søndag, november 30, 2008

Preventive verknader


Bildet er frå Kiwi i Vanse, tatt med mitt ikkje veldig gode mobilkamera. Som de kan sjå, har "Bogår" gjort eit godt stykke arbeid for å lære ungdommen (og for den del dei litt eldre) gode prevensjonsvaner. Alternativt funne ein god måte å rope "told you so" til dei som, i det dei finn ein narresmokk til sin bitte lille, innser at dei kanskje sånn minst 9 mnd tidlegare skulle gått for alternativet til venstre.

Så la dette stå til skrekk og advarsel, og la meg sitere Cameron Diaz: "...and use condoms, guys!"

Kvotering på mange nivå

Sit på landsstyremøte i Norsk Studentunion, og her går debatten fritt. Vi har blant anna fått høyre om "midlertidig vitenskaplige kvinner", som eg antar at må vere sånne folk som meg, som strengt tatt jobber kvasivitskapleg og særdeles mellombels. (Så voner eg ingen kjenner for å utfordre mitt kjønn, anten vi nå snakker sex eller gender!).

Ein annan diskusjon går på skeiv rekruttering. For vil ikkje skeiv rekruttering innbefatte å vere i tråd med likestillingsmåla, innvendes det frå sidekameraten min. Og det trur eg då han har rett i. Vi veit jo alle at yndlingskandidaten til ei kvar stilling for tida er ei lesbisk dame med minoritetsbakgrunn og sognamaol. Så eg er litt usikker på om det å skulle motvirke skeiv rekruttering er bra eller dårlig, eg.

Julenostalgi

Det nærmer seg jul. Ein ting er at julemarsipanen er i butikken og snart lov å ete, men enda viktigere: Kristiansand Barne- og Ungdomsteater har première for si fantastiske juleforestilling i kveld. Og her sit eg i Oslo med eksamen til langt over ørene, og konstaterer at mitt gamle kostyme framleis er i bruk, nå i omsydd variant atter ei gong. Og slik gleder jo ein utdatert kbut-er.. :)

Og til alle kjære KBUT-ere: brekk eit bein i kveld! :D

fredag, november 28, 2008

Kompensasjon

Eg likar ikkje særskriving, og eg likar betre å lage nye ord beståande av 3 i staden for å lage dei til ei setning på 5 - heller feministteoriperspektiv enn "perspektiv frå ein feministisk teori". Men det må jo bety at eg må skrive shitloads mykje meir enn alle andre? For der andre skriv 5 ord, skriv eg eitt - og vel dei å skrive feministteoriperspektiv, skriv dei jo ofte feminist teori perspektiv. Og om dette gjeld kvart 3 ord - kor mykje meir er det ikkje eg må skrive i oppgåvene mine for å fylle dei opp?! Arg, ass.

Å vere språknerd er med andre ord ganske dust.

Tidstjuvane

Eg har i dag byrja samle på tidstjuvar. Her er eit lite knippe:
*totalt meiningslause sider
*"random article" på wikipedia
*"random blog på blogger
*nettaviser
*epost
*..reiselyst..

Und so weiter.

Og eg er framleis bare halvvegs i eksamensoppgaven. Joda

torsdag, november 27, 2008

Ein god latter...

...forkorter i alle fall ikkje livet. Eg sit på lesesalen og skal prøve å konsentrere meg. Akkurat nå konsenterer eg meg mest om å ikkje bryte ut i latter. Grunnen finn du her.

"It won't leak in your pocket and make you pregnant"..

Eksamen

Du veit det er eksamenstid når det plutselig har gått ein heil dag, og du enda ikkje har skrive meir enn 4 ord.. Eg gir Linn litt av skylda. :)

Betale for frivillig innsats?!

Kjære Norges Røde Kors. Det er klart det er forståeleg at de også vil ha dykkar bit av den store julegavekaka, og eg har sjølvsagt stor forståing for at de lanserer dykkar eigne alternativ. Eg har bare litt problem med å forstå nett KVA det er de vil at eg skal kjøpe. "Kjøp en frivillig til jul", lokkar de. Og hadde det vore slik at eg skulle bidra til å betale for det utstyret den frivillige trong, hadde det vore ok. Eg kunne fint gitt mamma og tante Liv både vatn, klede og plaster i Bangladesh til jul, og eg trur til og med dei hadde blitt glad for det. Men å gje bort den frivillige leksehjelperen, det kjenner eg eg har problem med. For kva er det eg betaler for då? Åpenbart ikkje blyantene, ordbøkene eller kalkulatorene ho kan dra nytte av - men hennar frivillige innsats, ein innsats ho ikkje får betalt for?!

Eller kanskje dette først og fremst er ein smule villedande reklame?

mandag, november 24, 2008

Tyven tyven

Det finst mange tidstyver. Og særleg nå som eg sit her og skal skrive eksamensoppgave. For som eg tidlegare har skrive her, digger eg "tilfeldig side"-knappen på wikipedia. Og i dag har eg fått ein ny slik "dille" - UD sine landsider. Farlig farlig kor mykje interessant det står der - og kor full av reiselyst ein blir!

Dessutan er sidene herleg udiplomatiske i sin språkbruk. Teksten under er frå informasjonssidene om Armenia, avsnittet om transport. Eg innser i alle fall at eg ikkje skal bli samferdsleminister i mitt påståtte framtidige heimland...

"Vestlige bilutleiefirmaer er etablert i Armenia, men det anbefales å leie bil inkludert sjåfør. Dette fordi veinettet er meget dårlig, og ikke skiltet, og fordi kjørekulturen er svært forskjellig fra den vestlige. (....) Offentlig transport er upålitelig og ukomfortabel, og derfor ikke anbefalt."

onsdag, november 19, 2008

Dinosaurreklame

Eg skjønner ganske sjeldan poenget med framleis å ha faks, sånn bortsett frå dei få gongane ein har behov for å sende noko veldig viktig som må vere stadfesta m underskrift og slikt, og som ein ikkje kan sende elektronisk.

For med unnatak av den eine gongen i året ein må fakse like ting - kva brukes faksmaskinen til? Jo, reklame. Så langt i dag har eg kasta 4 "legg julebordet til vår restaurant"-reklamer, 2 mobilreklamer, 1 "lampe for lange vinterdager" ("koster mindre enn en sykedag!") og 1 om "vennesalg på Cubus" - og enda nokon til.

Føles litt som å håndtere 80-tallets spam, eigentleg.

tirsdag, november 18, 2008

Eg <3 Wikipedia

Eg har ein av mine mindre effektive dager, for å seie det pent. Sette meg ned for å jobbe kvart over fire, og er framleis ikkje i gang med det eg skulle begynne på. Vurderer i staden å gå heim.

Men det er ikkje poenget - poenget er at eg har gjenopptatt min o store favorittsyssel frå dei fem siste eksamenstidene mine - surfing av tilfeldige sider på wikipedia. For kva har eg lært i dag? Jo, mellom anna korleis ein koker kaffi, korleis ting ser ut på havbotnen, og om for meg ukjende stader i London. Og då eg fann ein artikkel om god sjokolade, blei eg så sjokoladesulten at eg nå funderer på å stikke heim - og kanskje få gjort det eg liksom har skulle gjort i eit par timar nå.

100% nordisk (u)forståing

TF-professor David Hellholm går av med pensjon, og skal halde si avskjedsforelesing i morgon. Og den har han kalla for "Paulus och den urkristna doptraditionen". Det tok meg litt tid å forstå at han med doptradisjonen meinte dåp, og ikkje utagerande festing i tidlig kristen tid.

mandag, november 17, 2008

Størst av alt

....er kjærligheten. HURRA HURRA HURRA for dei som tør å leve som seg sjølv, trass klare motforestillinger. Arnfinn - eg er superstolt av deg!

Advarsel: filmen kan fort føre til tåredrypping...

En ting ad gangen

I dag skulle eg, så fort pliktene var omme, bare heim og daffe føre tven og så tidleg i seng. I staden gjekk eg på lesesalen. Og fekk eit lite sosialiseringsbehov og inviterte venninne heim på middag. Så kanskje eg bør komme meg avgårde?

lørdag, november 15, 2008

Skjerpings

For bare noen dager siden vurderte eg å overtale Senterungdommen til å melde seg inn i LYMEC. Heldigvis at det blei med tanken. For kva foreslår LYMEC på General Assembly i European Youth Forum? Jo, å ikkje lenger kreve at høgere utdanning skal vere gratis. Sukk og stønn. Og takk og lov at folk hadde vettet i behold og fekk røysta det ned!

fredag, november 14, 2008

Dydighet

På skjermen ved siden av meg sier AdviceDog at "bare den som er dydig kan sitte stille". Æsj, da. Avslørt....