma heim", og sidan har eg vore solgt. For makan til vakkert, grusomt, sart og kraftfult på ein og same gong skal ein leite lenge etter...

torsdag, februar 03, 2011

Litt meir Sarajevo

Eg har lova på tru og ære å komme "tilbake" med ein oppfølgingsartikkel frå Sarajevo. Men noko i meg får det liksom ikkje heilt til. Noko av grunnen er at inntrykka ikkje alltid er lette å fordøye. Ragnhild har gjort ganske godt greie for dei.

Det er noko merkeleg med Bosnia og Hercegovina. Landet har ein slags magisk effekt på meg som eg aldri heilt vil bli i stand til å sette ord på. Kanskje er det kombinasjonen av historie (både den nære og den fjerne) og alle teikna på at det har vore krig i nær fortid. Kanskje er det det at landet er eit bevis på at verda går vidare, sakte, men sikkert.

Sist eg var i Sarajevo, var det seinhaustes og bikkjekaldt. Vi gjekk rundt i gamlebyen seint på kvelden og prøvde å forstå korleis landet hang saman, og var heilt forstøkte over kor tydeleg krigens herjinger med byen var. Vi kom dit etter ei halv veke i Mostar, der vi kvar dag hadde gått langsmed der frontlinene gjekk under krigen, så frå vårt perspektiv var Sarajevo mykje mindre prega av krigen enn vi såg at Mostar var. Men Sarajevo gjorde likevel eit sterkt inntrykk på meg den gongen, sjølv dekt i tjukk tåke. Ikkje minst var det utbomba gamle nasjonalbiblioteket, og tanken på alle dei eldgamle bøkene som gjekk opp i røyk det som brant seg fast. Ved å utslette nasjonalbiblioteket, klarte ein også å slette ei gigantisk kjelde til kunnskap og til kjennskap om eigen kultur. Det var ikkje utan grunn at akkurat det bygget (som forøvrig ikkje var noko praktbygg) blei så symboltungt at det blei forsøkt jamna med jorda.

I dag er nasjonalbiblioteket under gjenoppbygging. Ingen veit riktignok kva ein skal bruke bygget til, for det er ikkje så praktisk til oppbevaring av bøker, og dei gamle bøkene som låg der får ein ikkje tilbake. Ikkje er bygget ei arkitektonisk perle heller, sjølv om blandinga av ulike stilartar gjer det eit visst særpreg. Men bygget reiser seg, og med det vonleg også ei slags kjensle av at ein kan legge fortida bak seg.

Eller, kan ein det? Det som har brent seg aller klarast inn i minnet mitt frå denne turen, er denne svenske taggen som stod på ein vegg like ved hotellet vårt, og som eg lar tale for seg. Ein skal ikkje alltid legge alt bak seg:

Ein av Eirik'ane som var med på turen gjer i Ny Tid greie for stoda for homofile i BiH - ei stode som ikkje akkurat har betra seg sidan krigen. Ser ein på lovgjevnaden aleine, har landet vore gjennom store framskritt. Problemet er at lovgjevnaden ikkje er ein god indikator på så mykje anna enn internasjonalt press på dette området. Og enda har eg ikkje drista meg til å skrive om lovgjevnadene generelt, og grunnloven - eller var det grunnlovene? - spesielt. Men det får bli ein annan dag. Eg blir jo som kjend ikkje ferdig med BiH med det første


Og skulle du nå lure på korleis det ser ut i fagre Sarajevo, kan du jo ta ein titt på denne. (Og blir det for mykje Balkanmusikk, er det lov å skru av lyden...)

Noregsveldets attendekomst?

Eg sit på Kastrup og venter på vidare forbinding til Oslo. Eg har plassert med på «ein random stad», og Norwegian sende meg melding om at eg var velkommen ombord «og her er billetten din» lenge etter at eg hadde henta ut boardingpasset. Gratulerer med den. Men det aller morsomste er strengt tatt det å sitte her og høyre på alle fly det ropes opp til.


Eg klarer ikkje heilt å vende meg til «Norwegians rute DYXXX til Aalborg» og «Norwegians rute DYXXX til Stockholm Arlanda» - frå Kastrup.


Men så er vi jo i det min kamerat MNO kallar «Norges evige hovudstad». Vi er kanskje bare i ferd med å reversere unionen – lenge, lenge etter at den blei oppløyst?

onsdag, februar 02, 2011

Konkurranseinstinktet slår (ikkje) til igjen

Eg byrja visst eit "nytt og betre liv" i januar. Ikkje som i massiv omveltning av livet mitt, men som i at eg har byrja å trene sånn ein gong innimellom. Og la deg nå ikkje lure av mi falske beskjedenheit, kjære leser. For "sånn ein gong innimellom" betyr ikkje nødvendigvis 1 gong kvar 4. veke. Dei siste to vekene har gjennomsnittet mitt ligge på 3 gonger i veka. Og frå å ligge på 0, føler eg det er nesten i overkant.

Og kvifor? Først og framst fordi eg kjenner at når eg deler tida mellom soving, vasing, masteroppgåve og organisasjonsverksemd, blei eg heilt nøytt til å sørge for å få satt kroppen i rørsle innimellom også - og litt meir enn berre i det eg går til og frå trikken på veg til eller frå Blindern. Eg vil sjølvsagt ikkje bli lei meg om eg får muskler og kondis også, men det er altså ikkje primært derfor. Enda eg veit om meir enn ei handfull som vil meine at det er eit enda betre argument for å begynne å trene. Men sorry mac, akkurat det funker ikkje som hovudmotivasjon for mitt vedkommande.

Så derfor er det dans mandag og tirsdag og symjing minst 1 dag i veka. Strengt tatt bør eg minst doble symjeverksemda, for min symjepartnar A har nemlig bestemt at vi skal ha klart å symje minst 10.000 meter innen 31. mars. Grunnen finn du her. Så langt ligg eg på 1.100. A på det dobbelte, eller deromkring. Etter at A i dag utbraut "eg trudde EG var treig til å svømme - så traff eg deg" begynner eg sjølvsagt å fundere på om målet er alt anna enn realistisk, men i neste nu kjem eg på at eg er 1/10 på veg. Me skal koma, um inkje saa braat, som salig Aasen sa det.

Og sidan A sin hovudmotivasjon ligg i konkurransen, og ho ligg påfallande mykje lenger framføre meg i å nå målet ho har sett for oss, fann eg ut at eg skulle iverksette ein intern konkurranse i bassenget i dag. Eg berre gløymte å fortelle ho om den. Eg bestemte meg for å klare å slå ho i første halvrunde i bassenget, altså første gonga vi svømte bassenget på langs. Og eg fekk det til. Deretter slo ho meg ned i støvleskafta, som venta. Men min spontankonkurranse medførte at hennar konkurranseinstinkt blei meir enn vekka, og før eg visste ordet av det, låg ho ikkje berre ein bassengrunde framføre meg, men to fram-og-tilbakerunder. Eg var trøysta til den gamle mannen ved siden av meg - eg var ungdommen som IKKJE svømte forbi han. Nokon må jo vere det også!

tirsdag, februar 01, 2011

Røter og klemmar

I dag har min tyrkisk-finske kompis Ömer bestemt at er dagen er ein bør klemme ein immigrant. Og dersom du er blant dei som treng gode unnskuldningar for å dele ut klemmar - nytt høvet. Treng du ikkje gode unnskuldningar - nytt høvet likevel.

Og sånn apropos migrasjon - i sommer gjekk mamma og meg tur, og vi stoppa for å prate med ein nabo. Samtalen gjekk inn på det fleirkulturelle samfunnet, og mamma sa at "Signhild si beste barndomsvenninne er frå Chile". Eg såg dumt på mamma og utbraut "kven då?!". To sekunder etterpå gjekk det opp for meg. Mamma og meg byrja le i kor, og nabokona lurte sikkert eit lite sekund på om vi var blitt gale.

Greia er nemlig at i mitt hovud er mi fantastiske barndomsvenninne K jo trass alt først og framst er K. Og K har eg kjend sidan vi var 4. Og sidan vi har vokse opp i ein av desse bydelane som var såpass ny at ingen innbyggarar hadde budd der i ein heil generasjon, hadde vi alle røtene våre ein annan stad. Vi var alle stolte av dei røtene vi hadde, og alle var samde om at desse røtene var lite mykje verd. Dermed blei spørsmålet om kven som var norske og ikkje uviktig - for vi var jo alle frå Hånes, men også frå ein annan stad. Du verden for eit privilegium!

Men klemmar, dei skal ho få. I tusenfold.


mandag, januar 31, 2011

Og DER var valkampen igang (for min del, i alle fall)


Lokalavisens nettutgave er alltid kjekk på morgonkvisten. Og i dag er den ekstra kjekk - for i dag presenterte Farsunds Avis Farsund Venstre si liste til kommunestyrevalet. Dei stiller med 12 av 16 kvinner på listene, og sjølv om eg strengt tatt meiner at 40% av kvart kjønn alltid er ønskeleg, klarer eg ikkje å fri meg frå at eg faktisk tykkjer det er litt kult at det går den vegen av og til.

Men det som gjorde susen i dag, var å lese lista og oppdage at mi kjære tante har funne vegen inn på lista. Overraska er eg ikkje, igrunnen, men eg registrerer at tida der "ingen skal få vite mitt politiske standpunkt" åpenbart er over for hennar del. Og brått kjende eg at NÅ er valkampen igang. I første omgang kampen om røystene i den Stave'ske storfamilie. (Dersom onkel og fetter på den andre sida atter ei gong dukker opp på kommunestyrelistene for kvar sine parti med noko blåare farge, kan det bli særs interessante familiediskusjonar framover. Eg gler meg!)

Og sidan eg først var igang med lokalvalet, tykkjer eg det er rasande festlig at der Venstre sier dei voner på 1 mandat, har Pensjonistpartiets rykande ferske lokallag - starta i går - annonsert at dei satser på inkje mindre enn 3 seter i kommunestyret frå hausten av. Til samanlikning tilsvarer det det talet på representantar som SP og SV har til saman i kommunen i dag. Ingen skal anklage dei for ikkje å vere visjonære, i alle fall. (Nå skal det seiast at dei nok ikkje hadde turt å gå ut med eit så ambisiøst mål om dei ikkje hadde hatt Petter Kjølleberg som ein sentral person, for er det nokon som lokalt har tillit i seniorspørsmål, er det igrunnen han.

Enn så lenge venter eg sjølvsagt på at lista til Farsund Senterparti skal bli klar. Min høgst private ambisjon er at vi skal doble talet på representantar, og eg gler meg faktisk som eit lite barn til å finne ut av kven eg skal kjempe for å få inn! (Og for den som måtte tru at dette er eit slags skjult "eg skal høgt oppe, men det er foreløpig hemmelig"-budskap, tek de skammeleg feil. Eg aner ikkje om eg er ønska på lista i det heile. Men det er for min del ikkje så viktig om/kor eg havner på lista - det som er vesentleg, er at partiet får inn bra folk!)

Eg kjenner valkampgleda bobler i meg akkurat nå, og håper bare eg ikkje bruker opp alt på å glede meg nåm for trass alt er det først i om ein sju-åtte månaders tid at eg virkelig treng det.

søndag, januar 30, 2011

Når eit ord seier meir enn tusen tegninger

Magdi i Karpe Diem har skrive ein av dei viktigaste tekstane i 2010, i alle fall sett frå denne religionsstudinas synspunkt. Teksten til Tusen Tegninger gir eit viktig blikk på korleis det oppleves å vere ung og religiøs i eit samfunn der religion generelt (og islam spesielt) møtes med skepsis. Som Magdi sa til VG: det må vere mogleg å vere å vere ung og religiøs utan å bli kalla for gæærn.

Og hvis det får oss til å gjøre gode ting, så hva synes du om å la meg tro på Gud og sånn?

I dag slapp dei og videoen til songen - ein nydeleg video med klipp frå ulike gudshus i Osloregionen. Målet er å vise korleis den religiøse praksisen ser ut - og kor lik den faktisk kan vere. Sjølv eg om eg liker å tru eg har eit "trent auge" kan ikkje nødvendigvis klare å plassere alle klipp inn i riktig kongresjon. Noko som igrunnen fekk meg til å like denne enda betre. Nyt.


Oppdatering: Magdi seier på Karpe sin blogg at"Jeg er først og fremst veldig mye annet, men jeg er også religiøs. Det er ikke den jeg er, men det er en del av det jeg er. Selv om jeg tar utgangspunkt i meg selv som muslim og mine erfaringer i teksten, handler "Tusen tegninger" om noe som er mye større enn meg. Den handler om å akseptere at noen tror, uansett hva de tror på. Den handler om det positive ved tro, uansett hva du tror på. Og den handler om hvor like vi er, uansett hva vi tror på."

Då duoen gjesta NRK i mai 2010 snakka dei òg om låta. I nettsaka til Lydverket siteres Chirag: " ”Tusen tegninger” er en av, om ikke den, viktigste norske raplåta som er gitt ut noensinne. Ingen andre enn han kunne skrevet den, og den sier akkurat det som trenger å bli sagt om det å være ung og religiøs i dagens Norge.. "

torsdag, januar 27, 2011

Antihjelpa


Eg sit og prøver å trøkke ned 20 sider om nasjonalisme i Europa, på Balkan generelt og albansk nasjonalisme spesielt. I eit innfall i går fann eg ut at når eg skulle gjere så, fekk eg sørge for å dra med meg ei optimal inspirasjonskjeldeleskedrikk: Cockta. Personleg medbrakt frå BiH førre helg. Men eg skulle tenkt meg om. For kva er Cockta? Jo, ein brus som er funne opp under Jugoslaviatida for å kunne fungere som ein slags "Jugoslavisk cola". Ser ein stort på det, kan ein seie at Cockta var eit lim i Jugoslavrepublikken. Ser ein enda større på det, kan ein seie at formålet med Cockta, og andre ting funne opp for å fungere som lim i landet, strengt tatt skulle virke på tvers av, og motvirke, nasjonalismen. Er det rart inspirasjonen min svinn som sand gjennom fingrene?

I det minste er det alltid godt å ha noko(n) å skulde på!

onsdag, januar 26, 2011

"gode tips til nettstalkere"??

"gode tips til nettstalkere". Det er altså det einkvan har tasta inn i google, for så å bli henvist til min blogg. For kva skjer om ein googler nettopp det? Prøv sjølv, då vel! Men drit i å nettstalke nokon etterpå. Den einaste som eigentleg får gode tips på den fronten frå meg, er han fyren som bør sjekke settingane sine litt nøyare. Det har han forvørig ikkje gjort. Eg har nemlig sjekka. Men eg melde ikkje frå. Så eg har kanskje stalka på nytt?

Forøvrig er eg veldig nøgd med at nokon tydelegvis har funne meg via "gode sitat russekort". Særleg sidan eg ikkje oppgav kva det stod på russekorta...

tirsdag, januar 25, 2011

Queer as folk? (eller sjølvinnsikt via google)

Eirik la ut eit bilete av meg på face som var på skeiva, eller rettere, det var liggande. Eg totte det var eit artig bilete, og fann ut eg skulle prøve å snu det. Etter å ha sett det ståande, kom eg til at det faktisk var eit betre bilete liggande enn ståande, og eg skulle snu det tilbake. Men då klarte eg sjølvsagt å snu det feil veg - slik at det blei på hovudet i staden for ståande. Og då var det face fann ut at dei skulle fjerne "vri biletet-funksjonen", så det blei ståande fast på hovudet.




Vel, eg fann ut at ein passande bilettekst ville vere "Eg snudde biletet og fann ut at eg passer aller best på skeiva". I eit innfall av prokastinering og nerding fann eg så ut at eg skulle google translate'e biletteksten min. Og takk vere google translate fekk eg ei sjølvinnsikt som på sett og vis snudde opp ned på mi sjølvoppfatting. For kva meiner google at eg har sagt? Jo: "I turned the picture and found out that I fit best in queer." Når det er ting du ikkje visste om deg sjølv, hender det at google translate har svaret. Men eg liker det, at eg "fit best in queer". Om eg enn er litt usikker på kva det eigentleg tyder.

Og ikkje nok med at eg altså har fått stadfesta at eg passer aller best "in queer", så har eg nå funne meg sjølv på eit heilt anna vis også. Eg fortsatte nemlig i biletteksten med å seie ".... eller kva vei det nå måtte vere at eg befant meg". Og er det altså at google rett og slett har løyst problema for meg: "..or whatever way it is now had to be that I found myself".

Eg har altså funne meg sjølv. Takk, google. Eg mangler berre å finne ut i kva veg. Eg kan berre anta at den går på skrå.

mandag, januar 24, 2011

Takk, Dagfinn!



Eg er sånn på det jamne ingen stor fan av Dagfinn Høybråten, men fordi eg akkurat har pakka ut kofferten min, kjende eg det var på tide med ein hyllest til den nå avtroppande KrF-leiaren. Etter 72 timar i BiH har eg knapt eit einaste plagg som ikkje må ein kombinert tur i vaskemaskin og til lufting i baktrappa før eg kan vurdere å tre dei på meg att.

Og kvifor det? Jo, fordi helga er tilbrakt i eit land utan røykelov. Konsekvens: alle restauranter, alle utestader, alle klubber og så vidare og så vidare ender opp som tåkefylte lokaler der ein strengt tatt ikkje treng å røyke sjølv for å bli nikotinavhengig... (Så er utfordringa sjølvsagt at svake sjeler tek opp festrøykingsuvanen ein strengt tatt hadde lagt bak seg, bare fordi nesten alle andre rundt ein gjer det..).

Min nyvunne KrFU-venn skreiv på facebook i går at "Syns KrF bør låne ut Dagfinn Høybråten til Bosnia slik at han kan innføre røykelov!". Og det er det igrunnen vanskeleg å vere usamd med han i.

Men eg har ein mistanke om at det blir enda vanskelegare å innføre ein røykelov i BiH enn det var i Noreg, rett og slett fordi det i enda større grad der enn her vil kreve politikarar som tåler å innføre lover stikk i strid med opinionen og som tåler å bli hata for det.

Eg har ein teori om at det ville vore få andre enn nettopp Dagfinn som kunne turt å innføre røykeloven. Han hadde nemlig veldig lite å tape på det: partiet hans var meir eller mindre på grunnfjellet, han var "avskrive" av den gemene hop som "mørkemann" og han var kjent som den som aldri rørte alkohol og la seg lenge før festen kom skikkelig i gang. Med andre ord: ein festbrems. (I den grad ein festbrems kan bremse ein fest han aldri tar del i..) I tillegg var han sjølvsagt allereie kjend som ein konservativ og rigid indremisjonsmann frå eit vestlandsdominert parti, så om noko så "tullete" skulle komme frå nokon politiker, måtte det komme frå nettopp han - som framstod som inkarnasjonen av alt det ein ikkje forbinder med urbane partifixere. Og nettopp fordi han kunne gøyme seg bak ein-mørkemann-som-står-for-alt-du-tykkjer-er-teit-maska si, hadde han rygg til å bere all tynet han fekk. Og så visste han sikkert i sitt stille sinn at ein dag ville alt bli snudd opp ned. Ein dag ville han ikkje lenger vere eit hatobjekt, men bli bejubla. Og kanskje var det nettopp derfor det i så stor grad blei køyrt fram som Høybråtens verk og Høybråtens lov, og underkommunisert både stortingsfleirtal og regjeringsutarbeiding.

Så gjekk det som det måtte gå. Lova blei innført 1. juni 2004, mens dei aller fleste røykarane uansett koste seg med utepilsen. Med unnatak av nokre stadbeist i Bergen som på byens brune kneipe lova at dei aldri i verden skulle la seg diktere av ein mørkemann frå hovudstaden, totte folk det var ganske greitt. Det var jo ein varm sommar, og ein ville jo gjerne vere ute uansett. Så kom hausten, og folk var blitt så vande med at røyking skulle gå føre seg ute at til og med dei kneipehengane bergensarane aksepterte å stå hutrande på utsida av lokale når snøstormen blas rundt øyrene deira i desember.

I byrjinga totte vi det var rart. Eg sakna innerøykinga hausten 2004, ikkje fordi eg sakna røykinga, men fordi det i det minste var slik at ein ikkje kjende andre lukter enn sigarettrøyken. Nå kunne ein plutseleg lukte sveitte, gamalt øl og antydning til urin på diskoteka. I dag, etter 5,5 år med røykelov, klarer eg ikkje lenger identifisere dei ulike luktene på same måte. Nå lukter utestadene varmt, klamt og kanskje litt øl-ete, men først og framst lukter dei "utestad" der dei før lukta "røyk".

Men i dag: AI LÅVV IT! Og eg merker ikkje så mykje til kor mykje eg digger røykelova før eg altså pakker ut kofferten min etter berre nokre dagar i eit land utan røykelov. Men det er lite anna å seie enn takk, Dagfinn. For at du var tøff nok til ikkje å gi deg!

lørdag, januar 22, 2011

Sarajevo dag 3

Akkurat nå sit eg på hotellrommet og har ein "beinstrekk" mellom middag og avslutningsfest - som strengt tatt eigentleg ikkje er vår avslutningsfest, men 10-årsjubileet til organisasjonen UG Zašto ne, som er organisasjonen som står bak dei tre tiltaka eg har tenkt å vie denne bloggposten til: rett og slett tre tiltak som gjer det enklare for folk å orientere seg i valkampen.

Tenk deg eit land der partiet som fekk 1/4 av røystene ikkje går til val på eit partiprogram, men der det du har å forholde deg til er ansiktet på sentrale folk i partiet. Eit land der det er 71 parti eller "valeinheiter" (inkludert uavhengige kandidatar) å velge blant. Eit land der regjeringa ikkje har for vane å dannes på bakgrunn av politiske likskaper, men ei blanding av etnisk samansetting, gamal vane og andre grunner ingen heilt kjenner - og der denne regjeringa ikkje lagar ei regjeringsplattform. Vel, landet kan t.d vere Bosnia-Hercegovina.

UG Zasto ne valde å køyre ein større kampanje før valet, der hovudformålet var å sikre at folk fekk INFORMASJON om dei ulike partia før dei gjekk til urnene. Gjennom nettbasert informasjon, folkemøter, konserter og mykje meir var dei aktive i forkant av valet, med eit einaste formål: å få folk til å røyste. Og, til folks store overrasking, var dette noko dei gjorde UTAN å samstundes oppmode til å røyste på eit bestemt parti.

I Noreg gjorde organisasjonen Stecak ein formidabel innsats for å få BiH-statsborgarar til å bruke sin røysterett, i nært samarbeid med Zasto ne sin "sentrale kampanje"
Razglasaj, som kan oversettast med noko i nærleiken av "Rock the vote", er ein slags bosnisk versjon av det amerikanske konseptet. Den gir ein grunnleggande presentasjon av dei ulike partia, kva dei står for, kven som er kandidater og så vidare. Med meir enn 8.000 kandidatar, er det med andre ord litt av ein database. Det som er særleg interessant her, er at dette er den første tenesten nokon sinne i BiH der ein kan søke opp både kven som er kandidat i sin kommune, kva lister dei ulike står på og i det heile tatt.


Det andre tiltaket dei iverksette i kampanjen var Glasometar, som rett og slett er ein slags valgomat. Her skulle ein svare på 48 spørsmål om politiske meiningar, og såleis finne ut kva parti ein var mest samd med. Med totalt 71 parti eller politiske einingar som stilte til val, seier det seg sjølv at ikkje alle kom ut som alternativ, men godt over 20 parti var med blant dei ein kunne bli målt i forhold til, og ein fekk og forklaring på kvifor ein "matcha" bra eller dårleg med samtlege av dei vallistene som var med i testen. Testen var utarbeida som påstandar ein kunne svare at ein var "Særs samd", "noko samd", "noko usamd" og "særs usamd" i, og det var dei ulike partia sjølv som hadde plassert seg på skalaen.

Ei utfordring med valgomaten, er at det var fleire tilfelle av at partia nok må kunne seies å ha plassert seg "taktisk" på skalaen. I somme av sakene veit ein at dei meiner og røyster for det stikk motsette av det dei gav uttrykk for i valgomatplasseringa. Når dei så valde å lyge i valgomatsvaret, skuldes det primært at deira meining er i motsetnad til folkeopinionen. Det kunne ein ikkje bøte for i valgomaten - men ein hadde eit tredje instrument som kunne nettopp det...

Det tredje tiltaket er kalla Istinomjer, eller eit "sanningsmeter" på norsk. Her var alle regjeringspartia sine tiltak vurdert ut frå korvidt dei hadde gjort noko for å få det gjennomført, og korvidt dei hadde lykkes. I tillegg heldt ein kontroll med korvidt politikarane valde å vere konsekvente i sine uttalar. Sanningsmeteret blei lansert seint i valkampen, og blei ganske problematisk for fleire av dei politikarane som har trives med eit system der ingen sjekker om dei følger opp eller om dei t.d. vender kappa etter vinden. Det er vel ikkje til å komme utenom at Sanningsmeteret var hata av politikarane og elska av journalistar - særleg fordi analysen som låg forut for dette var gjort så objektiv som råd. Genialt!

Men nå må eg springe, for eg skal virkelig FEIRE ein organisasjon som, så langt eg kan forstå, har gjort særdeles mykje for å, som det heiter på Eurolangvisk: "promote Citizenship". Eg er svært for!