fredag, april 27, 2007

Faren med konspirasjonsteoriar

Blei intervjua av Fafo i dag. Etter at intervjuet eigentleg var over, blei eg og "intervjuaren" sittande og snakke om laust og fast. Og me kom sjølvsagt inn på det o store samtaleemnet facebook. Og han fortel om ein konspirasjonsteori han hadde lese. Poenget her er ikkje sjølve konspirasjonsteorien, for den er litt keisam, men aha-opplevinga eg fekk då han grunngav den.

Nå er ikkje dette ein vits, men eg kan jo likevel fortelle dette på same viset som eg ville fortald det om det var ein vits: komme med poenget (i konspirasjonsteorien) først. (Det er grunnen til at eg diskvalifisert frå vitsefortelling). Poenget for konspiratistane er at nokre av investorane bak facebook er knytt til eit kommersielt selskap som har avtaler med CIA, og at heile poenget bak investeringa i facebook er å sikre cia tilgang til oversikter over "alle" amerikanske studentars nettverk, kva dei held på med ("events"), religiøse og politiske plasseringar - og ikkje minst: tilgang til epostane deira når studentane oppgir passordet sitt for at facebook skal kalle opp adressebøkene i webmailen. Det må med andre ord vere ganske ypperleg å vere cia-agent på leit etter "skumle folk" når ein har full tilgang til alle detaljar om folk - og dei sjølv har gitt desse detaljane! At amerikanske "national security"-lover gjer at alt som skjer på amerikanske servarar skal lagres og kunne hentes ut av styresmaktene om dei føler for det.

Det var to ting som slo meg. For det første: kor mykje av informasjonen eg har lagt ut på denne vidgjetne tryneboka kan det vere eg ikkje har lyst til at folk skal vite? Ein ting er at eg har reservert meg mot at ting berre skal vises til "vennane" mine, men kan det ikkje også vere slik at det også mellom dei er folk eg ikkje eigentleg har noko behov for at skal ha tilgang til t.d adressen som eg har latt alle "vennene mine" få sjå? Og er det ikkje slik at somme av dei opplysningene ein legg ut, kanskje er ting ein ikkje føler for å dele med "250 av sine næraste venner" - spesielt når halvparten av desse er folk ein ikkje har hatt kontakt med på rundt rekna ørten år?

Og for det andre: kor få atterhaldsreglar tar me eigentleg? Korleis kan det ha seg at nokon av oss t.d. er superforsiktige med å taste pinkoden når me drar kortet, men ikkje kvier oss for å legge ut fullt personalia på nett?

Ingen kommentarer: