onsdag, oktober 21, 2015

Bok: Evna

Alle gode ting har ein ende. Så også Siri Pettersens fantastiske fantasyserie Ravneringene. Dei to første bøkene har eg meldt i ein smeis tidlegare, og kanskje var det derfor eg klarte å snike meg til å få eit meldeeksemplar av den siste boka i serien. Boka kom sirleg innpakka i gråpapir, og bandet rundt var festa med seermerket i voks. Eg var i utgangspunktet særs positivt innstilt til denne boka, men eg er sjølvsagt såpass enkel å glede at eg på ingen måte blei mindre positiv etter det, og det kan eg like godt vere ærleg om, først som sist.

Rime og Hirka er, i det Evna tek til, i kvar si verd. Rime kjem attende til Ymslanda, og finn at maktbalansen er endra i landet hans, og han er årsaken. Medan han har vore på leiting etter Hirka i Europa, har fråveret hans medført at landet står på randen av borgarkrig. Rådet er i røynda ute av funksjon. Kolkagga, hærstyrkene han er ein del av, har blitt usett for eit forsøk på å få dei til å oppløyse seg sjølv. (Det har dei ikkje gjort, og nettopp derfor blir det fatalt..) Han må prøve å foreine gamle fiendar til å saman stå opp mot kreftene som er i ferd med å øydelegge Ymslanda innanifrå. Og samstundes som ymslendinger står mot ymslendinger, veit han at også andre fiendar er nære. Farleg nære.

Bilete frå Gyldendal
Hirka er sendt til dei blinde, til landet Dreysil. I isødet må ho atter ei gong læra seg eit nytt språk, nye skikkar og nye måtar å tenka på. Ho er rett nok blant familien sin, og dei elsker ho over alt i verda, men heime er ho ikkje. Medan ho heile livet har vore lågast på rangstigen, er ho no i toppsjiktet i samfunnet. Men ho har ikkje gløymt kor ho kjem ifrå, og kva forhold ho har levd under det meste av livet. Med sin sterke rettferdssans godtek ho ikkje innrettinga på samfunnet i Dreysil, og det er nær ved å koste både ho og andre livet.

Hirka lengter heim til Ymslanda, men det er Dreysil som skal vera hennar land, for det er her blodsbandet hennar er. Kor skal lojaliteten hennar ligge? Hirka må redde verda, og det krever at ho gjer det ho hater mest. Ho må bli den strategen, den krigaren ho forakter. Ho må samle seg ein hær, og ho må gå til krig. Mot Rime. Skal ho kunne redde verda, må ho klare det umoglege: reparere Evna og sørge for at Evna støymer fritt mellom verdene.

Sjølv om Hirka og Rime begge ikkje kan tenka seg noko verre enn å skulle måtte gå til krig mot kvarandre, ser det ut til å vera uungåeleg: krig blir det, anten dei vil eller ikkje. Og uansett kor mykje dei måtte ønske det annleis, er det ikkje til å unngå at dei også må bli hærførarar. Mot kvarandre. Det er andre som trekk i trådane. Krigen er utanfor deira kontroll. 

Eg har ikkje lyst til å avsløre for mykje om korleis det går, anna enn å seia at dette er ei fenomenal avslutting på trilogien. Siri Pettersen meistrer å halde spenninga oppe heilt til siste slutt. Eg er aller mest fascinert av korleis ho lar Hirka endre seg så mykje at ho ikkje kjenner seg sjølv igjen, og samstundes la det vere same Hirka som me møtte i Odinsbarn. Ravneringene er god forteljarkunst, rett og slett.

Dette er ikkje det siste me høyrer frå Siri Pettersen. Forfattaren lova t.d. at prispengane ho fekk då ho nyleg vann Bokhandelens barne-og ungdomsbokstipend skulle gå til kaffi og sjokolade, "(d)rivstoff til flere bøker, altså". Eg gler meg allereie til å lesa resultatet av neste koffein- og sukkerkur!

Eg har eit lite håp om at dette kanskje heller ikkje er det siste me høyrer frå Hirka og Rime, sjølv om det bak på boka uttrykkeleg står at dette er siste boka i serien. Men altså, Siri, det ER lov å utfordre Douglas Adams' rekord på verdas lengste trilogi..

fredag, oktober 09, 2015

Bok: Sommerfuglene i Armero

For nokre veker sidan var eg på Ascehoug sitt bokmøte i Stavanger. Ein av forfattarane som fekk presentere seg og sitt bidrag til bokhausten, var tidlegare VG-journalist Jon Magnus. Den nå pensjonerte utanriksreportaren fortalde levande om stadene han ein gong hadde vore på i embeds medfør, og no vendt attende til. Desse fortellingene har han no samla i boka Sommerfuglene i Armero. Eg kunne høyrd han fortelle i timesvis, men eg hadde ingen plan om å lesa boka hans. Fortellingene han fortalde var spanande, bevares, men leselista mi var ganske omfattande allereie, og eg hadde så mykje eg heller hadde tenkt å bruke tida på. 

Historiene han fortalde frå scenen i Stavanger fortsette å gå på repeat i bakhovudet mitt. Dessutan er eg ikkje så veldig god på dette med å halda meg til planar. For nokre dagar sidan skulle eg berre flytte boka frå skrivebordet til bokhylla. Det fekk eg ikkje heilt til. Før eg heilt visste ordet av det, sat eg med nasa langt nedi boka hans. Fengsla. 

