søndag, oktober 19, 2008

Syng med den stemmen du har

Mamma er glad i å sitere Goethe. Han uttala nemlig ein gong noko tilsvarande "det er trygt å henge med folk som syng. Onde mennesker har ingen sang". Og det er mogleg det er litt derfor eg har så sans for organisasjonar med allsang.

I helga var eg av ulike grunner på landsmøtet til Norges Kristelige Studentforbund. Det var igrunnen ganske stas. Mykje bra folk der, for å seie det sånn. Og så song dei. Masse. Fredag kveld kom leiar Torbjørn gåande inn døra med ei svær bunke sangbøker. Bare for gøy. Og vi song. Og song. Og song. Noko song vi veldig bra, andre med mindre kunstnerisk verdi.

Heilt til nokon, med ein særdeles ironisk distanse, foreslo "navnet Jesus". Og resten av oss, med ein like ironisk distanse til Åge Samuelsen (og hans tilsvarande), song med. Til slutt firstemt. Og heilt fantastisk bra, om eg skal seie det sjølv. Det var liksom ikkje mogleg å toppe.

Til frukost laurdag kom det tørt frå dei som hadde lagt seg "det høyrdes ut som eit vekkelsesmøte der nede!".

Skal det vere, skal det vere, seier nå bare eg!