mandag, januar 12, 2009

Kunsten å skjule handling med språk


Eg har, av ein eller annan grunn eg ikkje sjølv kjenner, fundert ein del på dette med korleis vi bruker språket til å skjule ting. Nå kan det vere fordi eg er sørlending - og er i stand til å oppsummere alt i to uttrykk - høvesvis "javel" (meir om det ordet på eit seinare tidspunkt) og "det går så greitt". Sistnemnde kan bety alt frå "eg har det aldeles fantastisk og eg er så lukkeleg at eg igrunnen føler eg svever" til "livet er eit reint helvete og eg vurderer sjølvmord frå eg står opp til eg legg meg". Det er måten det seies på som avslører bittelitt av kva tolkning mottakaren av uttrykket skal legge til grunn. (Skjønt, i dei fleste tilfella betyr uttrykket ikkje anna enn at "jo, det går greitt".)

Men ikkje berre i høfligheitsfraser. Også i heilt andre samtaletyper skjuler vi meininga, eller vi fordekker det vi vil seie ved å pynte på språket. I daglegtale kan ein t.d. bruke "litt" og "veldig" som eit slags antiforsterkingsord (og tidvis også som forsterking). Og eg har, som den sindige sørlending eg liker å tru eg er, "store" problem med å godta at folk faktisk omtaler kjønnsorgan og aktivitet som måtte forekomme i deira samkvem med direkte ordelag, og særleg når ein ikkje eingong seier "sex", men "pule".

Ingen kommentarer: