torsdag, september 02, 2010

Sei meg kva du heiter, og eg skal fortelle din sivilstand!

Søte Stine minna meg for ei tid tilbake på min leveregel i gamledager: eg skal ikkje gå gjennom ein einaste dag utan å ha lært noko nytt. Å lære noko nytt kan handle om nye innsikter, nye bekjennskaper, nye teknikker, nytt trivia - you name it. Og sanninga er vel at det faktisk er ganske vanskeleg å gå gjennom kvardagen utan å lære noko som helst (i alle fall for eit menneske som meg, som er fødd interessert i verda).

Og sjølv om eg veit det ikkje er foreinleg med eit tilvere på Blindern, må eg berre seie det: eg elsker Wikipedia. Det er eit media skapt for sånne som meg. Ikkje bare kan ein, gjennom funksjonen "tilfeldig side" få kunnskap om ting ein ikkje visste at ein hadde noko som helst interesse for. Eller, ein kan, slik eg fekk i dag, få svar på det ein lurer på, og derigjennom få ny innsikt.

Ein litauisk kompis av meg har blitt pappa på nytt. Familiens nyaste tilskot er i dag 16 dagar gamal, og er jente. Det veit eg ikkje fordi han har delt bilder av nurket (han har då andre ting å gjere enn å fôre omverda med bilete), men fordi han har oppdatert familietreet på face.

Dei har ein gut frå før, som i henhold til litauisk namneskikk har sin fars etternamn, som ender på -as. Kona til kameraten min har tatt sin manns etternamn, med endinga -iene. So far, so good. Men så oppdaga eg at dette 16 dagar gamle nurket hadde fått eit anna etternamn enn mor si. -aitė ender hennar namn på. Då var det eg begynte å fundere: angir ei kvinnes etternamn ikkje berre hennar kjønn, men også hennar sivilstand?

Nå har det seg sånn at eg kjenner ganske mange litauarar, og ein runde på face antyda eit mønster. Både dei jentene eg kjenner og kjærestane til dei gutane eg kjenner, hadde namn som enda på -aitė. Dei gifte kvinnene, derimot, hadde heilt utan unnatak -iene-formen i sine namn. (I eit tilfelle det eg antek er hennar pikenamn i gift form).

When you have a question, wikipedia has the answer, som det heiter i jungelordet. Og joda, teorien min heldt stikk. Eg er særdeles nøgd - og skulle kanskje ønske at all ny innsikt eg måtte få på min veg kunne bevises like lett. Men heldigvis er det ikkje tilfelle.

---
Johnny Cash: a boy named Sue.

2 kommentarer:

Lene sa...

Godt observert, og artig lesestoff for ein namnegranskar (det kan vel Stine òg vera samd i). :o) No kan ikkje eg litauisk, og eg veit ikkje om eg tek meg bry til å sjekka sjølv, men kva med dei som er skilde? Tek dei attende jentenamnet sitt? Og kva med enkjene? Og sist, men ikkje minst; kvifor gjeld denne regelen utelatande for kvinner (reknar eg med)?? ;o)

Signhild sa...

Enkjene held på sitt gifte namn (men kva som skjer ved eventuell gjengifte aner eg ikkje). Skilde kvinner veit eg ikkje, men eg kan jo forsøke å finne det ut.

Eg trur nok det er patriarkatet si skuld at dette bare gjeld kvinner, for å seie det som det er..