Boka har undertittelen "Fortellinger fra et liv på reise". Sånn i teorien handler dette ikkje så mykje om livet på reise. Sånn i teorien, altså. Utgangspunktet for boka er dei historiene han aldri heilt blei ferdig med. Dei stadene han måtte tilbake til. Dei historiene han måtte finne ut av korleis hadde utvikla seg. Men for å kunne vende tilbake, må han også vende tilbake til utgangspunktet. Difor smelter fortid og notid saman, og blir gjerne krydra med tankesprang som i utgangspunktet ikkje har noko som helst med den historia han skal fortelle å gjere, men som på ein måte har det likevel, fordi dei er ein del av det livet han har levd, der som bladfyk på reisefot. Magnus' komplette mangel på evne til å halde seg til tråden i historia gjer at fortellingene blir krydra med liv. Ispedd litt latinamerikansk magisk realisme, og du har sånn cirka eit inntrykk av korleis dette er ført i pennen. Det er faktisk minst like spanande å lesa han fortelje som det er å høyra han fortelje (og det er teoretisk sett umogleg). Formatet hadde gjort det skikkeleg dårleg som reportasjer i avisen, eller i avismagasinet, for den del, men det fungerer særs godt mellom to permer.

Magnus tek oss med til Spania under Franco, der ein norsk sjømann blir drepen av Guardia Civil, og ein heil landsby kjenner skamma over drapet så sterkt at dei i femti år steller grava til ein mann dei ikkje kjende, i von om at det kan medføre at dei kan bli tilgitt. Det er fortellinga om Evert Taubes Carmencita og hennar familie, om Knut Hamsuns Victoria, datra som ende sine dagar på eit galehus i Frankrike. Det er fortellingar frå Balkan under krigen og pianospel med Imelda Marco. Jordskjelv, tsunami, vulkanutbrot. Tittelfortellinga er frå Armero i Colombia, der smeltevatn frå isbreen tok livet av 20.000 menneske i eit gjørmebad etter eit vulkanutbrot i 1985. I dag er byen befolka av sommarfuglar. Forklaringa han høyrer på kvifor, er tåredryppande.

Nokre av historiene virker så hen i alle staur og vegger at det er fristande å sette dei på konto for sannferdig skrøning. Andre er så forferdeleg realistiske. Alt i alt er dette ei særdeles god og spanande bok - det er ikkje utenkeleg at denne boka hamnar under eit juletre eller to, sirleg innpakka av underteikna. Særleg slike som aldri les romanar, men får god litteratur under treet likevel, kan få ei keisam jul om dei har lese denne bloggposten først...

mandag, september 07, 2015

Bok: Det blå mellom himmel og hav

Som eg skreiv sist eg tusta meg til å blogga, har eg brukt sommaren til (mellom anna) å gjere lista over utlese bøker litt lengre og lista over bøker-eg-vil-lese kortare. Noko av det første eg gjorde, var å lese ferdig dei bøkene eg hadde starta på i løpet av våren, men som eg ikkje hadde fått tusta meg til å gjere meg ferdig med. Susan Abdulhawas Det blå mellom himmel og hav, til dømes.

Eg elska Morgen i Jenin, så det var ikkje heilt fritt for at eg gleda meg til å lesa den neste boka til Abdulhawa. Eg fekk ho som leseeksemplar i starten av mai, og hadde eigentleg ikkje tid til å lesa noko særleg då. Eg byrja lese, blei litt forvirra av å ikkje heilt klare å skilje personane i boka frå kvarandre, og langt mindre heilt forstå kven som var kva og kor dei var. Så eg la boka frå meg, og venta på betre tider på lesefronten. Det tok nokre månader, skulle det vise seg.

Det blå mellom himmel og hav er historia om ein familie som tvinges ut av landsbyen Beit Daras i Palestina og inn i flyktningeleir på Gazastripa som følge av at Israel blir oppretta. Gjennom Khaled, guten i rullestolen, følger me familiens kvinner (og nokre menn) gjennom fleire generasjonar, frå fridom til intilfada. Oldemora kunne snakka med jinnen. Bestemora var den mest rampete i landsbyen, og har heller ikkje som vaksen heilt akseptert reglane, men til liks med då ho var barn, gjeld det andre reglar for ho enn for alle andre. Mora elsker i det stille. Rhet Shel, Khaled si lillesøster, er limet som bind dei saman. Dette er og historia om dei som flykta til eit krigsfritt liv i utlandet, og korleis håpet om gjenforeining ikkje døyr med brotne slektsband.

Historia er fortald gjennom auga til Khaled, ført i pennen med magisk realisme. For meg var dette ytterst forvirrande i starten, for nokre av historiene fortel han som om han har vore til stades, sjølv om det skjedde lenge før han kom til verda. Forklaringa kom etterkvart - og då forklaringa kom, gjekk boka frå å vera forvirrande til å berre vere veldig, veldig tragisk vakker. Khaled har som følge av israelsk bombing forsvunne inn i si heilt eige verd, og i denne verda lev fortid og notid i lag. Fordi Khaled er allvitande gjennom alle tider, kan han skildra gjennom eigne auger gjennom eit halvt hundreår. Det gjev boka ei stor styrke.

Det er Khaleds verd som lokker amerikansk-fødde Nur til Palestina. Ho ser ein dokumentar om han på nett, og berre må finna ut om kven han er, og om ho kanskje kan bidra til å lokka han tilbake. Nur har ei brokete fortid, men bruker løvetannbarnerfaringa si til å arbeida med utsette barn. Fascinert av Khaled reiser ho, og til alles overrasking - også hennar eige - blir ho ein del av familien. I huset med alle kvinnene finn ho eit familiært fellesskap ho kan vera ein del av. Til alle i huset si store overrasking skal det visa seg at ho høyrer til på fleire måtar enn dei trudde.

Boka er eit vakkert familieportrett frå ei brutal verd. Dette er ikkje (primært) eit partsinnlegg i ei konflikt, men ei skildring av korleis livet kan vera for dei som er busette på Gazastripa, området som blir omtala som verdas største fengsel, innestengt og forsøkt isolert, som det er. Og det som fascinerer meg aller mest med kvinnene ein møter i boka, er korleis dei innretter seg for å leva liva sine trass i ein enorm mangel på alt, og korleis dei finn ein form for normalitet i det unormale.

Boka er brutal. Og brutalt vakker.

lørdag, august 15, 2015

Bok: Vi ba aldri om vinger

Sommaren er over, kvardagen kaller. Denne sommaren har eg brukt på å gjera lista over bøker eg vil lesa betydeleg kortare. Ganske mange av dei nå utelese bøkene fortener omtale ved høve, men eg må innrømma at bloggen ofte kjem langt ned på prioriteringslista. I sommar har eg igrunnen lese bøkene, snakka om bøkene og budd i bøkene (når eg ikkje har vore turist), men eg trongen til å melda dei sjølv har ikkje heilt vore den største. Men så dukka ho opp, boka som tvang fram meldelysta i meg. 

På onsdag dukka det opp ei pakke i posten. "Kjære bokblogger", stod det øverst på arket. ("Jøss, at dei ikkje har gitt meg opp!", tenkte eg, "eg har jo motteke fantastiske bøker eg har lese, men ikkje hatt gidd til å melda.."). "Vedlagt finner du tre av høstens virkelige godbiter, håper de faller i smak.". Meir rakk eg ikkje lesa, for eg oppdaga forfattarnamnet øverst på den første boka eg tok i. Vansessa Diffenbaugh, dama bak den fantastiske boka Blomstenes hemmelige språk. Eg veit ikkje ein gong om eg registrerte tittelen på den nye boka, eg berre opna ho, og byrja lesa. Gløymd var middagen i omnen, gløymt var organiseringsprosjektet eg heldt på med då eg gjekk til postkassa.

Eigentleg kunne eg ha lyst til å stoppa bokmeldinga mi av Vi ba aldri om vinger her, med følgande oppmoding: ikkje gidd å lesa noko om boka (t.d. det bakpå), berre gå inn i lesebobla og nyt!

Letty Espinosa bur i lag med foreldrene sine, ein son på 15 og ei datter på seks i eit fattig område utanfor San Fransisco. Ho har aldri heilt makta å vera mor for ungane sine, men har overlate oppdragaransvaret til mor si, som til gjengjeld har gått inn i oppgåva med liv og lyst. Letty har sjonglert mellom arbeid og festing, og måten ho har takla moderrolla kan i beste fall skildrast som uansvarleg. I det foreldrene hennar brått bestemmer seg for ikkje lenger å leva ulovleg i USA, men i staden flytte tilbake til heimetraktene i Mexico, snur dei og opp-ned på liva til dei tre (lovlege innbyggarane) som blir verande att. Letty og ungane må bli kjende med kvarandre, og dei må finna ein måte å organisera liva sine på utan den bestemora som var limet i familien. Letty må ta ansvar for seg sjølv, ungane og for maten på bordet.

Lettys 15 år gamle son Alex får særleg merka korleis livet blir endra når det ikkje lenger er bestemora som er sjefsorganisatoren i familien. Han treng besteforeldrene sine sårt, kanskje mest fordi han treng noko fast i livet. Han finn ut kven faren hans er, og tek til å følge etter far sin, ute av stand til å gjere seg til kjenne. Han er forelska i ei klassevenninne, og veit ikkje kva godt han skal gjere for å verne ho mot det vonde i verda. Så mykje vil han verne ho, at dei i lag tek eit val dei ikkje aner konsekvensene av. 

Etterkvart som familien sakte, men sikkert blir kjende med kvarandre på nytt, må dei også forsone seg med at historia dei ber med seg, må vere nettopp historie. Forsoninga er ulik for dei ulike familiemedlemmene, slik dei er ulike. Letty klarer å gå frå å vere (eller kanskje berre framstå) uansvarleg til å bli ansvarsbevisst og omsorgsfull. Alex går frå å vera i overkant ansvarsfull til å ta plass, og tek ansvar på måtar som skal kosta dyrare enn han såg for seg. Men i dette nye veks kjærleiken og banda. Og det er kjærleiken og banda som er drivkrafta i boka.

Historia i seg sjølv er ikkje revolusjonerande. Hovudlinene i plottet i Vi ba aldri om vinger kan det tenkast at du har lese før (nett slik eg hadde ei kjensle av å ha lese historia i Blomstenes hemmlige språk ein annan stad). Men boka (/bøkene) er fengslande frå første til siste bokstav. Det som gjer Diffenbaugh sine historier så fengslande, er måten ho framstiller folka sine. Ho gir deg eit veldig tydeleg bilete av korleis folka er i introduksjonen av dei, berre for å røske dei opp med rot, bygge dei ut, og brått vise at dei er stikk motsett av det du først trudde - utan at det første biletet du fekk eigentleg var feil, det var berre veldig smalt. For slik er jo den menneskelege naturen: mangesidig.

Diffenbaugh har eit tydeleg sosialt engasjement. Der Blomstenes hemmelige språk handla om born som veks opp på institusjon, er det klasseskiljer, fattigdom og handsaminga av dei papirlause i USA som er tema her. Familien Espionsa ser inn i dei rike forstadene (bokstaveleg tala), men motorvegen mellom dei er ikkje berre eit fysisk skilje mellom to ulike verder - den er også skiljet mellom to ulike høve vidare i livet. (Diffenbaugh let Letty finne ein finurleg måte å omgå dette problemet på, og eg tek meg sjølv i å heie skikkeleg på Lettys påfunn for å sikre at sonen får den utdanninga ho meiner det skarpe hovudet hans treng.). Det er ikkje mogleg å vere uberørt av skildringene av kva som skjer når det blir oppdaga at ein ikkje har lov til å bu der ein høyrer heime. Fortvilinga over det brutale og umenneskelege byråkratiet som møter papirlause røsker i lesaren like mykje som i hovudpersonane. 

Aschehoug fortel på sida til boka at det er ein månad att til boka kjem ut. Det er berre å gle seg. Eller koma seg til Bryne og smila pent og vona eg ikkje har lånt ho ut til nokon andre før deg.

Og skulle du lure: middagen blei brend. Det gjorde ingenting. Eg fekk så akutt separasjonsangst då det byrja lukte halvsvidd i huset at boka måtte bli med meg gjennom heile måltidet. Skal ein tru mitt moderlege opphav sine påstander om svidd mat, erverva eg meg truleg betre songrøyst. Sjølv var  eg mentalt i strandkanten ved flyplassen i San Fransisco. På slike utflukter smaker maten greitt uansett kor svidd den er i kantane. 

torsdag, april 16, 2015

Bok: Faen ta skjebnen

Noko av det artige med å vera ungdomsskulelærar, er å observera den ungdommelege gløden når elevane oppdagar noko nytt som dei meiner absolutt alle andre burde vite om. Mitt første eigentlege møte med John Greens The Fault in our Stars, på norsk Faen ta skjebnen, var igrunnen i ein sånn ungdommeleg glød. Eg hadde jo hørt om både boka og filmen, men hadde ikkje hatt nokon grunn for å tenka at boka burde på leselista mi. (Mogleg at sørlendingen i meg dessutan hadde sett boka på konto for uaktuell, fordi eg sånn reint prinsipielt tykkjer ein kan begrensa bannskap som salstriks!) Før ei jente ein dag ikkje kunne få gått heim i rein iver etter å fortelja meg om "verdas aller, aller beste bok". "Du kjem til å lika den boka godt, sjølv om ho er skriven for ungdommar!", sa bokelskaren. Lat oss seia det slik: eleven kjenner læraren sin. Eleven oppmoda meg til å lesa boka på engelsk, og det ville eg fort ha gjort, men mammutsalet gjorde at eg las ho på norsk. 

Faen ta skjebnen er historia om Hazel og Gus. Hazel er uhelbredeleg kreftsjuk, og venter eigentleg berre på at kroppen seier takk for seg snart. Gus har mista eit bein i kreft, men er kreftfri. Dei møtes i ei samtalegruppe for kreftsjuk ungdom i den lokale kyrkja, og begge er lei av både møtene, sjukdommen og måten resten av verda forheld seg til sjukdommen på. Ikkje liker dei at kreftbarn blir positivt forskjellsbehandla (det er ei påminning om at ein ikkje er normal), og ikkje kan dei fordra at kreftsjuke alltid skal vere så forbanna sterke. Hazel og Gus er realistar. Dei har hatt maks uflaks, end of story.

Mens Hazel forbanner skjebnen og tenderer til å gje opp, er Gus full av skjemt og pek. Saman er dei eit rart team som utfyller kvarandre godt. Hennar lunger har kollapsa, han har eit kunstig bein som gjer at han er ute av stand til å køyra bil utan å påtvinge kvalme hjå passasjerane. 

Desse to veks gradvis nærare kvarandre, og blir ei god, gjensidig støtte i både dei gode og dei vonde dagane. Som alvorleg kreftsjuk har Hazel vore utanfor skulen på årevis, og då er det godt å ha Gus å lena seg på, for han veit kva det går i. Dei går frå nære vener til kjæraster, og vissheita om at forholdet deira har ein naturleg utløpsdato (dødsdagen til Hazel, med andre ord), gjer det vanskeleg for Hazel å våga å elska.

Dette kunne vore ei trasig bok om å vera sjuk og å døy. Dette er sjølvsagt ei trasig bok om å vera sjuk og å skulle døy. Men tru det eller ei, boka er i enda større grad ein hyllest til livet og til kjærleiken. Boka er full av humor, full av alvor, full av redsle, full av glede. Full av Livet. Ho er vittig og trist, og det attpåtil samstundes. Dette er ei slik bok som får deg til å le mens du griner (eller motsett). I høgste grad verd å spandera tid på! 

PS: Innleiingsvis sa eg noko om sørland og bannskap og sånn. Sjølv om den norske tittelen er ei litt rar omsetjing (som dessuten mister ein referanse frå innhaldet i boka), er den norske tittelen likevel absolutt godkjent!

Bok: Fugletribunalet

Ei av bøkene som har hatt fast plass på skal-lesa-snart-lista mi lenge, er Agnes Ravatns Fugletribunalet. Eg kjøpte boka rett etter at ho kom ut, men eg klarte liksom aldri heilt å tuste meg til å lesa ho då. Eg skulle berre visst kva for ei perle eg hadde gått glipp av!

Allis Hagtorn er på flukt frå livet sitt. Etter ei offentleg skandale har ho behov for å flykte frå tilværet som programleiar i kringkastinga. Ei avisannonse bringer ho ut frå tilflukten på jenterommet og til ein avsidesliggande gard ved fjorden. Sigurd Bagge har søkt etter nokon som kan passe hagen medan kona hans er på reise, og som samstundes kan servera han tre måltid dagleg. Med ein tvlaus arbeidsgjevar er ho rimeleg trygg på at han ikkje veit kven ho er. Bagge er nedtynga av ei sorg Allis ikkje heilt kan forstå, og medan ho luker bed og pleier rosebuskar prøver ho å pusle saman dei brikkene ho har fått utdelt for å forstå kven denne rare, mutte mannen er. 

Etterkvart som Allis får si eiga historie på avstand (eventuelt passe fortrengt, om du vil), veks fascinasjonen for Bagge. Han er nokre dagar heilt fråverande, andre dagar sterkt nærverande. Han veksler mellom livsglede, likesæle og svartsinn. Jo vanskelegare å lesa han er, jo meir tankeverksemd bruker Allis på å finna ut kven han er.

Skildringane av Allis si gryande forelsking i Bagge er spekka med eit språk som gnistrer. Det er nesten umogleg å ikkje bli litt småforelska i Bagge, og tungsinnet hans, dei svarte sidene hans, kjem like brått på lesaren som på Allis.

Allis skildrer den skandalen som gjorde at ho flykta, brotstykke for brotstykke. I desse #jegharopplevd-tider tek eg meg sjølv i å lura på kva konsekvensene av skandala blei for han Allis berre kallar K. Eg har ei kjensle av at skammen har blitt Allis' lodd å bera aleine. Det krev to for å dansa tango, men skildringane av Allis' skamfylde tilbakeblikk får meg til å undrast over om dette er atter ein av desse sakene der dama er hora og mannen for eit skulderklapp for å oppført seg som menn med makt skal gjere.

Allis bryt etterkvart gjennom skalet til Bagge, og finn ut av kven han er. Men sjølv om kjøkkenhagen blømer godt i nybygde blomekasser, skin det gjennom at mystisken aldri heilt forsvinn. Bagge fortset å hoppa mellom nær tilstadesversle og brått svartsinn. Veit Allis eigentleg kven han er? 

Fugletribunalet er ei slik bok som stadig tek nye, uventa retninger. Sjølv når det ikkje skjer noko i handlinga, meister Agnes Ravatn å halda merksemda. Pennen er særeigen, stilsikker vakkert, så vakkert. Denne lille perla av ei bok var umogleg å legge frå seg. Så umogleg at eg måtte halda fast i ho litt då siste side var utlese!

onsdag, april 15, 2015

Bøker: Ravneringene: Odinsbarn og Råta

Bileta i artikkelen har eg stole
hjå Gyldendal
Er det lov å angra på at ein las ut dei første bøkene i ein serie før heile serien var ferdigstilt? I tilfelle angrer eg litt på at eg slukte dei to første bøkene i Siri Pettersens briljante Ravneringene-serie. Eg er ein ganske tålmodig sjel, men kjenner at Siri Pettersen ikkje klarer å skriva siste boka i trilogien fort nok...

Nokre bøker er fort gløymt. Nokre bøker fortset å leva sitt eige liv i bakhovudet eins lenge etter at dei er ferdiglese. Ravneringene er så avgjort i siste kategorien. Eg las ut bok nummer to for over ein månad sidan, men figurane fortset å leva i hovudet mitt. Universet ho har skapt fortset å dansa for mitt indre blikk.

Mogleg det er ein uting å melda to bøker i same meldinga, men eg tek sjansen likevel. Desse bøkene er nemleg så gode at eg lover deg at du ikkje klarer å la vera å hoppa vidare til bok to når ein er utlese! 

Ravneringene blir i forlagets førehandsomtale omtala som "original fantasy på norrøn grunn". Det betyr ikkje at serieuniverset er eit univers der det kryr av norrøne gudar, men at denne verda inneheld språklege bilete, skikkar og namn me kjenner att frå det norrøne. Om du tykkjer ei norrøn verd utan norrøne gudar, og der folka er utstyrt med hale, kunne høyrast litt rart ut, kan eg forsikra deg om at du tek feil. Du har openbart berre ikkje opna Odinsbarn enno! 

Den raudhåra Hirka bur i lag med far sin i ei lita tømmerkoie ein stad i Ymslanda. Han blandar medisinar, og har lært Hirka alt ho veit om kva urter som passar til å stilla kva sjukdom. Dessutan har ho også lært seg ulike teknikkar i livets (eller kanskje eigentleg farens) skule som kan bidra til å stoppa sjukdom og naud. 

Hirka er femten vintre gamal då ho forstår kvifor ho ikkje kan favne. Den alltomsluttande energien i Evna, som alle levande skapningar i verda kan tappe ifrå, er Hirka ikkje i stand til å kople seg på. Ho har prøvd og prøvd, men forsøka er fånyttes. Sanninga skal visa seg å vera så brutal at Hirka blir ei fare for seg sjølv og sine omgjevnader. Hirka er halelaus, og trur den manglande halen kjem av at ein ulv har ete han. Ho har jamvel merker etter tennene til ulven der halen skulle ha sitte! Men sanninga er at Hirka aldri har hatt hale. Ho er vanskapt. Blindverk. Ho er råta, krafta som et verda opp innanifrå. Portene til andre verder, som folket trudde var lukka, står opne, og Hirka er det levande beviset. Ho må koma frå ei anna verd. For å verna dei ho er glad i, legg Hirka ut på flukt.

Samstundes er Rime, ein av Hirka sine beste vener frå barndommen av, i ferd med å bli medlem i Kolkagga, den frykta "hæren" til Rådet, som styrer Ymslanda i Seerens navn. Seeren, guddommen i ramneham som vokter Evna, har ikkje vore sett offentleg på tusen år, men lev tilbaketrekt. Rådet er sett saman av representantar frå ulike høgvyrde ætter, kvar med sine eigenskapar, kvar frå sine delar av landet. Rime sin plass i Kolkagga er omdiskutert, men også sterkt mislikt. Bestemor hans sit nemleg i Rådet, og alle rundt dei venter at bestemoras plass ein dag skal bli Rime sin. Då er det på ingen måte uproblematisk å samstundes vera ein del av den gjengen som i blind lojalitet skal gjera akkurat det Rådet seier dei skal gjera. Når alt kjem til alt, kva vil Rime først og framst vera, krigar eller av rådsætt? Uansett kva val han måtte velge å ta, blir konsekvensane fatale for både han sjølv og  samfunnet elles. 

Medan folket elles i Ymslanda gjev Hirka ganske klar melding om at ho, Råta, ikkje har noko i verda deira å gjera, står Rime fast ved hennar side, overbevist om at Hirka ikkje er i stand til å gjera han og resten av folket vondt. Hirka veit ikkje kva ho skal tru om seg sjølv. 

Hirka og Rime finn etterkvart ut at Hirka kan koplast på Evna. Når ho gjer det, får det konsekvensar av uante dimensjonar både for Hirka og Rime, og for det samfunnet dei er ein del av. 

Eg lukka bok 1 med akutt angst for ikkje å fort nok få opna bok 2... For så god er ho, og så levande er universet Siri Pettersen har skapt. Lat oss difor like kjapt hoppa over til Råta:
I von om å redda verda ho er så glad i, tek Hirka eit val som sender henne bort frå Ymslanda. Ho bryt tid og stad, og ender i ei verd beståande av glass, stål og asfalt. Verda er heilt daud, og kanskje er det menneska som lev i ho som har drepe verda si. For Hirka er det heilt openbart at Råta har virka inn på denne verda, og at prosessen har starta lenge før ho kom. Ho er språklaus i denne verda, men gjenkjenner nokre av orda, og klarer etter ei tid å læra seg dette rare språket godt nok til å forstå og kommunisere heilt grunnleggande. Ho får husrom i eit bygg bygd for å æra ein gud ho ikkje kjenner, og får seg nokre få vener. Men ho forstår snart at ho er utrygg også i denne verda. Sjølv om Råta har teke bolig i verda før Hirka kom, mistenker ho at ho sjølv bidreg til at denne verda likevel fell saman fortare. Kor skal ho gjere av seg? Og kven er dei skumle mennene som ser ut til å ville ho vondt? Kvifor vil dei ha tak i ho? Hirka må finna eit mot ho ikkje visste ho hadde for å overleva.

Samstundes er Rime leiar for Rådet heime i Ymslanda, og meiner at folket som i praksis ikkje har gitt Hirka noko anna val enn å forsvinna, har blod på hendene. Han er fast bestemt på å redda Hirka frå det han rekner med må vera den visse død. Han gjer det han kan for å følga etter, og tek nokre val som på ingen måte er foreinleg med å vera leiar i landet. Han klarer til slutt å finna ho att (replikkvekslinga mellom Hirka og Rime ved gjenforeninga er verd ein pris aleine!), og forstår at sanninga på ingen måte er slik han har trudd. Saman må Hirka og Rime prøve å forstå kven som er ven og kven som er fiende i ei verd dei ikkje heilt forstår. 

Odinsbarn var heilt konge. Likevel vil eg meina at Råta er enda betre. Det krev god forteljarkunst å overtyda lesaren om at eit univers utanfor vårt eige er sannsynleg, men å få lesaren til å akseptera at vår eiga verd er framand, krev ein habil, stø og god penn. Siri Pettersen klarer å fortelja om vår verd med eit utanforblikk like genialt som i pilotepisoden av Kyle XY. Forteljarkunst av stor klasse.

Det står ungdomsbok på heimesidene til forlaget. Eg vil meina at forlaget i vidare opptrykk av boka bør gjera som på brettspel, og seia 13-99 år. For dette er bøker ein kan ha glede av uansett kor gamal ein måtte vera.

Bok 1 kan du lesa starten på her, og bok 2 kan du få bla i litt av her. Og du, når du først er i gong med lenke-sjekk: følg Ravneringene på Facebook! Siri Pettersen legg sjølv ut oppdateringer frå skriveprosessen, fanart, nyhende om skriveprosessen og mykje anna snæx det er vel verd å få med seg.

tirsdag, april 14, 2015

Bok: Det frosten tok

Då eg blei gjort kjend med at Kari Nygaard hadde kome med ny bok, kjende eg eg gleda meg veldig til å lesa meir om Ingrid, Andreas og Esten. Reisen til Bella Coola, Nygaards debut, er ei slik bok som - trass i at ho er langdryg - veks i omgang. Så overbevist om at bok nummer to var ein oppfølger var eg, at blei skikkeleg skuffa då eg forstod at Det frosten tok IKKJE hadde noko med Reisen til Bella Coola å gjera. Heldigvis gjekk skuffelsen over då eg berre byrja lese!


Det frosten tok er historia om Lea og Marjja. Bondekona og samedama. Den bufaste og flyttsamen. Bygdedama og naturmennesket. Begge er gravide, og begge skal få liva snudd på hovudet. Ute i den store verda hersker Napoelonskrigene, og sjølv om det er langt frå Trysil og ut til Skagerrakkysten, merkes blokaden også i dalstrøka innafor. Ei enkel frostnatt på våren skal gjere at kornavlingene slår feil. Med hungersnøden kjem også uroa, opprøret, skuldfordelinga, anklagane. Konsekvensane for Lea og Marjja, og dei to ulike samfunnene dei er ein del av, blir enorme. 


Omstenda tvinger damene til å møtes, og fellesskapet  som veks fram dei imellom skal bli så sterkt at bygdas store menn finn det problematisk. Kvinnene redder kvarandres liv, held kvarandre oppe gjennom sorga og arbeider saman.

Eg rista sterkt på hovudet over den naive Lea, som til tross for at ho er ei oppvakt kvinne på så mange andre område, møter bygdas store menn heilt utan kritisk sans. Eg naut det litterære bekjennskapet som Marjja er, ei sjølvstendig og tøff dame som i skjul held seg til den gamle religionen, og som bruker kunnskapene ho har erverva etter eit liv på fjellet til å gjere det beste ho kan for seg og sine. Der Lea er naiv, gjenkjenner Marjja dei gode og dei dårlege sidene til menneskene ho møter på instinkt, som om dei var dyr.

Det frosten tok gjev eit godt innblikk i den sørsamiske kulturen, og fortel om mange av utfordringene som kjem når to så ulike språk og tenkemåtar skal leve side om side og i lag. Gode refleksjoner kring dette set medvitet og tankane igang hjå lesaren, som når Marjja slit med å akseptere nordmennenes rare vane med at den som tier samtykker. På samisk er det slik at den som innbitt tier, er usamd. 

I vårt overflodssamfunn har me vanskeleg for å forestille oss korleis det er å vera utan mat. Me har vanskar med å forstå korleis det kan vera mogleg å måtte eta barkebrød, eller korleis det er å kutta ned på eit måltid om dagen fordi ein ikkje har høve til å få nok mat. Me har vanskar med å forstå kva matmangelen kan gjera med folk. Kari Nygaards skildringar av eit bygdefolk som ypper til krig mot fjellsamane, og som meiner at samane er skuld i hungersnøden fordi reinen kjem for nær setrene (røynda er at setrene kjem lenger og lenger opp på fjellet), gir derfor eit viktig perspektiv på korleis hungersnød kunne bety konflikt.

Boka er vakker. Også her er det scenar som er i overkant langtekkelege for min smak, og Nygaard overlet ikkje mykje tolking til lesaren, for her blir kvar ei minste kjensle formidla. Men boka er likevel ei god leseoppleving!

Boka fekk eg tilsendt frå Ascehoug. Og forlaget får med dette ei bøn på kjøpet (du som ikkje vil ha ein stor spoiler, bør nå slutta å lesa - og heller ikkje lesa vaskesetlen på boka før boka er ferdiglese!): kan de la vere å melda frå på vaskesetlen om dramatiske ting som skjer først etter at 200 sider er passert? For min del ville leseopplevinga blitt enda betre om eg ikkje hadde visst at begge kvinnene skulle bli enker. Fordi de fann det for godt å opplysa om dette på baksida av boka, hadde eg ei kjensle av at eg berre blei heldt på vent, og at historia ville ta til først etter at mennene var døde. (Særleg irriterande var det å vite at Laras skulle døy - han var så vakkert portrettert at eg veit eg hadde vore oppriktig lei meg for at han tok kvelden om eg ikkje hadde venta på at det skulle skje!)

Bok: Oslo Noir

Aslak Nore kom med sin første spaningsroman, En norsk spion, i 2012. Eg likte boka godt, men nikka likevel anerkjennande til Maddams passande kritikk av ho, og kjende meg vel eigentleg litt flau over kor godt eg likte boka di meir det treffande eg kom til at Maddams kritikk var. Eg heldt "foredrag" for kjensfolk om at eg likte boka fordi ho var underhaldande, og ikkje av nokon andre grunnar. Då Aschehoug så sende meg mail om at eg kunne få eit lesareksemplar av den nye boka til Nore, som attpåtil handla om same hovudperson, takka eg ja, men angra like etterpå, for det innebar jo at eg ville kjenne ein moralsk forpliktelse til å lesa boka. Men burde eg lesa ho, når eg eigentleg var blitt ganske kritisk til ei bok i same serien som  eg eigentleg likte, men som nokon andre hadde vist meg ein andre briller å lesa ho gjennom? Eg klarte ikkje heilt å legge frå meg kritikken, og boka blei liggande ulese.

Når eg fortel dette, er det fordi eg var så budd på å mislika Oslo Noir. Overraskinga var stor for eigen del då eg forstod at eg faktisk koste meg med boka...

Dette er den andre boka om Petter Wessel, men boka ligg føre En norsk spion i tid, og utbygginga bakover i tid bidreg godt til å fylla ut biletet av kven Petter Wessel er. Aslak Nore tek oss tilbake til 90-talets Oslo, der ungdomskulturen har teke ei endring korkje politi eller vaksne forstår. Petter og kompisane finjusterer teknikken for tbanetagging (ytterst fascinerande kombinasjon med ski og sprayboks!). Nye dopmiddel er i omløp, og storbyproblema er for alvor i ferd med å ta over hovudsstaden. I denne byen er det at to barneranarar kræsjer ein fest på beste vestkant, og grabber med seg ein pose med escatasy. Den eine av desse blir kort tid etter funne død. Den andre flykter. Petter Wessel snubler tilfeldigvis over posen, og tek eit val som skal gjera sommaren særs dramatisk. Tenåringen vikler seg inn i eit spel han ikkje kan kontrollera. Det han er i ferd med å avdekke har konsekvensar langt inn i hans eige liv, og både kjærasten og familien blir dregne inn i eit spel Petter ikkje hadde fantasi til å forestille seg. Før siste sida er slutt, skal Petter erfare at hans eiga verd på ingen måte ser ut som han trur. Når ein ikkje kan stola på nokon rundt seg, kan ein då stola på seg sjølv?

Petter Wessel-bøkene kjem nok ikkje til å bli ein moderne klassikar, men god underhaldning, det er dei absolutt. En norsk spion og Oslo Noir er tematisk veldig ulike, og sjølv om hovudpersonen er den same, er det to tidsmessig fjerne sider av han me møter. Eg tykkjer jamnt over at Oslo Noir er ei betre bok enn En norsk spion. Drivet er godt, historia er spanande og denne boka er hakket meir truverdig.

Bok: Mine fem år som far


Bjarte Breiteig gav i haust ut sin første roman. Etter tre særs gode novellesamlingar (eg har berre lese to av dei, men eg satsar på at han anmeldaren i Fevennen som eg plar lika det same som har rett i at også siste boka er god..), har han nå begitt seg ut på romanformatet.


Som novellist er han kjent for å ikkje akkurat framheva det positive i livet, for å seia det forsiktig. Men leiken hans med dei mørke sidene av menneskesinnet er ikkje av den sjølvutslettande karakteren. Dette mørket tek han med seg også inn i romansjangeren. I boka følger me Martin Havn, som i det boka tek til blir henta av politiet mens han et middag i lag med kone og to søner. Han er mistenkt for overgrep mot datra til ekskjærasten sin. Han nekter for å ha gjort noko gale, men me forstår fort at det er noko han vil skjule, for han planter gamle avisar hos si demente mor for på den måten å sikra seg alibi.

Martin Havn fortel si historie, og resten av boka er eigentleg eit forsvarsskrift, eit forsøk på å vise at han eigentleg er ein bra kar. Han tek oss med på ei vandring i tidas tilbakelagte gater, og viser korleis forholdet mellom hans til ungdomskjærasten (ho som er mor til barnet han er anklaga for å ha forgripe seg på), forholdet til kona og forholdet til ungdomskjærasten sin kjærast. Han viser oss eit mislukka forfattarliv.

Martin Havn har satsa alt på eitt kort, har satsa på å kunne skriva like godt som han ein gong gjorde, og så sit orda fast. Samstundes har kona hans (som forøvrig blir mor til barna hans) stor suksess i arbeidslivet. Ekskjærasten hans har behov for ein god ven, og han stiller opp. Han er ein eksemparisk mann. På overflata. Han har ei utruleg god evne til at "ting berre skjer", utan at han har ansvar...

Boka er på mange måtar Martins forsvarsskrift. Dette portrettet av ein mann som ikkje tek ansvar for noko av det han befinn seg i, er ubehageleg. Ikkje først og framst fordi at mannen skyv alt ansvar for sine eigne utviska grenser på andre, men fordi han med å gjera det, også vekker urovekkande tankar i lesaren. Kven er det eigentleg som gjer mest skade hjå eit overgrepsutsett barn? Er det overgriparen, eller er det prosessen etter at overgrepsmistanken har slått rot? Skaper ikkje dei intervjua og undersøkelsene eit medvit om overgrepet i barnet, som er farlegare for barnet enn om det kunne gått i gløymeboka?

Mine fem år som far er ubehageleg, velskrive, tankvekkande og utvilsamt leseverdig!

Takk til Aschehoug for leseeksemplar!