mandag, februar 16, 2009

Skuffa!

Eg driv for tida og les De Fire og Han som Gjør Galt Verre - Fortsettelsen, der ein sentral nettadresse er www.detersantforpokker-jegharbevis.com. Og nå har eg (sjølvsagt) testa adressen, både med og utan bindestrek, og han finst ikkje. Sukk. Kunne ikkje kolibri forlag i det minste ha oppretta ei sånn "vi lurte deg"-side? :P

Nytt bordvers


Eyvind Skeie har skrive eit livssynsnøytralt bordvers, melder Fædrelandsvennen. På mange måter er det litt ironisk at vår tids kanskje beste salmedikter skriv eit slikt vers, men det er likevel ikkje anna å gjere enn å rope HURRA!

Sjølv om melodien kanskje er litt for mollstemt (særleg med tanke på at det er eit måltid ein skal innta, og at måltidet skal vere ein liten fest, sånn tradisjonelt), er det ikkje å komme frå at det er ein veldig fin song - eg synes den er veldig mykje betre enn alle dei bordversa eg har vore utsett for.

Her kan de høyre songen også:

Kjerring- og gubberåd


Eg har feber og kraftig forkjølelse. Såpass kraftig at eg for 5 gong i mitt liv melder meg for sjuk til å stå på jobb. Og det er ikkje mange eg har meldt frå til at eg er sjuk, nærmere bestemt 4 stk, men av dei 4 har halvparten komme med velmeinte råd.

Lillesøster siterer til og med vårt faderlege opphav, truleg vel vitande om at han er ein autoritet i mitt liv (eg gjer ofte som pappa'n min seier - med unnatak i politiske spørsmål, kanskje):
  • Drikk mye, sov, sleng nedpå med så mange C-vitaminer du klarer og svett! Har alltid fundert på den siste, men pappa maser alltid om at det er viktig å svette ut feberen ;)

Mi gode venninne Arnhild held seg litt i same gata når opp oppmoder meg til følgande:
  • Pass på å hold deg varm og drikk masse så du bli frisk!
  • Spis masse c vitamin!

Eg kan til og med legge til eit som mitt moderlege opphav stadig kjem med
  • Ta deg ein lang, varm dusj (eller aller helst eit bad, for dei som har badekarluksusen)


Problemet mitt er bare det at
eg held meg varm, til og med så varm at eg sveitter, hiver innpå med c-vitamin, drikk så store mengder at eg hadde vore skitings om det hadde vore alkohol i, eg har sove 13 timer i natt, tatt ein lang dusj - og like forbaska er eg snørrete og feberfull. Og veldig snart på veg til butikken for å hamstre enda større mengder med cleenex balsam.

I det eg skulle til å publisere denne posten, kom det atter eit godt råd frå Arnhild. Eit foreløpig uprøvd (i denne omgang): ;)
  • Solhatt og te med lynghonning (eller varm melk med honning)
Det skorter ikkje på gode råd. Nokon som vil bytte eit godt råd med t.d. snørrefri tilstand?

søndag, februar 15, 2009

Israelsk kritikk frå "innsida"

Torkil i Forbundet førte meg til denne videoen - som er ein av dei sterkaste Israelskritikkene eg har sett på lenge. Frå ein som sjølv er jøde, og som har vakse opp som sionist.

"My grandmother did not die to provide cover for Israeli soldiers murdering Palestinian grandmothers in Gaza. The present Israeli government ruthlessly and cynically exploits the continuing guilt from gentiles over the slaughter of Jews in the Holocaust as justification for their murder of Palestinians."

Bruk 5 minutt og 40 sekund på å sjå denne videoen - den er virkelig verd tida di!


fredag, februar 13, 2009

Då og nå


Eg er i snøfylte Vilhelmina i Nord-Sverige. Vilhelminas nabobyar heitter Frederika og Dorothea, og alle tre er oppkalla etter Dronning Frederica Dorotea Vilhelmina, som fekk desse små stadane i Lappland som morgongåve. Og byane bytta namn til hennar namn.

Og eg kan ikkje unngå å fundere på korleis det hadde vore om nokon nåverande skandinaviske monarker hadde gjort det same? Om t.d. Harald hadde gjeve Sonja Koppang i gåve, og Koppang over natta skulle endre namn til "Sonja". Og stakkars den plassen som hadde måtte fått det upraktiske namnet "Mette-Marit"..

torsdag, februar 05, 2009

selvgjort er velgjort?


Dei påstår at selvgjort er velgjort. Eg har mine tvil. For slik ser macen min ut nå, etter at eg dreiv og kryssoppførte ting mellom maskin og eit ark. Det er vel ganske åpenbart at det primært er piltastene eg har brukt..

Moralene i denne historia er dessverre mange:
(1) Bli totalt papirlaus!
(2) Kast alle mistenkelege pennar
(3) Kjøp SVART mac.

onsdag, februar 04, 2009

Bok: De Fire og Han som Gjør Galt Verre - Begynnelsen


Eg innrømmer å ha rippa dette skjemaet frå Linn...


Tittel: De Fire og Han som Gjør Galt Verre - Begynnelsen (2003)

Forfatter: Hans Frederik Follestad

I et nøtteskall: Ilderen Bambo Fohrtwo, pandabjørnen Hutte Meg Tu, elgen Salt Ehfan og vaskebjørnen Pepper Bihf lev eit vanleg liv i den lille vestnorske byen Pelsheim - opptekne av damer og moro, pluss å halde seg borte frå skilpadda Jesper Schtadig. Inntil den dagen dei brått blir bortført til Nepal av ein gjeng trollmenn som på toppen av alt påstår at desse fire vennene er dei einaste som kan redde verda frå dei onde kreftene i verda.

Favortittutdrag: Boka er smikfull av fantastiske utsagn, og det blei litt vanskeleg å plukke ut berre noko. Men eit døme på humoren i boka finn du her:

-Er du magikeren som trener landsbyidioten fra Pelsheim?
-Hva behager?
-Piker, vin og sang.
-Hva?
-Du spurte om hva som behager


Tanker i ettertid: Vel. Eg har ikkje tenkt så masse. Eg har byrja på Fortsettelsen i staden..

Anbefales: Jepps

Terningkast: 5-og-ein-halv

Mynt eller kron?


Her ein dag trefte eg på ein av desse som bommer småpenger av tilfeldig forbipasserande. Og mens dei ofte spør om du har ei krone å avsjå, spurde denne mannen om eg hadde "en mynt han kunne få". Sist eg fekk det spørsmålet, var då lillebroren til ei venninne av meg var 4 år og akkurat hadde forstått at ved å veksle inn eit visst antall kronestykker i butikken, kunne han få ein sjokolade. Det han derimot ikkje kunne forstå, var at det kunne vere av betydning kva for ein type mynt ein veksla inn. Hovudpoenget var å samle flest mogleg mynter - kvantitet over kvalitet.

Av og til skulle eg ønske at verda var innretta sånn.

Og hadde eg ein mynt å avsjå? Vel, i dette papir- og myntlause samfunn?

Gjensyn: Titanic


Titanic (1997)
Regi: James Cameron
I hovudrollene: Kate Winslet og Leonardo di Caprio
Kategori: Drama
Historia i korte trekk: Året er 1912, og Titanic forlet Southampton med mellom anna rikmannsdatra Rose (Kate) og fattiglusa Jack (Leo) ombord. Medan førstnevnte skal over dammen for å nå sin eigen forlovelsesfest (som ho ikkje er spesielt begeistra for å skulle delta på), er sistnevnte med båten fordi han vant billetten i pokerspel mot ein svenske (som forøvrig speles av ein nordmann - derfor den merkelege svenske aksenten). Vegene krysses, kjærleiken blømer og det blir ganske så heitt. Men det er då virkeleg for godt til å vere sant? Sjølvsagt.
Anbefales: Då eg såg filmen her om dagen, hadde eg ikkje sett filmen på i alle fall 8 år, og den gongen var heldt vhs-båndet på å gå i oppløysing. Nå er det dvd som rår, og det merkes på kvaliteten på bildet. Likevel - spesialeffektene har tapt seg på 12 år, og det er det ingen tvil om. Historia er heller ikkje så tåredryppande som ho var - men skodespelarprestasjonane var mykje betre enn eg hugsa (kanskje fordi eg DÅ var mest oppteken av kor kjekk Leo var, medan eg i dag ser heilt andre ting.
Terningkast: 5 - sjølve filmen fortener ein 4, men så kjem jaggu eit ekstrapoeng for dei nostaligiske kjensler den vekte i meg.

Gratulerer Rabab!

Foto: www.vest-sahara.no


Studentenes Fredspris blei offentleggjort i dag - og prisvinnaren er Elkouria ”Rabab” Amidane. Den 23 år gamle studenten er kanskje ein av dei sterkaste stemmane i den vest-saharavinske frigjeringskampen. Ho driv kampen fram på mange fronter - heime i Vest-Sahara og ute i verda. Ho publiserer valden frigjeringskjemparane blir utsett for av marokkansk politi på youtube, og ho møter verdensleiarar - og grasrota. Ho blir utsett for heilt ekstreme trusler, men står rakrygga.

Eg har treft Rabab nokre gonger, og mitt første møte med Rabab er eit av dei sterkaste møtene i mitt liv. Både fordi denne vevre jenta fortel så levande, er så til stades - og fordi ho har ei vanvittig utstråling og ei ekstremt sterk historie.

torsdag, januar 29, 2009

Når bitene faller på plass


Eg har vore veldig i tvil om korleis eg skal gripe an masteroppgaven min. Har gått mange ulike runder, vald og vald bort, begynt og avslutta - og endra tema igjen og igjen.

Men i går hadde eg ein 4 minutt lang samtale med forelesaren min. Og brått falt brikkene på plass. Eg har ikkje tenkt å avsløre heilt kva eg skal forske på og skrive om, men kan avsløre følgande:
1. Oppgaven skal handle om islam
2. Oppgaven skal handle om albanarar
3. Oppgaven skal ha meir enn ei bok av Tariq Ramadan på litteraturlista.

Så veit de det, liksom.

onsdag, januar 28, 2009

Framsteg for kyrkja!



Silje Kristine Meisal
blei ordinert til prest for ei vekes tid sidan, og har nå skapt bruduljer. Fordi ho ikkje har gifta seg. Ho bur i lag med far til sonen sin, men det er ikkje godt nok. Det er ikkje forpliktande nok for kyrkja. For kyrkja er ekteskapet det einaste saliggjerande for heterofile relasjonar.

Eg meiner kyrkja gjer seg sjølv ein bjørneteneste ved å ikkje anerkjenne sambuarskap. Ein ting er at ein då ikkje er i takt med den tida ein forheld seg til, men det er ikkje det viktigaste . Det at ein forfekter at det ikkje skal vere tillatt med ei mellomfase mellom kjæresteri og ekteskap, kan føre til ein høgare skilsmissestatistikk.

Eg er på grensa til å meine at sambuarskap tvert imot burde vore obligatorisk for alle som vurderer å gifte seg. Ein blir kjend med partnaren på eit anna vis enn ved "vanleg kjæresteri", samstundes som det er mindre vanskeleg å gå kvar til sitt om det skulle vise seg at ein ikkje passer i hop likevel.

For kyrkja er dette sjølvsagt problematisk blant anna fordi anerkjenning av sambuarskapet vil vere anerkjenning av at seksuelle relasjonar går føre seg utanfor ekteskapets rammer. Og ja, sjølv om det er tenkeleg at nokon vel å vente med sex til dei er gift også om dei bur i lag, er sannsynlegdomen stor for at kyrkja har rett i akkurat det. Men nå er det eit mindretal som faktisk "knip igjen" til dei er godt gift. Er det ikkje på tide at kyrkja anerkjenner dei erfaringene menneska tar med seg på vegen?

Så kan ein virkeleg diskutere kor lenge det er greitt at folk bur i lag utan å gifte seg. Eg har ikkje tenkt å komme med eit bestemt antall år, men personleg meiner eg prinsipielt at a) har ein vore sambuar ei lang stund, bør ein inngå eit meir forpliktande ekteskap, men b) eg har ingenting med kva val folk gjer for sine liv. B teller sjølvsagt meir enn min moraliserande a.

Under dagens diskusjon på fakultetet, kom det fram at det er ganske mange tidlegare TF-studentar som har blitt "tvangsgifta" før ordinering, fordi dei har vore sambuarar, og fleire av dei som snart skal ut i presteteneste er i same situasjon.

Heldigvis finst det krefter også innan kyrkja som tar til motmæle mot kyrkjas eigne reglar - t.d. leiar i Forbundet, Torkil Hvidsten. Hans glitrande motsvar kan ein lese her, og det anbefales.

Eit framsteg for kyrkja

Silje Kristin Meisal blei ordinert til prest i Hamarøy for ei vekes tid sidan, og har i dag skapt store overskrifter - kyrkja har nemlig bestemt at måten ho lev på ikkje går overeins med det å jobbe som prest. Ho lev i lag med sin kjære og deira felles barn - men dei har ikkje gifta seg. At ho er heterofilt sambuande gjer ho per definisjon uegna som prest i følge kyrkjelege lover.

Kyrkja burde anerkjent sambuarskapet for lenge sidan, også mellom eigne tilsette. Ein ting er å skulle vere i takt med den tida vi lev i, og dei gjeldande normene i samtida. Men det er ikkje det viktigaste. Det viktigaste er at kyrkja ikkje tillet eigne tilsette å følge sitt eige tempo og eige "modningsnivå". Det er eit levande paradoks at Kyrkja, i kampen for det dei definerar som "det gode samliv" har drive omfattande "tvangsgifte".

Eg studerar sjølv på Det teologiske fakultetet, og fleire av mine medstudentar studerer til prest - og bur i sambuarskap. Og normen har heile vegen vore at dersom dei skal ordineres etter endt praktikum, ja, då må dei gifte seg. Problemet er at det ikkje alltid er slik at folk er på eit stadie der dei er klare for å gifte seg, om dei bur i lag aldri så mykje. Ofte kan sambuarskapet vere ein måte å finne ut korvidt ein kan passe i lag (fordi ein blir kjend med folk på ein heilt annan måte av å dele tak med dei, spør einkvar som har flytta inn i kollektiv i lag med venner!), og det har den fordelen at ein på ein enkel måte, utan å involvere eit stort juridisk apparat, kan gå kvar til sitt om ein kjem til at ein ikkje fungerer.

Det er ikkje til å komme frå at kyrkjas samlivsstyring av eigne tilsette har ført til at somme har gifta seg før dei sjølv har vore klar for det, og det finst fleire døme på prestar som eksplisitt har sagt at grunnen til at dei i dag er skilde, er at dei måtte gifte seg "før tida".

Men som så ofte før, handler kampen for det gode samliv ikkje alltid om samliv på generelt plan, men om sex. Fordi Kyrkja forfekter at ein ikkje skal ha seksuelt samlliv før ein er smidd i hymnens lenker, lev ho også i den trua at føresetnaden for å ha sex er å ha felles seng på felles adresse - og då er det problematisk å akseptere sambuarskap. Problemet med denne forestillinga er åpenbar: korleis skal ei kyrkje med eit slik røynddomsbilete vere relevant i vår tid, der snittalderen for første samleie er betrakteleg lågare enn snittalderen for første ekteskapsinngåelse?

Kyrkja burde i staden gå i spissen for debatten om rammene for det gode samliv. Det er samlivsetikken som burde stå i sentrum. Ved å tørre å ta den viktige debatten, kan Kyrkja også oppleves som ein relevant samfunnsaktør hjå dei som i dag ikkje kjenner seg att i samlivsstandpunktet til Kyrkja.

Så får Kyrkja heller sjå gjennom fingrene med at ikkje alle deira ordinerte er klare til å ta skrittet ut i eit forpliktande samliv "til døden skiller oss ad". Så vil ein kanskje kunne klare å sikre at det er døden, og ikkje dommaren, som blir den som ender ekteskapet?

Namnet skjemmer ingen

Mi venninne Fatima uttalte ein gong at ho var veldig glad for at det hende at også norske namn blei feilstava. Og då eg for ei tid tilbake skulle innom Stortinget, måtte eg stave namnet mitt i skranka. Først ba eg han skrive Sign hild, deretter tok eg S-i-g-n-h-i-l-d. Men "n" blei brått til "en", og det såg kanskje rart ut, for brått var det ein d inni der også. Festlig. Jammen godt han ikkje fekk med mellomnamnet mitt også. For det er ikkje sikkert han kunne Stave... :P

Når originalen slår originalen

Ganske tilfeldig oppdaga eg denne versjonen av ein av mine o store favorittsongar: Oasis' Wonderwall. Låtskriver Noel syng songen, denne gongen utan vokalistbror Liam. Og eg må ærleg innrømme at eg tykkjer denne versjonen er enda betre enn plateinnspillinga. Originalen må rett og slett sjå seg slått av denne "originale" versjonen...

Storbyen Oslo?

Under ei forelesning for ei tid tilbake blei eg sittande og fundere på forskjellane mellom norsk og svensk. Bakgrunnen var vår svenske forelesars leiting etter eit ord som kunne erstatte det svenske "by".

For medan migrasjonen frå "byen til staden" er ganske vanleg i eit urbanisert og sentralisert Sverige, vil meininga kunne oppfattes ganske annleis på norsk - og det skuldes (dessverre?) ikkje at vi har eit motsett sentraliseringsmønster.

Noko seier meg at svenskene får oppfylt alle sine fordommar mot sine "bondske" naboar i vest når vi snakkar om "Storbyen Oslo"...

mandag, januar 26, 2009

Kunsten å sove

Vekkerklokka mi ringte akkurat, som for å seie at eg burde stå opp og komme meg på jobb. Det er bare det at eg enda ikkje har komme meg i seng. Fanst ikkje trøytt - før for ein time sidan. Og då kjende eg at det var lite vits i å sove. Problemet er at eg har sove heilt heilt heilt feil i det siste, fordi eg har lagt meg seint og i tillegg vore små-sjuk. Og som vi alle veit: det er ein skummel sirkel. Så eg satser på å vere i seng sånn før 20 i morgon, og så kunne sove til 0800 på tirsdag morgon, og la det bli starten på eit nytt og våken-på-riktig-tid-liv. Det er jo lov å håpe...

lørdag, januar 24, 2009

Starstruck: Tariq Ramadan

Tariq Ramadan blei i går intervjua av Morgenbladet på Litteraturhuset i Oslo. Ein særdeles taletrengt Ramadan brukte tida godt: til å forklare sine standpunkter på forholdet mellom religion og politikk, forholdet mellom islam og såkalla vestlege verdiar. Og han er krystallklar. Fantastisk krystallklar. Mante til hermeneutisk tolkning av tekster, tolke religiøse tekstar kontekstuelt. Og det er heilt umogleg å ikkje vere samd, i alle fall for dei av oss som er i overkant opptekne av hermeneutikk og interreligiøse relasjonar.

Etter intervjuet pressa Kjetil, Janne og eg oss fram for å få veksle nokre ord med han. Vi brukte våre 3 minutt med Ramadan på ein svært klisjefylt måte: vi er fans. Vi har deg på pensum. Og du er bra. Og slik meiner vi du passer i forhold til andre tekster. Takk for god teori. Og takk for at vi fikk snakke med deg. Du er best. Og så la han til at han lanserer bok i april på Pinguin, som eg lova å vere først i køen for å skaffe meg.

Etter at vår lett absurde samtale var over, sat vi alle tre med ganske skjelvande knær. Og var særdeles høge på opplevinga, for å seie det mildt. Som Kjetil så fint kom til "dette er nesten større enn å møte Jesus". Og det er ikkje mogleg å ikkje vere samd med Janne: "herregud, til å vere over 40 er han vanvittig kjekk". Men det er ikkje det han er kjekk som er hovudgrunnen til at knea mine ikkje vil slutte å skjelve - det er stemninga han skapte. Orda han sa. Og det oppriktige engasjementet som låg bak. Ein kan bare ikkje unngå å bli heilt rive med. Det er faktisk så at eg gler meg til å få unna litt arbeid her, så eg kan sette meg ned og lese "the Messenger" på nytt. (Praktisk, eg skal jo ha eksamen i det faget om eit par veker).

Han var i Oslo i høve lanseringa av boka "Europeisk Islam", som Gyldendal har funne det for godt å gi ut på norsk - 10 år etter at ho blei utgitt, og med feil oversatt tittel ("to be a european muslim"). Det var igrunnen på tide å få ho ut - det er tross alt ein moderne klassiker som er kommet ut. Ein såpass moderne klassiker at Ramadan sjølv har bevega seg vidare frå fleire av tesene han set fram. Men men. Ramadan på norsk er jo ein grunn i seg sjølv til å feire.

Hadde han vore litt meir misjonerande i si framferd, er det mogleg eg hadde vore heilt på konverteringas rand...

Film: Max Manus


Max Manus (2008)
Regi: Joachim Rønning og Espen Sandberg
I hovudrollene: Aksel Hennie, Nicolai Cleve Broch, Agnes Kittelsen, Knut Joner
Kategori: Drama
Historia i korte trekk: Ein følger Max Manus på hans ferd frå den finske vinterkrigen i 1939 via opphold i Skottland og Sverige til fredsdagene i Oslo i 1945. Saman med mellom andre Gregers Gram, Gunnar Sønsteby og Jens Christian Hauge planlegg - og gjennomfører - han sambotasjeaksjoner mot tyske mål over store delar av hovudstaden.
Anbefales: Eg har aldri vore veldig begeistra for Aksel Hennie, men her er han intet mindre enn fantastisk. Særleg det å få fram på ein truverdig måte korleis krigen speler inn på Max' psyke. Mannen må vere fødd med ekstreme porsjoner av dette som ligg i grenselandet mellom flaks og galskap. Korleis noko menneske kan gå gjennom dei prøvene Max utsettes for og kome levande ifrå det, er heilt uverkeleg for dei av oss som ikkje har opplevd krig. Sjå filmen, og kjenn krigshistoria på kroppen.
Terningkast: 6 - heilt gripe av at dette faktisk er reelle hendingar iscenesett for film..

Krisetid og gavepakker

Eg har ikkje huslån, ikkje billån. Har eit studielån, forsåvidt, men skal ikkje betale tilbake dei pengane før om nokre år. Eg er ein av dei som inntil vidare tener på høg rente (til tross for at banken min visstnok er den som har tapt mest i år). Og eg har ganske stabile inntekter, med tilsvarande stabilt forbruk.

På toppen av det heile har eg vore ganske irritert på forbruksveksten, fordi eg meiner det er feil at vi i den rike delen av verda skal ødsle bort både våre og framtidas ressursar. Derfor totte eg eigentleg det var ganske greitt då dei første meldingene om at forbruket var på veg ned kom litt før jul. (Så klarte vi interessant nok å sette ny rekord i julegavehandling også i år..)

Med andre ord: det tok ganske lang tid før eg forstod alvoret i finanskrisa. Det tok ganske lang tid før eg forstod at kollapsen i amerikanske boligbankar og den enorme nedgangen på børsen hadde innverknad på også kvardagen til Kvarmannsen. Det tok ganske lang tid før eg forstod at risikovillig kapital ikkje berre var eit spørsmål om investering i fleire aksjer og andre slike verdier som ikkje er handfaste. At det var eit behov for risikovillig kapital også i vanleg norsk industri. Og at konsekvensen av at slik kapital uteblir får direkte innverknader på livet til menneska rundt meg, naboar, familie og venner.

Særleg hardt rammes min "offisielle" heimkommune, Farsund, melder E24. Kommunens tre største bedrifter opplever alle permitteringer, kontraktsstopp - og altså mangel på risikovillig kapital. Med store ringverknader for resten av næringslivet i kommunen - pizzabakeren som ikkje får pengene for utlevert overtidsmat, skulene som risikerer å miste elevar dersom foreldrene må reise bort for å finne arbeid - og sjølvsagt butikkene som opplever at folk ikkje handler meir enn naudsynt fordi dei ikkje veit kor lenge pengane må strekke til. (Det er jo livets evige ironi, at det er i nedgangstider vi faktisk begynner å spare)

Og det heile gjer at vi er mange som venter spent på krisepakka til regjeringa. Ei pakke som forhåpentlig blir ei gavepakke til industrien, og som samstundes klarer å få fart i hjula i bygg- og anleggsbransjen og alle andre sektorar der det er naudsynt. Å få fart i økonomien igjen er viktig - fordi det betyr tryggheit i kvardagen til kvar einskild. Og det er den tryggheita vi skal sikre. Den er tusen gonger viktigare enn forbruksvekst.