Eg og min kamerat K sat og snakka om overvåkningssamfunnet i dag, og eg kom brått på at eg hadde gjort eit spedt forsøk på å bedrive nettstalking - 8 år etter at eg prøvde meg, sånn midt-på-treet-vellukka, som etterretningsoffiser i avstandsforelskelsens teneste.
Utgangspunktet for samtalen var det ganske absurde
Aftenpostenoppslaget om dei to muslimske leiarane i Sveits som sambandsstatanes etterretningsteneste har fulgt ulovleg og mistenkt for å vere terrorister - fordi dei var muslimar og likte å sitte på ein benk i parken med utsikt til den amerikanske SN-delegasjonen i Geneve. Som ein sjebnens ironi, alternativt som eit prov på kor heniallestaurog vegger den etterretningsrapporten faktisk er, er den eine av desse to kåra til æresborgar av New York for sin innsats for eit ope samfunn og toleransearbeid.
Mens vi snakka om dette kom vi inn på kva ein får tilgang til gjennom sosiale medier, og eg kom brått på denne historia her, og fordi eg trass alt tykkjer ho er eit godt døme på det potensielt skumle med sosiale medier, fann eg ut at ho burde deles, som ei (søt?) historie til skrekk og advarsel.
Då eg gjekk på vidaregåande, var eg særs avstandsforelska i ein gut på naboskolen. Vi tok same skolebussen kvar dag, men han var blant dei veldig få på den skolebussen som ikkje hadde gått på same ungdomsskule som meg. Han var busett i ein annan grunnskulekrins, men det var meir praktisk for han å ta "vår" skolebuss enn den som var sett opp frå hans krins. Og derfor visste eg ikkje kva han heitte. For ei som kunne namnet på heile skolen i løpet av 2 veker på barneskulen, var dette ein ganske merkeleg situasjon. Mi gode venninne J hjalp ganske godt til ved å sørge for å døype han "Grønn", etter hans grønne jakke. (Vinterstid skifta han derfor namn til "Blå", så kan de sjølvsagt tenke kva farge vinterjakka hadde).
Ein eller annan gong i løpet av 1. klasse (på VGS, altså) laga eg ei liste med det eg visste om han. Den bestod av ting som "kamerat med A", "speler på langoddsen", "tror han har ein bror" og sånt, plukka opp gjennom utbreidd langøyreverksemd på brua mellom Katta og busstoppet.
Så, ein gymtime ikkje så lenge før jul, kom det store etterforskningsmessige gjennombrotet. Heile 4 nye punkt tilført på ein dag. Klassen min og klassen hans hadde nemlig gym samtidig. Akkurat denne gymtimen hadde eg skada foten, og sat på benken i lag med C frå klassen min. Vi kjeda oss, og byrja studere den innebandyspelande klassen ved siden av oss, ikkje minst fordi dei nesten berre var guter. Blå/Grønn sin klasse. Og på eit tidspunkt der det passa veldig fint, la han på sprang mot oss. Eg var ganske takksam for den som hadde sendt ballen i vår retning, slik at det gav meg eit høve til å spørre C om ho tilfeldigvis visste kven han var. Ikkje at eg hadde noko tru på akkurat det, for C var frå andre sida av byen. Men det gjorde ho, jammen! Han hadde nemleg vakse opp på same plass som ho. Ho kunne til og med gi meg eit fornamn og fortelle at han hadde ein to år yngre bror. Og at han visstnok var eit talent i ein ikkje så utbreidd sport der han var arveleg belasta. Det er vel unødvendig å melde at lista i skoledagboka mi blei oppdatert umiddelbart etter gymtimen.
Mot slutten av skoleåret klarte eg å lure til meg skolekatalog frå naboskolen, og fekk så eit etternamn. Og med det, potensielt ein adresse. Sånn med unnatak av at det budde to med hans etternamn på ein adresse som kunne stemme med kor han kom på bussen (ganske imponerande, særleg med tanke på at du treng eit klasserom for å samle alle med same namnet som han i landet). Nokre veker inn i det påfølgande skoleåret kunne ein dødsannonse i avisen avsløre namn på både bror, mor og far (og hans avdøde bestefar..), og brått kunne telefonkatalogen utlevere adressen. Ikkje at eg heilt veit kva eg skulle brukt den adressen til, då.
Utover dette kunne "dette veit eg om Blå/Grønn"-lista mi ikkje fortelle stort meir interessant enn "mora hans vasker klær med Omo Color". Mot slutten av 2 snakka eg med han for første gong - då fekk eg eit russekort. Med eit slagord så bra at det var ganske pinleg at neste gong eg traff han igjen var då han 17. mai året etter stoppa og bad om mitt russekort - og fann meir eller mindre same slagordet berre på anna målform og i fleirtal der han hadde eintal. Slagordskopieringa kom ikkje av at avstandsforelskelsen framleis var sterk, men rett og slett av noko så enkelt som at det var særs bra, og tilfredsstilte mitt krav om at russekortet skulle vere seriøst og fritt for teite vitsar. (Herregud, eg var heilt seriøst verdens kjedeligste russ!)
Mi 11-punkts liste blei ein eller annan gong rive ut av skoledagboka og havna så i papirbunka nederst i kommoden min i lag med gamle stensilar frå barnskolen. I sommar hadde eg det privilegiet å kaste alle steinalderbuplass-stensilane i omnen (utrueg kva ein sparer på!!), men akkurat den lista blei av nostalgiske grunnar arkivert i kassa som til mammas store irritasjon er merka med "Signhilds memory lane". (Eg trur kanskje eg hadde fått ein overdose med
Josh Lucas og hjem, kjære hjem då kassa blei namngitt, og irriterer meg akkurat like grønn som mamma over namnevalet, om enn av andre grunner)
Så, i jula, snubla eg over kassa og lappen igjen. Og i eit innfall av julefred og kjedsomhet, fann eg ut at eg skulle prøve å finne ut av korleis lista blei utelukkande ved hjelp av Facebook - og utan å skulle trykke på "meir" nederst på tavle-sida meir enn 1 gong. Linker han hadde lagt ut, var derimot "tillatt" etter mine eigne nye stalker-prinsipper. Vi er ikkje venner på facebook (eg har jo ikkje snakka med han sidan den 17. mai-en), men vi har nokre felles kjende der. Det viste seg å vere tilstrekkeleg til at eg kom inn på profilen hans.
Berre med utganspunkt i linkar og tavletilgang hadde eg på nokre minutt ei "dette veit eg om blå/grønn"-liste ikkje berre var lenger enn den opphavlege, men truleg også ei liste han i noko større grad enn den opphavlege kjenner seg att i. Ikkje berre kan eg avsløre at Blå/Grønn var i utdrikkningslag for ei tid sidan i lag med ein eg hadde samme dagmamma som, eg kan også ein heil del av desse uviktige detaljane som blir viktige når dei blir sett saman til ein del av identitet: venner, familie, favorittfotballag (det er ikkje Start, men til min glede er han "fan" av
IK Start også), favorittmusikk (god musikksmak og bra spelelister på spotify!), favorittfilmer, favorittserier og så vidare. Då lista mi var akkurat dobbelt så lang som den opprinnelige, fann eg ut at det var nok. Der eg brukte 2 år på 11 punkt, brukte eg 11 minutt (inkl nedskriving) på 22 punkt.
Nå trur eg ikkje eg har funne ut av ting om han ved hjelp av hans opne Facebookprofil som han ville kjend seg ukomfortabel med at nokon visste, kanskje med unnatak av at eg, som sist snakka med han i forbifarten i 2002 veit at han liker band der medlemmane ikkje hadde treft kvarandre "back then". Men det kan jo likevel vere lurt å ta denne historia til skrekk og advarsel: åpen facebookprofil kan gje tilgang til nettstalkere. Då er det berre å vone at dei stalkarane er ganske harmlause.
For tryggjings skuld kan det leggast til at om nokon skulle ha lyst til å lese den fullstendige lista over punkt eg fann det for godt å notere ned "åtte år etter", er det ikkje lenger mogleg. Lista brann opp i romjula. I lag fargelagte stensilar om vikingtida. Først då eg brann dei opp, innsåg eg at eg i barndommen hadde ein tanke om at eg "sikkert kom til å bli historielærar", og at det sikkert kunne vere kjekt med slike liggande då. Men det er ei ganske anna historie.