onsdag, april 15, 2015

Bøker: Ravneringene: Odinsbarn og Råta

Bileta i artikkelen har eg stole
hjå Gyldendal
Er det lov å angra på at ein las ut dei første bøkene i ein serie før heile serien var ferdigstilt? I tilfelle angrer eg litt på at eg slukte dei to første bøkene i Siri Pettersens briljante Ravneringene-serie. Eg er ein ganske tålmodig sjel, men kjenner at Siri Pettersen ikkje klarer å skriva siste boka i trilogien fort nok...

Nokre bøker er fort gløymt. Nokre bøker fortset å leva sitt eige liv i bakhovudet eins lenge etter at dei er ferdiglese. Ravneringene er så avgjort i siste kategorien. Eg las ut bok nummer to for over ein månad sidan, men figurane fortset å leva i hovudet mitt. Universet ho har skapt fortset å dansa for mitt indre blikk.

Mogleg det er ein uting å melda to bøker i same meldinga, men eg tek sjansen likevel. Desse bøkene er nemleg så gode at eg lover deg at du ikkje klarer å la vera å hoppa vidare til bok to når ein er utlese! 

Ravneringene blir i forlagets førehandsomtale omtala som "original fantasy på norrøn grunn". Det betyr ikkje at serieuniverset er eit univers der det kryr av norrøne gudar, men at denne verda inneheld språklege bilete, skikkar og namn me kjenner att frå det norrøne. Om du tykkjer ei norrøn verd utan norrøne gudar, og der folka er utstyrt med hale, kunne høyrast litt rart ut, kan eg forsikra deg om at du tek feil. Du har openbart berre ikkje opna Odinsbarn enno! 

Den raudhåra Hirka bur i lag med far sin i ei lita tømmerkoie ein stad i Ymslanda. Han blandar medisinar, og har lært Hirka alt ho veit om kva urter som passar til å stilla kva sjukdom. Dessutan har ho også lært seg ulike teknikkar i livets (eller kanskje eigentleg farens) skule som kan bidra til å stoppa sjukdom og naud. 

Hirka er femten vintre gamal då ho forstår kvifor ho ikkje kan favne. Den alltomsluttande energien i Evna, som alle levande skapningar i verda kan tappe ifrå, er Hirka ikkje i stand til å kople seg på. Ho har prøvd og prøvd, men forsøka er fånyttes. Sanninga skal visa seg å vera så brutal at Hirka blir ei fare for seg sjølv og sine omgjevnader. Hirka er halelaus, og trur den manglande halen kjem av at ein ulv har ete han. Ho har jamvel merker etter tennene til ulven der halen skulle ha sitte! Men sanninga er at Hirka aldri har hatt hale. Ho er vanskapt. Blindverk. Ho er råta, krafta som et verda opp innanifrå. Portene til andre verder, som folket trudde var lukka, står opne, og Hirka er det levande beviset. Ho må koma frå ei anna verd. For å verna dei ho er glad i, legg Hirka ut på flukt.

Samstundes er Rime, ein av Hirka sine beste vener frå barndommen av, i ferd med å bli medlem i Kolkagga, den frykta "hæren" til Rådet, som styrer Ymslanda i Seerens navn. Seeren, guddommen i ramneham som vokter Evna, har ikkje vore sett offentleg på tusen år, men lev tilbaketrekt. Rådet er sett saman av representantar frå ulike høgvyrde ætter, kvar med sine eigenskapar, kvar frå sine delar av landet. Rime sin plass i Kolkagga er omdiskutert, men også sterkt mislikt. Bestemor hans sit nemleg i Rådet, og alle rundt dei venter at bestemoras plass ein dag skal bli Rime sin. Då er det på ingen måte uproblematisk å samstundes vera ein del av den gjengen som i blind lojalitet skal gjera akkurat det Rådet seier dei skal gjera. Når alt kjem til alt, kva vil Rime først og framst vera, krigar eller av rådsætt? Uansett kva val han måtte velge å ta, blir konsekvensane fatale for både han sjølv og  samfunnet elles. 

