onsdag, desember 31, 2014

Bok: Leksikon om lengsel

Hilde Østbys "Leksikon om lengsel" har stått høgt på leseønskelista mi sidan ho kom ut, men eg har aldri heilt kome så langt. Første gong eg såg boka var på Eldorado, berre nokre dagar etter at ho var sleppt. Nokre blikk på vaskesetlen, og eg var seld. Eg slo opp på ei tilfeldig side, og las til han eg var der i lag med ropte på meg. Eg hadde ikkje lese noko om boka før dette, men eg visste eg måtte lesa ho. Det lille eg las, og det forlaget fortalde om boka, var nok til å vekke ein slags lengsel etter boka. Men sjølv om min næraste bokhandel kunne tilfredsstilt meg ganske lett, varte og rakk det før eg kom så langt som til å få kjøpt ho. Men som me lært på 90-talet: nokon ting er verd å vente på. 

Liv Vestby set seg fore å laga eit leksikon som skal bevisa at kjærleik ved første blikk eksisterer. For å få det til, må ho samstundes presentera viktige personar og viktige hendingar i verdshistoria, og korleis kjærleik/lengsler/begjær har påvirka historia, litteraturen og kvardagen. Her finn ein historia om korleis Anne Boleyn klarte å kapre Henrik VIII, og kva ho undervurderte slik at ho mista han att. (Det var ikkje eigentleg HAN ho begjærte, men kaffien ho brakte han..). Her får me vite korleis morsealfabetet eigentleg blei til, og me lærer om korleis ærfuglbestanden sakte, men sikkert døydde ut på ei av øyene i Vesterålen. Den sanne historia bak Lolita er ganske annleis enn du trur, skal ein tru dette leksikonet, og dei eigentlege historiene bak Napoleon og Jeanne d'Arc er eg nokså sikker på at du heller ikkje har lese nokon annan stad enn her. 

Leksikonet fortel historier om andre som har prøvd å bevise at kjærleik ved første blikk, mellom anna om dei som går vitskapleg til verks. Det ender katastrofalt, men dersom formålet med undersøkinga berre hadde blitt avslørt umiddelbart, hadde resultatet vore ganske annleis. I forteljarstilen, og i utvalet historier, aner me også Liv Vestby si historie, og me får innblikk i nokre delar av livet hennar, og hennar forhold til kjærleik og lengsle, i nokre av historiene som blir fortald.

Hilde Østby sin romandebut er rett og slett brilliant, og eg klarer ikkje oppsummera boka betre enn det Per Buvik gjorde då han i Morgenbladet omtalte boka som "et overflødighetshorn av en bok, full av masker og spill, humor og lærdom i lett blanding". Ho leiker med språket, leiker med historier ein kjenner frå før, leiker med forestillingene lesaren har, og ho får ein til å undrast over kva som er sant og kva som berre er godt ljug. 

Eg venta ikkje for gjeves. Denne boka er rett og slett knall.

(Biletet stal eg hjå Tiden)

Bok: Det som ble Norge

Geologen Reidar Müller startar si reise i Noregshistoria på Norli bokhandel i Oslo, der han oppdager at det Noreg som blir skildra i reiselitteraturen om landet vårt, utelukkande handlar om natur. Fossar, fjell, fjordar, vidde, is og nordlys teikner biletet av Noreg me gjerne vil selgja til dei som skal koma til landet vårt. Men, oppdager han, dei seier ingenting om korleis naturen vår, landet vårt, blei sjåande ut som det gjer. Dette er utgangspunktet for ei reise gjennom 2902 millionar år. 

Müller tek oss med gjennom tid og rom, gjennom det som er og det som har vore. Han tek oss med på sine eigne oppdagelsesferder, og gjer denne reisa gjennom det landskapet som blei Noreg på ein personleg måte. For å finna ut korleis nordmannen vart til, sender han ein dna-prøve til eit laboratorium i USA, og finn ut at forfedrene hans var i Nord-Tyskland/Danmark for 10.000 år sidan. Dette blir utgangspunktet for forteljinga om kor dei folka som befolka det landet me kjenner som Noreg eigentleg er ifrå.  

Han er med på undersøkinger i myrer, han klatrar på isbrear, studerar fjella på Svalbard, reiser ut på oljeplattformer, grev i kløfter og får trestokken han som barn fann på høgfjellet i Rondane undersøkt - det viser seg at pynten dei har på hytta er 8500 år gamal. Reisa til Müller har ofte utgangspunkt i noko personleg, men det personlege blir berre eit slags springbrett for å kasta oss fleire millionar bakover i tid. 

Å skildra Noregshistoria i løpet av dei kring 3800 åra det har budd folk i denne dela av verda, kan vere ein krevande oppgåve. Å tenka 3800 år, eller for den del 200 år, tilbake i tid, er vanskeleg, for det betyr at me må tenka bort oss sjølv og det me kjenner. Når ein skal skildra Noregshistoria i eit tidsrom på milliardar av år, krev det både gode pedagogiske emner og ganske mykje kløkt. Men Müller klarer denne i utgangspunktet umoglege oppgåva, og det med glans. Eg tek meg fridomen til å sitera ei av dei tankerekkene som gjorde meg i stand til å forstå - eller i det minste tru at eg forstod - kva dette handlar om (henta frå side 11): 

Du kan se for deg at jordens historie er som en togtur fra Bergen til Oslo. La oss anta at jorden skapes i Bergen (hvor ellers) for 4.6 milliarder år siden, og den 526 kilometer lange togturen starter derfra. Når toget stanser på Finse (...) dannes Norges eldste stein, for 2902 millioner år sider. Togturen fortsetter over fjellet, og først litt før Drammen er vi inne i kambrium. I Liertunellen (32 kilometer fra Oslo) hadde vi supervulkaner i Oslo-området, for 280 millioner år siden. I Sandvika (17 kilometer fra Oslo) får vi opphavet til oljerikdommene våre for 150 millioner år siden. Ved slutten av istiden ville vi vært én meter fra bufferen på Oslo S. Og endelig, et menneskeliv tilsvarer en knapp centimeter av turen.

Eg tilhøyrer den delen av befolkninga som slit litt med å forstå korleis nokon kan meina at stein er så spanande. Men eg må innrømma at eg sat særs engasjert og håpa på det beste då Müller fortalde om jakta han og ein konferanseven var ute på, då målet var å ta på den eldste steinen i Noreg. (Korleis det gjekk, vil eg ikkje avsløre, du får plukke opp boka og lese sjølv!). Det seier noko om formidlingsevna - og om formidlingsgleda.

Müller set også lesaren sin inn i forskingshistoria, og forenkler både forsking og forskingsdiskusjonar på ein slik måte at me som ikkje har peiling på naturvitskap skal kunne henge med. Det klarar han. I dei fleste av kapitlane i boka skriv om fagfelt som ikkje er hans eigne, og for å kunne gjera det, henter han inn folk som kan feltet til å hjelpa seg. Det er ikkje skrivehjelp han treng, men hjelp til å pusle saman biletet av korleis Noreg blei til, og hjelp til å forstå andre fagfelt sine tilnærmingar til det svaret. Han kunne ha intervjua dei. I staden hiv han seg med på arbeidet deira (sjølv når han finn det dørgande keisamt), og fortel om reisa i tid han har gjort i lag med dei, og der dei utdjuper når han ikkje forstår. Særs underhaldande, men enda meir lærerikt. Dette er populærvitskap av høg klasse.

Første kapitlet i boka kan du lesa hos Aschehoug. Forøvrig hjarteleg takk til dei for at dei sende meg eit leseeksemplar av boka..