Eg heiter Signhild og er 83-modell. Eg er fødd nord for moralsirkelen og oppvokst i bibelbeltet. Sånt blir ein passe motsetnadsfylt av.
I ferd med å bli lærar, til tross for at det var det eg aldri skulle bli. Held på med master om norsk-albanske muslimar. Og så er eg oppriktig oppteken av krig og fred og religion og politikk og sånn. Eg brenn for sosial og politisk utjamning, både lokalt og globalt, og for å sikre at vegen frå dei som røyster til dei som vedtek er kortast mogleg.
Eg bruker sommarferiene mine på å springe rundt med "historieforteller / story teller /ertzähler" rundt halsen, og eit sterkt påbud om ikkje å ta opp arven etter Mathias Skeibrok (den delen av arven som går på å fortelle sannferdige skrøner). Akkurat den merkelappen set jaggu sine spor på bloggen også. Ikkje har eg lært kunsten å fatte meg i kortheit, heller.
Denne bloggen kan i beste fall kategoriserast som "lett blanding" - av og til er eg personleg, av og til svært politisk. Og ganske ofte noko midt imellom.
For tryggjings skuld: sjølv om eg har tillitsverv både her og der, talar eg berre for meg sjølv når eg skriv her. Skulle eg falle for freistinga å blogge inn ei fråsegn, lovar eg at det skal få komme godt fram.
Eventuelle elektroniske spor etter eventuelle lesarar, type i form av kommentarar, blir sjølvsagt sett pris på.