tirsdag, januar 17, 2012

Ny lærdom veke 2

"Ny uge, nye låddår", seier pappas kompis. (Så får det bli opp til deg om han er oppteke av sokkeskift eller gambling!). Så her følger lærdommer frå veke 2 - eit kroneksempel på at lærdom er å hente i både stort og smått - og at lærdom jammen ER både stort og smått...


Mandag 9. januar: Omsetjing naudsynt NÅ...
Eg fekk eit stort forklaringsproblem på mandag. Ei dame eg ikkje kjenner tok kontakt med meg via postcrossing for å spørre om eg hadde eit boktips. "Vil du gje meg nokre gode norske samtidsforfattarar som er utgitt på engelsk, og som ikkje skriv krim?". Sidan eg ikkje blir mentalt ferdig med Gaute Heivolls "Før jeg brenner ned", var det den første boka som slo meg. Sidan eg hadde fått med meg at Liza Marklunds "Du gamla, du fria" fekk den norske tittelen "Borderline" (!), turte eg ikkje ta det for gitt at Heivolls fantastiske bok hadde fått ein engelskspråkleg tittel som inneheldt "Before" og "burn(-ing)". Boka kunne jo, for alt eg visste, ha blitt heitande "Finsland on Fire". Så eg søkte han opp på amazon. Og Norli. Og hans eigen heimeside. Bare for å oppdage at boka tydelegvis ikkje finst på engelsk ennå. Eg voner skaden rettes opp. 

Tirsdag 10. januar: enkle ord er kompliserte
Eg bur i kollektiv, og der bur også bror min. Når han sit i sofaen og ser på TV, då kan eg, utan å ha høyrt eller sett kva som står på, med stor sannsynlegdom ta for gitt at ein av BBCs mange kanalar står på. Og like sannsynleg er det at det er eit av tre program: Comedy Roadshow, Top Gear UK eller QI. Heldigvis for bror, og heldigvis for den delen av hjernen min som liker å tippe rett, viser ein av dei mange BBC-kanalane eit av desse programma omtrent til ei kvar tid. For min del betyr dette at eg stundom får ein god latter og ganske mykje oftare blir fora med trivialiteter. Og ein slik ein var det eg plukka opp i QI på tirsdag. Dei snakka om Oxford English Dictionary, og der kom det fram at "set" er det ordet som krev mest omtale i ordboka. Ikkje berre berre når ordet både kan vere substantiv og verb, og i tillegg har mange ulike betydninger.

Onsdag 11. januar:  kjært barn har mange namn
Å heite Sig nhild medfører ein del praktiske utfordringer - særleg når ein er i utlandet. Kanskje ikkje så rart, for det er jo komplett umogleg for brorparten av nordmenn å uttale namnet mitt riktig. Så når eg har vore engasjert i ting på internasjonalt nivå har eg gått som alt frå Singen til "Sainhail" til "Sign" til.. you name it. Eller så har eg skapt ytterlegare forvirring ved at halvparten i ei gruppe prøver hardt å uttale Signhild mens resten roper på Jenny, ettersom passet mitt slår fast at det namnet jammen også heng på i namnerekka. I 5 dagar for ein del år sidan heitte eg Slađa. Namnet fekk eg fordi det var komplett umogleg for ein bosnisk-kroatisk kjenning av meg å seie Signhild. Han døypte meg derfor Slađa, "fordi det passer bra". Seinare, då vi sat på ei forelesning på det kroatiske universitetet i Mostar, fann han ut at i staden for å skulle omsette det som blei sagt frå talerstolen, som strengt tatt var grunnen til at han sat ved siden av meg, skulle han lære meg nokre kroatiske jentenamn, og kva dei betydde. Eit av dei namna han då skreiv opp, var altså det han hadde døypt meg. Lappen hamna på eit eller anna tidspunkt i ein kasse og var gløymt - fram til eg oppdaga den då eg skulle kaste nokre papir på onsdag. Og kom altså på mitt ganske ukjende uoffisielle namn.

(Og eg meiner å hugse at det nok ikkje var slik at ein døyper jentene kristtorn, men at han har kasta inn ein l for mykje)

Torsdag 12. januar: Metodelære
Annakvar torsdag i periodene eg har forelesning, er det forelesning frå tidleg til seint. Torsdag var ein slik dag. Mot slutten av dagen skulle arbeidsgruppene i klassen lage opplegg som kunne presenteres for dei andre i klassen dagen etter. Og her var det at eg fekk ei grundig innføring i bruken av stasjonslæring som metode av ei av dei som er på mitt team. Stasjonslæring krev ein lærar med vilje til å ommøblere klasserommet, ei kjøkkenklokke og gjennomtenkte oppgåver, og så er det bare å sette i gang. Klassen deles inn i grupper på 3-4 på kvar, som alle skal gå rundt og løyse oppgåver plassert rundt omkring i klasserommet. Ca 12 minutt på kvar post, og ein kan i løpet av ein dobbeltime ha trent seg på lesing, øvd seg på engelsk, løyst matteoppgåver, utvida logikken og leikt seg med praktiske oppgåver. Tverrfagleg, artig og motiverande. Takk for tipset, Elisabeth!

Fredag 13. januar: Konstatins besa
I løpet av veka ein gong byrja eg å lese "Hvem fulgte Doruntine hjem" av Ismail Kadare. Fleire av informantante til masteroppgaven min nemner den boka som heilt essensiell for å forstå den albanske besa, og eg kom til at det var ein god ide å kombinere større innsikt i dette systemet med lesing av stor litteratur. Eg irriterte meg grønn over at besa i boka stadig er skrive med dobbel s ("bessa"), og oppdaga til mi store forundring at boka er omsett frå fransk. Det totte eg var litt rart, for eg meinte at sjølv om Kadare er busett i Frankrike, så skulle han jo skrive på albansk? Når livet gjev ein spørsmål, har wikipedia som kjent svar. Og dei kunne fortelle at ikkje berre er boka skrive på albansk opprinnelig - boka er tufta på ei mellomalderlegende, ofte kalla for Konstantins besa. Ein besa er eit veldig, veldig sterkt æresord. Om ein gjev nokon sin besa, sverger ein på at ein skal gjere alt for å gjennomføre det ein lover. (Ein meir inngåande presentasjon av eit svært interessant kulturelt særpreg finn du på wikipedia.) I Konstantins tilfelle lover han at dersom hans einaste søster får heimlengsel, skal han komme og hente henne, sjølv om ho blir gifta bort til andre sida av Europa. Søstra, som altså heiter Doruntine, blir ein dag henta av sin bror. Han frakter ho frå Bøhmen til Albania, slepp ho av utenfor huset til mora, og melder at han har eit lite ærend på kyrkjegården før han kan komme tilbake. Vel på innsida av huset viser det seg at alle Doruntines brødre er døde - inkludert Konstantin - og at han altså må ha henta henne frå det hinsidige. Det medfører etterforskning - og konklusjonen er at å gi nokon sin besa er eit løfte så sterkt at ikkje eingong døden kan bryte det. Det ligg mykje kultur i slike historier, for å seie det sånn.

Laurdag 14. januar: Ein nasjonalhelt rikere
Det er fristande å seie at den viktigaste lærdommen frå laurdag er at det er heilt greitt for den norske "kultureliten" å svare på grumsete kommentarer med å grisete sexistkommentarar og oppmode til bruk av vald. Men det har andre klart å skrive om på måtar eg ikkje ville klart, og ikkje gidd eg ta med meg den lærdommen inn i framtida heller. Så derfor - laurdagens aller viktigste lærdom var kjennskapen til ein (for meg) ny nasjonalhelt. Eg har ei greie for nasjonalheltar. Det er ein yrkesskade - har brukt ganske mykje tid og krefter på å sette meg inn i Skenderbegmytene og Linas Eriksonas' jamføring av skotsk, litauisk og norsk heltedyrkingstradisjon. Så eg har meldt frå at eg gjerne vil ha postkort gjennom Postcrossing med nasjonale heltar på. Og på laurdag kom det ein slik ein i postkassa mi. Han ser slik ut:
Mannen på pidestallen er admiral Michiel Ariaanszoon de Ruijter, Nederlands store sjøhelt. Han levde mellom 1607 og 1676, og var ansvarleg for dei nederlanden'ske troppene i ikkje mindre enn tre sjøkriger.

Søndag 15. januar: meir sjøfart
..., meir QI og meir gjenoppfrisking av kunnskap ein hadde gløymt. Spørsmålet Stephen Fry stilte, var "kven var den første til å segle jorda rundt". Til liks med panelet, var mitt intuitive svar "Magellan". Så feil kan ein ta - Magellan har fått æra for ekspedisjonen han leda ut frå Spania, men han sa takk for seg på Filippinene. Han kom tilbake til Europa i kiste, men fekk æra likevel. Juan Sebastiàn del Cano var den som eigentleg burde hatt æra, for det var han som fikk skipet tilbake, og med det gav verda det ultimate provet på at jorda faktisk er rund.. Eller, det var han og hans manskap som saman burde få æra.

mandag, januar 09, 2012

Ny lærdom veke 1

På fredag kom eg på at det var på tide å gjenvinne eit nyttårsforsett frå nokre år tilbake. Eg bestemte meg for at eg kvar einaste dag i året som kjem (eller, om eg skal vere meir realistisk: så lenge eg gidd) skal lære ein ny ting - og skrive denne ned i ein kalender eg likevel hadde liggande. I lag med det eg har lært skal eg lagre eit stikkord om korleis eg har lært det, mest fordi det kan vere artig for min eigen del. Eg kom i skade for å skrive om det på facebook, og fekk ei oppmoding om å kringkaste den nyvunne kunnskapen - derav denne posten, som vonleg blir den første av i alt 52 poster frå 2012. (Realistisk blir den nok den første av nærare 10 enn 52, men pytt, her starter vi då ikkje med å vere negative).