Medan folket elles i Ymslanda gjev Hirka ganske klar melding om at ho, Råta, ikkje har noko i verda deira å gjera, står Rime fast ved hennar side, overbevist om at Hirka ikkje er i stand til å gjera han og resten av folket vondt. Hirka veit ikkje kva ho skal tru om seg sjølv. 

Hirka og Rime finn etterkvart ut at Hirka kan koplast på Evna. Når ho gjer det, får det konsekvensar av uante dimensjonar både for Hirka og Rime, og for det samfunnet dei er ein del av. 

Eg lukka bok 1 med akutt angst for ikkje å fort nok få opna bok 2... For så god er ho, og så levande er universet Siri Pettersen har skapt. Lat oss difor like kjapt hoppa over til Råta:
I von om å redda verda ho er så glad i, tek Hirka eit val som sender henne bort frå Ymslanda. Ho bryt tid og stad, og ender i ei verd beståande av glass, stål og asfalt. Verda er heilt daud, og kanskje er det menneska som lev i ho som har drepe verda si. For Hirka er det heilt openbart at Råta har virka inn på denne verda, og at prosessen har starta lenge før ho kom. Ho er språklaus i denne verda, men gjenkjenner nokre av orda, og klarer etter ei tid å læra seg dette rare språket godt nok til å forstå og kommunisere heilt grunnleggande. Ho får husrom i eit bygg bygd for å æra ein gud ho ikkje kjenner, og får seg nokre få vener. Men ho forstår snart at ho er utrygg også i denne verda. Sjølv om Råta har teke bolig i verda før Hirka kom, mistenker ho at ho sjølv bidreg til at denne verda likevel fell saman fortare. Kor skal ho gjere av seg? Og kven er dei skumle mennene som ser ut til å ville ho vondt? Kvifor vil dei ha tak i ho? Hirka må finna eit mot ho ikkje visste ho hadde for å overleva.

Samstundes er Rime leiar for Rådet heime i Ymslanda, og meiner at folket som i praksis ikkje har gitt Hirka noko anna val enn å forsvinna, har blod på hendene. Han er fast bestemt på å redda Hirka frå det han rekner med må vera den visse død. Han gjer det han kan for å følga etter, og tek nokre val som på ingen måte er foreinleg med å vera leiar i landet. Han klarer til slutt å finna ho att (replikkvekslinga mellom Hirka og Rime ved gjenforeninga er verd ein pris aleine!), og forstår at sanninga på ingen måte er slik han har trudd. Saman må Hirka og Rime prøve å forstå kven som er ven og kven som er fiende i ei verd dei ikkje heilt forstår. 

Odinsbarn var heilt konge. Likevel vil eg meina at Råta er enda betre. Det krev god forteljarkunst å overtyda lesaren om at eit univers utanfor vårt eige er sannsynleg, men å få lesaren til å akseptera at vår eiga verd er framand, krev ein habil, stø og god penn. Siri Pettersen klarer å fortelja om vår verd med eit utanforblikk like genialt som i pilotepisoden av Kyle XY. Forteljarkunst av stor klasse.

Det står ungdomsbok på heimesidene til forlaget. Eg vil meina at forlaget i vidare opptrykk av boka bør gjera som på brettspel, og seia 13-99 år. For dette er bøker ein kan ha glede av uansett kor gamal ein måtte vera.

Bok 1 kan du lesa starten på her, og bok 2 kan du få bla i litt av her. Og du, når du først er i gong med lenke-sjekk: følg Ravneringene på Facebook! Siri Pettersen legg sjølv ut oppdateringer frå skriveprosessen, fanart, nyhende om skriveprosessen og mykje anna snæx det er vel verd å få med seg.

Ingen kommentarer: