mandag, mai 23, 2011

For tante stenne bag gardin' å ser...

"Nå slår britiske aviser tilbake mot munnkurven" kunne Dagbladets nettframside melde i dag. Sjølve artikkelen fortel at britiske tabloider ikkje tør å fortelle kven han er,  men at dei sørger for å protestere som best dei kan. I ein annan artikkel opplyser Dagbladet at fotballfansen skal ha sunge om denne speleren medan hans kone og barn var på tribunen - framleis utan å ha sagt kven han er. 

Eg er ikkje spesielt interessert i fotball, og enda mindre er eg interessert i kven som måtte finne på å (frivillig) ligge med kven. Mi grunninnstilling har alltid vore at utruskap er ei sak mellom involverte parter (som i dei to pluss partnarar), og ikkje for det offentlege rom. 

Det finst riktignok eit unnatak frå regelen om at utruskap er ein privatsak, og det er saker der (minst) ein av dei aktive partane er sjølvutnemnd moralistog "familieverdiforkjempar". Dei som går hardt ut med krav til korleis andre skal leve sine liv må tole søkelyset når dei sjølv ikkje lev opp til desse ideala - særleg om dei fordømmer andre for å gjere det same som dei sjølv.

Eg interesserer meg altså på ingen måte, sånn eigentleg. Og likevel tok eg meg sjølv i å aktivt bruke 2 minutt av mitt liv på å finne ut kven denne mannen var. Det var ganske enkelt. Db har nemlig linka til Trendistic - som lager statistikker over bruken av ord på twitter. Der søkte eg på "football player". Nokon hadde spurt etter kven det var. Nokon hadde svart vedkommande. Eit nytt søk på eit namn i Trendistic stadfesta at namnet hans - slik artikkelen hadde spådd - hadde auka kraftig i omtale på twitter dei siste dagane. 

Kva kan ikkje teknologien gjere for oss i dag? Vel, for min del har den i alle fall påført meg mykje ein stor skuffelse. Ganske mykje over meg sjølv, at EG kunne finne på å foreta søket, når det ikkje interesserer meg. Og så litt over vedkommnde fotballsparker, fordi eg alltid har tenkt at han var ein sympatisk fyr (for ja, det var ein eg kjenner godt til - i seg sjølv noko talande om hans popularitet). 

I Listasangen, som til liks med ganske mange andre heimstadssongar her i landet opphavleg var ei revyvise, heiter det at "Når æg ska uid å sjå min hjertenskjer/Då dreg eg heua gått for euan ner/For tante stenne bag gardin å ser/De' æ så vonnt fårr ho å la d ver". Og eg frykter at det er litt det same genet som altså slo ut i meg nå. 

Det var så vondt for meg å la det vere.

Gåve frå oss til deg: betal sjølv?

I ettermiddag var eg og to kompiser ein tur på Bærums Verk. Kamerat S fekk ein tur på Pannekakehuset i julegåve, og endeleg var tida kome for å "løyse den inn". Pannekakehuset blei åstad fordi Ragnhild hadde vitra om ein visitt dit for ei tid tilbake, med melding om at dei hadde allergivennlege alternativ, noko som jo kan vere eit poeng når både den eine og den andre allergien finn på å gjere seg gjeldande.

Pannekakene var akkurat like gode som Ragnhild hadde fortalt oss og vi enda opp med å vere der i mange, mange timer, for det er særs trivelg ein stad, sjølv når regnet yrer ned. Men også godt selskap skal ein gong brytes opp, og det nærma seg tida for å trekke mot bil og buss. Ergo - tida for å betale.

Og her er det J og eg oppviser ei blanding av dårleg hugs og pinleg framferd: i gjerningsøyeblikket gløymer vi at vi har gitt bort besøket i gåve, og at heile formålet med visitten var at VI skulle spandere på S. Kanskje kan vi skulde på den hollandske atmosfæra, for resultatet var at vi "were going dutch" - kvar betalte for seg. 

S køyrer oss til bussen. I det bilen hans forsvinn bak svingen, går det opp for oss kva vi har gjort. Skamfulle sit vi på bussen innover mot Oslo og kjem fram til at det minste vi kan gjere er å sørge for å samles igjen veldig snart. Då skal vi ikkje falle i hollenderfella. Mogleg vi får finne ein stad med førehandsbetaling?

torsdag, mai 19, 2011

Gamlingene nå til dags!

Tidleg på ettermiddagen i dag var eg ein tur på Jernbanetorget. På hjørnet Jernbanetorget/Europarådets plass sat, som vanleg, ei dama og tigga. Ho sat sånn plassert at då eg kryssa gata, kom eg "rett på" ho. Inn frå mi venstre side, med kursen rett fram (og dermed på langs der ho sat) kom ein gamal mann, som eg vil anta var ein stad mellom 70 og 80 år. Mannen har jamn fart, men ganglaget ber preg av at beina hans ikkje lenger har ein ungdoms vitalitet.

I det både han og eg nærma oss, begynte dama å riste på koppen sin og på sedvanleg vis rope "please, please". X antall år i Oslo har enda ikkje vendt meg frå kjensla av å vere brydd når eg treff på tiggarar, så det er mogleg det var instinkt som gjorde at eg slo auga ned. Alternativt var det konsentrasjonen om å ikkje snuble i fortauskanten si skuld at eg ikkje såg det som skjedde. 

Det kjem ein lyd frå koppen med mynter i. Det er ikkje lyden av mynter som fell i koppen, ei heller lyden av ein kopp som ristes på. Lyden av mynter som slår mot kvarandre er så hard at den vitner om eit spark. Mannen er så nær dama at han utan tvil kan ha sparka koppen ho holdt rundt. Beinet hans avslører ikkje om han har sparka eller om han berre har eit bein han må bruke mykje krefter på å løfte. Eg les kroppsspråket hans. Han er fiendtleg innstilt mot denne dama. 

Eg ser ikkje ansiktet hans, men eg ser blikket hennar. Det er forvirra, ope og sint på ein gong. Ho ser at rett på meg, og i eit mikrosekund er det som om augene hennar seier "gjer noko, for svarte".

Eg skal til å rope på den gamle mannen. Eg utbryt "ØY!", men resten av skriket mitt teier i strupen. Eg skal til å rope at "SÅNN OPPFØRER EIN SEG FAKTISK IKKJE OVERFOR FRAMANDE MENNESKE!" Eg skal til å skrike at det er heilt greitt at han kjenner seg brydd, for det er han ikkje aleine om. Eg skal til å gje han klar melding om at han får sjå til å skjerpe seg, for det er faktisk eit menneske han utøver vald mot. Eg skal til å avslutte med å seie noko om kor forferdelege gamlingane nå til dags er, at han er ei skam han er for dei som bygde landet.

Men eg teier. Eg teier, bøyer hovudet og tuslar bort mot trikken (som eg akkurat mister, til pass for meg!). Tvilen gneg i meg. Eg såg jo ikkje mannen sparke. Eg kunne risikert å skjelle ut ein framand, uskuldig mann. Ein gamal mann, til og med, ein eg intuitivt har ekstra respekt for. 

Heile vegen heim dikuterer eg med meg sjølv. Heile vegen heim fortel eg meg sjølv kva eg faktisk burde ha sagt. Og kvifor eg skal vere glad eg lot det vere. Det er ein prinsippdiskusjon som foregår i mitt indre. Det er retten til å ikkje bli uskuldig dømt mot det universale menneskeverdet. Det er respekten for gamle menn mot respekten for medmenneske. Det er omsorg for medmennesket mot omsorg for medmenneske.

Og så er det skammen og frykta. Skammen over å kunne ha gripe inn, men vore for feig til å tørre. Frykta for at eg lot vere å gje han ei skyllebøtte fordi dama som sat der truleg har rumensk eller bulgarsk statsborgarskap. Skammen over kva det vil seie om forholdet mellom liv og lære dersom frykta mi er sann. Frykta for at eg er for feig, og at ideologien som eg innbiller meg at ligg i ryggmargen forsvinn som dugg for sola når det gjeld. Frykta for at eg har bidratt til å nedverdige ho ytterligare ved å (tilsynelatande) sjå på, og så la vere å gripe inn. 

Det er lenge sidan ein episode har plaga meg tilsvarande. Eg har grubla og grubla, men eg kan ikkje med handa på hjartet seie at eg er sikker på at eg oppfatta det som faktisk fann stad. Han kan vere ein av desse gamlingane som traskar rundt i hovudstaden og nesten går på tiggarar for å markere at dei ikkje er velkomne til å drive med tigging - for det er ein del som gjer akkurat  det (og dei eg har sett har alle vore menn). Han kan ha gått så nær ho at det var ho som rista ekstra hardt for å få han unna. Han kan rett og slett ikkje ha sett ho. Eg kan ha tolka blikket hennar feil.

Tvilen gneg i meg ennå. Eg klarer ikkje bare å seie at "gjort er gjort". Eg skulle så gjerne ha gjort noko. Men eg veit ikkje kva.

Først mange timars grubling seinare gjekk det opp for meg at eg eigentleg ikkje var på veg heim.

mandag, mai 16, 2011

Mot "årets helligste dag"

"17. mai er det heilagste dagen i året" utbraut mamma rundt middagsbordet i dag. I min familie har det alltid vore ein liten (ideologisk?) kamp mellom 17. mai og langfredag om å stå øverst på heilagheitsskalaen. 

Eit av mine første minner er ein 17. mai der eg truleg var 3 år. Eg var enebarn, og feira i lag med bestemor, bestefar og mamma og pappa i Vanse. Eller, eg antek at mamma og pappa også var der, men dei er ikkje til stades i minnet. Det eg hugser, er at eg stod like ved den store bautaen i Vanse og holdt ei bunadskledd bestemor i eine hånda, mens den enorme hånda til min dresskledde bestefar hadde eit solid grep rundt den andre. Det var trygt og godt, og eg stod og studerte den enorme bautaen og lurte på korleis nokon menneske nokon gong kunne ha klart å lage noko som var så stort. At Kyrkja ved siden av kunne vere høg, kunne eg forstå, for eg hadde jo sett at ein bygde med stillaser. Men korleis ein fekk til den "enorme" bautaen, det var meg eit mystrium. 

Då eg var liten, var 17. mai strengt tatt ei todagersarrangement. Vi begynte med barnetog i gata og saft og kaker på leikeplassen den 16. mai. Dette var ein kombinasjon av ein gatefest for å feire at ein var ferdig med god dugnadsinnsats og ein måte å sørge for at alle ungane, anten dei var 2 eller 15, fekk gått i tog. Etterpå var det sekkeløp og kanskje litt grilling før badekaret venta på skitne men lukkelege barn og strykejernet venta på at opphavet skulle gyve laus på bunadsskjorter.

Sjølve 17. mai var ein dag der alt fulgte sin faste rytme, og der alt gjekk slag i slag.  Oppstilling på grusbanen på Heståsen for ei kort tale før barnetoget. Så gjekk toget ut i gatene, og endte opp på Hånes skole for Den Store Talen, nasjonalsonger av fulle lunger, loddsalg, kaker, is og så mykje leik ein bare orka. Og når ein omsider gjekk lei, sånn ut på tidleg ettermiddag ein gong (ofte fordi alle andre hadde vendt heim, og den Stave Samuelsenske hop var dei einaste utanom arrangørane som  framleis var i full sving), gjekk vi heim for å strekke på beina litt, før turen gjekk ned mot Kristiansand sentrum og Borgertoget, anten for å gå der sjølv eller fordi ein alltid kjende nokon som gjekk der (eventuelt for å finne ut kva studentkora hadde funne på denne gongen). Så bar det ut for å ete, før turen gjekk heim eller til venner eller naboer for å proppe i oss enda meir kake (som om vi ikkje hadde fått nok slikt allereie på Hånes). Litt meir beinstrekk, og skifting frå bunad til dongri før Tapto var tingen. 

Min barndoms 17. mai fulgte med andre ord eit fast system. Den var ritualisert, og blant hovudritene var øvingene "få i deg så mange kalorier du overhodet klarer". Desse ritene var så klare at eg nesten blei paralysert då eg flytta til Oslo og måtte tilbringe nasjonaldagen liggande på ein sofa mens eg las til eksamen dagen etter. Eg gjekk ein tur i skogen (bunadslaus) og traff ein forvirra polakk og nokre fugler. Elles var alle folka borte. Den 17.mai'en var så trasig at eg etterpå bestemte meg for å i alle fall prøve å finne nye ritualer. 


I den grad eg kan skryte på meg å ha funne nye 17. mai-ritualer i hovudstaden, er det barnetoget som er ein hovudingrediens. Sjølv om dei eg kjenner i toget kan oppsummerast på ei hand (og i stor grad på biletet av Romsås Janitsjar..) har det absolutt vore ei god erstatning for Hånes-toget.


 




Men resten av ritualene har det vore så som så med. Anten det har inkludert laaaaaaaaange frukoster, like lange lunsj-middager eller å drikke sjampis på statens rekning, har det liksom ikkje blitt så dreis på det. Den heilage 17.mai'en har blitt mindre heilag med åra, er det bare å innrømme.

I morgon skal eg igjen feire 17. mai i Vanse (for første gong sidan eg var 4), og igjen stille meg slik at eg kan betrakte den bautaen som ikkje lenger er enorm, og som eg ikkje lenger har problem med å skjøne korleis blei reist. Bestemor og bestefar ligg gravlagt på same kyrkjegården, og bestemors bunad er det eg som skal gå i. Men kanskje kan eg, i eit lite glimt, oppleve å vere 3 år igjen og vere lykkeligst i heile verda fordi at "endelig er dagen her".

I fjor: utenriksdepartementets mottaking. 
I år: høvesvis på ny-gamle jaktmarker på Lista og på gamle-gamle jaktmarker på Dovre


HA EIN FANTASTISK GOD 17. MAI!

tirsdag, mai 10, 2011

Ikkje alle førsteplasser er gode

RFSU lanserte i dag ein undersøkingsrapport som viser at unge nordmenn framleis troner på førsteplassen over dei i Norden som er dårlegast til å bruke kondom. Det er ein førsteplass vi burde vore ganske pinlege over å inneha, og det er ein førsteplass som tydeleg viser at det er på tide å ta nokre store grep. For nordmenn stoler anten på at legevitskapen kan kurere dei for alt det dei eventuelt måtte få av "grums" eller at partneren har tenkt lenger enn ein sjølv gjer. Dessutan er nordmenn tydelegvis best på sex i fylla, for mange skulder på rus.

Det trengs ei haldningsendring blant nordmenn. Først og framst må me bli flinkare til å tenke på prevensjonsmidlar ikkje primært som eit midel for å hindre graviditet, men for å hindre smitte. Som eit middel for å ta vare på si eiga og sin partners helse. 

Nå viser også undersøkinga at klamydia er mindre tabu enn før. Det er gledeleg. Men likevel veit ein at mange av dei som får påvist klamydia ikkje tek dei pillene som skal kurere sjukdommen. Med det risikerer dei sterilitet og bidreg til å spreie viruset videre. Gonoré og syfilis er på veg tilbake, og Hiv Noreg frykter at hiv skal spreie seg i ungdomsmiljøa. Då ville viruset spreie seg raskt, rett og slett fordi ungdom er frykteleg dårlege til å hugse å verne seg.

I samband med Mandelakonserten i Tromsø for ein del år tilbake, var eg på kurs om hiv. Der hadde vi høgttenking om kva tiltak som måtte til for å normalisere bruken av kondomar, og Mimir meinte at løysinga kunne vere å legge inn ei pakke kondomar i alle six-packer som blei seld her i landet, nettopp fordi koblinga mellom rus og sex er så sterk. Det er kanskje ingen dum idé. Drastiske vaksenopplæringstiltak trengs.

Og i fall du som les dette har fått ca like lite seksualundervisning som eg fekk og til liks med min gamle klasse aldri var med på tre-på-ein-banan-eit-kondom-og-sjå-kor-enkelt-det-er-øvelsen: her er bruksanvisninga. Sånn skal det gjerast. Til både din og partnerens beste. Det er bare å øve.

(illustrasjon rappa på ein eller anna plass på nettet for lenge sidan)

Det normale dikatur?

For ei lita tid tilbake trefte eg ein kviterussisk venn. Gjensynsgleda var stor, og han spurde, som vanleg er mellom vener som ikkje har sett kvarandre på ei tid, korleis det stod det til. Eg svara noko i retning av at alt var som normalt, og gav han ei kort oppdatering på kva som hadde skjedd i livet mitt sidan våre vegar sist kryssa kvarandres. Studier, organisasjonsarbeid og venner fylte tida mi, men eg hadde det igrunnen veldig fint. "Og der?" spurte eg, kvardagsleg og utan å tenke på kor absurd spørsmålet var - og kor trivielt mitt svar hadde vore. 

"Alt er som normalt" svara han i ei lettare sarkastisk tone. "Etter metrobomba i Minsk har mange av vennene mine blitt fengsla, utan at nokon heilt veit kvifor. Alt er som normalt. Folk fengsles, og ingen veit kor dei er. Normalt. Folk er paranoide, og KGB har intensivert innsatsen sin. Å ytre eit einaste ord mot regimet eller noko i landet er å risikere å stemples oposisjonell, og du blir paranoid. Alt er som normalt. Det er det normale nå."

Eg hadde lite anna enn ein måpande kjeft og ei eg-er-lei-meg-mine å svare med. Eg var stum, og utan ord, for eg har ikkje orda til å skildre korleis historiene virker. Langt mindre har eg fattevnen til å forstå korleis det oppleves. Eg har rett nok vore i landet, og opplevd korleis kjensla av å potensielt vere under overvåkning gnaga. Men eg hadde det privilegiet at eg kunne forlate landet og reise heim til trygge Noreg. Og i løpet av åra som har passert har minnet om den gode tida vi tilbrakte i lag med kjekke folk overskygga minnet om paranoiaen som til sist også slo seg ned mellom nordbuarane i følget.

Men den selektive hukommelsen til sånne som meg og den bedagelege og behagelege (for vår del, i alle fall) mangelen på forståing for korleis det er å leve i eit diktatur er ei farleg sovepute. Det er så lett å gløyme at nokon opplev å bli forfulgt fordi dei ikkje deler diktatorens visjon om kva som er eit godt samfunn.

Lukashenko sjølv har uttalt at landet har for mykje demokrati. Kneblinga av oposisjonelle er intensivert etter terroråtaket, og Lukashenkos intensiv har medført ein trussel om å forby enda fleire oposisjonspartier. Det er altså ikkje berre gatene som skal feies slik at Alexander Rybak kan gjenta at "Minsk er ein rein by", også politikken skal strigles ytterlegare. 

Og kanskje er det dette striglingsprosjektet som gjer at landet sender ein song til MGP som muligens er skrive av presidenten sjølv. Ein song som skal vise at landet er fantatisk - ikkje berre på utsida, men også på innsida. Med fengande poptoner og kjærleikserklæringer til landet skal visstnok Europa vinnes. Eg vonar berre at vi ikkje fortrylles av lysshowet og steppelandsdansen, men at medvitet om at demokratiet framleis må kjempes for blir heldt ved like, også hos oss som faktisk har det privilegiet at vi lev i eit demkrati. Og at vi stør våre kviterussiske vener i kampen for demokrati. Slik at dei også vil kunne rekne det å gå fritt på gata utan å måtte frykte det hemmelege politiet for normalen.

mandag, mai 09, 2011

Men grønn markeringstusj skal kunnskapen vinnes!

Eg er i innspurten på teoridelen på masteroppgåva mi, og hadde brått ei trong til å finne fram alternative kjelder enn dei eg allereie hadde skaffa til veie. Etter nokre turar innom UB var litteraturlista mi utvida med atter ein heil haug med bøker.

Bibliotekbøker gjev studenten i meg ei utfordring. For samstundes som eg har irritert meg grønn over den bosnisk/kroatisk/serbiske personen som har lånt Kosovo-boka før meg og funne det for godt å skrive notater i bokas marg på bosnisk/kroatisk/serbisk, har eg også irritert meg over at eg ikkje kan gjere det same.

X antall år på universitetet har nemleg sett sine spor i måten eg les faglitteratur på. Eg har store problem med å lese utan (a) ein grønn markeringstusj, (b) ein tynn penn eg kan notere stikkord i margen med og (c) plastmerker eg kan sette i kanten og skrive stikkord på. Samstundes skriv eg gjerne eit ekstra ark om kor i dei ulike bøkene dei ulike emna er omtala. Det vil seie, det gjer eg når eg hugser at det er ein god idè å skrive slikt ned. Boka mi ser fort slik ut:


Eit lite attehald om at dette er ein ekstremutgåve – det er sjeldan sida blir såååå grøn, altså...

Som eg tidlegare har nemnd, var eg utan datamaskin i store delar av påskeferien. Derfor brukte eg tida eg skulle brukt på å skrive på å i staden lese "alt i ein smeis". Sidan desse bøkene ikkje kunne noterast i, enda det med at eg las bok på bok på bok, gløymte å notere ned kva som stod kor og på kva side (artig når eg så måtte leite opp igjen), og brukt ca like mykje tid på å leite opp att kjeldene på det eg har skrive som eg brukte på å lese dei opphavleg.

Eg klaga min «naud» til opphavet. Mamma svarte med å le og kunne opplyse meg om at det var langt frå fyrste gongen ho hadde høyrt meg klage over mine manglande høve til å studere slik det passer meg. Mine nåverande studieteknikker er visstnok bare ekstremversjonen av korleis eg har holdt på sidan eg lærte meg å lese. Eg er visst bare sånn.

Og så fort skattepengene kjem, skal amazons bokhandlarar få fylle opp postkassa mi på ny. For det kan jo vere at eg treng å dobbeltsjekke noko? Då er det nok sikrast å ha eit eksemplar med kommentar i margen...

tirsdag, mai 03, 2011

Kunnskap er nøkkelen. Også i hiv-arbeidet.

Tidlegare i dag var eg og nokre andre ungdomspolitikarar ein tur hos Hiv Noreg på møte for å diskutere tiltak som kan forebygge spreiing av HIV-viruset og kva ein kan gjere for å motverke stigmatiseringa av hivpositive.

For det er to skumle tendensar som slår imot ein når ein les statistikken.

Det første er at talet på heterofile, etnisk norske nysmitta har auka. Det forsterker biletet av at nordmenn i for stor grad er opptekne av graviditet og ikkje helse når dei skal "beskytte seg", eit bilete som allereie er teikna godt opp av klamydiastatistikken, der 23.000 tilfelle blir oppdaga kvart år, og der både syfilis og gonoré (som ein begge trudde var så godt som utdøydd) er på veg tilbake.

Det andre er at aldersgruppa 16-25 i påfallande liten grad veit korleis HIV smitter. Det fører til fordommer, som fører til stigmatisering av hivpositive. Hiv Noreg melder at det er vanskelegare å vere hivpositiv i dag enn det var for 10 og 20 år sidan, fordi det generelle kunnskapsnivået har minska i takt med at vi har fått meir kunnskap om korleis viruset smitter, primært fordi det hivspørsmålet ikkje lenger står på dagsorden i media og andre opplysande organ. Hiv har forsvunne ut av seksualundervisninga - og med vankunna har fordommane få lov til å rå grunnen. Derfor er det færre 18-åringar i dag som veit at hiv ikkje smitter dersom ein drikk av same kaffikoppen som ein positiv - eller at det ikkje er farleg korkje å ta på eller å kysse ein hivpositiv.

Eg skulle søke opp reklamefilmen deira på youtube, og blei sjølvsagt surfande litt når eg først hadde funne den. Og der fann eg denne særs søte reklamen, som viser at kondomar er praktiske også i andre samanhengar... :)

mandag, mai 02, 2011

Kva skulle eg gjort utan pappaen min?

(dette innlegget blei forsøkt lasta opp på påskeaften, men fordi breibandsdekninga på Lista virkelig ikkje alltid er mykje å skryte av, fekk eg bare skrive det i Blogger, men det blei aldri lasta opp. Og det oppdaga eg altså først nå, 8 dagar seinare)

I påska i fjor slapp eg bomba. "Pappa, æg tru'kje du kan rægne mæ at æg kjeme heim i påska neste år". Eg visste at (a) påska kom seint i 2011, og (b) at eg etter planen skulle levere masteroppgåve under ein månad seinare. Det betyr at Påska2011 skulle tilbringes på Eselsalen. Pappas skuffelse var særdeles synleg, for å seie det mildt. Men med eit år å førebu seg på, trudde han det skulle gå fint. Då eg var heime for ein månads tid sidan var det tydeleg at han hadde klart å slå seg til ro med tanken. "Jaja, så sjåast mi i mai, då!", sa han.

Men så, i dagene før Palmesøndag, begynte maskinen min å oppføre seg som om den hadde fått hekseskot og kink i nakken og magevondt på ein gong. Den opererte som i sirup. Artigast av alt var igrunnen at den bad meg taste inn passord eg ikkje hadde brukt sidan august. Eg tømte den for innhald, men det såg ikkje ut til å ville hjelpe. Det tok lenger tid å skrive ei 3-ords setning etter at eg hadde sletta 3 GB enn det gjorde før. Og brått ville den altså ikkje la meg slippe inn i det heile, truleg fordi den bad om eitt passord mens den ønska eit heilt anna.

Problemet var at siste versjon av oppgåven låg på maskinen - og på ein backup-disk som er formatert til bare å godta å leses av mac'er. Eg kunne med andre ord ikkje smile pent til maskinene til UiO med mindre eg absolutt ville skrive alt på nytt. Hurra, hurra.

Då var det bare ein ting å gjere. Ringe pappa.

Og pappa svarte at han nok skulle få fiksa det, bare eg kom meg heim. Sidan eg ikkje hadde maskin for å bestille på, måtte billettbestillinga tas med pappa som konsulent. Så brått kom eg heim til påske likevel. Med sånn cirka 140 kilo bøker i verdens største koffert. Pappa blei så glad då eg kom heim at eg eit ørlite sekund mistenkte han for å ha planta det viruset som altså åt opp maskinen min innanifrå.

Vel heime kunne pappa fortelle meg at det ikkje var gjort i ei håndvending å slette det som låg på maskinen, ei helller å laste inn på nytt. Men skjærtorsdag fekk eg tilbake maskinen min i topp stand. Eg feira som seg hør og bør på ein Skjærtorsdag - på Øl og Spadser (det er det mogleg eg ikkje hadde gjort om ikkje Torrey hadde gått ut og sagt at han ville forby det - takk, Torrey!). Elles har kjellarstova og terrassene heime og på hytta fungert som påskas lesesal.

Rett nok fråtok denne lille "kræsjen" meg for alt håp om å komme i mål med levering i mai, men det får våge seg. Mi Oslo- og Lesesalpåske blei Listapåske. Og med sommertemperatur og solbrente naser føler eg  igrunnen ikkje det blei så gale. Og best av alt: eg har fått lov til å henge i lag med verdens beste familie i mange "bonusdagar".