Eg jukser litt, og tek med ein lærdom frå dagen før også, eg, likegodt. Eit bonusspor, så og seie.

Torsdag 5. januar - ein kul viser seg å ha eit medisinsk uttrykk
Går du til legen og får melding om at du har eit atherom, betyr det at du har ein talgkjertel (som f.eks kan vere ein hårsekk) som av ein eller annan grunn ikkje har opna seg. Det kan oppstå betennelse i denne, og den guffa som er i det betente atheromet kan anten komme ut ved at legen gjer eit snitt og grev massen ut (då må atheromet vere heilt lukka - heilt "ferskt") eller så vil det krympe av seg sjølv, og gørra sive ut av seg sjølv. Ein kan også få ein (reseptbelagt) olje ein smører på, og då ser det ut som om ein smører på seg deodorant på åstaden. Den som måtte ha lyst til å lære meir om fenomenet, kan t.d. kikke her. Og skulle du lure på korleis eg brått har lært så mykje om dette i løpet av ein dag, vel, så seier eg igrunnen berre at legen ikkje har kutta i meg ("men skulle det bli nødvendig, gjer eg det med glede neste gong!"), og resten får du nesten tenke sjølv.

Fredag 6. januar - eit nytt folkeslag oppdages
Eg fekk eit postkort frå ein tilfeldig person i Tyskland (som også like tilfeldigvis skreiv på norsk!). Kortet kom fordi både eg og avsendaren er medlemmer i den fantastiske tenesta Postcrossing, som altså lar deg sende og motta kort til og frå tilfeldige folk andre stader i verda. Kortet eg fekk, såg slik ut:
Biletet viser to jenter i sorbisk folkedrakt. Den vennlege sjela som sende meg kortet, kunne fortelle at sorbarane utgjorde størstedelen av folkesetnaden i byen der ho bur, og at dei er eit vest-slavisk folk med sitt heilt eige språk og ein eigen kultur. Eg las kortet fleire gonger, for eg totte det var så rart at det skulle vere så mange serbarar i den delen av Tyskland - inntil eg altså såg at det var ein o, og ikkje ein e inni der.Dette vekte nysgjerrigheita mi, og eg måtte søke dei opp. Wikipedia kunne t.d. fortelle meg at dei primært held til i det austlege Tyskland, men at somme av dei også bur i Polen. Sorbisk er offisielt anerkjent som minoritetsspråk i Tyskland, og difor kan ein i fleire byer i det sorbisk-språklege området finne gateskilt på både tysk og sorbisk. Sorbarane har eit eige flagg og ei eiga hymne. Flagget ligner litt på flagget til "liksom-namnetvillingen" lenger sør i Europa, og berre for at ein skal vere sikker på at ein må halde tunga rett i munnen, heiter folket Serbja på oversorbisk (som er ein av to greiner av sorbisk).

Laurdag 7. januar - nourskens merkelige uttrykk
Då eg gjekk i 2. klasse på vidaregåande, hende det at norsklæraren min skreiv "obs! Noursk" eller "norusk, ikke norsk" på stilane mine. Med det meinte ho at eg hadde brukt ord, uttrykk og vendinger som ikkje passa seg i ein norskstil - eg hadde brukt termer ein berre bruker i byråkratiet, såkalla "NOU-norsk", gjerne forkorta noursk. Laurdagen var berre nokre minutter lang då ein kamerat gjorde meg merksam på substantivet "eksponat", som hadde vore brukt i fredagens Offisielt frå statsråd. Ut frå samanhengen tolka han ordet til å måtte bety utstillingsobjekt. Ordbøkene på nett oppgav at ordet korkje fanst på nynorsk eller bokmål, så eg søkte kunnskap i bokhylla. Framandordboka hadde ingen ordforklaring, men Tanums store rettskrivingsordbok viste at nemnde byråkrats nourskforståing var prima. Ordet betyr "utstillingsgjenstand". Kjekt å kunne ordforklaringa, men ikkje legg ordet inn i kvardagsspråket, kjære lesar. Du vil nødig få raudpennen og "OBS! Noursk!" i margen.

Søndag 8. januar - djupdykk i eit gamalt albansk ekteskapsavtalebrotsprinsipp.
Først og framst brakte søndagen med seg mykje kunnskap om innhaldet i skuffer, boksar og hyllar i heimen. Det har vore Den store rydde-dagen på Lærarloftet, nemleg, og det fascinerer meg alltid kor mykje eg har gløymt at eg har. Men uansett. I ei von om å klare å jobbe litt med masteren min, fann eg fram til ei bok som skildrer den historiske utviklinga til albanarane - Miranda Vickers "The Albanians. A modern history". Og der gjenoppdaga eg noko eg hadde gløymt, og som eg finn uhyre interessant. I den albanske kulturen har det tradisjonelt vore slik at kvinna skifter familie ved giftermål - ho blir ein del av sin manns familie. På landsbygda betydde det at kvinnas familie mista arbeidskraft - og difor har det heile vegen vore slik at det er mannens familie som betaler "medgift" - som ein slags kompensasjon for at brudens familie mister flittige hender i daglegdagsstellet. Vickers fortel at frå gamalt av var det slik at allereie i det eit jentebarn kom til verden, kunne familien love bort datra - og den komande mannens familie måtte allereie då betale første delen av "avgifta". Siste delen blei betalt ved ekteskapsinngåelse. Kvinna kunne nekte å inngå ekteskap. Gjorde ho det, måtte "avgifta" mannens familie hadde betalt, betalast tilbake, og ho måtte sverge på å forbli jomfru livet ut. Og så, den kuriositeten som eg totte var så interessant: dersom kvinna nekta ekteskap, betalte tilbake og forblei jomfru, kunne ho leve som ein mann. Ho kunne gå med klede som elles berre menn ville gå med, ho kunne arve land og ho blei rekna som ein likemann blant mennene. (Skulle ho derimot ende opp med å bryte løftet om å leve i sølibat, ville ho vanære familien, og familiens einaste løysing var å sørge for å ta livet av henne...)

søndag, januar 08, 2012

Lekkasjer er tillitsbrot

Aftenposten trykka i går ein artikkel av kva det var som eigentleg skjedde på MS Thorbjørn. Dei seier sjølv at formålet har vore å sørge for at den grusomme kritikken mot dei som flykta frå Utøya med båten (der Gunnar Stavrum kanskje har vore den verste kritikeren - det er utruleg kor enkelt det er å sitte på eit kontor og gjere seg til dommar over nokon som befinn seg midt i marerittet!). Dei meiner å ha skrive i ei dempa og verdig tone, at artikkelen ikkje kan regnes som spekulativ og at dei har anonymisert dei som omtales i artikkelen. Det er vanskeleg å vere usamd i, men det er heller ikkje det som er problemet med trykkinga. Problemet er tillitsbrotet dei er med på å legitimere.

Når ein avlegg ei vitneforklaring, har ein tillit til at det ein forteller til politiet forblir fortrolig så lenge saka er under etterforskning. Ein tek for gitt - og skal kunne ta for gitt - at det som blir referert frå møtet behandles med den største respekt. Ein tek for gitt - og skal kunne ta for gitt - at dei einaste som får lese det ein har sagt så lenge etterforskninga pågår, er bistandsadvokater og etterforskarar som alle har signert tausheitserklæringer og som alle har som jobb å arbeide for å avdekke sanninga. Ein tek for gitt - og skal kunne ta for gitt - at berre dei opplysningene som er naudsynte for ei eventuell rettssak er dei som blir kjend - når den tid kjem. Og difor er det både skuffande og skremmande at fleire medier over lang tid har henvist til forklaringer som er fortalt i fortroligheit til politiet, anten den som har avgitt forklaring er terroristen eller dei som blei ofre for hans grusomme handlinger.

"Dette er informasjon jeg har gitt til politiet for å belyse en forbrytelse. Når jeg ser at deler av vitneforklaringen min er gjengitt i Aftenposten på denne måten, synes jeg det er ubehagelig" uttaler Jannike Arnesen, som var ein av dei ombord på båten, til Fædrelandsvennen i dag. Ho står fram, fordi ho, etter all sannsynlegheit med rette, antek at dei fleste av Fevennen sine lesarar likevel har klart å identifisere ho frå Aftenpostens artikkel. Regionalavisa har ved fleire høve omtalt hennar og andre AUF-arar frå Sørlandet sine skildringar frå grusomheitene den dagen sommarparadiset blei åstad for tragedie.

"Tillit er noko ein må bygge opp over tid - men som ein kan rive ned på ein dag" er advarselen alle lærerstudenter innprentes med. Eg antek at det er ein advarsel også jurister og politi er kjend med. Men det kan sjå ut til at dei treng ei oppfrisking - og at somme treng trening i å forstå kva orda faktisk betyr. Dei lekkasjene som nokon i politiet eller hos ein eller fleire bistandsadvokatar driv med, kan bidra til at tilliten til politiet øydelegges. Det er alvorleg, både for politi og innbyggarar.

Eskil Pedersen skreiv på sin blogg i går at "Ingen overlevende og ofre i denne saken burde oppleve dette, men jeg er AUF-leder, og skal takle at det har skjedd. Noe annet er alle andre Utøya-ungdom, de som var på båten sammen med meg, og de andre overlevende og ofre. Mange av dem er unge, svært unge. De skal ikke føle frykt for at deres avhør lekkes til media, og at deres personlige historier havner på forsidene av avisene. Aftenposten er, ved å trykke en sak basert på avhør, med på å true rettsprinsippene og Utøya-ofre sin tillit til politiet og rettsystemet."

Ole Erik Almlid i Aftenposten uttalte til Fædrelandsvennen i går at "(k)ritikken går jo først og fremst på at vi har gått til det skritt å offentliggjøre opplysninger fra vitneforklaringene. Det mener jeg ikke er banebrytende. Vitneforklaringer har blitt gjengitt i forbindelser med kriminalsaker tidligere". Det er sjeldan ei god bortforklaring at ein gjer noko ein veit er ulovleg bare fordi andre har gjort det før.

I intervjuet med Fædrelandsvennen peiker Jannike Arnesen på at det ikkje berre er avhøyr ho og andre Utøya-ofre kan frykte at kjem på avveie. "I forbindelse med vitneforklaringen gav hun politiet lov til å få innsyn i helsejournalen hennes samtidig som hun gav tillatelse til at påtalemyndigheten kunne registrere aktiviteten på mobiltelefonen hennes i tiden rundt dramaet på Utøya utspilte seg. - Risikerer jeg at dette også er opplysninger som kan komme for en dag på et eller annet tidspunkt?". Mange av dei som var på Utøya er offentlege personer i sine lokalmiljø, mange i kraft av å ha vore der 22. juli. Dei skal ikkje måtte oppleve den tilleggsbelastninga det er å frykte at nokon veit noko om dei dei ikkje skal vite - fordi det sit ein utro tener en eller annan stad!

Aftenposten har anonymisert dei som omtales i den forstand at dei skildrer dei det gjeld i lause termer. Men merkelappen "ein AUF-er frå Sørlandet" som ein i tillegg forteller noko av bakgrunnhistoria til, gjorde det ikkje akkurat vanskeleg å skjønne kven det handla om. "Lederen i AUF nasjonalt" kan neppe reknes for å vere ei sterk anonymisering av ein offentleg person. Kapteinens tragiske opplevingar på Utøya har vore skrive om i  detalj tidlegare, og eg visste umiddelbart kven det var. I alt kunne eg lett, utan å søke dei opp i google, identifisere to tredjedelar av dei som var ombord. Berre fordi eg har lese avisar.

Min påstand er at Aftenposten faktisk kunne ha skrive denne saka heilt utan å bruke vitneforklaringene dei ikkje skulle ha sitte på! Dersom intensjonen virkelig var å imøtegå dei (tidvis høgt spekulative) artiklane om "kva som eigentleg skjedde på MS Thorbjørn", kunne ein faktisk gjort det på ein enda meir verdig måte gjennom å bruke uttaler dei som var ombord har gjort til andre medier. Det aller, aller meste av det som står i artikkelen har eg lese før i andre medier, men då som enkeltpersonars skildringer (anonymt eller under fullt namn), og ikkje som ei samanstilling.

Pressa har eit ansvar for å melde frå om det som skjer i verda rundt oss. Dei har eit ansvar for å vere kritiske. Mediene har eit samfunnsansvar. Det er eit tung ansvar, og det er eit ansvar dei må vere medvitne om. Og det er grunn til å spørre seg om ikkje det samfunnsansvaret også inneber å bidra til at den grunnleggande tilliten mellom folk og politi ikkje svekkes for mykje. Eg bed ikkje journalister la vere å ta imot avhøyrsprotokollar om dei blir tilbudt dei frå ein utru tenar (det kan det kanskje til og med vere gode grunner for å gjere!), men det er ein sterk skilnad mellom å ha tilgang til noko og å bruke det. Sjølv om det koster ein ei overskrift.

Bok: Blomstenes hemmelige språk

Det seier seg nok sjølv at når eg når eg den boka eg skriv om her utgis "medio januar" og eg har lese ho ut i god til før 8. januar, så har eg ikkje fått fatt i ho over bokhandeldisk. Aschehoug sende meg eit lesereksemplar, og vonar at eg ville finne boka så interessant at eg gadd å bruke tid og plass på å skrive om ho. Dette seier eg sjølvsagt fordi at du, som eit opplyst menneske, fortener å vite om det. Forlaget dikterer ikkje kva eg meiner om boka, akkurat.

Biletet har eg stole frå Aschehoug

Blomstenes hemmelige språk er debutromanen til Vanessa Diffenbaugh, og kom ut på engelsk i fjor. Boka blei umiddelbart ein bestselgar, og blei fort, kanskje ikkje overraskande, seld til mange land (for øyeblikket 27). Det er altså ikkje utan grunn at Aschehoug melde at denne boka kom til å vere ei av satsingene deira denne vinteren.

Og det er ikkje utan grunn. Eg byrja lese i boka då eg blei liggande sjuk i nyttårshelga. Las eit kapittel utan eigentleg å forstå noko som helst. La boka frå meg, rett og slett fordi feberen tok eit så godt tak i skallen at  bokstavane hoppa. Sovna med boka ved siden av meg. Då eg vakna igjen, greip eg til boka eigentleg berre fordi eg trong ei unnskuldning for å halde dyna. Resten av dagen gjorde eg følgande: eg las til magen romla, tok med meg boka på kjøkkenet, åt mens eg las, kraup under teppet i sofaen og las til boka var ferdig utlest og eg sat apatisk igjen. Med tåremerker på kinna, nokre brukte kleenex på stovebordet og ei "er-det-ikkje-meir-kjensle". Det høyres kanskje ikkje slik ut, men det er eit kvalitetsteikn. Har ikkje hatt den (deilige!) apatiske kjensla sidan Even Rasmussens mjuke røyst nærast kviskra siste setninga i Før jeg brenner ned i øyregangane mine.

Språket i Blomstenes hemmelige språk er enkelt. Hovudlinene i handlinga har vi lese før. Eigentleg er det ingen overraskelser i handlinga, eigentleg er den kjent. Ein veit, i alle fall sånn nokonlunde, slutten før ein er kome halvvegs. Og likevel, likevel er det noko med denne boka som den aldeles fantastisk.

Boka handler om Victoria, som heile livet har vore under statens vern. Ho har i heile barndommen gått inn og ut av fosterheimer. Ungdomstida er tilbrakt på institusjonar. I det boka byrjer, skal ho smake på vaksenlivet. Tilsynsvergen køyrer ho til eit hybelhus der dei tre første vekene med husleige er betalt. Victoria får med seg 20 dollar som ein start på vaksenlivet, og ei oppmoding om å skaffe seg ein jobb, så ho vil kunne klare å fortsette å bu i huset. Vi aner at dette kan gå ganske galt, for ho bruker tida på å stele blomar frå hagar, blomsterbutikker og parker. Ho lagar eit lite gartneri inne på rommet sitt.

For Victoria har ein særleg anlegg med blomster. Ho kan "alt" om dei, frå kva dei treng for å kunne vekse til kva tyding dei har i det viktorianske blomsterspråket. Den einaste eigedomen ho har, er ei blomsterbok ho har fått av ei som heiter Elizabeth, og som er den som har lært Victoria blomsterspråket. Denne Elizabeth har ein særskild plass i Victorias liv, og historia deira avdekkes lagvis, til liks med resten av Victorias bakgrunn. Men ein aner allereie frå første kapittelet at Elizabeth er det trygge ankerpunktet i Victorias liv - men til liks med alle kjærleisfylde relasjonar, er det også regnskyer over dette forholdet.

Victoria skaffer seg ikkje jobb, og kan såleis ikkje betale husleiga når dei tre vekene er over. Ho tek med seg blomsterhagen sin ut i ein park i nærleiken, og flytter ut i parken, i ly av blomene sine. Tilværet som uteliggar plagar henne ikkje nevneverdig, men matmangelen gjer at ho prøver å finne ein jobb. Og det får ho. I ein blomsterbutikk. Der ho, sikkert ikkje overraskande for nokon, gjer stor suksess, nettopp fordi ho kan blomsterspråket og bruker det heilt medvite i si omgang med blomsterdekorasjon. Og det er også gjennom denne jobben at ho ein dag møter Den store kjærleiken - blomsterfarmeigaren. Som deler hennar kjærleik til blomar - og som også kjenner blomsterspråket. 

Det er umogleg å gjenfortelle utsnitt frå historia utan at det høyres ut som ein klisjè. Og verre skal det bli: Victoria er redd for kjærleiken. Ho har gjennom ein oppvekst inn og ut av fosterheimer og institusjonar opplevd så mykje tragedie, så mykje usynleggjering og omsorgssvikt at det å tru på at kjærleiken ho møtes med er ekte, er vanskeleg. Å våge å elske nokon tilbake likeså. Victoria rømmer frå det heile, og erkjenner for seg sjølv (om enn bare underbevisst) at ho må skremme ut nokon skjelett frå fortids-skapet sitt og forsone seg med det som har vore før ho kan gå vidare. Redsla må slippe taket før ho tør å stole på seg sjølv og dei rundt seg. 

Det er vanskeleg å yte boka rettferd ved å gjenfortelle handlinga, for ein får ikkje fram det vare, ein får ikkje fram det såre, det gode og det rørande. Det går ikkje an å fortelle om dei fantastiske kvinneportretta boka har utan å røpe så mykje av handlinga at leseropplevinga risikerer å bli øydelagt. For Victoria er omgitt av kvinner. Sterke kvinner. Gamle kvinner. (Grusomme kvinner.) Gode kvinner. Unge kvinner. Sprelske kvinner. Og det er i dette vakre kvinnefellesskapet at Victoria finn seg sjølv og sin veg tilbake til livet. Og den raude tråden er skilanden på tigerlijer, raude nelliker og liljekonvaller.

Eg kjenner at gjenfortellinga mi høyres ut som ein klisje. Men det får våge seg. La lattersnufsa (!) mine frå dagen under dyna vere eit sanningsvitne: les boka, du.

Mitt forhold til raude nelliker vil aldri igjen bli det same.

lørdag, januar 07, 2012

Den vanskelege nasjonalist-termen

Min kamerat K sende merksemda mi mot ein albansk song frå i fjor som rett og slett har som formål å styrke nasjonalkjensla. "Kuq e zi" betyr raudt og svart, og songen handler om at det er flagget og nasjonalkjensla som bring nasjonen saman, i motsetnad til religion. Innpakkinga er difor nasjonale symbol i fleng, og flagg, Skenderbeg-ørna, folkedrakter, folkedans og (det eg trur er) nasjonale landemerker brukes heftig, på ein måte som får til og med hjartet mitt til å fylles med ein glede over det albanske, om eg er norsk aldri så mykje. Det er mogleg eg er miljøskadd etter å ha arbeidd med albansk nasjonalisme ei stund, men eg opplev det ikkje som kleint, heller. Det er ein vakker hyllest til det albanske, og ikkje noko anna.

"Feja e shqyptarit asht shqyptarija" er orda som etter sigande starta tanken om at den albanske nasjonen hadde noko til felles som var overordna dei religiøse motsetnadene. Eit fellesskap djupare enn det ein fann i gudshusa. For eit folkeslag med eit heilt særeige språk, delt mellom tre (eller fleire) land, to religionar og fire religiøse retningar var orda kanskje ein heilt grunnleggande føresetnad for å skape ein sams identitet. "Albanarane si tru er det albanske".

Wake, Albanian, from your slumber,
Let us, brothers, swear in common,
And not look to church or mosque,
The albanian's faith in Albanianism!
(Pashko Vasa "O moj Shqipni" frå 1878 i Robert Elsies omsetjing)
Dette er for så vidt bakgrunnen for masteroppgaven min, men det er ikkje for å drive reklame for den oppgåva eg ikkje heilt er ferdig med eller for å syte for at mine eventuelle lesarar er betre budd om eg måtte buse ut med "eg er så fascinert av det albanske nasjonssynet" over ein kaffikopp eg skriv det. Men fordi eg blei sittande å lure på kva det er som gjer at det er heilt utenkeleg å lage ein slik musikkvideo på norsk. 




Eg skreiv i stad at eg ikkje opplevde songen som klein. Det er ikkje heilt sant. I  det eg byrja fundere på korleis dette skulle sett ut om ein hadde gjort det på norsk, fylde meg ikkje med den same gleda, men med ein ekkel smak i munnen. Tanken på at to-tre populære norske artistar skulle gå saman om å lage ein hyllest til det norske flagget og dei tinga som bind oss saman er fjern - med unnatak av i krisetider. At dei i tillegg skulle ikle seg flagg, og ha statistar som dansa halling i bunad på Prekestolen, i Geirangerfjorden og under nordlyset, er heilt utenkeleg, med mindre det var gjort på ein parodisk måte.

Grunnen til at det er slik, er sjølvsagt arva etter den andre verdskrigen, og redsla for at det som då skjedde i nasjonen/ nasjonane sitt/sine namn igjen skal kunne bryte laus. Redsla for at nokon skal meine at den nasjonen dei opplever å vere ein del av, skal vere meir verd enn den nasjonen andre meiner dei høyrer til i. Difor har vi outsourca det å vere stolt over å tilhøyre ein nasjon til konkurranser. Difor er vi stolte over å vere norske når kokkelandslaget vårt er det beste i verda, Secret Garden rocker Grand Prix eller Marit Bjørgen sørger for å hente VM-gullet heim til Trøndelag, og difor er det heilt greitt at Therese Johaug og håndballjentene svøper det norske flagget rundt seg når dei har vunne. Og difor er tanken på å utbasonere "eg er stolt av å vere norsk" til tilfeldig forbipasserande fjern (med mindre ein har snakka om sportsmeritter) - for ikkje å snakke om å kle på seg flagget på dei måtane som er gjort i videoen. Kjole med det norske flagget på? Festskjorte med riksvåpenet i paljetter? You gotta be kidding me!

Eg har heile livet vore oppteken av det norske. Eg er fødd og oppvakse i ein norskdomsfamilie, der tradisjonsmusikk, folkedans og "den norske litterære kanon" har hatt ein sjølvsagt plass i kvardagen. Å vere stolt av røtene sine har alltid vore naturleg. Å vere stolt av det norske språket og det norske flagget fekk eg inn med morsmelka - akkurat dei same tinga som ifølge denne sangen danner grunnlaget for den albanske nasjonalismen. Men å kalle meg nasjonalist?

Eg vaks opp med naboar frå andre sida av kloden, og har alltid vore utruleg stolt av det fellesskapet vi har. Eg dyrka dei amerikanske orda i (den eine) dialekta mi - etterlatenskap etter Listas 150 års migrasjonshistorie. Kunnskapen om ein skibbrudden hollender som forfar (ei historie eg i dag ikkje heilt er sikker på om faktisk er sann!) og vissheita om at eg hadde hollandsk blod i årene var viktig for meg, utan at det gjorde meg mindre norsk. Men kanhende gav det meg, i alle fall i eige hovud, eit eksotisk tilsnitt. 

Også min generasjon har arva forestillinga om at ein skal passe seg for å vere for stolt av sine røter og sitt opphav, fordi det kan føre til at ein gjer seg til betre enn "dei andre", kven "dei andre" enn måtte vere. Frykta har historisk berettigelse, og ein treng ikkje gå så langt tilbake som til den andre verdskrigen for å finne bevis på det. Og kanskje kan ein hevde at dette danner ein vond sirkel: fordi vi som ikkje meiner at det å vere stolt av å vere norsk utelukker at også andre folkeslag har rett til å vere stolte av sitt opphav lar vere å seie høgt at vi er stolte av nettopp å vere norske, lar vi kanskje dei som meiner at det finst a-og-b-lag få eksklusiv rett til å kalle seg nasjonalistar?

Eg klarer ikkje heilt å kalle meg nasjonalist, sjølv om eg av og til gjerne vil. Hjernen min har akseptert at termen er såpass vanskeleg i ein vest-europeisk kontekst at om eg skulle bruke termen, ville eg ha hatt behov for minst 20 minutt med "oppklaringer" av kva eg IKKJE legg i termen. Så då er det enklere å la vere - og det irriterer meg grenselaust, men eg gjer det like fullt.

Ein av dei få eg kjenner som kaller seg nasjonalist og som bruker omgrepet i sin mest inkluderande variant, er venninna mi Stine. Hennar norskdom inkluderer eit dansk opphav - og få har vore meir stolte av å vere dansk - utan at det har gjort ho mindre norsk. Identitet har aldri vore matematikk. Stine heldt for nokre år sidan 17. mai-tala i heimbygda, og den kan du lese på bloggen hennar
Så la oss ikke være hovmodige og tro at Norge er et bedre og viktigere land enn andre. Men la oss være stolte av hvor vi kommer fra. Og la oss være rause og inkluderende mot alle de som ønsker å være en av oss, både på en dag som denne og alle andre dager.
Eg vonar at det om nokre år er Stines definisjon som vinn.

torsdag, januar 05, 2012

Effekten av langsiktig lobby

Min gode venn J har i mange år drive intens lobby. Han har brukt mange timer for å få meg til å endre forbruksmønster. Prøvd med alle tilgjengelege middel å få meg til å innsjå at vanene mine måtte endres radikalt. At eg ikkje kunne fortsette å leve min kvardagssjonglering utan "ein slik ein". At det ikkje ville vere berekraftig å fortsette å springe rundt med kalender, datamaskin og ein mobil som anten er i ferd med å falle frå kvarandre eller som mister viktig informasjon. Ikkje for det, i perioden lobbyen har pågått, har eg i alle fall hatt 3 telefonar, men like forbaska...

Skal ein drive lobby mot ein sørlending, må det åpenbart skje langsiktig. Vi er ikkje å raske i vendinga, som kjent. Vi treng ei viss tilnærmingtid. Og såleis er det kanskje bare som det skal vere, når Js forsøk på å lokke meg med "ein driiiitbra app, som du bare måååå ha" eller "du, som har så mykje å gjere, på så mange felt, du kan jo ikkje fortsette med gule lapper du mister kontrollen på". For eg måtte då forstå at eg treng ein smarttelefon?

Vel. Eg har sett at han har hatt eit poeng, men eg har ikkje hatt bry til å ta meg råd. Dei pengane har eg jo tross alt mykje anna rart eg kan spenne vekk på!

Men her om dagen fekk eg mi første lærarlønn. Ikkje noko å leve på, men såvistes ikkje noko å klage over. Det er ganske god business å vere vikarlærar, nemlig. Då eg sjekka kontoen, fann telefonen ut at den skulle gå i vranglås. Igjen. Synd for den, for der og då bestemte eg meg for å gi etter for det "massive" presset. Så kunne eg bruke mi første lærarlønning på "fornuftig" vis. Og så kunne eg kanskje få ein fungerande telefon på kjøpet.

Det er ein viss ironi over det heile. For etter november har både organisasjonsaktivitet og reiseverksemd blitt ganske drastisk redusert, i alle fall inntil vidare. Så hovudargumentet til J er eigentleg borte.

Men eg bukka under til slutt. J kan innkassere siger ganske snart, for plutseleg ein dag står det eit snilt menneske på døra mi med ein ny telefon til meg..

Det nytter altså å drive lobby andsynes sørlendingar. Det tek berre mykje lenger tid...

søndag, januar 01, 2012

Eg ynskjer deg nok

GODT NYTT ÅR!

Denne jula og romjula har for min del handla om ord og fellesskap. Fellesskap med familie og venner, og ei kjensle av å høyre til i ein større samanheng - både som del av eit større samfunnsfellesskap og som ein del av eit historisk fellesskap. Slekt skal som kjent følge slekters gang, og ei julehelsing frå familien i Trondheim har sørga for at også framtidige slekter kan få med seg spesialitetene til oldemor, fødd 120-130 år før eg kom til.

Men jula har også bestått av ord. Og med det meiner eg ikkje at vi har forlese oss på Johannesevangeliet, akkurat. Eg har sitte i kjellaren store delar av jula i von om å få i hamn masteren (det sette helsa ein effektiv stoppar for, gitt!), men sjølv om eg har pressa ut av meg ein del ord, er det ikkje dei orda som har stått i sentrum. Det er dei gode orda, dei sterke orda, dei rørande orda, dei fine orda og dei ekte orda. Dei som formidler noko større enn ein sjølv.  Dei har fått ein stor plass i dette fellesskapet eg har vore ein del av, fordi vi har ynskja å la dei ta plass.

Den beste nyttårshelsinga eg har lese, kom frå ei studievenninne av meg, og eg har stjåle dei orda. Fordi dei nettopp er slike ord som har bidratt til å sette ordet i fokus denne jula. Dei er mitt ynskje til deg som måtte slumpe til å lese dette: eg ynskjer deg nok!


I 2012 ønsker jeg deg nok!

Jeg ønsker deg nok sol til at livet ditt blir lyst, nok regn til at du setter pris på sola.
Jeg ønsker deg nok fortjeneste til at du får råd til alt du trenger - og nok tap til at du er takknemlig for det du har.
Jeg ønsker deg nok velkomster til at du holder ut de avskjeder du må ta.
Jeg ønsker deg nok lykke til at du bevarer livslysten, nok sorg til at selv de små gledene blir store.

Og berre fordi eg blir så glad når eg høyrer på denne, sleng eg med den finaste kjærleikserklæringa denne nyttårsfeiringa kunne ta med: folkofonen NRK sendte i går. Det er vakkert, rett og slett.

mandag, desember 26, 2011

Mannen med koppen

Det var ein kald desemberdag, og Oslo var dekt av julelys. Alle butikker slost om å ha dei beste juletilboda, og langs Karl Johan slo den eine julesongen den andre ihel. Julestresset låg i tjukke lag over byen, og julestemninga var tilsvarande fråverande.

Det var min andre Oslovinter. Eg var ferdig med eksamen, og var i full sving med å få unna dei siste julegavene før eg skulle vende nasa heimover mot mammas juletorsk, pappas kokosmakroner og sørlandsk, familiær julero. Eg sette nasa mot t-banen, og på vegen ned i varmen der nede, blei eg stoppa av ein mann som lurte på om eg hadde nokre kroner til overs. Eg stoppa opp, men klarte ikkje fiske opp lommeboka – til det var det for mange poser i veien. «Va'kke heilt enkelt det her!» sa eg, og lo litt av meg sjølv mot han. «Å, er du sørlending?» svarte han muntert, og dermed var samtalen i gang. Mor hans var frå Mandal, og han var sjølvsagt vokse opp med torsk på julaften, «sjølv om det kanskje burde vore laks for ein mandalitt, haha». Han og søstra var dei einaste på drabantbyskolen med den julemenyen, og det som nå var eit kjært minne, var den gongen noko som var i overkant eksotisk. Med mormor frå Mandal måtte eg sjølvsagt prøve å plassere mor hans nærare. Det viste seg at hans barndomsparadis var tvers over elva frå mitt Holumsparadis, og vi konkluderte med at vi heilt sikkert hadde bada mange gonger på same badeplassen. «Ja, kanskje vi til og med er i slekt?», sa han. Så stoppa han opp. Stiv som ein pinne. Redd for reaksjonen min.

«Ja, kanskje det?!» svarte eg, og lo ein liten anerkjennande latter, utan heilt å forstå (der og då) kva han plutseleg var så redd for. Skuldrene hans sank, mjukheita kom tilbake. Litt småsnakk til, og så sprang eg på banen, oppløfta og fyld med ei god kjensle, slik berre samvær og fellesskap med ein totalt ukjend kan gje. At eg hadde tømt lommeboka for småpenger til mannen, og at han hadde fortalt om sine mange år som misbruker, rokka ikkje ved kjensla av at vi var likeverdige.

Nokre dagar seinare er eg igjen i fullt firsprang ned t-banetrappa ved Egertorget. Mot meg kjem ein mann med ein kopp. Han ser meg inn i auga, eg snur meg bort. Auga hans søker mine, og han gliser stort. «Jeg ringte mamma» seier han mot meg. Han tek tak i jakka mi, og eg trekk armen til meg. Redd. Ein narkoman som prøver å holde meg fast er ikkje berre ukjend kost, det er særdeles skummelt, og eg vil komme meg bort så fort som overhovudet mogleg. Sjeleglad er eg for at mannen foran meg i trappa ser det heile og signaliserer at han er parat til å gripe inn. Den narkomane prøver ikkje lenger gripe tak i meg, men han fortsetter å rope, denne gongen med ei merkeleg blanding av skuffelse og glede. «Jeg får komme hjem til jul! Til mamma». Eg har ei kjensle av at det er meg han roper etter, min anerkjennelse han vil ha. At det er EG han vil skal rope hurra, men eg forstår ikkje kvifor. I det eg forsvinn ned rulletrappa, ljomer stemmen, stolt, men samstundes så skjør, så skjør «Det blir juletorsk på meg i år!»..

Det tok meg nokre stasjonar før eg forstod kva han ropte. Enda nokre stasjoner før eg forstod kvifor han ropte etter meg. Då eg forstod det, gjekk eg av banen og sette meg mot ein ny ein til byen. Ville gjere det godt igjen. Ville møte han att, seie unnskyld. Be han på kaffi. Kva som helst – få han til å bli eit levande menneske for meg igjen, og ikkje berre ein eg kunne oversjå fordi han ein gong hadde tatt eit dumt val på fest fordi han var usikker og ville tøffe seg. Ville finne fellesskapet med han igjen, søke etter fleire felles referansepunkter enn dei vi hadde.

Då eg kom opp av t-banekolossen igjen, var han borte. Heller ikkje i nærleiken var han å finne. Sidan har eg kikka kvar gong eg har vore i området. Spurt ein og annan selger av =Oslo om dei kjenner ein innfødd Oslogut med mor frå Mandal. Men ingen napp.

Han er stadig i tankane mine. Stadig håper eg inderleg at det blei juletorsk på han det året. At han ikkje mista motet fordi eg ikkje kjentes ved han. At han kom heim til mor og søster den jula. At den julemiddagen kanskje var det påskotet han trengte for å klare å nå sitt store mål om å bli rein? Og like stor er frykten for at eg aldri såg han att fordi han fekk rett i at «denne vinteren knekker meg om jeg ikke blir rein». Eg får truleg aldri vite svaret.

Men eg vonar. Og han fortsetter å vere ein del av min kvardag. Kvar gong eg køyrer forbi skiltet som viser vegen inn til Holum. Kvar gong det snakkes om juletorsk. På ekstra kalde dager. Når all julemusikk blandes saman og blir ei stor suppe. Og kvar jul tenner eg eit lys for han. Og seier eit stille unnskyld. For at eg ikkje såg mennesket.

søndag, desember 18, 2011

Modernisert julefortelling

Rykta vil ha det til at fleire av mine preste- eller predikantvenner held på med å skrive juleandakter for augneblinken. Nokon av dei har klaga sin naud og lurt på korleis dei skal kunne skildre julebodskapen utan å seie akkurat det same dei gjorde i fjor. Her får dei, og alle andre som måtte slumpe innom her og av ein eller annan grunn ha bruk for det, eit lite tips frå meg: ta med ein videokanon, så har nokon andre sørga for at historia har blitt fortalt i facebookspråk. "Sånn som ungdommen skjønner", altså..

Julegåvetips: Gyldig fravær

Før eg skriv noko meir, bør eg seie at eg har fått boka eg nå skal skrive nokre liner om heilt gratis frå Aschehoug Forlag, slik at eg kan melde henne her. Det har for så vidt ikkje tyding for utforminga av meldinga mi, men all den tid eg har fått boka for å melde ho, og det inneber at eg må blogge om ho, kan jo du, som den kritiske lesaren du er, alltids med berettigelse stille deg spørsmålet om eg hadde hatt bry til å melde boka her dersom eg ikkje hadde lova dei å skrive om ho.


(Bildet har eg rappa frå Aschehoug. Utan å spørre om lov)

Gyldig Fravær av Harald Rosenløv Eeg (2011)
Klassen skal på museumstur. Fem av elevane har, av ulike grunner, ikkje klart å slenge seg med i den t-banen resten av klassen er i. Dei havner tilfeldigvis på same bane mot byen. Fem ulike elever som kanskje ikkje eigentleg kjenner kvarandre, men som blir bunde saman i det ei bombe går av på banen dei sit på. Desse fem er dei einaste overlevande. Ein statsministerson. Ei som er i ferd med å konvertere til islam. Ein som leverer dop for bror sin. Ei som er gravid. Ein tagger.

