torsdag, januar 15, 2009

Jag vil leva, jag vill dö i Norden!


Eg kjenner meg for tida veldig nordisk, av ulike grunner. At eg brått skal farte Norden rundt dei komande vekene, har sjølvsagt litt med saken å gjere, men mest er det bare fordi eg kjenner at eg liker Norden som "institusjon". Eg liker tanken på at ein har ein del til felles her oppe i det høge nord, noko som er meir enn berre godt naboskap.

Eg har hatt eit problem: den nordiske felles språkforståinga er ikkje som ho var. Og ein kan kreve at det skal vere "skandinavisk språk" som arbeidsspråk innad i det nordiske samarbeidet så mykje ein berre vil når det berre er dei med skandinavisk tungemål som forstår kvarandre - og knapt nok det. For så lenge islendingane har fjerna dansk som første framandspråk og finskspråklege finnar ikkje ser nytten av å kunne svensk, og derfor nedprioriterer dette som språk i skulen, har ein klart å føre nasjonale politikkar som får store konsekvensar for det nordiske samarbeidet, trass i elles mange likskaper mellom landa.

Betre blir det sjølvsagt ikkje av at våre svenske og danske naboar har store problem med å forstå oss - og kvarandre. (I Danmark har det jamvel strekt seg så langt at ein københavnar kan ha problem med å fatte kva ein nordjyde seier - innslag frå (særleg Nord-) Jylland tekstes på dansk tv!).

Med mindre det skjer drastiske endringar, står ein altså i fare for anten å gjere det nordiske samarbeidet til ein eksklusiv klubb for folk som har ein særleg interesse for språk. Slik stoda er nå, er det to moglege utfall: anten kan ein fire på språkkravet, og tillate engelsk, slik Ungdommens Nordiske Råd har gjort (og som førte til at Nordisk Råd hastehandsama ei bevilging til tolking). Eller ein må ta tak i den nasjonale skolepolitikken, og satse på den nordiske dimensjonen. Og sjølv om eg personleg skulle ønske ein gjorde det siste, er det nok den første som er mest realistisk.

Det har blitt frykta at heile det nordiske samarbeidet vil falle i det ein firer på språkkravet. Det er sjølvsagt berre tull. Det er for mange andre ting som bind oss saman til at det er noko å frykte. Samfunnsstruktur, politisk system, tenkesett, protestantisk arv er berre nokre av tinga ein har felles om ein trekk frå språket.

Nå som svenskane stal Fredrik Skavlan, betres kanskje den svensk-norske språkforståinga. Og kanskje er det ein del å lære også for oss nordmenn?!


---
Dagens song: Du gamla du fria, Sveriges nasjonalsang

Ingen kommentarer: