mandag, februar 14, 2011

Det vackraste...

Eg hadde eigentleg tenkt å la dagen i dag passere i det stille, alternativt ikkje fokusere på Valentine-delen av 14. februar. Ikkje fordi eg er bitter og sur over å vere singel, men fordi eg er generelt skeptisk til alle slike dagar som har som formål å "skaffe kortmakerne, blomsterhandlerne, konfektprodusentene og gullsmedene singling i kassen.", som Ingvill Dybfest Dahl så fint formulerte det.

Men så snubla eg over eit knippe dikt på bloggen til Tarald Stein. Og særleg dette totte eg var så fint at eg rett og slett måtte la vere å ignorere Valentine-delen av dagen i dag. Høyr berre:


Kvar gong vi møtest
omset du meg
til eit vakrare språk
Eg vil skrive med dine ord
dikt som pustar
med dine lunger
Bokstavar du kan kjærteikne
med tunga, sjå dei vekse
til versalar


I helga var eg på møte i Nordiska Centerungdomens Förbund i Göteborg. Der hang eg så mykje i lag med både svensker og finner at eg igrunnen enda opp med å snakke svensk til alle som ikkje var norske. Og inspirert av den finske innretninga på Alle Hjärtans dag - vennskapsfeiringa - kjende eg for å komme med ei anbefaling på den finaste vennskapssongen eg veit. Odd Nordstogas versjon av Aslaug Vaas fantastiske dikt Guten og Folen.

Njuta, bara!

onsdag, februar 09, 2011

Songar som får deg til å fryse i solskinet

Tøyen t-banestasjon. Foto: Wikipedia Commons

Det finst songar som gir meg gåsehud berre eg tenkjer på dei, men det er få som har klart å få det til i like stor grad som søstrene Bøygard. Songen deira "Koma heim", som du kan lese om bakgrunnen til her og høyre på Spotify ved å trykke her, er noko av det sterkaste som er laga i norsk musikkhistorie. Teksten er sterk i seg sjølv, men toppes av den sarte røysta og gjer det heile til eit mesterverk, som altså speler i bakhovudet mitt stadig. Og særleg når eg er på eller passerer Tøyen t-banestasjon, av grunnar dei som har høyrt songen vil forstå.

Eg oppdaga søstrene ved ein tilfeldigheit for godt og vel eit år sidan. Ein eg kjenner var (er?) i overkant opphengt i Skigardsvise, og eg klarte ikkje å få melodien til å sitte, så eg foretok eit spotifysøk, og opp kom Bøygard. Øvst på lista over "mest spelte songar" kom altså "Koma heim", og sidan har eg vore solgt. For makan til vakkert, grusomt, sart og kraftfult på ein og same gong skal ein leite lenge etter...

torsdag, februar 03, 2011

Litt meir Sarajevo

Eg har lova på tru og ære å komme "tilbake" med ein oppfølgingsartikkel frå Sarajevo. Men noko i meg får det liksom ikkje heilt til. Noko av grunnen er at inntrykka ikkje alltid er lette å fordøye. Ragnhild har gjort ganske godt greie for dei.

Det er noko merkeleg med Bosnia og Hercegovina. Landet har ein slags magisk effekt på meg som eg aldri heilt vil bli i stand til å sette ord på. Kanskje er det kombinasjonen av historie (både den nære og den fjerne) og alle teikna på at det har vore krig i nær fortid. Kanskje er det det at landet er eit bevis på at verda går vidare, sakte, men sikkert.

Sist eg var i Sarajevo, var det seinhaustes og bikkjekaldt. Vi gjekk rundt i gamlebyen seint på kvelden og prøvde å forstå korleis landet hang saman, og var heilt forstøkte over kor tydeleg krigens herjinger med byen var. Vi kom dit etter ei halv veke i Mostar, der vi kvar dag hadde gått langsmed der frontlinene gjekk under krigen, så frå vårt perspektiv var Sarajevo mykje mindre prega av krigen enn vi såg at Mostar var. Men Sarajevo gjorde likevel eit sterkt inntrykk på meg den gongen, sjølv dekt i tjukk tåke. Ikkje minst var det utbomba gamle nasjonalbiblioteket, og tanken på alle dei eldgamle bøkene som gjekk opp i røyk det som brant seg fast. Ved å utslette nasjonalbiblioteket, klarte ein også å slette ei gigantisk kjelde til kunnskap og til kjennskap om eigen kultur. Det var ikkje utan grunn at akkurat det bygget (som forøvrig ikkje var noko praktbygg) blei så symboltungt at det blei forsøkt jamna med jorda.

I dag er nasjonalbiblioteket under gjenoppbygging. Ingen veit riktignok kva ein skal bruke bygget til, for det er ikkje så praktisk til oppbevaring av bøker, og dei gamle bøkene som låg der får ein ikkje tilbake. Ikkje er bygget ei arkitektonisk perle heller, sjølv om blandinga av ulike stilartar gjer det eit visst særpreg. Men bygget reiser seg, og med det vonleg også ei slags kjensle av at ein kan legge fortida bak seg.

Eller, kan ein det? Det som har brent seg aller klarast inn i minnet mitt frå denne turen, er denne svenske taggen som stod på ein vegg like ved hotellet vårt, og som eg lar tale for seg. Ein skal ikkje alltid legge alt bak seg:

Ein av Eirik'ane som var med på turen gjer i Ny Tid greie for stoda for homofile i BiH - ei stode som ikkje akkurat har betra seg sidan krigen. Ser ein på lovgjevnaden aleine, har landet vore gjennom store framskritt. Problemet er at lovgjevnaden ikkje er ein god indikator på så mykje anna enn internasjonalt press på dette området. Og enda har eg ikkje drista meg til å skrive om lovgjevnadene generelt, og grunnloven - eller var det grunnlovene? - spesielt. Men det får bli ein annan dag. Eg blir jo som kjend ikkje ferdig med BiH med det første


Og skulle du nå lure på korleis det ser ut i fagre Sarajevo, kan du jo ta ein titt på denne. (Og blir det for mykje Balkanmusikk, er det lov å skru av lyden...)

Noregsveldets attendekomst?

Eg sit på Kastrup og venter på vidare forbinding til Oslo. Eg har plassert med på «ein random stad», og Norwegian sende meg melding om at eg var velkommen ombord «og her er billetten din» lenge etter at eg hadde henta ut boardingpasset. Gratulerer med den. Men det aller morsomste er strengt tatt det å sitte her og høyre på alle fly det ropes opp til.


Eg klarer ikkje heilt å vende meg til «Norwegians rute DYXXX til Aalborg» og «Norwegians rute DYXXX til Stockholm Arlanda» - frå Kastrup.


Men så er vi jo i det min kamerat MNO kallar «Norges evige hovudstad». Vi er kanskje bare i ferd med å reversere unionen – lenge, lenge etter at den blei oppløyst?

onsdag, februar 02, 2011

Konkurranseinstinktet slår (ikkje) til igjen

Eg byrja visst eit "nytt og betre liv" i januar. Ikkje som i massiv omveltning av livet mitt, men som i at eg har byrja å trene sånn ein gong innimellom. Og la deg nå ikkje lure av mi falske beskjedenheit, kjære leser. For "sånn ein gong innimellom" betyr ikkje nødvendigvis 1 gong kvar 4. veke. Dei siste to vekene har gjennomsnittet mitt ligge på 3 gonger i veka. Og frå å ligge på 0, føler eg det er nesten i overkant.

Og kvifor? Først og framst fordi eg kjenner at når eg deler tida mellom soving, vasing, masteroppgåve og organisasjonsverksemd, blei eg heilt nøytt til å sørge for å få satt kroppen i rørsle innimellom også - og litt meir enn berre i det eg går til og frå trikken på veg til eller frå Blindern. Eg vil sjølvsagt ikkje bli lei meg om eg får muskler og kondis også, men det er altså ikkje primært derfor. Enda eg veit om meir enn ei handfull som vil meine at det er eit enda betre argument for å begynne å trene. Men sorry mac, akkurat det funker ikkje som hovudmotivasjon for mitt vedkommande.

Så derfor er det dans mandag og tirsdag og symjing minst 1 dag i veka. Strengt tatt bør eg minst doble symjeverksemda, for min symjepartnar A har nemlig bestemt at vi skal ha klart å symje minst 10.000 meter innen 31. mars. Grunnen finn du her. Så langt ligg eg på 1.100. A på det dobbelte, eller deromkring. Etter at A i dag utbraut "eg trudde EG var treig til å svømme - så traff eg deg" begynner eg sjølvsagt å fundere på om målet er alt anna enn realistisk, men i neste nu kjem eg på at eg er 1/10 på veg. Me skal koma, um inkje saa braat, som salig Aasen sa det.

Og sidan A sin hovudmotivasjon ligg i konkurransen, og ho ligg påfallande mykje lenger framføre meg i å nå målet ho har sett for oss, fann eg ut at eg skulle iverksette ein intern konkurranse i bassenget i dag. Eg berre gløymte å fortelle ho om den. Eg bestemte meg for å klare å slå ho i første halvrunde i bassenget, altså første gonga vi svømte bassenget på langs. Og eg fekk det til. Deretter slo ho meg ned i støvleskafta, som venta. Men min spontankonkurranse medførte at hennar konkurranseinstinkt blei meir enn vekka, og før eg visste ordet av det, låg ho ikkje berre ein bassengrunde framføre meg, men to fram-og-tilbakerunder. Eg var trøysta til den gamle mannen ved siden av meg - eg var ungdommen som IKKJE svømte forbi han. Nokon må jo vere det også!

tirsdag, februar 01, 2011

Røter og klemmar

I dag har min tyrkisk-finske kompis Ömer bestemt at er dagen er ein bør klemme ein immigrant. Og dersom du er blant dei som treng gode unnskuldningar for å dele ut klemmar - nytt høvet. Treng du ikkje gode unnskuldningar - nytt høvet likevel.

Og sånn apropos migrasjon - i sommer gjekk mamma og meg tur, og vi stoppa for å prate med ein nabo. Samtalen gjekk inn på det fleirkulturelle samfunnet, og mamma sa at "Signhild si beste barndomsvenninne er frå Chile". Eg såg dumt på mamma og utbraut "kven då?!". To sekunder etterpå gjekk det opp for meg. Mamma og meg byrja le i kor, og nabokona lurte sikkert eit lite sekund på om vi var blitt gale.

Greia er nemlig at i mitt hovud er mi fantastiske barndomsvenninne K jo trass alt først og framst er K. Og K har eg kjend sidan vi var 4. Og sidan vi har vokse opp i ein av desse bydelane som var såpass ny at ingen innbyggarar hadde budd der i ein heil generasjon, hadde vi alle røtene våre ein annan stad. Vi var alle stolte av dei røtene vi hadde, og alle var samde om at desse røtene var lite mykje verd. Dermed blei spørsmålet om kven som var norske og ikkje uviktig - for vi var jo alle frå Hånes, men også frå ein annan stad. Du verden for eit privilegium!

Men klemmar, dei skal ho få. I tusenfold.


mandag, januar 31, 2011

Og DER var valkampen igang (for min del, i alle fall)


Lokalavisens nettutgave er alltid kjekk på morgonkvisten. Og i dag er den ekstra kjekk - for i dag presenterte Farsunds Avis Farsund Venstre si liste til kommunestyrevalet. Dei stiller med 12 av 16 kvinner på listene, og sjølv om eg strengt tatt meiner at 40% av kvart kjønn alltid er ønskeleg, klarer eg ikkje å fri meg frå at eg faktisk tykkjer det er litt kult at det går den vegen av og til.

Men det som gjorde susen i dag, var å lese lista og oppdage at mi kjære tante har funne vegen inn på lista. Overraska er eg ikkje, igrunnen, men eg registrerer at tida der "ingen skal få vite mitt politiske standpunkt" åpenbart er over for hennar del. Og brått kjende eg at NÅ er valkampen igang. I første omgang kampen om røystene i den Stave'ske storfamilie. (Dersom onkel og fetter på den andre sida atter ei gong dukker opp på kommunestyrelistene for kvar sine parti med noko blåare farge, kan det bli særs interessante familiediskusjonar framover. Eg gler meg!)

Og sidan eg først var igang med lokalvalet, tykkjer eg det er rasande festlig at der Venstre sier dei voner på 1 mandat, har Pensjonistpartiets rykande ferske lokallag - starta i går - annonsert at dei satser på inkje mindre enn 3 seter i kommunestyret frå hausten av. Til samanlikning tilsvarer det det talet på representantar som SP og SV har til saman i kommunen i dag. Ingen skal anklage dei for ikkje å vere visjonære, i alle fall. (Nå skal det seiast at dei nok ikkje hadde turt å gå ut med eit så ambisiøst mål om dei ikkje hadde hatt Petter Kjølleberg som ein sentral person, for er det nokon som lokalt har tillit i seniorspørsmål, er det igrunnen han.

