søndag, november 21, 2010

Bok: Prosten og hans forunderlige tjener (Arto Paasilinna)

Advarsel: Rett nok er eg ikkje Rosablogger (håper eg!), men sidan det dei siste dagane har vore ein del skriverier om bloggere som tek betalt for bokomtale, la meg derfor advare deg om at eg har fått boka eg her skal anbefale deg å lese frå Aschehoug. Fordi dei vil at bøkene deira skal omtalast i bloggverda. Og eg takka ja til diilen. Fordi eg digger Paasilinna og sjølvsagt også fordi eg såg eit høve til ei gratis bok og eit punkt mindre på julegåveønskelista. Men derfor, kjære leser: les dette med eit kritisk blikk.

Eg trur det tok ca 5 minutt frå Aschehoug hadde sendt meg mailen til eg hadde skrive tilbake og sagt at "JA! Send meg Paasilinna!". Eg las Kollektivt selvmord tidligere i haust. Det var mitt første møte med Paasilinnas univers, men har også lagt lista for kva eg venter av hans finske, lett absurde univers.



(Bildet har eg rappa frå Aschehoug. Utan å spørre om lov)


Atter ei gong bruker eg Linn sitt bokmeldingsskjema.

Tittel: Prosten og hans forunderlige tjener (2010)


Forfatter: Arto Paasilinna (til norsk ved Ellen Holm Stenersen)

I et nøtteskall: Prosten Oskari Huuskonen er ein sånn passe godt likt i byen der han bur. Til bursdagen hans ynskjer kyrkjelyden å gje han ei gåve som kan sende dei rette signala til prostens kone (...). Tilfeldigvis har ei bjørnemor gått bort, og to bjørneunger treng nye heimer. Bjørnejenta tek ein dyrepark over, medan guten blir den spesielle bursdagsgaven til Huuskonen. Som tek heilt av. Medan trua på Gud er på retur og ekteskapet skranter, går han laus på bjørnepasseroppgåva med lyst og liv. Vi følger Dægern og Oskari i Finland og Russland, frå bjørnehibygging til kjødets lyst, frå gigantbamseinnhenting i Helsingfors til ferjeunderholdning. Vi møter ein bjørn som minner stadig meir om eit menneske - han tørker seg bak, stryker skjorter og ber til Gud. Og vi møter eit menneske som i lokalsamfunnets auger blir stadig mindre menneskeleg. Her utforskes vitenskap, nye idrettsgreiner

Favortittutdrag: Boka er full av underfundige morsomheiter. Mange av dei kan ikkje oppsummerast her, fordi dei ikkje gir meining utanfor sin kontekst. Men to artige døme på humoren i boka:

"Hvis en jernkule deiser ned i hue på deg, hjelper det ikke om hjelmen er aldri så hard", kunne han opplyse. Han hadde nemlig prøvd loddrett kulestøt i korntørkeren.

Om Jesus: "Han kunne godt ha blitt forsyningsminister, for han hadde jo egenskaper og erfaringer på det området - jamfør det tilfellet da han matet tusenvis av mennesker bare med et par brød og fisk."



Tanker i ettertid: Eg skal så avgjort lese enda meir Paasolinna. Må bare bli ferdig med eksamen og transkribering og sånt. (Hint til dei cirka 2 personane som leiter julegåve til meg, med andre ord!)

Anbefales: Jepps. Men eg trur strengt tatt at dei som ikkje har sansen for svart humor kan halde seg langt unna. Det er det absurde i denne historia som driv ho fram. Men det funker. Atter ei gong.

Terningkast: 5-og-ein-halv

1 kommentar:

nragnhild sa...

<3
Har lest fire av bøkene, og de er så bra!! Til nå er Harens År den eg likte dårlegast... Starta med Den Ulende Mølleren, og digga den, men Kollektivt Sjølvmord er nok favoritten!