torsdag, januar 15, 2009

Verda står kanskje ikkje til påske...

Eg blei ei gong skjelt ut av ein AP-mann fordi eg sa høgt at eg ikkje liker 1. mai. Det er sjølvsagt greitt med ein ekstra fridag ein månad som ikkje består av anna enn fridagar, men eg har gått i eitt 1.mai-tog for mykje. Sist eg gjekk i såkalla "solidaritetstog" var det heile 3 paroler (av rundt tusen, om ein tel med smått og stort) som ikkje var krav som direkte angjekk den som heldt fana. Det mest rungande slagordet var det som i mine øyrer høyrdes ut som "vi vil ha sex! Vi vil ha sex". Det viste seg at dei sa "seks" og ikkje "sex" - og slutten av slagordet var "vi vil ha sekstimers arbeidsdag". Som får meg til å tenke at desse folka ikkje gir seg før dei har full løn og ingen jobb. (Misforstå meg rett - eg er for sekstimers arbeidsdag for dei som treng det. Men det er ingen grunn til at vi alle skal ha det). Elles det vanlege: tamilske organisasjonar kjempa for fred på Sri Lanka, irakiske kravde at USA skulle ut av landet deira - og norske arbeidarorganisasjonar var igrunnen mest oppteken av å fortele kor mykje høgare løn dei skulle ha. Ting tyda på at dei ikkje hadde tenkt å gi seg før løna nærma seg perleporten i antall 0-ar før komma.

Joda, dette er frykteleg karikert. Det var faktisk nokon som kjempa for ting som ikkje direkte influerte deira kvardag - t.d. gjekk ein haug med heterofile forbundarar i tog for ny ekteskapslov, nokre Senterstudarar under den superkorte parolen "edelt er mennesket, jorden er rik. Finnes her sult og nød, skyldes det svik!" og ganske mange rundt i toget hadde palestinske flagg, for å signalisere kva side dei stod på i ei konflikt langt borte, men likevel nært.

Dessverre, for meg var mangelen på solidaritet med andre enn eigne lommebøker ganske skummel. Og sidan har eg vore mot 1. mai. Så ekstremt at eg vurderer å gjere 1. mai til ei anti-solidarisk sone - eg skal bruke dei 364 andre dagane til å vere solidarisk, medan eg akkurat den eine skal vere usolidarisk. (Skjønt, det blir aldri slik. Motstanden min mot 1. mai stikk ikkje djupt nok).

Derfor blei eg ganske så hoppande glad då eg opna nettavisen heime i dag, og oppdaga at min ordfører (i den grad eg kan seie noko sånn om ein mann eg ikkje røysta på), AP-mannen, har gått inn for søndagsopne butikkar på 1. mai. Og medan eg tenker høgt om korleis dette må oppfattast som eit slag i trynet for arbeidarrørsla, går det brått opp for meg at dette berre er ei vidareføring av "vi tenker med lommebøkene våre"-strategien ein har sett i Oslo. Berre at det nå er direkte innkomer til butikkane på torget, og skatteinnkomer som står i fokus. Dei ville aldri søkt om det ikkje hadde vore Lundevågen tilfeldigvis blir havn for eit britisk cruiseskip.

Eg er igrunnen glad eg ikkje jobber. For solidaritet eller ikkje - fridagen min får du aldri.

Ingen kommentarer: