søndag, februar 16, 2014

Kjære Erna


¨
(Bilete: Udir)
Kjære Erna! 

Eg har ein av dei mest meiningsfylde jobbane i samfunnet. Formålet for jobben min er å skulle danne den oppveksande generasjon. Eg, og alle dei eg jobbar i lag med, skal bidra til at dei blir "til gagns menneske". Det er ingen liten oppgåve. 


Eg håper eg er ein av dine draumelærarar. Eg håper du ville ha meint det om du hadde vore i klasserommet mitt. Og eg håper eg fortsetter å vere det også etter at desse forhandlingane som nå pågår er over. Eg håper, men eg kan ikkje seie det sikkert ennå. Eg håper eg har mot og styrke til å fortsette. At eg (og nå orsaker eg at eg må skifte målform) "fortsatt kan forbli en drømmelærer, og ikke bli en rømmelærer".

Eg veit at du korkje kan eller vil instruere KS til å trekke framlegget sitt, sjølv om det er heilt hòl i hovudet. Eg har ein mistanke om at du, som alle lærarane i landet, har lurt på korleis KS sitt framlegg skal sameinast med visjonane du har for skulen, for korleis me saman skal kunne bygge verdas beste skule, der den faglege kvaliteten er høg og den sosiale kompetansen enorm. Og eg kjenner det politiske spelet godt nok til å forstå kvifor du held tunga. 

Eg forstår at du ikkje kan bry deg for mykje om det på noverande tidspunkt, men eg vil likevel fortelle deg kvifor det er så viktig for meg å halda på den nåverande arbeidsavtalen. Fordi arbeidsåret er komprimert, jobber eg til krampa tek meg i periodar, og avspaserer når elevane ikkje fyller klasserommet med latter og læring. Hovudgrunnen til det, er at uansett kor mykje vi planlegg, er det ikkje til å unngå at vi får vurderingssituasjonar som hamnar oppå kvarandre. Vurderingane har vi ikkje først og framst for å sette karakter (sjølv om det hender at nokon trur det), men for å kunne gje personlege framovermeldinger. For at vi skal kunne skyve eleven fagleg til eit nivå som kan gjere henne til eit gagns menneske - for det krev jo ei viss grad av ålmendaning. Vi har altså eit komprimert arbeidsår for å sikra at kvaliteten på utdanninga - ålmenndanninga - til elevane blir så god som råd er. Og sjølv om eg skal innrømme at eg stundom leiker med tanken på å finne meg ein ni-til-fire-jobb (den tankeleiken er sterkast når rettebunka er høgast), kjem eg ikkje til å realisere det med det første, for eg har ein vanvittig givande jobb. Skal eg vere heilt ærleg, vil eg sterkt vurdere beiteskifte dersom KS sitt framlegg går igjennom, men det skal eg la vere å bry deg med nå, for eg kjenner i staden for å uttale meg om noko du KAN uttale deg om, uavhengig av forhandlingane: dei andre formane for kvalitet i skulen.

Eg forstår som sagt kvifor både du og kunnskapsministeren har munnkorg i dei fleste spørsmåla om kvalitet i skulen så lenge forhandlingane pågår. Difor forstår eg også kvifor partiet ditt har byrja med eit standardsvar når de får sinte facebookmeldinger på Facebook frå lærarar som lurer på korleis de vil sikra kvalitet. De veit sjølvsagt at som regjeringsparti kan de ikkje blande dykk inn i den disputten som nå pågår mellom KS og fagforbunda (det er jo ikkje konflikt ennå, for det er brot i forhandlingane, men ein er samde om å framleis forhandle), og de veit at de ikkje har høve til å påvirke forhandlingane for mykje på noverande tidspunkt. Så i staden for å svara skikkeleg på spørsmåla, plar den som sit på facebooksida dykkar skrive noko a la dette:  (eg har saksa eit svar som er underteikna av Iris, og som er eit svar til Inger Strand Kvalheim på fredag): "Vi har flere tiltak som vi er i gang med. Vi skal legge om dagens lærerutdanning til en femårig master for å øke kvaliteten på lærerne som utdannes. Så skal vi innføre flere karriereveier i klasserommet med muligheter for økt lønn og økt status, for dem som er flinkest til å undervise. Dette skal skape en positiv sirkel der flinkere elever søker seg til lærerutdanningen, og sikre at flinke lærere forblir i klasserommet." Eg blir litt uroa av dette svaret, Erna, og eg skal prøve å forklara deg kvifor. 

For at du skal kunne følge med på tankerekka, må du nok legge til grunn at eg er ein Draumelærar-aspirant. Eg er ikkje perfekt i lærarrolla, men eg er betre enn eg var då eg byrja i yrket, og eg vonar eg blir betre for kvar dag som går. (Ein blir aldri ferdig utlært. I den augneblinken ein blir det, er ein ikkje utlært, men ferdig, som kjent). Du må også legge til grunn at dei aller, aller fleste lærarane er dyktige i jobben sin. At dei bruker sine beste sider i møtet med elevane, utvikler dei sidene dei er mindre gode på, og at dei klarer å pushe elevane både fagleg og sosialt. At dei er dyktige til å danne elevane til å bli gagns menneske.

Som sagt, eg har ein av dei mest givane jobbane i verda. Sjølv om det kostar ein innsats av blod og sveitte, og sjølv om det betyr at det fell nokre tårer, nokre gonger av glede, andre gonger av sorg eller frustrasjon. Men det er verd det, for eg ser kvar einaste veke at innsatsen min betyr noko. Nokre gonger ser eg det i lyset som går opp for nokon (det ser nesten ut som det gjer i teikneseriene, kan eg fortelja!), av og til ser eg det i smilet til ein elev. Andre gonger mest i blikket. Av og til les eg det i elevtekster (når ein elev som stadig har skrive tilbake melding endeleg skriv tilbakemelding, t.d.). Somme gonger høyrer eg det - som når ein som har slitt med å visa at han eller ho kan reflektera brått får det til fordi eg har stilt nokre spørsmål som har festa seg. Av og til kjenner eg det, som ein klem, eit håndtrykk eller eit skulderklapp. Ein gong innimellom får eg også beskjed om at innsatsen min betyr noko (til jul fekk eg ein lapp i skulderveska der det stod "Verdas beste lærar - det er du". Då var eg stolt, kan du tru! Eg veit heldigvis ikkje kven som har skrive den). 

På same måte ser eg at innsatsen til alle eg jobber med betyr noko. Og eg gler meg storvegs over at dei elevane eg ikkje alltid er den rette til å forklara og illustrera for, heldigvis har ein annan lærar som er den som får den siste biten i puslespelet til å falle på plass. Fordi læraryrket meir enn noko anna handlar om å møtast som menneske - og på same måte som elevmassen har mange formar, har heldigvis lærarmassen det same. Saman pusler vi magi. 


Å skulle skilja ekstra gode lærarar frå gode lærarar er eigentleg umogleg - for kven og kva skal vi ta utgangspunkt i?