onsdag, januar 28, 2009

Framsteg for kyrkja!



Silje Kristine Meisal
blei ordinert til prest for ei vekes tid sidan, og har nå skapt bruduljer. Fordi ho ikkje har gifta seg. Ho bur i lag med far til sonen sin, men det er ikkje godt nok. Det er ikkje forpliktande nok for kyrkja. For kyrkja er ekteskapet det einaste saliggjerande for heterofile relasjonar.

Eg meiner kyrkja gjer seg sjølv ein bjørneteneste ved å ikkje anerkjenne sambuarskap. Ein ting er at ein då ikkje er i takt med den tida ein forheld seg til, men det er ikkje det viktigaste . Det at ein forfekter at det ikkje skal vere tillatt med ei mellomfase mellom kjæresteri og ekteskap, kan føre til ein høgare skilsmissestatistikk.

Eg er på grensa til å meine at sambuarskap tvert imot burde vore obligatorisk for alle som vurderer å gifte seg. Ein blir kjend med partnaren på eit anna vis enn ved "vanleg kjæresteri", samstundes som det er mindre vanskeleg å gå kvar til sitt om det skulle vise seg at ein ikkje passer i hop likevel.

For kyrkja er dette sjølvsagt problematisk blant anna fordi anerkjenning av sambuarskapet vil vere anerkjenning av at seksuelle relasjonar går føre seg utanfor ekteskapets rammer. Og ja, sjølv om det er tenkeleg at nokon vel å vente med sex til dei er gift også om dei bur i lag, er sannsynlegdomen stor for at kyrkja har rett i akkurat det. Men nå er det eit mindretal som faktisk "knip igjen" til dei er godt gift. Er det ikkje på tide at kyrkja anerkjenner dei erfaringene menneska tar med seg på vegen?

Så kan ein virkeleg diskutere kor lenge det er greitt at folk bur i lag utan å gifte seg. Eg har ikkje tenkt å komme med eit bestemt antall år, men personleg meiner eg prinsipielt at a) har ein vore sambuar ei lang stund, bør ein inngå eit meir forpliktande ekteskap, men b) eg har ingenting med kva val folk gjer for sine liv. B teller sjølvsagt meir enn min moraliserande a.

Under dagens diskusjon på fakultetet, kom det fram at det er ganske mange tidlegare TF-studentar som har blitt "tvangsgifta" før ordinering, fordi dei har vore sambuarar, og fleire av dei som snart skal ut i presteteneste er i same situasjon.

Heldigvis finst det krefter også innan kyrkja som tar til motmæle mot kyrkjas eigne reglar - t.d. leiar i Forbundet, Torkil Hvidsten. Hans glitrande motsvar kan ein lese her, og det anbefales.

Ingen kommentarer: