onsdag, oktober 18, 2017

Trø meg ikkje for nære...

Dette innlegget har blitt skrive i mange omgonger, og gjennom fleire år, men eg har aldri heilt fått meg til å publisere det. Skamma har vore så stor, kjensla av at eg ved å dele bare framstår som ei som ikkje tåler noko. Men så kom #metoo-emneknaggen, og så klarte eg bare ikkje la vere. 

For nokre dagar sidan sat eg på ein jernbanestasjon og venta på toget vestover. Eg hadde heilt bevisst utfordra meg sjølv, og plassert meg midt i rommet, slik at eg sat med ryggen mot halve rommet. Det gjekk fint i byrjinga. Men då det byrja kome fleire folk inn i rommet, klarte eg det ikkje meir. Eg klarte ikkje høyra stemmene på podcasten i øyret, for konsentrasjonen blei brukt på å følga lydene frå dei lenger bak i lokalet. Kroppen var i alarmberedskap. Eg hadde nemleg ikkje kontroll bak meg, og måtte flytte meg til ein annan stad i rommet, der bare veggen var bak meg. 

Årsaken til at kroppen reagerer sånn, er ei handling eg blei oppmoda til å ta imot som "det største komplimentet ein mann kan gje ei framand dame". Kroppen min har tydelegvis ikkje vore så innstilt på å ta komplimentet, for å seie det sånn.

For mange år sidan opplevde eg at ein heilt framand mann gnikka seg inntil meg på ein overfyld buss. Opplevinga var ubehageleg, men umiddelbart etterpå veksla eg mellom å tykkje synd på mannen (han stoppa og såg skamfull ut då eg, etter å vore heilt i "frys", omsider klarte bruke stemmen til å be han halde seg unna meg), og å bli sint på at han hadde tenkt at han kunne gjere noko slikt mot framande menneske. Fordi eg hadde reagert med å gå heilt i frys, tenkte eg at eg nok hadde vore litt med på det. Betydde det at eg likte det, sjølv om eg ville spy bare ved tanken? Eg var eit virrvarr av kjensler, og prøvde hardt å fortelje meg sjølv at det ikkje var ein grunn til å grine, at eg ikkje hadde nokon grunn til å la dette gå innpå meg.

Dagen etter at dette skjedde, var eg i ferd med å gå ombord i ein buss som skulle ta meg og ein bråte med andre ungdommar til Sveits. Eg ville eigentleg bare ligge under dyna og grine, ville bli kvitt skamma, fornedrelsen. Eg var desperat etter å gløyme. Samstundes låg det og ulma i meg. Eg måtte få det ut. Grabba tak i nokre litt tilfeldige karer som skulle på same turen som meg, og fortalde kva som hadde skjedd. Hugser eg prøvde å le det vekk, i eit forsøk på å skjule gråten i halsen. Og då var det orda kom. Velmeinte ord frå ein kar som var pluss minus russ. "Ein ståpikk er jo det største komplimentet ein mann kan gje ei framand dame". 

Sjølv om resten av meg sa noko anna, forsøkte eg å ta orda til meg. Forsøkte rettferdiggjere handlinga. Fordi han trass alt ikkje gjorde forsøk på å valdta meg, og dessuten gjekk av bussen lenge før meg, slik at eg heller ikkje hadde frykta at han skulle vite kor eg budde, sa eg til meg sjølv at det einaste fornuftige eg kunne gjere, var å "get over it".

Som sagt, så gjort. Gradvis havna heile episoden langt bak i hukommelsen, og eg tenkte ikkje meir på det som skjedde. Men sanninga er at om hjernen har bagatellisert og skrota episoden, hugsar kroppen at nokon braut seg inn i komfortsona.

Hadde nokon spurt meg året etterpå om episoden hadde påvirka meg, hadde eg blånekta. Men umerkelig og stille utvikla eg nokre "forhåndsregler". Eg gjorde det eg kunne for å slippe overfylte busser, baner og trikker. Eg kunne sitte ekstra lenge på jobb og på lesesalen, eller ta bussen motsatt vei et stykke, sånn at eg kunne vere sikker på å få eit sete. Måtte eg mot formodning ta rushtidskollektivtrafikk, og måtte eg stå, var det viktig at eg kunne stå med ryggen mot en vegg eller ei dør, sånn at eg hadde kontroll både foran meg og bak meg. Hadde nokon spurt meg, hadde eg tappert svart at det var fordi eg likte å ha det sånn. Joda, greitt nok, men kvifor er kroppen då i heilspenn om eg ikkje har kontroll også bakover? 

Eg måtte erkjenne at hjernen og kroppen er i utakt om det som skjedde på bussen etter at eg nesten blekka til min dåverande kjæraste då vi gjekk tur og han plutseleg fant ut han skulle daske meg på rompa. Vi gjekk og tullediskuterte på kva grunnlag vi ville gje nokon eit spark bak, men eg var ikkje budd på at eg stod på lista hans, for å seie det sånn.  Eg reagerte heilt instinktivt med å gjere klar til å slå, men fekk stoppa meg sjølv før redselsinstinktet tok over hånda. Han såg heldigvis kor redd eg blei, og tvang fram ei forklaring på korleis det kunne ha seg at eg reagerte slik. Sjølv om eg hadde snakka om sjølve episoden før (ofte etterfulgt av vitsing om kor teit han på bussen var), var det første gong eg var villig til å innrømme for meg sjølv at den hadde sette kroppslige spor.

Plutseleg og uventa kroppskontakt kan også i dag sette meg ut, særleg på stader med mykje folk. Eg reagerer heldigvis ikkje lenger instinktivt med vald, og etter eit sekund med tumling klarer eg å hente meg inn, sjølv på overfylte dansegolv. Sidan har eg i større og større grad gjenvunne kontroll over kroppen sine reaksjonsmønster, noko som også gjer at det ikkje lenger er så ubehageleg å snakke om. 

Men åtferdsendringa, behovet for å ha kontroll bak meg, blir eg altså ikkje kvitt. For sjølv om det er meir enn ti år sidan den framande mannen meinte at låret mitt var ein passande oppbevaringsplass for sin erigerte penis, er det ein kommandosentral i kroppen som plutseleg viser seg å vere på vakt. Dessverre er det ikkje alltid den kommandosentralen godtek å utføre den rasjonelle delen av hjernen sine forsøk på å be han roa ned. 

Så eit kompliment, nei, DET var det ikkje. 

Eg låner Ingvill Størksens kloke ord på facebook:
Til alle skolelærere som mente at vi jenter måtte forstå at guttene var mye mer umodne enn oss - og derfor måtte vi tåle både kniping og kommentarer. Det var jo bare klønete tegn på at de likte oss...

Til alle gutter (og det er mange av dere!) som mente at det å danse en rolig dans, var det samme som å gi dere blanko-fullmakt til å plante hendene over alt. Gjerne under klærne. 

Til alle gutter og menn som synes det er gøy å kjøre sakte etter en gående jente - lenge - og brøle slibrigheter.

Til alle idioter som ikke godtar at en jente sier nei til de vemmelige tilnærmelsene deres - men som først lunter unna når en annen mann krever revir.

Til alle dere som mener at vi som blir forbanna av slibrigheter burde "ta et kompliment":

SKJERP DERE!!!