Inspirasjonen til boka er fann Harald Rosenløv Eeg i ein forlatt sekk på t-banen. Eg las ein stad at han var usikker på om han turte utgi boka så nært etter 22. juli, for boka handler jo nettopp om dei som er rammes av terroren. Om panikken, redsla, frykta i timane etter bomba. Og kanskje, kanskje ikkje, også om nokon av dei som var ansvarlege. Han gir oss levande bilete av ungdommane i tida både før og etter det utenkelege finn stad. Figurande er fascinerande, og Rosenløw Eeg klarer å skildre dei som truverdige menneske, kanskje fordi han klarer å vise at dei alle har mange ulike og motstridande side, slik ekte menneske jo har. Jo betre kjend ein blir med dei fem hovudpersonane, di fleire delar av mysteria dei er kjem fram i lyset, men ein blir ikkje betre kjend med dei enn at det framleis er mange ubesvarte spørsmål som melder seg. Dei er tenåringer, men utan at dei utfordringane, opplevingane og hendingane dei opplev er av ein karakter berre tenåringer kan kjenne seg att i. Dette er ei ungdomsbok, men ho er definitivt lesverdig også for oss som har passert dei magiske 18.

Ingen av karakterane blir skildra ihjel, for vi møter dei i "glimt" av kort eller lang karakter. Ein blir kjend med personane i gitte situasjonar, og det antydes mange gonger om kva som er bakgrunnen for at dei einaskilde personane gjer som dei gjer, utan at dette blir forklart. Sjølv om ein kjem nært inn på hovudpersonane, forblir dei litt mystiske - akkurat slik ein gjerne opplev at menneske ein ikkje kjenner så godt er.

Rosenløw Eegs "Vrengt" var ei av mine store favoritter då eg var tenåring. Eg var enormt fascinert over hans evne til å kombinere den kjende verda eit kjøpesenter er med ein absurd, og ganske abstrakt, idè om at det skulle bu nokon inni ei diskokule på det same kjøpesenteret. Då eg las Vrengt første gong, var det denne absurditeten som var hovudgrunnen til at boka traff meg så ettertrykkelig.

Denne absurde tvisten tek han med seg også inn i Gyldig fravær, og eg kjenner eg er mindre komfortabel med den der. For midt i terroren, midt i den avstengte verda der dei fem tenåringene er, dukker det opp nokon som kanskje, kanskje ikkje, har noko med terroren å gjere. Nokon som lev eit parallelliv i t-banetunellene. Nokon som kanskje er redninga. Eller kanskje... Men det funker, altså, det er ikkje det. Det er bare det at handlinga kunne stått fint på sine eigne bein utan.

Eg skulle til å påstå at "denne er veldig god, men ikkje like god som Vrengt". Så gjekk det opp for meg at eg las Vrengt mens eg framleis var i målgruppa, og at eg har tatt med bileta og inntrykka frå den gong også i seinare lesing. Det gjer sjølvsagt at eg ikkje kan samanlikne bøkene på likefot. Og eg er heilt, heilt sikker på at for mange ferske Rosenløw Eeg-lesarar vil opplevinga av Gyldig Fravær vere minst like sterk som mi lesing av Vrengt.

Som eg skreiv i førre bloggpost, har 22. juli sett sine spor også i min kvardag. Då eg byrja lese boka, var eg budd på å måtte legge ho frå meg, på å ikkje orke lese. Eg utsette lesinga lenge, fordi temaet kjendes for tøft så kort tid etter å ha vore ein del av begravelser, minnemarkeringer og sørgande lokalsamfunn. Men då eg kom i gang, kjende eg at eg for eigen del ikkje hadde behøvd å utsette lesinga så lenge som eg gjorde. Essensen i boka ikkje ligg i det utenkelege i t-banetunellen, men i menneska som blir sittande fast der. Men tematikken gjer nok at ein må tenke seg litt betre om før ein eventuelt følger mitt julegåvetips - så kort tid som det tross alt er sidan 22. juli. Men når det er sagt: boka burde absolutt befinne seg under mange, mange juletrær.

søndag, juli 31, 2011

Ei varmande etterlysing

"Dei ettelyste bogdama" sa pappa, ut av ingenting.
"Bogdama?!" svarte eg, og skjønte ingenting. Bokdame? Kven etterlyste ei bokdame? Kva er ei bokdame?

Pause. Eg tenkte så det knakte. (Meiner han mamma? Ho har jo jobba i bokhandel i mange år? Men kvifor skulle han fortelle det til meg, og ikkje til mamma?). Han smilte lurt, men utan å gje meg hint.

Så, brått kom det. "Bogdama. Ongan ettelyste bogdama. Skjønt, egentli tru æg d va mora som ettelyste bogdama. Æg sko sei du va savna!"




I ei tid der hjartet framleis kjennes som om det fysisk er delt i to, gjer det særs godt å få vere den etterlyste bokdama. Og vite ein har gode venner - med tilhøyrande barn - som etterlyser ein når ein ikkje har vist seg på ei tid. Faktisk trur eg det gjorde så godt at hjartet mitt fann fram ein liten plasterlapp. Kanskje vil dei første såra i bokdamas hjarte gro når ungane og mora får ein stor klem. Det blir snart.

onsdag, juli 06, 2011

Ord for dagen: Gålaus

Søstra mi lærte meg eit nytt ord i dag, og vi har kollektiv orddigging på kjøkkenet nå. Ordet er "gålaus". Og nei, det er ikkje "gå laus". Det er "gålaus". Som i "rastlaus".

Når du er rastlaus, gjer du ingenting. Du "raster", men får ikkje gjort noko. Når du er "gålaus" er du i aktivitet, men du får ikkje gjort det du skal eller vil. Du kan godt gjere noko som er relatert til det du burde ha gjort eller ønsker du hadde gjort, men du får ikkje du gjerne skulle ha gjort.

Eg er for ein ordrenessanse.

onsdag, juni 29, 2011

Lukk auga og vit at det går bra

Her om dagen fekk eg ein epost frå ein kar som ville vite kva musikalske favorittar ungdomspolitikarar har. Og eg innsåg at det er ein viss fare for at mine favorittartistar ikkje er å finne i hans lister. Det er ikkje fordi eg har ein så sær musikksmak at ingen har høyrt om dei, men av ein eller annan grunn har "ingen" i Noreg høyrt om mine favorittar. (Rangeringa per akkurat i dag: Racoon, Noa, Anouk, Eivør og Lovell Sisters - dei er alle "verdensberømte" i sine heimland)

Men det var eigentleg ikkje musikksmaken min som var bakgrunnen for at den til dels ufrivillige bloggerpausen min brått tok slutt. Det var det faktum at eg ikkje kunne komme på teksten til Racoons Close Your Eyes då eg køyrde bil i dag, så eg måtte ty til det skritt å google den. Bandets heimesidene ligg tydelegvis nede (nettleseren skrur seg av når eg prøver å gå inn på siden), så you tube blei løysinga. Og då gjenoppdaga eg den vakre teksten, og den måtte eg igrunnen bare dele med fleire.

Så: trykk på videoen. Du kan sjølv velge om du vil lese teksten eller berre høyre den, men få den med deg. Og knip igjen auga når den er ferdig. Og vit at det går bra.

torsdag, juni 02, 2011

Du kan ta sørlendingen ut frå Sørlandet, men...

"Kva er det med dykk sørlendinger" spurte venninna mi oppgitt her om dagen. "Dei klarer å flytte ut, men så går det bare ei kort stund, så er dei på vei tilbake til Sørlandet igjen. Og ikkje nok med at dei skal tilbake til landsdelen, dei vil jo jammen med ha ting akkurat slik det var då dei vaks opp." Ho kjenner nokon frå Arendal som er fødd og oppvakse i byen, og som så fort det var på tide å flytte heimantifrå valde å busette seg i Arendal. Resten av verda er fint å reise på ferie til, men heim til Arendal må dei.

Og her sit eg, og innser at 8 år i Oslo ikkje har tatt sørlendingen ut av meg. Ikkje på noko vis. Ein ting er at eg har eit veldig behov for å forsvaret Sørlandet i alle mine samanhengar (...skulle ønske desse orda var mine..), ein annan er at når eg nå sit og prøver å leite fram ein stad å bu i Kristiansand til hausten, er "aktualitetsaksen" ganske sjokkerande: Sentrum - Østerveien - Søm/Hånes er det einaste gyldige. Har ikkje hatt bry til å vurdere å sjekke ut anna, ein gong.

Eg prøver meg sjølvsagt på å argumentere med "det er så praktisk å bu langs bussmetroen", "det er så kjekt å kunne hoppe rett på bussen til UiA", "eg må bu ein stad der eg slepp å ha bil" og "eg må bu ein stad der det går buss ofte" (som er eit argument for ikkje å ta over søsters hybel på Gimlekollen). Men kvifor då berre langs metroløypa austover, spør du kanskje? "Åååå, la meg for all del sleppe Vågsbygdveien!".

Tinnheia og Hellemyr kunne eg vurdert, sikkert, men så var det dette med den praktiske metroen. Og Slettheia betyr fort Vågsbygdveien, og sjølv om ein kan sleppe unna den, slepp ein jo ikkje unna Vesterveien, og den er jo nesten like ille i mitt hovud.

Men uansett korleis eg vrir og vender på det, har nok frk H litt rett. You can take the girl out of Sørlandet, but you can't take Sørlandet out of the girl.

Så derfor har eg brukt dagen i dag på å pakke eigedeler av ulik affeksjonsverdi ned i kasser. Bokhyllene (med unnatak av alt masterrelatert) er tømt, stova er skrapa for dvd-ar med mitt namn på, cd-hylla ser ribba ut og eg treng "desperat" nye kasser". For nå skal eg heim, altså. Bare ikkje heilt sikker på kva tid. Eller kor heim eigentleg er.

mandag, mai 23, 2011

For tante stenne bag gardin' å ser...

"Nå slår britiske aviser tilbake mot munnkurven" kunne Dagbladets nettframside melde i dag. Sjølve artikkelen fortel at britiske tabloider ikkje tør å fortelle kven han er,  men at dei sørger for å protestere som best dei kan. I ein annan artikkel opplyser Dagbladet at fotballfansen skal ha sunge om denne speleren medan hans kone og barn var på tribunen - framleis utan å ha sagt kven han er. 

Eg er ikkje spesielt interessert i fotball, og enda mindre er eg interessert i kven som måtte finne på å (frivillig) ligge med kven. Mi grunninnstilling har alltid vore at utruskap er ei sak mellom involverte parter (som i dei to pluss partnarar), og ikkje for det offentlege rom. 

Det finst riktignok eit unnatak frå regelen om at utruskap er ein privatsak, og det er saker der (minst) ein av dei aktive partane er sjølvutnemnd moralistog "familieverdiforkjempar". Dei som går hardt ut med krav til korleis andre skal leve sine liv må tole søkelyset når dei sjølv ikkje lev opp til desse ideala - særleg om dei fordømmer andre for å gjere det same som dei sjølv.

Eg interesserer meg altså på ingen måte, sånn eigentleg. Og likevel tok eg meg sjølv i å aktivt bruke 2 minutt av mitt liv på å finne ut kven denne mannen var. Det var ganske enkelt. Db har nemlig linka til Trendistic - som lager statistikker over bruken av ord på twitter. Der søkte eg på "football player". Nokon hadde spurt etter kven det var. Nokon hadde svart vedkommande. Eit nytt søk på eit namn i Trendistic stadfesta at namnet hans - slik artikkelen hadde spådd - hadde auka kraftig i omtale på twitter dei siste dagane. 

Kva kan ikkje teknologien gjere for oss i dag? Vel, for min del har den i alle fall påført meg mykje ein stor skuffelse. Ganske mykje over meg sjølv, at EG kunne finne på å foreta søket, når det ikkje interesserer meg. Og så litt over vedkommnde fotballsparker, fordi eg alltid har tenkt at han var ein sympatisk fyr (for ja, det var ein eg kjenner godt til - i seg sjølv noko talande om hans popularitet). 

I Listasangen, som til liks med ganske mange andre heimstadssongar her i landet opphavleg var ei revyvise, heiter det at "Når æg ska uid å sjå min hjertenskjer/Då dreg eg heua gått for euan ner/For tante stenne bag gardin å ser/De' æ så vonnt fårr ho å la d ver". Og eg frykter at det er litt det same genet som altså slo ut i meg nå. 

Det var så vondt for meg å la det vere.

Gåve frå oss til deg: betal sjølv?

I ettermiddag var eg og to kompiser ein tur på Bærums Verk. Kamerat S fekk ein tur på Pannekakehuset i julegåve, og endeleg var tida kome for å "løyse den inn". Pannekakehuset blei åstad fordi Ragnhild hadde vitra om ein visitt dit for ei tid tilbake, med melding om at dei hadde allergivennlege alternativ, noko som jo kan vere eit poeng når både den eine og den andre allergien finn på å gjere seg gjeldande.

Pannekakene var akkurat like gode som Ragnhild hadde fortalt oss og vi enda opp med å vere der i mange, mange timer, for det er særs trivelg ein stad, sjølv når regnet yrer ned. Men også godt selskap skal ein gong brytes opp, og det nærma seg tida for å trekke mot bil og buss. Ergo - tida for å betale.

Og her er det J og eg oppviser ei blanding av dårleg hugs og pinleg framferd: i gjerningsøyeblikket gløymer vi at vi har gitt bort besøket i gåve, og at heile formålet med visitten var at VI skulle spandere på S. Kanskje kan vi skulde på den hollandske atmosfæra, for resultatet var at vi "were going dutch" - kvar betalte for seg. 

S køyrer oss til bussen. I det bilen hans forsvinn bak svingen, går det opp for oss kva vi har gjort. Skamfulle sit vi på bussen innover mot Oslo og kjem fram til at det minste vi kan gjere er å sørge for å samles igjen veldig snart. Då skal vi ikkje falle i hollenderfella. Mogleg vi får finne ein stad med førehandsbetaling?

torsdag, mai 19, 2011

Gamlingene nå til dags!

Tidleg på ettermiddagen i dag var eg ein tur på Jernbanetorget. På hjørnet Jernbanetorget/Europarådets plass sat, som vanleg, ei dama og tigga. Ho sat sånn plassert at då eg kryssa gata, kom eg "rett på" ho. Inn frå mi venstre side, med kursen rett fram (og dermed på langs der ho sat) kom ein gamal mann, som eg vil anta var ein stad mellom 70 og 80 år. Mannen har jamn fart, men ganglaget ber preg av at beina hans ikkje lenger har ein ungdoms vitalitet.

I det både han og eg nærma oss, begynte dama å riste på koppen sin og på sedvanleg vis rope "please, please". X antall år i Oslo har enda ikkje vendt meg frå kjensla av å vere brydd når eg treff på tiggarar, så det er mogleg det var instinkt som gjorde at eg slo auga ned. Alternativt var det konsentrasjonen om å ikkje snuble i fortauskanten si skuld at eg ikkje såg det som skjedde. 

Det kjem ein lyd frå koppen med mynter i. Det er ikkje lyden av mynter som fell i koppen, ei heller lyden av ein kopp som ristes på. Lyden av mynter som slår mot kvarandre er så hard at den vitner om eit spark. Mannen er så nær dama at han utan tvil kan ha sparka koppen ho holdt rundt. Beinet hans avslører ikkje om han har sparka eller om han berre har eit bein han må bruke mykje krefter på å løfte. Eg les kroppsspråket hans. Han er fiendtleg innstilt mot denne dama. 

Eg ser ikkje ansiktet hans, men eg ser blikket hennar. Det er forvirra, ope og sint på ein gong. Ho ser at rett på meg, og i eit mikrosekund er det som om augene hennar seier "gjer noko, for svarte".

Eg skal til å rope på den gamle mannen. Eg utbryt "ØY!", men resten av skriket mitt teier i strupen. Eg skal til å rope at "SÅNN OPPFØRER EIN SEG FAKTISK IKKJE OVERFOR FRAMANDE MENNESKE!" Eg skal til å skrike at det er heilt greitt at han kjenner seg brydd, for det er han ikkje aleine om. Eg skal til å gje han klar melding om at han får sjå til å skjerpe seg, for det er faktisk eit menneske han utøver vald mot. Eg skal til å avslutte med å seie noko om kor forferdelege gamlingane nå til dags er, at han er ei skam han er for dei som bygde landet.

Men eg teier. Eg teier, bøyer hovudet og tuslar bort mot trikken (som eg akkurat mister, til pass for meg!). Tvilen gneg i meg. Eg såg jo ikkje mannen sparke. Eg kunne risikert å skjelle ut ein framand, uskuldig mann. Ein gamal mann, til og med, ein eg intuitivt har ekstra respekt for. 

Heile vegen heim dikuterer eg med meg sjølv. Heile vegen heim fortel eg meg sjølv kva eg faktisk burde ha sagt. Og kvifor eg skal vere glad eg lot det vere. Det er ein prinsippdiskusjon som foregår i mitt indre. Det er retten til å ikkje bli uskuldig dømt mot det universale menneskeverdet. Det er respekten for gamle menn mot respekten for medmenneske. Det er omsorg for medmennesket mot omsorg for medmenneske.

Og så er det skammen og frykta. Skammen over å kunne ha gripe inn, men vore for feig til å tørre. Frykta for at eg lot vere å gje han ei skyllebøtte fordi dama som sat der truleg har rumensk eller bulgarsk statsborgarskap. Skammen over kva det vil seie om forholdet mellom liv og lære dersom frykta mi er sann. Frykta for at eg er for feig, og at ideologien som eg innbiller meg at ligg i ryggmargen forsvinn som dugg for sola når det gjeld. Frykta for at eg har bidratt til å nedverdige ho ytterligare ved å (tilsynelatande) sjå på, og så la vere å gripe inn. 

Det er lenge sidan ein episode har plaga meg tilsvarande. Eg har grubla og grubla, men eg kan ikkje med handa på hjartet seie at eg er sikker på at eg oppfatta det som faktisk fann stad. Han kan vere ein av desse gamlingane som traskar rundt i hovudstaden og nesten går på tiggarar for å markere at dei ikkje er velkomne til å drive med tigging - for det er ein del som gjer akkurat  det (og dei eg har sett har alle vore menn). Han kan ha gått så nær ho at det var ho som rista ekstra hardt for å få han unna. Han kan rett og slett ikkje ha sett ho. Eg kan ha tolka blikket hennar feil.

Tvilen gneg i meg ennå. Eg klarer ikkje bare å seie at "gjort er gjort". Eg skulle så gjerne ha gjort noko. Men eg veit ikkje kva.

Først mange timars grubling seinare gjekk det opp for meg at eg eigentleg ikkje var på veg heim.

mandag, mai 16, 2011

Mot "årets helligste dag"

"17. mai er det heilagste dagen i året" utbraut mamma rundt middagsbordet i dag. I min familie har det alltid vore ein liten (ideologisk?) kamp mellom 17. mai og langfredag om å stå øverst på heilagheitsskalaen. 

Eit av mine første minner er ein 17. mai der eg truleg var 3 år. Eg var enebarn, og feira i lag med bestemor, bestefar og mamma og pappa i Vanse. Eller, eg antek at mamma og pappa også var der, men dei er ikkje til stades i minnet. Det eg hugser, er at eg stod like ved den store bautaen i Vanse og holdt ei bunadskledd bestemor i eine hånda, mens den enorme hånda til min dresskledde bestefar hadde eit solid grep rundt den andre. Det var trygt og godt, og eg stod og studerte den enorme bautaen og lurte på korleis nokon menneske nokon gong kunne ha klart å lage noko som var så stort. At Kyrkja ved siden av kunne vere høg, kunne eg forstå, for eg hadde jo sett at ein bygde med stillaser. Men korleis ein fekk til den "enorme" bautaen, det var meg eit mystrium. 

Då eg var liten, var 17. mai strengt tatt ei todagersarrangement. Vi begynte med barnetog i gata og saft og kaker på leikeplassen den 16. mai. Dette var ein kombinasjon av ein gatefest for å feire at ein var ferdig med god dugnadsinnsats og ein måte å sørge for at alle ungane, anten dei var 2 eller 15, fekk gått i tog. Etterpå var det sekkeløp og kanskje litt grilling før badekaret venta på skitne men lukkelege barn og strykejernet venta på at opphavet skulle gyve laus på bunadsskjorter.

Sjølve 17. mai var ein dag der alt fulgte sin faste rytme, og der alt gjekk slag i slag.  Oppstilling på grusbanen på Heståsen for ei kort tale før barnetoget. Så gjekk toget ut i gatene, og endte opp på Hånes skole for Den Store Talen, nasjonalsonger av fulle lunger, loddsalg, kaker, is og så mykje leik ein bare orka. Og når ein omsider gjekk lei, sånn ut på tidleg ettermiddag ein gong (ofte fordi alle andre hadde vendt heim, og den Stave Samuelsenske hop var dei einaste utanom arrangørane som  framleis var i full sving), gjekk vi heim for å strekke på beina litt, før turen gjekk ned mot Kristiansand sentrum og Borgertoget, anten for å gå der sjølv eller fordi ein alltid kjende nokon som gjekk der (eventuelt for å finne ut kva studentkora hadde funne på denne gongen). Så bar det ut for å ete, før turen gjekk heim eller til venner eller naboer for å proppe i oss enda meir kake (som om vi ikkje hadde fått nok slikt allereie på Hånes). Litt meir beinstrekk, og skifting frå bunad til dongri før Tapto var tingen. 

Min barndoms 17. mai fulgte med andre ord eit fast system. Den var ritualisert, og blant hovudritene var øvingene "få i deg så mange kalorier du overhodet klarer". Desse ritene var så klare at eg nesten blei paralysert då eg flytta til Oslo og måtte tilbringe nasjonaldagen liggande på ein sofa mens eg las til eksamen dagen etter. Eg gjekk ein tur i skogen (bunadslaus) og traff ein forvirra polakk og nokre fugler. Elles var alle folka borte. Den 17.mai'en var så trasig at eg etterpå bestemte meg for å i alle fall prøve å finne nye ritualer. 


I den grad eg kan skryte på meg å ha funne nye 17. mai-ritualer i hovudstaden, er det barnetoget som er ein hovudingrediens. Sjølv om dei eg kjenner i toget kan oppsummerast på ei hand (og i stor grad på biletet av Romsås Janitsjar..) har det absolutt vore ei god erstatning for Hånes-toget.


 




Men resten av ritualene har det vore så som så med. Anten det har inkludert laaaaaaaaange frukoster, like lange lunsj-middager eller å drikke sjampis på statens rekning, har det liksom ikkje blitt så dreis på det. Den heilage 17.mai'en har blitt mindre heilag med åra, er det bare å innrømme.

I morgon skal eg igjen feire 17. mai i Vanse (for første gong sidan eg var 4), og igjen stille meg slik at eg kan betrakte den bautaen som ikkje lenger er enorm, og som eg ikkje lenger har problem med å skjøne korleis blei reist. Bestemor og bestefar ligg gravlagt på same kyrkjegården, og bestemors bunad er det eg som skal gå i. Men kanskje kan eg, i eit lite glimt, oppleve å vere 3 år igjen og vere lykkeligst i heile verda fordi at "endelig er dagen her".

I fjor: utenriksdepartementets mottaking. 
I år: høvesvis på ny-gamle jaktmarker på Lista og på gamle-gamle jaktmarker på Dovre


HA EIN FANTASTISK GOD 17. MAI!

tirsdag, mai 10, 2011

Ikkje alle førsteplasser er gode

RFSU lanserte i dag ein undersøkingsrapport som viser at unge nordmenn framleis troner på førsteplassen over dei i Norden som er dårlegast til å bruke kondom. Det er ein førsteplass vi burde vore ganske pinlege over å inneha, og det er ein førsteplass som tydeleg viser at det er på tide å ta nokre store grep. For nordmenn stoler anten på at legevitskapen kan kurere dei for alt det dei eventuelt måtte få av "grums" eller at partneren har tenkt lenger enn ein sjølv gjer. Dessutan er nordmenn tydelegvis best på sex i fylla, for mange skulder på rus.

Det trengs ei haldningsendring blant nordmenn. Først og framst må me bli flinkare til å tenke på prevensjonsmidlar ikkje primært som eit midel for å hindre graviditet, men for å hindre smitte. Som eit middel for å ta vare på si eiga og sin partners helse. 

Nå viser også undersøkinga at klamydia er mindre tabu enn før. Det er gledeleg. Men likevel veit ein at mange av dei som får påvist klamydia ikkje tek dei pillene som skal kurere sjukdommen. Med det risikerer dei sterilitet og bidreg til å spreie viruset videre. Gonoré og syfilis er på veg tilbake, og Hiv Noreg frykter at hiv skal spreie seg i ungdomsmiljøa. Då ville viruset spreie seg raskt, rett og slett fordi ungdom er frykteleg dårlege til å hugse å verne seg.

I samband med Mandelakonserten i Tromsø for ein del år tilbake, var eg på kurs om hiv. Der hadde vi høgttenking om kva tiltak som måtte til for å normalisere bruken av kondomar, og Mimir meinte at løysinga kunne vere å legge inn ei pakke kondomar i alle six-packer som blei seld her i landet, nettopp fordi koblinga mellom rus og sex er så sterk. Det er kanskje ingen dum idé. Drastiske vaksenopplæringstiltak trengs.

Og i fall du som les dette har fått ca like lite seksualundervisning som eg fekk og til liks med min gamle klasse aldri var med på tre-på-ein-banan-eit-kondom-og-sjå-kor-enkelt-det-er-øvelsen: her er bruksanvisninga. Sånn skal det gjerast. Til både din og partnerens beste. Det er bare å øve.

(illustrasjon rappa på ein eller anna plass på nettet for lenge sidan)

Det normale dikatur?

For ei lita tid tilbake trefte eg ein kviterussisk venn. Gjensynsgleda var stor, og han spurde, som vanleg er mellom vener som ikkje har sett kvarandre på ei tid, korleis det stod det til. Eg svara noko i retning av at alt var som normalt, og gav han ei kort oppdatering på kva som hadde skjedd i livet mitt sidan våre vegar sist kryssa kvarandres. Studier, organisasjonsarbeid og venner fylte tida mi, men eg hadde det igrunnen veldig fint. "Og der?" spurte eg, kvardagsleg og utan å tenke på kor absurd spørsmålet var - og kor trivielt mitt svar hadde vore. 

"Alt er som normalt" svara han i ei lettare sarkastisk tone. "Etter metrobomba i Minsk har mange av vennene mine blitt fengsla, utan at nokon heilt veit kvifor. Alt er som normalt. Folk fengsles, og ingen veit kor dei er. Normalt. Folk er paranoide, og KGB har intensivert innsatsen sin. Å ytre eit einaste ord mot regimet eller noko i landet er å risikere å stemples oposisjonell, og du blir paranoid. Alt er som normalt. Det er det normale nå."

Eg hadde lite anna enn ein måpande kjeft og ei eg-er-lei-meg-mine å svare med. Eg var stum, og utan ord, for eg har ikkje orda til å skildre korleis historiene virker. Langt mindre har eg fattevnen til å forstå korleis det oppleves. Eg har rett nok vore i landet, og opplevd korleis kjensla av å potensielt vere under overvåkning gnaga. Men eg hadde det privilegiet at eg kunne forlate landet og reise heim til trygge Noreg. Og i løpet av åra som har passert har minnet om den gode tida vi tilbrakte i lag med kjekke folk overskygga minnet om paranoiaen som til sist også slo seg ned mellom nordbuarane i følget.

Men den selektive hukommelsen til sånne som meg og den bedagelege og behagelege (for vår del, i alle fall) mangelen på forståing for korleis det er å leve i eit diktatur er ei farleg sovepute. Det er så lett å gløyme at nokon opplev å bli forfulgt fordi dei ikkje deler diktatorens visjon om kva som er eit godt samfunn.

Lukashenko sjølv har uttalt at landet har for mykje demokrati. Kneblinga av oposisjonelle er intensivert etter terroråtaket, og Lukashenkos intensiv har medført ein trussel om å forby enda fleire oposisjonspartier. Det er altså ikkje berre gatene som skal feies slik at Alexander Rybak kan gjenta at "Minsk er ein rein by", også politikken skal strigles ytterlegare. 

Og kanskje er det dette striglingsprosjektet som gjer at landet sender ein song til MGP som muligens er skrive av presidenten sjølv. Ein song som skal vise at landet er fantatisk - ikkje berre på utsida, men også på innsida. Med fengande poptoner og kjærleikserklæringer til landet skal visstnok Europa vinnes. Eg vonar berre at vi ikkje fortrylles av lysshowet og steppelandsdansen, men at medvitet om at demokratiet framleis må kjempes for blir heldt ved like, også hos oss som faktisk har det privilegiet at vi lev i eit demkrati. Og at vi stør våre kviterussiske vener i kampen for demokrati. Slik at dei også vil kunne rekne det å gå fritt på gata utan å måtte frykte det hemmelege politiet for normalen.