Enn så lenge venter eg sjølvsagt på at lista til Farsund Senterparti skal bli klar. Min høgst private ambisjon er at vi skal doble talet på representantar, og eg gler meg faktisk som eit lite barn til å finne ut av kven eg skal kjempe for å få inn! (Og for den som måtte tru at dette er eit slags skjult "eg skal høgt oppe, men det er foreløpig hemmelig"-budskap, tek de skammeleg feil. Eg aner ikkje om eg er ønska på lista i det heile. Men det er for min del ikkje så viktig om/kor eg havner på lista - det som er vesentleg, er at partiet får inn bra folk!)

Eg kjenner valkampgleda bobler i meg akkurat nå, og håper bare eg ikkje bruker opp alt på å glede meg nåm for trass alt er det først i om ein sju-åtte månaders tid at eg virkelig treng det.

søndag, januar 30, 2011

Når eit ord seier meir enn tusen tegninger

Magdi i Karpe Diem har skrive ein av dei viktigaste tekstane i 2010, i alle fall sett frå denne religionsstudinas synspunkt. Teksten til Tusen Tegninger gir eit viktig blikk på korleis det oppleves å vere ung og religiøs i eit samfunn der religion generelt (og islam spesielt) møtes med skepsis. Som Magdi sa til VG: det må vere mogleg å vere å vere ung og religiøs utan å bli kalla for gæærn.

Og hvis det får oss til å gjøre gode ting, så hva synes du om å la meg tro på Gud og sånn?

I dag slapp dei og videoen til songen - ein nydeleg video med klipp frå ulike gudshus i Osloregionen. Målet er å vise korleis den religiøse praksisen ser ut - og kor lik den faktisk kan vere. Sjølv eg om eg liker å tru eg har eit "trent auge" kan ikkje nødvendigvis klare å plassere alle klipp inn i riktig kongresjon. Noko som igrunnen fekk meg til å like denne enda betre. Nyt.


Oppdatering: Magdi seier på Karpe sin blogg at"Jeg er først og fremst veldig mye annet, men jeg er også religiøs. Det er ikke den jeg er, men det er en del av det jeg er. Selv om jeg tar utgangspunkt i meg selv som muslim og mine erfaringer i teksten, handler "Tusen tegninger" om noe som er mye større enn meg. Den handler om å akseptere at noen tror, uansett hva de tror på. Den handler om det positive ved tro, uansett hva du tror på. Og den handler om hvor like vi er, uansett hva vi tror på."

Då duoen gjesta NRK i mai 2010 snakka dei òg om låta. I nettsaka til Lydverket siteres Chirag: " ”Tusen tegninger” er en av, om ikke den, viktigste norske raplåta som er gitt ut noensinne. Ingen andre enn han kunne skrevet den, og den sier akkurat det som trenger å bli sagt om det å være ung og religiøs i dagens Norge.. "

torsdag, januar 27, 2011

Antihjelpa


Eg sit og prøver å trøkke ned 20 sider om nasjonalisme i Europa, på Balkan generelt og albansk nasjonalisme spesielt. I eit innfall i går fann eg ut at når eg skulle gjere så, fekk eg sørge for å dra med meg ei optimal inspirasjonskjeldeleskedrikk: Cockta. Personleg medbrakt frå BiH førre helg. Men eg skulle tenkt meg om. For kva er Cockta? Jo, ein brus som er funne opp under Jugoslaviatida for å kunne fungere som ein slags "Jugoslavisk cola". Ser ein stort på det, kan ein seie at Cockta var eit lim i Jugoslavrepublikken. Ser ein enda større på det, kan ein seie at formålet med Cockta, og andre ting funne opp for å fungere som lim i landet, strengt tatt skulle virke på tvers av, og motvirke, nasjonalismen. Er det rart inspirasjonen min svinn som sand gjennom fingrene?

I det minste er det alltid godt å ha noko(n) å skulde på!

onsdag, januar 26, 2011

"gode tips til nettstalkere"??

"gode tips til nettstalkere". Det er altså det einkvan har tasta inn i google, for så å bli henvist til min blogg. For kva skjer om ein googler nettopp det? Prøv sjølv, då vel! Men drit i å nettstalke nokon etterpå. Den einaste som eigentleg får gode tips på den fronten frå meg, er han fyren som bør sjekke settingane sine litt nøyare. Det har han forvørig ikkje gjort. Eg har nemlig sjekka. Men eg melde ikkje frå. Så eg har kanskje stalka på nytt?

Forøvrig er eg veldig nøgd med at nokon tydelegvis har funne meg via "gode sitat russekort". Særleg sidan eg ikkje oppgav kva det stod på russekorta...

tirsdag, januar 25, 2011

Queer as folk? (eller sjølvinnsikt via google)

Eirik la ut eit bilete av meg på face som var på skeiva, eller rettere, det var liggande. Eg totte det var eit artig bilete, og fann ut eg skulle prøve å snu det. Etter å ha sett det ståande, kom eg til at det faktisk var eit betre bilete liggande enn ståande, og eg skulle snu det tilbake. Men då klarte eg sjølvsagt å snu det feil veg - slik at det blei på hovudet i staden for ståande. Og då var det face fann ut at dei skulle fjerne "vri biletet-funksjonen", så det blei ståande fast på hovudet.




Vel, eg fann ut at ein passande bilettekst ville vere "Eg snudde biletet og fann ut at eg passer aller best på skeiva". I eit innfall av prokastinering og nerding fann eg så ut at eg skulle google translate'e biletteksten min. Og takk vere google translate fekk eg ei sjølvinnsikt som på sett og vis snudde opp ned på mi sjølvoppfatting. For kva meiner google at eg har sagt? Jo: "I turned the picture and found out that I fit best in queer." Når det er ting du ikkje visste om deg sjølv, hender det at google translate har svaret. Men eg liker det, at eg "fit best in queer". Om eg enn er litt usikker på kva det eigentleg tyder.

Og ikkje nok med at eg altså har fått stadfesta at eg passer aller best "in queer", så har eg nå funne meg sjølv på eit heilt anna vis også. Eg fortsatte nemlig i biletteksten med å seie ".... eller kva vei det nå måtte vere at eg befant meg". Og er det altså at google rett og slett har løyst problema for meg: "..or whatever way it is now had to be that I found myself".

Eg har altså funne meg sjølv. Takk, google. Eg mangler berre å finne ut i kva veg. Eg kan berre anta at den går på skrå.

mandag, januar 24, 2011

Takk, Dagfinn!



Eg er sånn på det jamne ingen stor fan av Dagfinn Høybråten, men fordi eg akkurat har pakka ut kofferten min, kjende eg det var på tide med ein hyllest til den nå avtroppande KrF-leiaren. Etter 72 timar i BiH har eg knapt eit einaste plagg som ikkje må ein kombinert tur i vaskemaskin og til lufting i baktrappa før eg kan vurdere å tre dei på meg att.

Og kvifor det? Jo, fordi helga er tilbrakt i eit land utan røykelov. Konsekvens: alle restauranter, alle utestader, alle klubber og så vidare og så vidare ender opp som tåkefylte lokaler der ein strengt tatt ikkje treng å røyke sjølv for å bli nikotinavhengig... (Så er utfordringa sjølvsagt at svake sjeler tek opp festrøykingsuvanen ein strengt tatt hadde lagt bak seg, bare fordi nesten alle andre rundt ein gjer det..).

Min nyvunne KrFU-venn skreiv på facebook i går at "Syns KrF bør låne ut Dagfinn Høybråten til Bosnia slik at han kan innføre røykelov!". Og det er det igrunnen vanskeleg å vere usamd med han i.

Men eg har ein mistanke om at det blir enda vanskelegare å innføre ein røykelov i BiH enn det var i Noreg, rett og slett fordi det i enda større grad der enn her vil kreve politikarar som tåler å innføre lover stikk i strid med opinionen og som tåler å bli hata for det.

Eg har ein teori om at det ville vore få andre enn nettopp Dagfinn som kunne turt å innføre røykeloven. Han hadde nemlig veldig lite å tape på det: partiet hans var meir eller mindre på grunnfjellet, han var "avskrive" av den gemene hop som "mørkemann" og han var kjent som den som aldri rørte alkohol og la seg lenge før festen kom skikkelig i gang. Med andre ord: ein festbrems. (I den grad ein festbrems kan bremse ein fest han aldri tar del i..) I tillegg var han sjølvsagt allereie kjend som ein konservativ og rigid indremisjonsmann frå eit vestlandsdominert parti, så om noko så "tullete" skulle komme frå nokon politiker, måtte det komme frå nettopp han - som framstod som inkarnasjonen av alt det ein ikkje forbinder med urbane partifixere. Og nettopp fordi han kunne gøyme seg bak ein-mørkemann-som-står-for-alt-du-tykkjer-er-teit-maska si, hadde han rygg til å bere all tynet han fekk. Og så visste han sikkert i sitt stille sinn at ein dag ville alt bli snudd opp ned. Ein dag ville han ikkje lenger vere eit hatobjekt, men bli bejubla. Og kanskje var det nettopp derfor det i så stor grad blei køyrt fram som Høybråtens verk og Høybråtens lov, og underkommunisert både stortingsfleirtal og regjeringsutarbeiding.

Så gjekk det som det måtte gå. Lova blei innført 1. juni 2004, mens dei aller fleste røykarane uansett koste seg med utepilsen. Med unnatak av nokre stadbeist i Bergen som på byens brune kneipe lova at dei aldri i verden skulle la seg diktere av ein mørkemann frå hovudstaden, totte folk det var ganske greitt. Det var jo ein varm sommar, og ein ville jo gjerne vere ute uansett. Så kom hausten, og folk var blitt så vande med at røyking skulle gå føre seg ute at til og med dei kneipehengane bergensarane aksepterte å stå hutrande på utsida av lokale når snøstormen blas rundt øyrene deira i desember.

I byrjinga totte vi det var rart. Eg sakna innerøykinga hausten 2004, ikkje fordi eg sakna røykinga, men fordi det i det minste var slik at ein ikkje kjende andre lukter enn sigarettrøyken. Nå kunne ein plutseleg lukte sveitte, gamalt øl og antydning til urin på diskoteka. I dag, etter 5,5 år med røykelov, klarer eg ikkje lenger identifisere dei ulike luktene på same måte. Nå lukter utestadene varmt, klamt og kanskje litt øl-ete, men først og framst lukter dei "utestad" der dei før lukta "røyk".

Men i dag: AI LÅVV IT! Og eg merker ikkje så mykje til kor mykje eg digger røykelova før eg altså pakker ut kofferten min etter berre nokre dagar i eit land utan røykelov. Men det er lite anna å seie enn takk, Dagfinn. For at du var tøff nok til ikkje å gi deg!

lørdag, januar 22, 2011

Sarajevo dag 3

Akkurat nå sit eg på hotellrommet og har ein "beinstrekk" mellom middag og avslutningsfest - som strengt tatt eigentleg ikkje er vår avslutningsfest, men 10-årsjubileet til organisasjonen UG Zašto ne, som er organisasjonen som står bak dei tre tiltaka eg har tenkt å vie denne bloggposten til: rett og slett tre tiltak som gjer det enklare for folk å orientere seg i valkampen.

Tenk deg eit land der partiet som fekk 1/4 av røystene ikkje går til val på eit partiprogram, men der det du har å forholde deg til er ansiktet på sentrale folk i partiet. Eit land der det er 71 parti eller "valeinheiter" (inkludert uavhengige kandidatar) å velge blant. Eit land der regjeringa ikkje har for vane å dannes på bakgrunn av politiske likskaper, men ei blanding av etnisk samansetting, gamal vane og andre grunner ingen heilt kjenner - og der denne regjeringa ikkje lagar ei regjeringsplattform. Vel, landet kan t.d vere Bosnia-Hercegovina.

UG Zasto ne valde å køyre ein større kampanje før valet, der hovudformålet var å sikre at folk fekk INFORMASJON om dei ulike partia før dei gjekk til urnene. Gjennom nettbasert informasjon, folkemøter, konserter og mykje meir var dei aktive i forkant av valet, med eit einaste formål: å få folk til å røyste. Og, til folks store overrasking, var dette noko dei gjorde UTAN å samstundes oppmode til å røyste på eit bestemt parti.

I Noreg gjorde organisasjonen Stecak ein formidabel innsats for å få BiH-statsborgarar til å bruke sin røysterett, i nært samarbeid med Zasto ne sin "sentrale kampanje"
Razglasaj, som kan oversettast med noko i nærleiken av "Rock the vote", er ein slags bosnisk versjon av det amerikanske konseptet. Den gir ein grunnleggande presentasjon av dei ulike partia, kva dei står for, kven som er kandidater og så vidare. Med meir enn 8.000 kandidatar, er det med andre ord litt av ein database. Det som er særleg interessant her, er at dette er den første tenesten nokon sinne i BiH der ein kan søke opp både kven som er kandidat i sin kommune, kva lister dei ulike står på og i det heile tatt.


Det andre tiltaket dei iverksette i kampanjen var Glasometar, som rett og slett er ein slags valgomat. Her skulle ein svare på 48 spørsmål om politiske meiningar, og såleis finne ut kva parti ein var mest samd med. Med totalt 71 parti eller politiske einingar som stilte til val, seier det seg sjølv at ikkje alle kom ut som alternativ, men godt over 20 parti var med blant dei ein kunne bli målt i forhold til, og ein fekk og forklaring på kvifor ein "matcha" bra eller dårleg med samtlege av dei vallistene som var med i testen. Testen var utarbeida som påstandar ein kunne svare at ein var "Særs samd", "noko samd", "noko usamd" og "særs usamd" i, og det var dei ulike partia sjølv som hadde plassert seg på skalaen.

Ei utfordring med valgomaten, er at det var fleire tilfelle av at partia nok må kunne seies å ha plassert seg "taktisk" på skalaen. I somme av sakene veit ein at dei meiner og røyster for det stikk motsette av det dei gav uttrykk for i valgomatplasseringa. Når dei så valde å lyge i valgomatsvaret, skuldes det primært at deira meining er i motsetnad til folkeopinionen. Det kunne ein ikkje bøte for i valgomaten - men ein hadde eit tredje instrument som kunne nettopp det...

Det tredje tiltaket er kalla Istinomjer, eller eit "sanningsmeter" på norsk. Her var alle regjeringspartia sine tiltak vurdert ut frå korvidt dei hadde gjort noko for å få det gjennomført, og korvidt dei hadde lykkes. I tillegg heldt ein kontroll med korvidt politikarane valde å vere konsekvente i sine uttalar. Sanningsmeteret blei lansert seint i valkampen, og blei ganske problematisk for fleire av dei politikarane som har trives med eit system der ingen sjekker om dei følger opp eller om dei t.d. vender kappa etter vinden. Det er vel ikkje til å komme utenom at Sanningsmeteret var hata av politikarane og elska av journalistar - særleg fordi analysen som låg forut for dette var gjort så objektiv som råd. Genialt!

Men nå må eg springe, for eg skal virkelig FEIRE ein organisasjon som, så langt eg kan forstå, har gjort særdeles mykje for å, som det heiter på Eurolangvisk: "promote Citizenship". Eg er svært for!

Sarajevo dag 2


Ei fin bru i Sarajevo. Foto: meg.


Denne dagen har gått unna i rekordfart, og vi har fått så mykje informasjon at det er godt vi har skrivebøker som kan hjelpe oss å ta vare på alt, for ellers hadde hovuda våre sprengt.

Om det bosnia-hercegovinske valsystemet er det berre ein ting å seie: når du trur du omsider har forstått dette med to delstater, 10 kantoner i føderasjonen og Brzckoprovinsen, vel, då er det berre å innsjå at det er enda meir komplisert enn som så. Dette landet har 14 finansministre og 16 presidenter på "konstitusjonelt nivå".... Slå den! Eller kanskje ikkje.

Dagens ord er utan tvil GOTV - Get Out the Vote!, som markerer den siste innspurten i eit val der ein kaster seg rundt for å få folk til å røyste. I forkant av valet her i BiH i haust, tok ein ein del ganske store grep for å få folk til å røyste, mellom anna laga ein ei oversikt over korvidt politikarar faktisk heldt det dei lova, og om dei lova det same gjennom heile valkampen m.v. Særdeles fantastisk eit verktøy, som vonleg kan bli viktig over tid.

Eg er full av inntrykk frå denne dagen, og lovar å komme attende med fleire av dei inntrykka sånn litt etterkvart, men erkjenner at det visst er sengetid. Eg kom nett "heim" til "senga mi" frå ein utestad der eg brukte nesten ein halv time på å stirre på ein kar - berre for å finne ut at han ikkje var min BiH-kamerat, men ein fyr som bare likna aldeles. Eg lover å komme tilbake med inntrykka når dei er tygd på og sortert, og kan i mellomtida anbefale Ragnhild si dagsoppsummering - den finn ein her, og LNU-bloggen der ein fortell om eit interessant møte vi hadde med nokre kule musikarar.

torsdag, januar 20, 2011

Sarajevo dag 1

For den som måtte lure på det, er det å sove ein time og så stå opp for å komme seg sakte men sikkert mot flyplassen kanskje ikkje det luraste ein kan gjere. Og særleg ikkje når ein så skal fungere ein heil dag. Det er nå 20 timar sidan vi stod opp, og vi har akkurat kommet på hotellet for ei kort natts søvn før programmet tek til for alvor.

Turen til Sarajevo gjekk for vår del via Stockholm og Wien, så vi har fått forurensa litt i dag, kan ein seie. Det viser seg at alle veger fører til Sarajevo - andre flaug "berre" til Wien først, atter andre via München. Men det gjekk overraskande greitt å ta omvegen via vårt naboland i aust... Duppe litt av på flyet fekk vi også til – sjølv om Ragnhild hadde litt problem med å få det til då ho blei sittande mellom meg og Benjamin frå Unge Høgre. Benjamin er nemlig samfylking med meg (heia Vest-Agder) og vi hadde masse skoledebattanalyser å minne kvarandre på. Vårt utbytte var stort, Ragnhild sitt er eg usikker på.. («ja, det er vel ikkje ei heilt feil analyse» nikkes det frå sida mi her. Ho var nemlig VELDIG klar for å sove). Heldigvis for Ragnhild havna Benjamin eit godt stykke unna meg på dei to neste flygningane..

Vel framme i Sarajevo, hoppa vi inn i ein buss og drog oppover i tåkeheimen. I eit vinter- og tåkekvitt landskap bar det, opp til det som foreløpig er Ragnhild sitt høgdepunkt: OL-anlegget frå 1984! Der åt vi fantastisk lunsj og byrja ein innleiiande presentasjon av program og folk. Mykje artige menneske er med på denne turen, og eg gler meg skikkelig til å både bli betre kjend med dei og å bli betre kjend med Bosnia-Hercegovina sitt valsystem.

Elles har vi vore på byvandring i snødrevet, og ete middag på restauranten til Brygghuset Sarajevsko Pivo, som kanskje er eit av dei beste øla i Europa - og jammen hadde dei god mat også.

Som de sikkert forstår, er det først i morgon det faglege programmet byrjer. Og sidan flokken vår består av påfallande mange trøytte tryner, er det igrunnen like greitt. Men det er det berre ein måte å kompensere på: derfor hopper eg nå under dyna. I morgon bytter vi hotell (vonleg er det nett der og..) og begynner å gjere det vi kom til Sarajevo for å gjere: lære.

onsdag, januar 19, 2011

Prøve å fikse..

Då eg prøvde å finne den songen eg refererte til i førre innlegg på you tube (den ligg der forøvrig ikkje), snuba eg over denne. Skulle telemarkskjelda gå tom for idear til eigne songar, har han ei lysande karriere innen omsetjing av utaskjærske slägers. Her er 1 min og 41 sekund det bare er å nyte:

Den siste generasjonen som lengtar heim..

Eg trefte min kjære (tidlegare?) kollega E på trikken i dag. Han er også Oslostudent, men kom ikkje tilbake frå juleferie på fagre Lista før mot slutten av førre veke. Eg kjende eg blei ein smule misunneleg på den heldiggrisen som "fekk lov til" å vere i Paradiset med stor P så lenge (som om nokon tvang meg til å reise inn for å feire nyttår her, liksom!).

Då eg forlot Lista på årets nest siste dag, var det 5-10 minus og heile det fagre landskapet var snødekt. Slik hadde det vore i nesten ein månad - og slik har det forblitt i mitt hovud. Eg ser igrunnen berre for meg at Listavinteren i år ser noko a la slik ut:



Foto: meg. Biletet er så uskarpt at det ikkje bør blåsast opp - men du verden så fint Listalyset blei likevel!

Problemet var berre at det som vanleg var slik at dei som veit betre, veit betre. Her har eg sitte inne i Oslo og sett på smeltande snø som blir sørpe som frys til og blir is - og tenkt at "nei, den som hadde vore på Lista nå, ja! Det er andre boller! Der er det fagert snødekt og berre fint. Og isen ligg utelukkande på innsjøane - der naboane har traktorbrøyta.". Slik har eg tenkt, og strengt tatt berre bygd opp ein heimlengsel som endeleg fekk springe fri då eg trefte E på trikkestoppet - for endeleg trefte eg nokon som ord som "badre håve mæ"*, "Båro" **og "jååårple"*** gav meining for, sjølv når dei blei sagt superfort.

Men sjølv om E er ein del av eit team som openbart er gode til å selge museumsopplevingar (der fekk eg skrytt av det også! Ka-tsjing!), kan han nok ikkje hevdes å vere like god til å la andre halde fast på sine illusjonar. For kva kan han fortelle? Jo, at det fantastiske vinterveret på ingen måte har holdt seg, og at det er sørpe som avveklser såpeglatt med gigantiske vanndammer sånn innimellom.

Det er då eg innser at eg truleg ber preg av å ha ein Dovring i min aller nærmaste krins. For tanken om at vinterveret skal halde seg skikkeleg ute på den forblåste halvøya eg liker å kalle heim, er i beste fall ganske søkt.

Men det er vel sånn det skal vere. Vi i siste generasjonen som lengtar heim har jo ein tendens til å tru at alt heime er som då vi forlot det. Kanskje det eigentleg berre er eit hint om at vi bør komme oss heim?

*Badre håve mæ: Tenk engelsk: bother ones head
**Båro: er ei forenkling av gardsnamnet Borhaug, som igjen har blitt synonymt med Vestbygda, bygda før fyret.
***Jåååårple: jordeple. Altså det ordet der fleirtalet forfiner seg og kaller grønnsaken for potet.

tirsdag, januar 18, 2011

Sarajevo. Sarajevooooooooo

Eg reiser til Sarajevo i overimorgon. Har vore i byen fleire gonger tidlegare, men dette er faktisk første gongen eg skal dit utan å skulle vidare. Eg gler meg til å for alvor utforske hovudstaden i eit av dei aller mest fascinerande landa vi har i Europa, Bosnia-Hercegovina (også kjend som BiH). Arrangør for turen er LNU, og eg skal for ein gongs skuld ikkje reise som LNU'er, men som internasjonal leiar i Senterungdommen. Slik det ofte har vore før når eg skal på reisefot på vegne av Senterrørsla, skal eg ut på tur i lag med fantastiske Ragnhild, som er ein del av min innbyrdes urangerte topp 3 reisefølger. Det er sjølvsagt ikkje fordi ho er eit fantastisk reisefølge ho er håndplukka til å vere med, men fordi ho er medlem i Senterungdommens Internasjonale Utval, også kjend som IU.

Første gongen eg var i Sarajevo (2005), var eg ei blanding av fascinert og sjokkert over både korleis det såg ut og det folket som budde der. Noko av det eg minnest aller best, var dette huset her: gamle Bristol Hotel, som før krigen var det finaste hotellet i byen. Og grunnen til at akkurat dette biletet har brent seg fast, er at det tok litt tid før eg forstod at det ikkje var ei vindusrute igjen i bygget.





Hotel Bristol, Sarajevo. Bilete: meg

På veien ut til Mostar dukka denne songen opp på hjernen min. Eller rettere, det første verset av denne songen. Den delen av songen som ikkje har håp. Og den spelte på hjernen min heilt til vi sat på flyet att.
Over alt kor vi drog, både i Bosnia og Hercegovina, såg vi klare merker etter krigen. Kulehól i veggen ved hotellet vårt, utbomba hus langs "skolevegen" og leilighetsbygg der berre annakvar leilighet var bebodd. Men det som overraska meg aller mest, var at kvardagen tilsynelatande var til stades - folk såg ut til å vere godt nøgde med å bu slik. Vi blei med på opprydning av ein universitetsplass - der studentpolitikarane gjorde sitt for at alle på universitetet, studentar som professorar, skulle få ein litt betre kvardag:


Frå Mostar. Bilete: meg - som den gongen var glad i å ta bilete på skeiva



Det eg ikkje forstod den gongen, var at folk innsåg at dei måtte smøre seg med tolmod. At dei hadde skjønt at Rom ikkje var bygd på ein dag, at ein måtte legge stein på stein for å klare å bygge opp landet att.

Ein av dei vanskelegaste tinga å bygge opp att i landet, er ikkje byggninger, men demokratiet. Landet er i praksis regulert av Daytonavtala, som i si tid sørga for freden i 1995. Avtalen fungerer som ein konstitusjon for landet, og deler republikken inn i to delar: den serbiske republikken og føderasjonen Bosnia-Hercegovina. Fordi stoda var så spent den gongen, turde ein ikkje legge inn ein klausul i avtala om at ho skulle bli reforhandla etter ei viss tid, og resultatet av det, er at ein nå har eit land med eit utal folkevalde nivå på kryss og tvers og mellom anna ei rullerande presidentordning, der alle dei tre dominerande etniske grupperingane (serbarar, kroater og bosnijaker) er representerte i presidentskapet. Dei ulike folkegruppene har ulike læreplaner i skolen, og kan, i alle fall langt på veg, leve side om side innen same landegrense utan å ha kontakt segimellom. Systemet legg opp til at "ingen" skal føle tilknytning til landet først og si etniske gruppe dernest.

Med eit slikt poltisk system som bakteppe, kunne ein kanskje tenkt at det politiske systemet ville kollapse. Den gong ei. Ved valet i fjor haust blei det mobilisert i stor stil for å få særleg unge til å bruke røysteretten sin og dermed bidra til endring i "the heart shaped country". Og derfor er det representanter frå alle dei norske ungdomspartia (med unnatak av FpU, som ikkje hadde høve) skal på tur. For å lære.

Fordi demokratiet ikkje er eit mål vi kan oppnå, men ein visjon vi må halde levande.

mandag, januar 17, 2011

Å bli satt (ein) pris på

Eg rydder litt i papir som har hopa seg opp, og på ein konvolutt hadde eg rabla ned fire døme på kva heilt bestemte personar eg var verd akkurat den dagen. Dagen var 16. november, og det veit eg fordi fleire av tiltaka er knytt til at Studentparlamentet sa ja til at Det teologiske fakultetet fortsatt har grunn til å eksistere.

Dagen dette var oppe i parlamentet, blei eg nemleg skjenka så mange reelle og imaginære gåver at eg på eit tidspunkt begynte å skrive dei ned, i von om at dei i sum kunne fortelle meg ikkje berre "because I'm worth it", men meir nøyaktig kva eg er "worth".

Døme a:
Min gode venn Josh hadde opprensking i mynt-haugen sin. Eller, han fann ut at den beste måten å kvitte seg med mynthaugen sin, var å dytte den over på meg. Visstnok så eg kunne ta taxi heim, så vidt eg minnest. Eg gjekk heile vegen heim, og kom heim med følgande skatt:
*1,2 litauiske lita
*2 Pence
*1 NSB-polett
*141 kroner, i all hovudsak i einkrones-mynter.

Eg bør for ordens skuld legge til at eg i parentes har skrive "vin og middag", som for å markere at eg åpenbart er verd meir enn dei ca 150 kronene han kvitta seg med. Utsøkt kyllingeitelleranna med ein ikkje fullt så utsøkt vin havna også i rekneskapen for den dagen. I ettertid angrer eg på at eg ikkje tok drosje - tenk så kult å betale turen i kronestykker og med eit smil spørre om han tilfeldigvis kan ta dei siste fire kronene i Litas!

Døme b:
Denne gåva er høgst imaginær, og blei uttrykt til meg av ein særs lukkeleg mann som i eit innfall meinte det var min lille innsats aleine som hadde fått parlamentet til å gå mot sin eigen leiar. I løpet av dei sju minutta eg telefonisk gjorde greie for han kva som hadde skjedd i parlamentssalen, fekk eg melding om at eg hadde gjort meg fortent til
*1 halvliter
*1 gigantbukett (!) med tulipanar og
*1 kasse lettøl

Eg har sjølvsagt notert meg bak øyret at eg i edruskapens namn ikkje gjorde meg fortent til meir enn ein halv liter alkoholhaldig drykk, og set det på konto for at vedkommande truleg har fått med seg at eg har fortid i ei rørsle som har utforma slike plakatar:
(Det bør her leggast til at dei foreldra mine som sørga for mitt opphav i nemnde RØRSLA sjølv har kombinert dans med foredling av frukt og bær, så eg trur ingen skal behøve å ta det heile for alvorleg.)

Døme c:
Ein av mine medsoldatar meinte eg var verd
*1 pepsi og
*litt barsnacks

på Pøbben på Blindern. For ordens skuld bør det kanskje leggast til at vedkommande eigentleg hadde tenkt å spandere ein halvliter på meg, men at eg var så pumpa etter "krigen" at eg igrunnen pent stod over.

Døme d:
Ein av mine kjære sambuarar kom same dag med
*500 kroner
som han plasserte på nattbordet mitt. Riktignok meiner eg å minnest at det ikkje var heilt tilfeldig, altså at han hadde lagt dei der fordi eg hadde lånt dei ut til han. Men dei havna inn i rekneskapen, for om ikkje anna, så var eg verd å betale tilbake til...


Men uansett kor imagniær eller reell ein pris som blei sett på mitt hovud akkurat den dagen, er det denne høgst imagninære gigantbuketten med tulipaner eg kjem til å minnest best... Eg er litt usikker på kor stor ein gigantbukett eigentleg er, men det faktum at det akkurat der og då var det aller, aller beste han kunne komme på av påskjønnelser (og det faktum at eg slepp å ta livet av enda fleire blomer med mine anti-grøne fingre), gjer at blomene skal få bli med meg laaangt inn i framtida.

torsdag, januar 13, 2011

Sett Maria fri!

Foto rappa frå facebookgruppa "Sett Maria Amelie fri"

Brått kom den overraskande, men dessverre likevel ikkje uventa meldinga om at Maria Amelie blei arrestert i kveld. Ho som blei kåra til Årets Nordmann 2010 er henta av politiet for å sendes ut av landet.

Maria har gitt dei ansiktslause ansikt. Gjennom boka "Ulovlig norsk" har ho tatt oss med inn i ein kvardag dei fleste av oss ikkje klarer å forestille oss. Eit liv utan bankkort, utan pass, utan papir, utan tilsynelatande å eksistere. Ho har tatt oss med inn i eit liv i konstant frykt, men der gleden og lykka likevel klarer å vinne fram. Eit liv der ho til ei kvar tid står andsynes høvet til å bli henta av politiet - der ho aldri heilt kan slå seg til ro.

Ho kunne vald å fortsette å teie stille. Eller ho kunne til dømes ha gjort som ho og forlaget opphavleg hadde tenkt, og gitt ut boka si anonymt. I staden gjorde ho det motsette: stod fram med namn - og bilete av seg sjølv på framsida av den aller aller viktigaste boka som kom ut i fjor.

Foto: Pax forlag

Ho er ei ressurssterk jente med vilje. Ho driv frivillig arbeid, talar flytande norsk og har mastergrad i eit fagfelt der vi treng hennar kompetanse (frå Noreg, til og med). Ho er godt integrert, og kan jamvel kallast for "ein draumeinnvandrer". Og ho har sjølv ein stor draum: å få betale skatt. Få bli rekna som ein vanleg samfunnsborgar.

Maria gav dei ansiktslause eit ansikt. Med det blei ho også problematisk - for det er så mykje lettare å snakke om dei som ikkje finst som om dei ikkje finnest. Det er lett å forhalde seg teoretisk til at det skal eksistere menneske i landet utan papir, og så lenge vi ikkje veit om nokon, blir dei berre tal, eit rykte, nokon "andre". Men så kom altså Maria. Og var det ansiktet som gjorde at ein ikkje kunne forholde seg teoretisk til "desse menneska". Brått blei ein av desse papirlause eit menneske av kjøt og blod, eit menneske med krav på vår medmenneskelegheit og aksept.

Maria Amelies historie er politisk særs problematisk. Ein ting er at det faktum at ho er her 8 år etter at familien mista retten til opphold i landet kan bidra til mindre tillit til politiet som ikkje har kasta dei ut. Ein annan er at det faktum at vi brått har eit ansikt, ei historie å forholde oss til, gjer at vi ser saka frå nye sider. Og då blir det som politisk er riktig - å halde fast på likskap for loven og konsekvent line i asylpolitikken - fort å gå på akkord med magekjensla til folk flest. Og etter asyllovgjevninga har Maria og familien ikkje rett på opphold i Noreg. (Og sidan dei både hadde søkt opphald i Finland først og oppgav falske identiteter, er ikkje saka akkurat styrka).

Men kvifor denne magekjensla? Jo, fordi vi rekner Maria som norsk. Fordi vi kjenner at ho er som oss. Fordi ho har så sterke band til Noreg at det er her ho høyrer heime.

Hadde nokon fortald historia om X, den 25 år gamle jenta som tok utdanning og hadde vaskejobb og som etter 8 år i landet blei arrestert, er det ein sjans for at berre dei i Xs næraste krins hadde reagert. Men når historia nå gjeld Maria, ho Maria vi føler vi kjenner litt, ho med det søte smilet og den sterke historia, vår Maria, aksepterer vi det ikkje. For Maria er norsk god som nokon. Ergo: Maria må få bli.

Utfordringa er at Marias grunnlag for opphold i Noreg ikkje er tilstades med den rådande norske tolkninga av forholda i Russland. Det er offisielt heilt trygt for nokon frå Kaukasusrepublikkane å reise tilbake til Russland. Rett nok kan fotballbråket i Moskva i desember tyde på det motsette. I etterkant av opptøyene kom det fram at bakgrunnen for bråket nettopp var etnisk gnistning. Eg er på ingen måte ein Russlandsekspert, og mi erfaring med Kaukasus er begrensa til dei sjølvstendige landa i sør. Men då nyhendevarsla kom førre månad, kunne eg ikkje fri meg frå å fundere på om dette kanskje var beviset på at vårt mangfaldige naboland i aust ikkje er så fritt å ferdes i og så trygt å reise tilbake til som det norske styresmakter vil ha det til.

Eg kjenner at det er ein del motstridande hensyn som virker i hovudet mitt i denne saka. Det eine er det politiske. Asylinstituttet skal ikkje misbrukast, og ein skal vere streng i vurderinga av kven som får opphald. Det inneber i dette tilfellet at så lenge det er Russland dei skal tilbake til, har dei ikkje krav på opphald som asylanter. Og lova skal vere lik for alle. Punktum. Det andre hensynet er det mellommenneskelege. Eg trur på Maria når ho skriv at familien blei forfulgt på bakgrunn av etnisitet, enda dei var i eit land Noreg rekner at slike forfølgingar ikkje går føre seg. Og ikkje minst: eg er ikkje eit sekund i tvil om at Marias band til Noreg er sterke etter 8-9 år her. Sidan kontakten med heimland og slekt har vore minimal, vil det faktisk vere spinnvilt å sende ho ut av landet.

Maria skriv i boka si at det hadde vore mogleg å finne vegar ut. Ho vurderte å gifte seg med ein tidlegare kjærast. Ho hadde hatt høve til å skaffe pass og busette seg med falsk identitet. Begge deler valde ho og familien bort. Fordi dei heller ville leve ærleg. Det burde vore ein sjølvfølge, men det er det ikkje, og valet står det derfor respekt av.

Men er det sånn at ønsket om å la Maria få bli er knytt til at vi kjennar hennar historie? For min eigen del er svaret tja. Marias sterke historie har åpenbart prega mitt ønske om at det skal skje noko drastisk - og i positiv retnig - for Maria og hennar familie. Men det er ikkje nødvendigvis historia i seg sjølv, men det historia tvinger oss til å gjere, som er hovudgrunnen til at eg meiner Maria må sleppes laus og innvilges opphald. Marias historie tvinger oss til å sjå dei vi elles ikkje ser. Dei som vi ikkje trur finnes. Dei som ikkje finnest på papiret. Dei som berre lev i samfunnet vårt.

Både Italia og Spania har ved fleire høve gitt illegale innvandrere amnesti. I Noreg har dei røystene som har snakka for tilsvarande ordninger også i Noreg snakka til døve øyrer - frivillig døve øyrer. Det er så mykje lettare å seie at "nei, har folk fått avslag, har dei fått avslag" enn å akseptere at det faktisk lev mange tusen i landet utan papir. Sjølv om det dokumenteres kva forhold dei det gjeld lev under, har norske politikarar ikkje vore villige til å opne augene og akseptere at dette faktisk foregår innen landets grenser. Det er på høg tid å innføre amnesti.

Med kveldens arrestasjon har også den eine røysta som har gitt oss eit bilete av korleis det er, blitt tvungen til å tie. Den røysta treng vi sårt. Det er dessverre sikkert ikkje ein grunn i seg sjølv til å løyslate ho, men det er likevel sant. Ein grunn som derimot bør vere god nok, er at hennar sak ikkje er handsama individuelt ennå. Det er sendt inn søknad. Den bør få bli handsama. Med ho på utsida av murene. I Noreg.

Eg vonar så mange som mogleg vil innfinne seg i demonstrasjonstog i morgon for å markere si støtte. Slepp Maria fri! Fordi dei sterke menneskelege hensyna tel.