torsdag, oktober 30, 2014

Bok: Det største spillet

Den andre verdskrigen har utgjort ein ganske stor del av min identitet, fordi historier frå krigen var ein del av forteljingane mine besteforeldre fortalde når dei snakka om og frå sine liv. Mine bestefedre sine krigserfaringer passar inn i det norske "heltebiletet", og kanskje har det gjort at interessa mi for skjebnane under andre verdskrigen alltid har vore sterk. Våpna har eg ikkje interessert meg for, men korleis folk hadde det, har eg "alltid" brydd meg om. Grete Haagenruds Sofie og Kathrine-serie var favoritten min som barn, og sidan ungdomsskulen har Michelle Magorians God natt, Mr. Tom vore på lista over dei beste bøkene eg veit om. Maria Konow Lunds Biografien om Inger Guldbrandsen las eg i fillebiter. I seinare tid har eg lagt min elsk på Marianne Kaurins Nærmere høst. Felles for desse, er at den andre verdskrigen er rammen for historiene.

Både bestefar og pappa fortalde (og fortel) mykje om flekkefjærdingen Gunvald Tomstad. Tomstad var dobbeltagent under store delar av andre verdskrigen, og særleg historia om korleis han blei utestengt av alle rundt seg fordi han tilsynelatande var på nazistane si side, gjorde sterkt inntrykk på meg som barn. Tenk, ingen ville ha noko med han å gjere fordi dei trudde han var slem - og så var han eigentleg snill! I mitt lille sinn var det ei bør så tung at eg ikkje kunne forstå at nokon kunne overleve å bere ho.

Forholda i Lister er ikkje større enn at bestefar kjende Tomstad, og at ein av Tomstads næraste i motstandsrørsla, Tor Hugo van der Hagen, var ein framtredande mann bygda familien min kjem ifrå. Fram til for få år sidan, trudde eg til og med eg hadde møtt Tomstad, og at historiane eg hadde høyrt om han til dels kom frå han sjølv, for så levande var historiane for meg. Då eg snubla over ein leksikonartikkel spm kunne fortelja meg at Tomstad døydde 13 år før eg kom til, hadde eg store problem med å fordøya det.

Pappa har snakka mykje om Per Hanssons bok om livet til Gunvald Tomstad, Det største spillet, men av grunnar eg eigentleg ikkje kan forklara, har eg eg ikkje lese boka før no i haust. Etter å ha lese ho, innser eg at mange av dei historiene eg har høyrt om Gunvald Tomstad (med eit unnatak, og det kjem eg til) er gjenforteljingar frå denne boka, og ikkje primært historier Tomstad har fortald direkte til mi slekt, slik eg har innbilt meg.

Gunvald Tomstad, frå garden Helle utanfor Flekkefjord, var typograf av yrkesutdanning og særs teknisk interessert. Han bygde seg ein radiosendar, og denne blei av ymse grunnar ikkje blei registert då tyskarane starta innsamlinga av sendarar. Han brukte denne til å senda meldingar til London, og heldt gjennom store delar av krigen etterretninga og andre delar av det allierte apparatet oppdatert på kva som skjedde i det okkuperte Noreg. Saman med den lokale motstandsrørsla i Flekkefjord utviklar han frå 1941 av eit "meldingsleveringssystem" som er så effektivt at sendaren på eit tidspunkt er den viktigaste kjelda til informasjon den norske militære leiinga i eksil har for sør-Noreg. 

Men tyskarane har fått ferten i at sendaren finst, og for å klara å verna den - og seg sjølv, innser den lokale motstandsrørsla at dei treng ein person på innsida som kan verna sendaren - og organisasjonen. Nokre av dei aktive motstandsmennene har markert standpunktet sitt såpass tydeleg at dei ikkje vil kunne vere truverdige. Andre har ikkje psjuke til å klara det. Byrden fell difor på Tomstad, først og framst fordi han er mentalt sterk. Utan trening skal han gå inn i det største spelet som finst i ein krig - å gøyma seg bak fiendens linjer, utan at dei oppdager det.

For å gjera historia truverdig, må venene utetter kutta alle bånd til Tomstad. I den augneblinken han går inn på den lokale NS-leiaren sitt kontor må han bli persona non grata også blant sine aller næraste. Han blir utestengt frå det gode selskap, og han må opna døra til det selskapet han liker minst. Han kan ikkje ein gong fortelja det til mor si, og ho tek nyhenda om sonen si overgang til fienden svært tungt. Men enda så mykje han vil, kan han ikkje fortelja ho korleis det eigentleg er, fordi han veit at det vil bety at tilveret blir farleg for ho.  

Han blir fort leiar for Hirden, og fordi han er ein tillitsfull mann, får han tilgang til mykje informasjon frå tyskarane sine kontor. Snart blir Helle ein samlingsstad for tyskarane. Og mens tyskarane held støyande festar i stova hans, fortset Tomstad å senda meldingar. Sjølv med ein tyskar buande i huset, fortset sendeaktiviteten. Mens alt dette pågår har Tomstad måtte isolera seg sjølv og arbeida med folk han nærer eit hat for. Det er ikkje fritt for at paranoiaen rir under overflata hans.

Per Hansson fekk kritikk for den halvdokumentariske sjangeren han har vald. Dette er ingen biografi, for her er ingen kjelder, og heller ikkje kritisk blikk mot han som blir skildra. Dette er ingen roman, for alle hendingar og personar har eksistert, og hovudpersonen sjølv har til og med gått god for at boka er korrekt. Hansson har ein så tydeleg bodskap at alle andre enn Tomstad sjølv blir karikaturar. Tyskarane er onde, og nordmennene er ikkje berre gode, dei er superheltar. Det øydelegg til ei viss grad forteljinga, fordi det gjer ho mindre truverdig. Men samstundes - fordi synsvinkelen heile vegen følger Tomstad, fungerer det likevel.

Då eg var kome halvvegs i boka, gjekk det opp for meg at kalenderen i historia viste 1942. Det var altså 3 år igjen av krigen. Eg kjende det som eit sug i magen, og som ei sorg. For allereie hadde Tomstad gått gjennom pinsler eg ikkje unner min verste fiende. Og verre skal det bli, for året etter blir han avslørt. Gestapo finn i 1943 ut at han må vera personen bak kodenamnet "Tom", og hirduniforma er ikkje lenger eit fungerande vern. Han blir smugla ut av landet i siste liten, og kjem etterkvart til London for å få den militære øvinga han strengt tatt hadde bruk for før han gjekk inn i fiendens rekker. Då er han allereie så hardt merka av dobbeltspelet at han ikkje kan klara å bli seg sjølv att.

Hansson fortel i etterordet på boka at då Tomstad døydde, var nervene hans så tynnslitte at døden ikkje kom som ei overrasking, sjølv om han var relativt ung. For krigen sette sine spor i han, og han blei aldri den han hadde vore.  Pappa har fortald (og det har han garantert blitt fortald) at då dei i 1967 filmatiserte boka, var Tomstad sjølv hyrt inn som konsulent. Han kom for å overvåke det heile, men kom ikkje heilt fram til der filmen blei spelt inn. På vegen trefte dei nemleg skodespelarar i tyske uniformar. Bilen måtte snu, for Tomstad klarte ikkje vera med. Angsten og redsla slo han heilt ut.

Trass det einsidige heltedyrkingsperspektivet til Hansson, er boka både god og viktig. Det største spillet er eit spanande og skremmande portrett over ein mann som heile resten av livet måtte betale for offeret  han gav i kampen for vår fridom: seg sjølv. 

Eg håper forøvrig eg ein dag kan få lesa biografien til Esther Synnøve Øysteinland, som var hushjelpa som Milorg plasserte på Helle. Ho spelte dum og naiv, og spelte rollen sin så godt at ikkje ein gong den tyskaren som ein periode budde på Helle hadde ho mistenkt for å vita noko. Ho klarte også å halda på rollen under avhøyr på Arkivet i Kristiansand, og medan ho sat fengsla på Grini. Særs fascinerande kvinne, og ho fortener virkeleg å bli løfta fram på eiga hand.

tirsdag, oktober 28, 2014

Bok: Morfar, Hitler og jeg

Begge bestefedrene mine var sjømenn, og då krigsutbrotet kom i 1940, sende skjebnen dei i ulike retninger. Bestefar Knut var tilfeldigvis i land då krigen kom, og måtte, muligens litt ufrivillig, bli verande på landjorda mens krigen raste i landet. Bestefar Laurits var like tilfeldigvis påmønstra då krigen braut ut, og blei, til dels ufrivillig, verande påmønstra til 1947. Kva bestefar Knut gjorde under krigen veit me ikkje heilt, for då han døydde, var tida framleis ikkje moden for å snakka om det. Men bestemor elska å fortelje historier om då dei var tvangsflytta frå Lista til Numedal, og han kom heim frå "blåbærtur" med fem blåbær nederst i spannet. Skogen bugna av bær, og han hadde vore borte i timesvis. "Tyskarane visste han holdt på med noko..", sa bestemor, og lot det skinne gjennom at ho hadde gått inn for IKKJE å vite kva han gjorde. Det var tryggare. Bestefar Laurits, som altså var krigsseglar, hadde særleg ei historie han pleide å fortelja. Han var styrmann, og han skulle med andre ord befinne seg på brua i skipet. Dei var 10 skip som seilte i konvoi. Berre to kom fram. "Før me drog ut, lova me kvarandre at om eit skip gjekk på ei mine, skulle dei andre ikkje stoppe, for det var for farleg. Det var betre at eitt skip kom fram, enn at ingen gjorde det, fordi me stoppa opp. Men eg kan framleis høyre skrika...Til slutt må du bare halde blikket rett framover, og ikkje sjå til høgre eller venstre. Du må overhøyre smella, og be om at det går fort om skipet ditt finn ei mine". Ein slektning av bestefar Knut, Jakob Østhassel Samuelsen, flykta frå Lista til Skottland i ein stjålen og omregistrert fiskebåt for å verve seg hos Kompani Linge, og døydde seinare under angrepet på Bari. Historiene om desse tre mennene, og historia om bestemor som ikkje ville vite, dei er alle historier eg har bore med meg store delar av livet, og som eg på eit eller anna plan oppfatter som ein del av historia om meg, sjølv om dei fann stad før mine foreldre ein gong var tenkt på. Og fram til eg byrja lese i Ida Jacksons Morfar, Hitler og jeg, hadde eg eit ganske ureflektert forhold til kvifor det var slik at desse historiene eigentleg var så viktige for meg og min identitet, sjølv om eg er fødd så lenge etter krigen at eg har eit tilnærma mytologisk forhold til desse fem åra som bestemor mi meinte varte "lenger enn ei evigheit". 

I 2008 fann Ida Jackson ein wikipediaartikkel om bestefaren sin, Per Pedersen Tjøstland. Den artikkelen som nå har blitt både lang og omfattande, inneheldt då to setninger, og fortalde at han hadde vore redaktør for bladet Germaneren, medlemsbladet til Germanske SS Noreg. For Ida var dette eit sjokk. Dette var ein del av familiehistoria hennar som ho aldri hadde høyrt om. Dette var ein del av hennar tilblivelseshistorie som ingen nokon gong hadde delt med ho. Og enda verre: dette var historia om den bestefaren ho elska så høgt, og som ho trudde ho kjende så godt. 

Fram til dette punktet hadde Jackson sitt forhold til andre verdskrigen i Noreg vore ei historie om heltar som kjempa for eit fritt Noreg, mot framand okkupasjon, mot nazismen og mot Hitler. Å innsjå at bestefaren hennar ikkje var ein del av denne heltehistoria, at han heilt frivillig hadde verva seg både som frontsoldat OG arbeidd med nazistisk propaganda etter å ha komen heim, "føltes som å melde seg ut av Norge" (s, 15). I sjokket har ho både behov for å skyva bestefarens engasjement under krigen heilt ut i fortrengingas evige jaktmarker OG finne forklaringa på korleis dette kunne ha seg. Ho fortel opent og ærleg om korleis ho voner at ho vil finne at bestefaren hennar er den snille nazisten, eller den stakkaren som blei lurt til å stå på feil side. Sannninga skal vise seg å vera brutalt annleis.

Som det skrivande mennesket Ida Jackson er, tek ho lesaren med på si eiga, og til dels familien si, mentale reise i etterkant av denne oppdaginga. Ho fortel historia til bestefaren sin, og gjer det gjennom å gå i dialog med han. Bestefaren lev ikkje lenger, men tekstane hans frå tida i Germaneren er framleis tilgjengelege. Ho starter bakfra, og finn at i krigens siste dager, på eit tidspunkt der nazistar elles i landet prøvar å kjøpe seg goodwill til seinare, køyrer Per Pedersen på på full guffe. Det er ikkje mogleg å vri seg unna at han er ideologisk overbevist nasjonalsosialistist. Og i tekstane han skreiv finn ho også bevis for noko enda verre: han har teke del i folkemord. Og stolt skrytt av det.

Dette er ei modig bok. Ida Jackson tek oss ikkje bare med på ei reise inn i morfarens univers, men og inn i hennar eige. For ho kan ikkje fortella hans historie utan å fortelja si. Ho finn att drivkreftene og triggerpunkta til morfaren i seg sjølv, både i ønsket om å endre verda NÅ, i lengta etter at noko stort skal skje (helst i går), i ein kroppsleg religiøsitet - og i frimurerkonspirasjonar.

Ho slost med morfaren sin - og skil veldig klart mellom den mannen ho kjende og den mannen han var under krigen. Det blir ikkje minst tydeleg i det ho vel å bruka ulike namn på han: Per Pedersen er den ideologiske nazisten som var frontkjempar, og som deltok i folkemord. Per Tjøstland er den gode morfaren. Dette skiljet er viktig for henne i starten av boka, og det gir dessutan meining, fordi morfaren tok Tjøstlandsnamnet då han gifta seg. I store delar av historia ho fortel heiter han Pedersen. (Etterkvart som Ida Jackson forsoner seg med bestefarens fortid og tankegods gløymer ho at morfar og Pedersen ikkje skal vere same person, og det er effektivt som juling, for det gjer at forsoninga mellom barnebarnet og morfarens fortid blir tydeleg.)

Det er vanskeleg å sjangerbestemma denne boka, for ho er ein slags innanifrå-biografi samstundes som ho er litt memoar, litt essay og litt tekstanalyse. Dette er ingen nøytral faktabok, men det gir ho seg heller ikkje ut for å vera. Men drivande god, det er ho.

I byrjinga av boka går ho analytisk til verks, og ser på reaksjonsmønstre hjå familiemedlemmer til dei "som var på feil side". Ho viser til forsking som fortel om korleis familiane held på historier om korleis deira familiemedlem var unnataket, eller korleis deira familie gjorde gode ting også. Det handlar ofte om at det ikkje er mogleg å sameine dei to ulike røyndene: den bestefaren som ein opplev som verdas snillaste, kan ikkje samstundes ha vore med på folkemord. For folkemord, det er det jo bare onde folk som gjer, og dei som er onde er jo aldri snille?!

Heilt i starten av boka kom formuleringa som røska såpass i meg at eg måtte bruka litt tid på å fordøya innhaldet - og min eigen identitet. Jackson forklarer kvifor så mange etterkomarar etter nazistar oppgir å vere etterkomarar etter den eine "snille nazisten", og meiner det handlar om å beskytta familien -og identiteten sin. I samband med dette skriv ho "det er ikke mulig å forholde seg nøytralt til krigsforbryteropphavet når alle rundt deg opererer med implisitt arvedyd." (s 26). Eg har alltid vore sikker på at eg ikkje hadde kunne gått i mine forfedre sine sko, men eg måtte innsjå at ho dessverre har ein del rett i den påstanden. Når historier som dei om mine bestefedre lev vidare, og når eg etter all sannsynlegdom vil bera dei med til mine born, er ikkje det også i håp om at noko av dei heltemodige sidene ved eit mirakel skulle vere genetiske om eg eller mine etterkomarar skulle hamne i ei gigantisk krise? Og om svaret på det er ja, betyr det også at det ligg ei implisitt arvesynd i å ha forfedre på andre sida? 

Sjølv har eg aldri tenkt tanken på at opphavets dårlege val skal bety noko for etterkomarane sine høve til å velge rett. Merk dykk formuleringa her: at å stå på fienden si side er eit val. Ikkje ideologi, men val. For brått slo det meg at eg har bortforklart kvart eit einaste tilfelle av "overløperhistorikk" blant vanlege folk eg har høyrt om med ein avart av fornekting. At nokon skulle frivillig bli nazistar -og ønske seg det- er så fjernt frå hovudet mitt at dei heilt openbart må ha blitt lurt/vore unge, dumme og naive/gjort ein feil/stryk det som ikkje høver. Dimed har etterkomarane også vore "kjøpt fri" i det vedkommande har teke til fornuft. Og det har dei jo, alle som ein. Sjølv om fornuften kanskje først kom rekande på ei fjøl i etterkant av eit hardt krigsoppgjer.

Når alt kjem til alt: sanninga er at like lite som min kjære, kjære krigsseglarbestefar gjer meg til ein helt, gjer Ida Jacksons kjære, kjære nazistmorfar ho til ein skurk. Me arver ein del frå opphavet vårt (ho fekk skrivegleda og den sterke politiske virketrongen, eg fekk hårtjukkelsen og dei vingekledde røtene), men me blir aldri opphavet vårt, korkje på godt eller vondt.

Krigen lev vidare i historiene våre, og det vil den gjere også for våre etterkomarar. Men den krigen som lev i oss er aldri ei nøytral forteljing. Den svart-kvitt-heltedyrkinga, med klare skurkebilete i bakgrunnen, som me får fram i samfunnsfagen og syttendemaitalar, det er ei forteljing fortald av vinnarane. Og fordi den forteljinga blir fortald med karikerte figurar, har me ikkje sjans til å forstå korleis nokon kan stå på "skurkesida". Morfar, Hitler og jeg er eit godt bidrag til å tilføra biletet meir fargar.

Kan medføra mellombels identitetskrise. Men det har me jammen godt av, nokon og ein kvar. 

Første delen av boka kan du forøvrig lesa hos Aschehoug. Høyr Ida og mor hennar synga songane dei vaks opp med hos Brenner og bøkene

(For ordens skuld: Aschehoug sende meg eit leseeksemplar av denne boka.)

torsdag, oktober 16, 2014

Bok: Lykkeravnene

Fordi eg er leseglad og norsklærar i ungdomsskulen, har eg dei siste åra hatt som mål å halda meg passe oppdatert også på ungdomslitteratur. Det er greitt å vite kva som rører seg i ungdomsbokverda, og det er mykje enklare å anbefale bøker til elevar når eg sjølv har lese dei. Som eg skreiv tidlegare, har eg gleda meg til bokhausten i år, for det er jo så mykje bra! Og heldigvis er  ungdomsbøkene ikkje noko unnatak! Ei bok eg har kost meg skikkeleg med, er Paul Durhams Lykkeravnene. Boka er første bok i ein planlagt triologi, og sjølv om eg aldeles ikkje er målgruppa til boka, gler eg med til fortsettinga.

Lykkeravnene er historia om 11 år gamle Siv. Ho bur i Svartlågsbyen i lag med mor og lillesøster. Dei beste venane hennar, Kasper og Molly, held også til i landsbyen, og alle tre bur dei i delar av landsbyen som ligg liten utanfor allfarveg. Over byen ruver borga til Jarl Morgenparykk Langsjans, som hersker i byen, men som sjeldan nedverdiger seg å sjå til folket sitt. Siv, Kasper og Molly begir seg ut på rampestrekar i det boka til til, og blir nesten teke av jarlens soldatar. Soldatane er like lite vennlege som jarlen sjølv, og det er ein god dose flaks som gjer at barna slepp trøbbel. 

Svartlågsbyen ber på ein hemmelegheit. Ti år tidlegare blei byen angripe av nokre ekle skapningar kalla Myrslaskar, men klarte å bli kvitt dei. Myrslaskane laga smykker av føtene til dei daude, og var på alle måtar ufyselege vesen. Borna i landsbyen, Siv inkludert, har vekse opp med historier om desse farlege monstra, fortald på den måten folk fortel når dei er overbeviste om at monstra er borte frå jordas overflate for godt. I det boka tek til, får vi vite at mykje tyder på at myrslaskane berre blei skremt bort, og at dei kanskje har slutta å vere så redde for folket i Svartlågsbyen. Det er ting som tyder på at dei muligens er tilbake. Men enda skumlare er at byen i kampen sist trong hjelp av dei berykta røvarane som blei kalla Lykkeravner. Lykkeravnane har falle i jarlens unåde, og har gått over til å bli mytiske. I forordet til boka fortel ein at "Med tiden falmet Lykkeravnene og liknet mer på gjenferd, og senere igjen ble de bare rykter. Og til slutt, etter mange år, var det som om de aldri hadde eksistert". 

Siv, 11 og passe uskuldig, får etterkvart gode grunner til å frykta myrslaskane, for ho skal snart bryte både ein og to og tre av moras hardt innprenta husreglar, med ganske skummelt utfall. Og kven er den skumle mannen ho treff på gravplassen, som ho veit ho ikkje burde møte, men som ho treff likevel? Mens Svartlågbyen sine hemmelegeheiter avsløres ein etter ein, viser det seg at dei har stor betydning for Siv og familien hennar. Mykje av det Siv trudde ho visste, skal vise seg å vere basert på ei blanding av feilinformasjon og bevisst underkommunisering av fakta frå mor hennar si side. Korleis skal Siv takle dette? 

Forfattaren Paul Durham si eiga heimeside sel boka inn med "sometimes only the bad can save you". Eg har ikkje tenkt å avsløra for mykje om korleis det går, men at Siv gjer nokre oppdagingar som har tyding for tryggjinga for fleire enn berre ho, familien og venene, det kan eg lova deg.

Aschehoug selde leseeksemplaret sitt slik: "Actionfylt eventyr med sterk jentehelt, skumle skapninger, mørke hemmeligheter, helter og skurker". Siv speler ein morosam rolle som ein slags anti-helt, for det er hennar ikkje alltid like rasjonelle val som driv historia framover, og det er den sterke viljen hennar - og den sterke uviljen til å følge reglane - som gjer dette til ei artig og lesverdig bok.

Eg er ikkje i målgruppa, men du verden som eg koste meg! Allereie etter eit par kapittel kjende eg att den sitrande kjensla eg fekk første gong eg las Harry Potter. Dette universet er milevis unna trollmannsskulen, men det er likevel noko med den hjartevarmen Durham formidler folka og historia med som gjer at eg ikkje klarer å kome unna HP-referansen. Til liks med J.K.Rowling får han dessutan godt fram at menneska ikkje berre har gode elller dårlege sider, men at me alle har litt av alt. Samansette karakterar som du ikkje alltid heilt veit kor du har, og som du derfor ikkje alltid er sikker på at hovudpersonen kan stola på, er med på å gjera dette til ei super fantasy-bok for ungdom. (Eg er dessutan nokså sikker på at det er element her som den vaksne lesaren tek, men som ungdomane ikkje oppfatter.)

Dei to første kapitla i Lykkeravnene kan du lesa her, og eg kan lova deg at om du liker dei to, vil du elske resten. Og joine meg i me-som-ventar-på-bok-nummer-to-klubben. 

onsdag, oktober 08, 2014

Bok: Guds barn av Lars Petter Sveen

Bokhausten 2014 ser ut til å bli ein særs god bokhaust. Boknerden i meg gler seg like mykje kvar haust. Eg finles bokmeldingane som kjem i både små og store aviser, og lista over bøker eg skal lesa ein dag eg får tid, veks alltid så mistenkeleg mykje fortare enn eg klarar å lese bøkene ut. Difor ender det ofte med at eg gremmes når jula kjem, og eg innser at hausten blei for kort  i år igjen. I år har eg difor, for første gong i historia, laga ei prioriteringsliste over bøker eg skal lesa før jul. Og mykje på grunn av Dagbladet si melding og Vårt Land sitt intervju, hamna Lars Petter Sveens Guds barn aller øvst på den lista. Gleda var difor ganske stor då Aschehoug i starten av månaden spurte om eg kanskje hadde lyst til å lesa boka? Sjølvsagt hadde eg det!

Sveen debuterte i si tid med ei novellesamling, og at han meistrer novellesjangeren blir tydeleg også i denne boka. Forlaget marknadsfører boka som ein roman. Strengt tatt er dette ein roman fortald som noveller, men som bryt novellelovene og difor heng saman. Språkdrakta er særs poetisk (og han har lånt frå fleire gode diktarar), og han har ein manglande teiknsetting ved replikk som på eine sida trigger rettetrongen i denne norsklæraren, men som samstundes understreker det poetiske språket han bruker. Språket er vakkert, og gir den til dels überdystre handlinga ein vakker glød. Det krev stor forfattarkunst å klara det.

Forlaget har førehandsannonsert boka med "Dette er historier ingen har lese før, frå ei verd alle kjenner til.". Skildringa kunne nok ikkje vore meir passande. Guds barn fortel historiene til menneska på Jesu samtid. Nokre av dei flykter, andre forfølger. Nokre er sterke i trua, andre tvilar. Nokre ser framover, andre har blikket vendt bakover og innover. Nokre reiser, andre blir verande. Saman har desse blitt ei vakker bok om tvil, tru, kjærleik, ære, ærefrykt, daud, naud, vankunne og von.

Boka tek til i det Kong Herodes krev at alle guteborn under 2 år skal drepast (Matteus 2:16). Me møter offiseren Cato, som handlar på kongens ordre, men som kjenner tvilen komme gnagande. Han prøver å legitimera overfor seg sjølv at det er rett å følga ordre, rett å ikkje handla på den måten samvitet eigentleg fortel at han burde.

Me møter Jakob, som fryktar at den stammande sonen hans er merkt av det vonde, og som let jakta på den som kan heile sonen bli altoppslukande. Me møter den døde kona, som frå det hinsidige framleis ikkje klarar å slutte å uroa seg for mannen sin og relasjonen han har til familien. Me møter jenta med det knuste ansiktet, ho som må dekka seg til og gøyma seg vekk, men som likevel, eller kanskje nettopp derfor, er den sterke. Røvaren som gjer det vonde, men som vil det gode. Me møter dei som fulgte andre profetar og andre som rekna seg som profetar. Me møter Anna, som forlèt alt ho har for å finna att Andreas, mannen ho elska, men som forlot ho.

Sveen speler på det kristne fellesgodset, men utan å gjere dette til eit kristent verk. Jesus speler ein viktig rolle, men berre som birolle. For dette er forteljinger frå Kristi samtid, til ei viss grad frå livet til disiplane hans. Det er forteljinga om dei utstøtte, om dei inkluderte, om dei som står utanfor og dei som står midt i. Det er historier om dei som følger Jesus, og om dei som aldri høyrer om han. Det er rå og krevande historier frå ei rå og krevande tid. Historia er velskrive, men stundom tunglese. Ho utfordrar lesaren, tvinger fram refleksjonar kring råskap, truskap og tru. Men duverden for ei bok!

Les det første kapitlet nederst på denne sida. Resten av boka er minst like god. Nyt.